Wednesday, 31 December 2003 23:00

Monty Alexander - Monty meets Sly and Robbie [SACD]

Written by

Det byrjar med Chameleon. Chameleon er kul. Er plata det..? ...kul, altså?

 

 

Monty Alexander har gitt ut ein stor bunke album. På det førre blei Bob Marley tolka med litt meir jazzfeeling enn reggae. Denne plata ligg litt i same retning, men er likevel heilt omvendt. No er ti låtar frå 50- og 60-talet plukka ut og spelt inn med eit preg av Jamaica og reggae. I botnen ligg Sly Dunbar på trommer og diverse DJ-effektar og Robbie Shakespeare på bass. Og på toppen ligg Monty Alexander på piano og spelar melodi og improviserer. På enkelte av låtane er det òg med eit par blåsarar, ekstra perkusjon og keyboard.

 

Det startar bra. Chameleon har eit stilig groove, og det blir forsterka av det funky preget låten har fått her. Men den er meir langdregen enn eg nokon gong har høyrt låten før. Det går nesten tre minuttar med (det litt einsformige) riffet før me får ein pianosolo. Derifrå og ut er låta bra, men den kunne med fordel ha vore to minuttar kortare.

 

Resten av plata minner mest om den andre halvdelen på Chameleon, men ikkje heilt. Kjensla av at dette kunne vore litt meir spanande kjem snikande innimellom. Heldigvis er likevel alt på plata gjort bra. Det høyrest ekte og ikkje overprodusert ut, trass i all elektronikken. Det er jo særleg pianospelet til Monty Alexander som gjer dette. Spelemåten hans, den grove, massive, litt sleivete måten å spele på, spesielt under improvisasjonane, passar glimrande inn med det moderne og avslappa underlaget. Der det er lagt inn blåsarar med melodi og riff, er dette òg gjort meget bra og med den rette snerten resten av plata har.

 

Plata inneheld ti høvesvis spanande tolkingar av ti låtar som er både kule, groovy og spanande i sine originalversjonar. Og Monty og gjengen greier heldigvis å tilføre noko nytt i sine tolkingar. Det kraftige underlaget med bass og perkusjon gjer at plata til og med vil kunne fungere på eit diskotek. Resultatet er kult, sjølv om det av og til blir stola litt for mykje på at trommer, bass og elektronikk skal halde driven oppe. Litt meir melodi og fleire/lengre soloar frå pianist eller blåsarar hadde gjort denne plata enno betre.

 

Denne blandinga av pianojazz, reggae og eit kraftig beat er kul og fungerer bra - men berre nesten like bra som den kunne gjort.

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

 

****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Read 3989 times Last modified on Tuesday, 28 January 2014 14:45
Tor Martin Brekkeflat

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.