Saturday, 26 March 2022 08:46

The 2 Channel Audio Amplifier - Stig Arne si dagbok januar 2022 Featured

Written by

Nye" høgtalarar er på plass, “nye" produkt er kjøpt inn, og grådige selgjarar på Finn har fått ein smekk på lanken. Pluss musikk og øl.

Går tida raskare for pensjonistar enn andre? Det trur eg, men har ikkje klart å prova det endå. Skal nok klara det til slutt. No sit eg og skriv, det er midt i mars, og eg trudde eg skulle skriva februar-dagboka. So syner det seg - etter ein samtale med redaktøren - at eg har ikkje kome lenger enn til desember. Eg er i sjokk. Kvifor hender dette gong etter gong? Eg kunne trengt ein sekretær, men anar ingenting om kiloprisen på slike i dag. I alle fall: Eg må skriva januardagboka, og det litt brennkvikt. 

OBJEKT

Kva har eg lyst ut av komande artiklar? Nad 3300. Audioquest DAC-ar. Andre ting gjenstår òg. Og nokre vil eg ikkje rippa opp i ein gong. Det kjem. 

Endå fleire ting er på gang: Electrocompaniet sine Objekt, dei pyramideforma høgtalarane konstruert av Svein Erik Børja og broren Bjørn Børja, har fått nytt basselement og står og spelar. Ikkje med dei heilt nye basselementa som er kjøpt inn til føremålet og som skulle på plass, men eit anna og eldre brukt element som eg fann på Finn. Dette er same elementet som i den friske høgtalaren. Heller ikkje dette er det opphavelege elementet, men kloss i, og det næraste me kjem her og no. Og godkjend av Bjørn Børja (pr. epost), som var sjefsingeniør på Seas. So det er litt av ei storhending dette: Eit par fullt fungerande Objekt spelar i stova mi. Dette er ein unik høgtalar som det berre finst ytterst få av. For litt meir info kan du gå attende til tidlegare dagbøker. Meir info vil koma seinare. Eg må fyrst læra meg høgtalarane å kjenna, grundig, og slikt tek tid. Eg garanterer på INGEN måte at det kjem ein omtale i neste dagbok. Snarare tvert i mot. 

ELECTROCOMPANIET

Og so har eg og Stig Inge kjøpt i lag eit sett Electrocompaniet 25 Watt med tilhøyrande forforsterkar, det klassiske settet frå 70-talet. (Me har forresten fleire sett, bevares, ein god ting osb.) Det måtte naturlegvis vølast (repararast), som typisk er for brukt utstyr (sjå avsnittet FINN). Litt tilfeldig (etter tips) er settet no vølt av ein kompetent kar på austlandet (der det er kjøpt), og til ein ikkje urimeleg pris. So framt det berre verkar. Har ikkje kopla det opp enno. Men det vil naturlegvis henda i overskueleg framtid. Det vert litt av ei hending. Eg har hatt fleire slike sett, det fyrste hadde blanke handtak slik som dette. Slikt gløymer ein ikkje. Det vart henta på jarnbanestasjonen i Bergen og spelte i mange år medan eg budde på Fantoft Studentby i Bergen på 80-talet, på 12 kvadratmeter store hyblar. Dei var små, men koselege. Eg minnest med glede denne tida. Hugsar eg spelte Joan Armatrading for heile plassen utanføre, med opne vindauge. (Eg har og spela Joan Armatrading på Fantoft studentby i byrjinga av 80-talet,. Men det var med lukka vindauge… - red. anm.) Platespelaren var Rega planar 3, for Linn Sondek hadde me jo ikkje råd til, og pickupane var Denon DL 103, og Grace F9 E, mellom andre. Høgtalarane var Mordaunt Short Pageant, som eg og Stig Inge (Stereo-Stig) importerte frå England og distribuerte til butikkar “i det ganske land”. Det var tider! I alle fall når me ser det i ettertid. Heilt problemfri var vel ikkje denne tida heller. Men nok mimring. Eg las ein gong at dersom du BÅDE er nostalgikar og melankolikar, har du eit problem. Ikkje løye me drikk.

PS etter fullførte studiar på NHH reiste Stig inge til Japan og vart verande, medan eg helt stand i gamlelandet. Takka vera ny teknologi talast me dagleg - gratis. I timesvis.   

FINN

Som den skrotnissen eg er, har eg kjøpt mykje utstyr på Finn. Der er det mange rare folk. Nokre legg gamal dritt ut for fantasisummar, jamvel defekt. Eg hugsar ein som skulle ha 2500,- for ein gamal Nad 3020 med defekt høgtalarterminal. Dei gidd ikkje eingong reingjera utstyret før sal, eller pussa av støvet før fotografering. Eg fekk tilsendt ein forsterkar i ein kartong som var so vidt stor nok til sjølve apparatet, utan det minste isolasjon. Ingenting! Eit under at forsterkaren overlevde transporten. I verste fall er dette arbeidsledig ungdom som kjøper billeg og sel dyrt, for å tena pengar. 

Og kassettspelarar! Dei må du ALDRI kjøpa brukt utan å ha sjekka dei. Selgjaren forsikrar deg om at “han virka fint sist eg brukte han”, hugs at dette typisk nok er mange år sidan. Slike spelarar virkar aldri. Eg meiner aldri. Eg veit det, for eg har ein heil stabel. Reimene til framdrifta av kassetten (transporten) har ei levetid på maks 10 år, og dersom selgjaren ikkje eksplisitt kan garantera at spelaren har fått nye reimer, vil kassetten gå rundt i nokre sekund eller ikkje i det heile. Dermed må han til reparatør, og det er ikkje rimeleg. 

Ver også veldig forsiktig med CD-spelarar. Laseren kan nærma seg slutten av levetida, og ha problem med å lesa CD-platene, eller nokre av dei, eller nokre av spora. Dette vil du ikkje oppdaga umiddelbart etter ein kjapp demonstrasjon. Installasjon av ny laser er dyrt, om du i det heile får tak i ny laser! Eg har eit par slike på loftet ja. Til dømes har eg ein gamal Quad CD-spelar som det syner seg uråd å få fungerande laser til. Ja, du får tak i (Philips), men dei er laga i Kina, ikkje Eindhoven. 2 av 3 slike lasarar virkar ikkje.    

Det er lurt å spørja seg (og selgjaren): Kvifor er produktet lagt ut for sal? Eg kan svara på det spørsmålet: Avdi det er noko i vegen med det. Gjerne ein periodisk feil, som du ikkje oppdagar før det har gått ei tid. Dette gjeld i kring halvparten av tilfella. Tenk deg det! Det er mykje. Det er altso 50% sjanse for at du får tilsendt eit defekt produkt, eller eit produkt som du etter kort tid får plunder med, og som må til reparasjon. Eg har t.d. kjøpt ein del Nad 3020. Ein hadde defekt av/på-brytar. Ein hadde loddefeil og spelte berre på ein kanal. Receivervarianten 7020 har to vribrytarar, og desse forvrengjer. Alltid. Nesten alle Nad-ane mine har før eller seinare måtta teke turen til reparatøren min, som eg etter kvart kjenner godt! 

Heldigvis er eg ein ivrig audiofil, dette er hobbyen min, og alle reparasjonane lærer meg noko. Eg tek dei nærmast som ein del av handelen. Og ein del enkle ting fiksar eg sjølv. Vribrytarane ordnar eg med CRC elektronikkspray, eit vidundermedel. Men du gjer uansett lurt i å rekna med ein reparasjon i tillegg til prisen på produktet. Dermed kan prisen fort nærma seg det same som eit nytt produkt! Dersom det er dette produktet du verkeleg søkjer etter, er det greit. Då må du finna deg i å betala prisen. Men gamle brukte produkt bør vera rimelege. Eg kjenner eg vert rasande når eg ser kva folk forlangar. Eig dei ikkje skam? 

Men ikkje alle er like grådige. Eg kjøpte ein Nad 7020 for 850-, avdi selgjaren ikkje var heilt sikker på tilstanden. Han virkar men skurrar. Det ordnar eg med elektronikkspray. Ein annan måtte eg ut med 1800 for, og det var i overkant, men eg fekk han henta, og sparte i alle fall frakta. Han var praktisk tala strøken, og det er ikkje vanleg for so gamle apparat (1979). Og ein Nad 3020 A for 1800,-, strøken. Og ein Technics platespelar SL 1500, ein gamal klassikar, for 2000, oppsmurt og fullt fungerande, kosmetisk nesten perfekt. Den (relativt) rimelege prisen skuldast nok eit par småfeil (som eg har klart å ordna opp i). Mannen hadde samvit. Rett under sto ein identisk spelar til 3000. Ikkje noko finere den.     

MUSIKK

Litt om musikk etter gamalt. Bergen Bonanza er eit “livekonsept” som vert arrangert fyrste tysdag i månaden på Statsraaden Bar&Reception i Bergen. Og for eit band! Dei spelar “amerikansk folkmusikk i alle dets fasetter”. Dei består av 

  • Einar Olsson
  • Eirik Utne
  • Åse Britt Reme Jakobsen
  • Lars Hammersland
  • Ole Gunnar Eikeland

Desse bør du få med deg. Dei har nyleg gjesta Voss, under tilskipar Einar Stokke sitt konsertkonsept “Buskspel”. Ei forklaring av omgrepet buskspel er på sin plass. ETYMOLOGI: "første ledd busk, trolig med henspilling på campingplassens buskas, hvor slikt spill tradisjonelt finner sted; jf. svensk buskspel (Det norske akademis ordbok). Vert særskilt nytta ved kappleikar og festivalar, om uhøgtideleg, improvisert musisering og samspel utanom det ordinære programmet. I dette tilfellet fann spelet stad som ein ordinær konsert i Gamle Voss kino; med lokale gjester. Utan buskas. 

Heilt Nils

Eg siterer frå avisa Hordaland: "Etter å ha blitt koronautsett to gonger, kunne tidlegare Hordaland-journalist Nils Kvamsdal endeleg ynskja publikum velkomne til showet «Heilt Nils» fredag kveld. Showet er eit heilt nytt konsept på Voss, der Kvamsdal inviterer artistar med lokal tilknyting til konsert og drøs i sofaen.”

Twang Gang under leiing av nabo Erlend Styve er det faste husorkesteret på showet, og sentralt i musiseringa denne gongen var Styve Brass Band, ei gruppe blåsarar med fantastisk presisjon, og i samspel med Tore Brunborg (saksofon) og Kåre Opheim på trommer (gift med Trude Storheim, leiar i Vossajazz) var dette noko av det likaste eg har høyrt på lenge. Kom dekan ut på konsert folkens. Det er der stor kunst oppstår. Dette showet var det fyrste av fire i rekkja. Dyr inngang (425,-) men verd kvar krone. 

ØLSPALTA

Jula varar heilt til Påske, heiter det. Difor har me med eit par slengjarar me fann på Polet lenge etter jul (PS det er visst mykje jolaøl att på polet i Arna!):

Løkka Jul, 6,5%, klassisk jolaøl, god!

Harstad Jul, 6,5%, smakte litt av kaffi og var litt "slapp i utgangen", sitat Lars. 

Amundsen (vantar boksane) og Lervig Hipster for Christmas: Kolossalt søte og kraftige. “Vil eg ha kaka går eg på konditori!”. 

Eit par meir ordinære øl (butikk, 4,7%)

Carlsberg Pilsner: Har ikkje heilt klart å plassera denne. Smakar mindre matt enn tidlegare. Smakar framleis ingenting, men ingen usmak heller. God lesk på ein sumardag. Tener ingenting på å stå framme ei stund til han vert meir lunken. Ingen nye nyanser trer fram.   

Pokal: Dette er Coop-kjeda sin billegøl, no produsert av Mack. Smakar ingenting. 

Seidel: Han var god ein gong. No er han usmakeleg, og skummet luktar leverpostei.

Lumberjack Winter Rye DIPA (Double IPA), 7,4%: Nydeleg raudbrun farge, tilsett frukt og difor fruktig. Smakeleg.

Haand Bryggeriet Kittens, Puppies & Hops, 8%: Morosam tekst på boksen, kjøp ein slik! Frisk, syrleg, avstemt med svak sødme, ypperleg sumardrykk når den tid kjem. Vårleg!

Ragnar Cloudy IPA, 6,5%: Liknande som førre, litt syrlegare. 

Rye Member Me, rye IPA (rug), 6,8%: Noko bitrere enn dei førre, snev av sykkelslange.

OSLO Brewing CO. West Coast IPA, 6,2%: Litt i same gate som førre, men mattare og lettare å drikka. God og leskeleg, denne kunne me drikka mykje av. “Dama likte han og” står det i notatane, men er ikkje sikker på kven det var. Må høyra me han Lars. Han hugsar betre. 

 

Read 1829 times Last modified on Monday, 28 March 2022 16:55
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Related items