Thursday, 22 September 2022 19:27

Hard lyd: jakta på syndaren – Stig Arne si dagbok august 2022 Featured

Written by

 

Eg har relativt nyleg vorte klar over eit problem kring polstykket og støvhetta på vanlege dynamiske høgtalarelement. (Sjå bileta, so skjønar du kva eg snakkar om). Det er eit lite påakta problem, men ikkje eit mindre problem av den grunn. Heldigvis kan du sjølv i mange tilfelle bøte på det. Det kan forbetra høgtalarane betrakteleg. 

Men høgtalarane treng ikkje vera einaste grunnen til hard eller på andre måtar ubehageleg lyd. Me går gjennom heile stereoanlegget, og so kjem me attende til høgtalarane att til slutt.  

CD-spelaren

CD-spelarane varierer i kvalitet og karakter, men det er relativt sjeldan at dei er desidert harde i lyden. Eg har opplevd det berre ei gong (med ein Onkyo-spelar). 

Platespelar/pickup

Her vel eg å fokusera på pickupen. Det er ingen gode grunnar til at sjølve platespelaren (med arm) skal bidra vesentleg til hard lyd. Dei fleste spelarane er utstyrte med MM-pickup, og desse spelar normalt ganske sivilisert. Nokre av dei kan ha stigande frekvensgang mot mellomtonen eller/og diskanten, og dette kan forsterka ein eventuell tendens til skarp og hard lyd. Med MC-pickup er problemet hyppigare. Fleire av desse har problem med stigande frekvensrespons, og om dette vert kombinert med mangelfull tilpassing mellom pickup, step-up og platespelarinngangen, kan dette slå ut i dårleg lyd på fleire vis. Dette er eit område for ekspertar.  

Forforsterkar 

Ein for-forsterkar er i realiteten eit linjetrinn, som du ofte òg vil finna på utgongen av CD-spelarar, kassettspelarar og denslags. Eg opplever sjeldan desidert hard lyd med slike.  

Forsterkaren 

Ein integrert forsterkar inneheld både forforsterkar og effektforsterkar. Forforsterkaren er som nemnt normalt ikkje skuldig, men forsterkardelen - eller ein separat effektforsterkar - kan godt vera det. Det kan vera ganske langt mellom forsterkarar med naturleg og musikalsk lyd. Mange har ein desidert mekanisk, ljos og hard lyd, særskilt om du tvingar dei til å spela høgt. Om du strever med dette, prøv å få lånt deg ein NAD 3020 eller radiovarianten 7020. Dei er det plenty av, og ein av få forsterkarar som plent nektar å spela hardt, om han er i orden. Hjalp dette, er problemet løyst. Om ikkje, er det store sjansar for at problemet ligg i høgtalarane. Går du vidare?

HØGTALARAR: PROBLEMET MED POLSTYKKET 

Alt for mange høgtalarar har stigande frekvensrespons, og dette åleine er problematisk. Det kan spegla konstruktøren sin personlege smak, eller dei kan vera konstruerte slik for å trekkja til seg merksemd i butikken. Folk endar ofte opp med å velja den som “ropar høgast”, og dette veit produsentane. Men framheving av mellomtone og diskant, evt. kombinert med andre feil, kan gje ljos, hard og ubehageleg lyd.

I det siste meiner eg å ha avdekt eit problem som eg berre delvis har vore klar over rekkevidda av. Eg har ofte reagert på at sjølv renommerte høgtalarar, som til dømes normalt godt avstemte og “høflege” engelske høgtalarar, kan låte hardt eller pressa, t.d. på messer. Og no trur eg at eg veit kvifor. Går du vidare? 

Diskantelementet

Det fyrste ein lyt vera klar over, men som me ikkje tenkjer på til vanleg, er at membranen til alle elementa, diskantelementet òg, stråler ut like mykje lyd bakover som framover. Med andre ord, når du sit og lyttar stråler det like mykje lyd bakover til kabinettet som framover til deg. Er dette teke omsyn til? Er denne utstrålinga dempa? Problemet er minst hjå basselementet i t.d. ein 3-vegshøgtalar, for her vert baksideutstrålinga sugd opp av dempematerialet i kabinettet. (Dette elementet kjem me attende til). Når det gjeld diskantelementet, er problemet større. Dette er konstruert slik at eit flatt polstykke i metall ligg umiddelbart bak membranen som ein vegg, berre millimeter unna. Dette er ein naudsynt del av magnetsystemet, men det er uansett ein veldig uheldig situasjon. Tenk deg det bråket som oppstår i det pitte lille rommet mellom membranen og polstykket. Ofte er det limt eit lite stykke filt eller liknande på polstykket for å dempa, men ikkje alltid. (sjå bilda). Påkosta diskantelement har i tillegg av og til eit gjennombora polstykke, slik at lyden kan passera gjennom elementet og verte dempa i eit kammer bak, ei glimrande løysing. (Slike element MÅ ha eit kammer på baksida, elles vil trykkbylgjene frå basselementet passera gjennom polstykket, og blåsa membranen i trynet på deg. Særskilt om det er eit lukka kabinett, og trykket ikkje slepp ut gjennom bassrefleksopninga). 


Fingeren peikar på polstykket


Udempa polstykke
Dempa  polstykke med filt

Mellomtone

Ein dome mellomtone er i prinsippet lik diskantelementet, berre større, og det same gjeld her. Eg kjem attende til denne seinare, i form av mellomtone-elementet i Dali 7.

Bass/mellomtone

Vanlege traktforma basselement og mellomtone-element er eigentleg delt i to membranar, trakta og den halvkule-forma “støvhetta” i midten. Bak støvhetta er polstykket, som skapar akkurat same problemet som hjå diskantelementet. Eg skal ta føre meg dette elementet i del 2. Det vert for mykje å ta det med no. 

 

LYTTETESTAR

Attende til diskantelementet, som eg fokuserer på i denne Del 1. Eg har to par høgtalarar med same element, ein liten 19mm dome utvikla i samarbeid mellom Seas i Noreg og Vifa i Danmark (Vifa D19TD i dette tilfellet). Han er utvikla for å passa i 3-vegssystem, sidan han er optimert for høge frekvensar, og ikkje berekna på å gå for langt ned i frekvens. Likevel er han nytta i QLN Qubic frå Sverige, som er eit tovegs-system, men truleg med ein relativt høg delefrekvens (3,3uF er nytta for avskjeringa nedover). Eg har lenge visst at denne ikkje har ei dempepute bak domen/membranen. Ein ingeniør frå Seas forklarte meg at dette ikkje var turvande for dette “high tech”-elementet, sidan resonansen ville liggja over høyrbar frekvens. Eg trur i alle fall at det var omlag slik han forklarte det. Eg skrudde ut elementet for å sjekka. Det er konstruert slik at  monteringsplata med talespole (svingspole) er klipsa fast til magnetsystemet, slik at ein smelta spole kan bytast ut med ein ny, utan å måtte kjøpa heile elementet.  Kan hende var ein meir framtidsretta og berekraftig i gamle dagar enn i dag. Igjen, sjå bileta. (På dyrare element med monteringsplate i metall må du fram med skrujernet for å dela monteringsplata og magnetsystemet). 

Og ganske riktig. Her var ingen demping mellom domen og talespolen. Eg kunne ikkje lata dette høvet gå frå meg til å sjekka (den eventuelle) effekten av demping. (Eg hadde høgtalarane framme berre for å sjekka om dei virka, i von om a få rydda opp i arsenalet av høgtalarar). Eg klypte til puter av vanleg dekorasjonsfilt, og kalla inn til blindtest, for ikkje å stå åleine med påstandane mine. Lars Mossefinn og Jan Jensen vart servert øl og plasserte i lytteposisjon. Dei vart forklart kva dei lytta til, men ikkje rekkefylgja. For å gjera det enkelt for meg sjølv, var fyrste test utan demping, med to utvalde låtar, den eine tittellåta på Return to Forever med Chick Corea (12 min), den andre tittellåta på Astral Weeks med Van Morrison, me rekna det for tilstrekkeleg. I pausen skrudde eg ut elementa, delte dei opp, limte på filtputene på polstykket, klikka magnet og monteringsplate saman att og skrudde dei på plass i kabinettet. Det tok eit kvarter tippar eg. 

Ny runde, same musikk, påfyll i glasa. Sjølv om eg høyrde relativt raskt kva som hadde skjedd med lyden, sette eg opp eit steinansikt for ikkje å påverka panelet. Dei var likevel ikkje i tvil om at no var dempefilten på plass. Lars: Meir harmonisk og samanhengande. Jan: Mjukare lyd. Det var heilt klårt at alle tre observerte at lyden no var rolegare, klårare og behagelegare, i større grad enn i alle fall eg rekna med. No kan eg skru mykje høgare opp utan problem.  

For meg er det innlysande, etter lang erfaring og mykje lytting, at det er gunstig å dempe resonansar som best ein kan, der ein kan, og helst med ull, som i filt eller andre ullmatter. Eg har òg prøvd skumgummi, men det har nesten ingen effekt. Likevel ser eg det ofte brukt, både utanpå rundt diskantelementet og inni kabinettet. Ingeniørane hjå Seas og Vifa er utan tvil dyktige, men dei kunne vore flinkare til å sjekka resultatet av anstrengelsane sine med lytting. Ingeniørar og audiofile er ulike dyr, og ingeniøren er den viktigaste, elles hadde ikkje audiofile hatt noko å spela på. Men ingeniørane kunne tent mykje på å invitera til samarbeid. Me kunne fått betre produkt som resultat, og det hadde alle tent på. 

I del 2 vil eg ta føre meg bass- og mellomtone-elementa med trakt og støvhette.               

Dagens autokorrektur: Vifa vert konsekvent oversett til Visa.          

 

POESIFESTIVALEN I ULVIK

Ulvik har òg sin biennale, nemleg poesifestivalen, som har vorte skipa til annakvart år sidan 2000. Festivalen har som føremål å skapa interesse for forfattarskapen til Olav H. Hauge og for lyrikk generelt (Snl). Fredag, laurdag og sundag 9-11. september kunne du høyra lyrikkseminar, diktopplesing og meir til på dagtid og kveldstid, supplert med konsertar på kvelden. Ikkje før sundag fekk me med oss dei to siste konsertane (grunna elendig eller totalt manglande planlegging av helga): Morgonrode; og deretter Ballistisk, med Odveig Klyve som las frå eigne dikt, med Nils Petter Molvær på trompet og Mac. Om eg ikkje veit opp ned på poesi, so har desse konsertane so desidert interesse for ein jazzar. Ikkje er det langt å reisa heller for ein vossing, omlag 40 min. med bil eller buss. Kjem du frå Bergen, lyt du leggja til halvannan time med bil, buss  eller tog. Konsertane gjekk føre seg på Brakanes Hotell, i samfunnshuset Elvatun og i Haugesenteret, rett bak Den Grøne Kafe nede ved bryggja. Alt i gangavstand, uansett kvar du har parkert bilen. Gratis. 


Fredag gjekk me glipp av konsertar med Susanna Wallumrød og Valkyrien Allstars, og laurdag med Endre Olsen Band, Frode Grytten og Bjørn Tomren. Denslags hovudlaus ignoranse skal IKKJE gjenta seg i 2024. Men attende til Morgonrode (gamalnorsk for morgonraud, som fargen på himmelen om morgonen), som er ei spelemannspris-vinnande folkemusikkgruppe på 7 medlemer, med inspirasjon frå jazz. So er då også ålesundaren Andreas Skår Winther på slagverk utdanna på jazzlina ved NTNU i Trondheim. Bassisten var vikar, sidan den faste har fått tvillingar. Men Bárður Reinert Poulsen frå Færøyane gjorde ein framifrå jobb, og takka vera Andreas frå Voss Lyd bak skyvepotensiometra på miksebordet kunne me høyra kvar einaste tone, og det er slett ikkje alltid tilfelle. Vellukka og vakker blanding av tradisjonsmusikk og improvisert musikk, inkludert eigenkomponert materiale. Behageleg og likevel tydeleg lyd.

Siste konserten var ved Odveig Klyve og Nils Petter Molvær. Lyrikar, forfattar og filmskapar Klyve frå Hardanger er i desse dagar kan hende mest kjend for diktet sitt “Skjelv du på handa i dag, Vladimir?”, som no går viralt. Dette vart framført på opninga fredag, men konserten sundag handla om fotballen si historie, smakfullt akkopagnert av musikar og komponist Nils Petter Molvær på trompet (og litt ferdiginnspela rytmer).  

Eg rår alle til å vitja Ulvik i 2024, og oppleva denne mest avslappa og intime festivalen av alle eg har opplevd. Og plommene i kafeen i Elvatun var gratis. Meir heimleg vert det ikkje, og samstundes merkeleg eksklusivt og eksotisk. Hasta La Vista Baby! 

VINSPALTA

Ja du las rett. Dette er ikkje autokorrektur. Me skal omtala eit par vinar før me går attende til den normale dietten, i neste dagbok. Dag, som ikkje vil presenterast (men han heiter faktisk Dag) hadde med seg ei flaske raudvin frå California, som var såpass eksklusiv at han ville dela ho med meg og Lars. So no må vinelskarane spissa øyro! Guglielmo Private Reserve er ein prisløna vin frå ein liten vingard i Santa Clara i California. Han kosta tilsvarande kring 400 kr. der hitte, og er neppe å få tak i her. Han ville i so fall truleg kosta det doble. Smaken var slik at du ikkje gløymer han med det fyrste. Uvanleg “djup” og konsentrert, med masse frukt, men utan distraherande hint av alt mogeleg anna til å forstyrra heilskapsinntrykket. Både lukta og smaken var hypnotiserande. 

Lars baud på eit nesten like eksklusivt alternativ frå Pomerol; flybore frå slottet Tailhas i Gironde, Bordeaux. Også denne var svært god, om ikkje like sjokkerande. Når eg no tok fram flaskene for fotografering, lukta dei begge tåfis, Pomerolen faktisk kraftigere enn californiaren, og bananflugene føretrakk denne. Utan at me skal trekkja nokon konklusjon av dèt.

Hugs Hortenmessa, som har 20-års jubileum i år.

Read 2661 times Last modified on Thursday, 22 September 2022 21:11
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items