Wednesday, 31 December 2003 23:00

Nice 'N' Easy Celebrating Sinatra [SACD/CD]

Written by

Den femtande mai 1998 var ein trist dag. Stemma over alle stemmer, The Voice himself, Frank Sinatra var død. Karrièra hans tok kanskje ikkje dei heilt store krumspringa på slutten (det gjorde den vel aldri...), men det er få som har swinga like mykje saman med gode storband som han.

 

 

Cincinnati Pops "Big Band" Orchestra er eit storband tidvis forsterka av eit busslas

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

ECM

s strykarar. Her spelar dei mange av Sinatra sine store nummer pluss eit par ekstra. Alle er instrumentalversjonar (med eit slags unntak for spor nummer 14 og 17). Men i staden for å sitje og sakne den store stemma, gler eg meg over å høyre eit så godt samspelt orkester. Dei swingar akkurat som eit godt gamaldags storband, vel å merkje utan at einskilde solistar stikk seg markant ut. Denne oppskrifta kunne kanskje lett gi eit lite spanande resultat, men det er ikkje tilfelle her. Bandet er for samspelt og "tight" og det swingar for bra til det. Dette er rett og slett berre behageleg å høyre på. Innspelinga er rein og usedvanleg balansert for denne type musikk. 

Dette er altså ikkje ei frykteleg spanande eller nyskapande plate med store overraskingar, men ei knallbra swingande storbandplate eg kjem til å spele ofte.

TMB

Read 3853 times Last modified on Tuesday, 28 January 2014 14:43
Tor Martin Brekkeflat

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.