Wednesday, 24 August 2022 18:26

Eit lass høgtalarar – Stig Arne si dagbok juli 2022 Featured

Written by

Eit knippe gamle høgtalarar denne gongen, og korleis du får dei opp og stå att, om dei har skader eller defektar. Og ein pille mot promille i ølspalta. Eller berre eit glas vatn.

HJARTESTARTAR

Alle burde ha ein hjartestartar i heimen. Ikkje avdi eg har dårleg hjarte. Eg tenkte meir på ei verktykasse for å få gang på gamalt utstyr (eg snakkar framleis ikkje om meg sjølv). Det er ikkje rare startpakka som trengs: Nokre skrujern og denslags, ei nebbtong og ein loddebolt, svart og brun tusj for å dekkja over skader både på forsterkarkabinett og høgtalarar, og formtre og teakolje for høgtalarkabinett i ekte finér. Med dagens prisar på edeltre, er gamle kabinett i ekte tre verdfulle og ein pryd for heimen. Eg har eit bankande hjarte for slikt.   

EIT LASS HØGTALARAR

Eg fekk eit lass med høgtalarar av ein kjenning for noko sidan. Han og faren hadde hatt opprydding. Eg takka og bukka! Det er alltid spanande å studera nye ting. Dei kan vera brukande, dei kan vera gode, du veit ikkje før du har prøvd. Om dei ikkje er av ein slik kvalitet at du sjølv vil bruka dei, er det alltid kjekt å kunne gje dei vekk eller selja billeg til andre trengjande. Det kan vera ein del arbeid med å setja dei i stand, men det er meiningsfullt og lærerikt. Om det ikkje er noko å ha på, eller om du gjer tabbar under restaureringsarbeidet, er det berre å levera dei på den kommunale gjenbruks-stasjonen (og ikkje utfor vegen i eit juv. Skamma seg skulle dei.) Men eg kjem som regel alltid langt med reingjering og tusj. Legg på tusj, og gå over med fingeren før tusjen turkar. Slik fjernar du den delen av tusjen som hamnar på sidene av sjølve skaden/ripa, medan tusjen i ripa vert liggjande. Dette gjeld både forsterkarkabinett og denslags, og høgtalarar med vinyltrekk. Øving gjer meister! 

Det fyrste eg gjer, er å turka vekk skit og støv. Av med grillane for å sjekka om elementa har fått skader. Trykk basselementet forsiktig inn. Skrapar det, er det sprengt. Då må du vurdera om det har nokon hensikt å gå vidare. Er det ein kvalitetshøgtalar, og element kan skaffast, er saka grei. Om ikkje, går det på gjenbruks-stasjonen, etter at du eventuelt har skrudd ut og teke vare på fungerande element. Ser alt lovande ut, vert høgtalarane kopla opp, ein i gongen eller begge to. Sett på musikk, passe høgt. Du høyrer med ein gong om det er lyd i basselementet, dessutan vibrerer membranet tydeleg. Med litt trening høyrer du òg om det er liv i dei andre elementa; legg øyret inntil. Diskantelementet er det vanskelegaste å høyra. Legg handa framføre. Forsvann diskanten?

MONITOR AUDIO 9 GOLD

MA er ein sokalla “seriøs” engelsk produsent av høgtalarar. Eg innrømmer å ha litt fordommar mot dei. Dei er som regel litt ljose i klangen (avdi diskantelementet ikkje er tilstrekkeleg dempa i delefilteret). Det er ein vanleg feil, men ikkje desto mindre irriterande. Det er tilsynelatande umogeleg å laga den perfekte høgtalar. Produsenten har jo ingen aning om kvar høgtalaren vert plassert. Kloss i bakveggen eller fritt i rommet? Det stiller heilt ulike krav til avstemminga. 

Det var liv i alle elementa. Då går me vidare! Lyden var som vanleg noko ljos, ikkje uventa, sidan eg har høgtalarane ståande fritt i rommet. Kloss i bakvegg kan balansen vera betre, men eg trur uansett diskanten vil stikka seg litt ut. Kabinetta var oppskrapa og stygge, men utan direkte hakk eller skader, so svart tusj ordna opp i dette. I prosessen klarte eg sjølvsagt å trykka inn diskant-elementet ein smule, men dette klarar eg alltid å ordna ved å suga bulken ut att med støvsugar. Men sidan dette var ein metallmembran lukkast det ikke. Eg enda opp med å dra bulken ut med ei tannstikke som eg festa midt i bulken med lynlim. Det gjekk! Høgtalarane vart kopla opp att for ei siste vurdering, og det var då eg oppdaga at det eine diskantelementet, det eg hadde “reparert", var daudt. Litt av ein nedtur. Eg hadde tydelegvis vore for brutal med støvsugaren, og sugd livskiten ut av den stakkars diskanten. Kva gjera? Høgtalarane var alt lovt vekk, og skulle monterast opp i nær framtid. Det var ingen tid til å skaffa nytt element, og på loftet er det berre rot. Eg tok høgtalarane likevel med til ny eigar, pluss ein del verkty, medan eg lurte på kva eg skulle gjera. 

Eg hadde litt flaks: Medan dei nye eigarane var på det lokale hotellet og meska seg i biff og raudvin, hadde eg tid til å kopla opp anlegget. Høgtalarleidningar måtte kappast til og avisolerast. Høgtalarane vart plasserte i ein myrk krok (det er ikke audiofile dette. Dei skal berre ha lyd). Men den myrke ljoden frå høgtalaren med defekt diskantelement var likevel ikkje til å overhøyra. Her var absolutt ingen lyd over 3000 Hz. Det syter delefilteret for. Dette måtte gjerast noko med. Eg bestemte meg for å køyra bass/mellomtone-elementet som fulltone, på enklaste vis: Høgtalarleidningen vart stukke inn bassrefleksopninga og lodda direkte til elementet; forbi terminalen og delefilteret. (Eg kunne ha brukt terminalen, men det hadde vorte mykje lodding). Det gjorde susen. No spelte også denne høgtalaren mellomtone, berre den øvste diskanten var noko svak. Det er det framleis ingen som har lagt merke til. Heilt nøgd er eg sjølvsagt ikkje, men det er ikkje so ille at eg ikkje får sova om natta.   

MISSION 731

Engelske Mission har laga ein del interessante høgtalarar i si tid, mest sannsynleg konstruerte av grunnleggjaren Farad Azima. Mission 770 er ein av dei, og denne har nyleg kome i ein ny versjon, men konstruert av heilt andre, under kinesiske IAG og Peter Comeau (tidlegare Heybrook). Du kan høyra om denne nye 770 i Steve Guttenbergs Audiophiliac på YouTube. 

731 er ein knøttliten høgtaler, med 5” bass, bassrefleksopning og domediskant. Eg kopla dei opp og vart heilt fortrylla. For ein mellomtone! Men eg måtte kopla dei ned att raskt etter, for eg dreiv på med ein annan jobb. Då eg kopla dei op att nokre dagar seinare med forventningane på topp, vart eg skuffa. Dette var jo berre den vanlege litle lyden frå ein liten høgtalar. Bass er her lite og ingenting av, og mellomtone og diskant var som vanleg litt for dominerande. Her var ingenting att av den atmosfæren og gløden eg høyrde fyrste venda. Kva i all verda?

Det gjekk etter kvart opp for meg kva som hadde hendt. Desse helsikes biwiringsterminalane er noko feilkonstruert dritt. Du får i verste fall ikkje kontakt mellom øvre og nedre tilkopling, avdi holet for å stikka kablene inn i boltane er feilplassert, slik at kabelen ikkje klemmer mot bøylen. Biletet av Mission sin bi-wiringsterminal syner korleis ei ekstra stoppskive hever bøylen opp på linje med holet der du stikk inn kabelen, slik at skruen pressar kabelen ned på bøylen. Dermed oppstår betre kontakt mellom øvre og nedre grein av terminalen. Kva i all verda skal ein billeg liten høgtalar som denne med biwiringsterminal? Eg legg ved eit bilete av terminalen til Stig Inge sine Wilson til fleire hundre tusen kroner, som har “vanleg” enkel terminal med berre eitt par tilkoplingar. Kva gjer ikkje produsentane for å tekkast kjøparane. Doble terminalar er sjølvsagt betre enn enkle! Biwiring kan muligens ha noko for seg i eit topp kvalitets anlegg, der eigaren veit kva han gjer, men eg har òg opplevd at det har redusert lydkvaliteten tydeleg. Dobbelt kabelsett skapar dessutan ekstra rot og plunder ved opp- og nedkopling, difor ligg eg unna denne løysinga. Det er sikkert òg gunstig for ekteskapet, om du har slikt å ta omsyn til.   

Med andre ord hadde eg ikkje kontakt med diskantelementet på den eine eller begge høgtalarane fyrste gongen. Ikkje rart det let mørkt, mystisk og forførande! No spelar det berre som om dagslyset blendar deg, og romantikken er borte. Dei vil passe i eit relativt lite rom, men for meg, frittståande i ei relativt stor stove, er det ikkje eit alternativ.         

ACOUSTIC RESEARCH STATUS S 30

Denne fekk eg til reparasjon. Det er ein relativt høg golvståande to-vegshøgtalar med 6,5” bass og 1” diskant. Eg reknar denne oppskrifta som eit slags minimum av kva eg kan leva med. Mindre basselement og mindre kabinett finn eg lite tilfredsstillande. Større: Gjerne! Men bassrefleksopninga på baksida kan du ikkje skulda Edgar Villchur for, det var han som introduserte kompakte høgtalarar med lukka kabinett (sokalla acoustic suspension) på 60 og 70-talet. Fram til dess var kabinetta ofte store og opne bak. Edgar demonstrerte at ein kunne få like djup og faktisk djupare bass frå eit mindre basselement i ei lita lukka kasse, om elementet var tilpassa kabinettet (tyngre membran med lågare resonansfrekvens). Berre effektiviteten vert skadelidande. Høgtalaren vert meir tungdriven, men kraftige forsterkarar var på veg, so dermed var det problemet løyst òg. 

Desse høgtalarane er altso av relativt nyare dato. Eg fekk dei i hus avdi den eine skurra; i von om  at eg kunna vøla dei (reparera på dansk). Det synte seg at bassen var sprengt, og ein rask kikk på nettet gjorde det klart at originale element ikkje var å skaffe - på kort sikt i alle fall. Kva gjer ein då? Du kan jo ikkje skru inn eit kva som helst element. Du vil høyra det om dei to høgtalarane spelar ulikt. Men eg hadde ikkje noko val. Etter ein runde i kjellaren fann eg eit halvgamalt Seas-element som hadde ein liknande ytre finish og glans, so eg tok sjansen, og monterte denne. Ved hjelp av mono-knappen på radioen kunne eg samanlikne lyden ved å skru balansen fram og attende frå den eine til den andre, etter at eg hadde sett høgtalarane ved sida av kvarandre. Eg var heldig. Det var faktisk vanskeleg å  skilja dei frå kvarandre; den med Seas-elementet var litt tynnare i den djupaste bassen, men mellomtonen var ganske lik, og begge spelte like høgt. I prinsippet uakseptabelt for ein audiofil, men heilt greitt for ein vanleg forbrukar med fokus på musikken, og ikkje teknikken. Sidan stereo-signalet so allikavel er ulikt i dei to kanalane, vil eg sjå den som i det heile klarar å høyra kven som er kven, når grillane er på, og du ikkje ser elementet. 

Eg inviterte Lars (Mossefinn) til å lytta på dei, sidan han har hatt eit par AR sjølv i gamle dagar (AR AX-3), som han likte veldig godt (og som han ynskjer han ikkje hadde selt). Han kom med ein forbausande presis skildring av dei, som eg stiller meg hundre prosent bak: Øvre mellomtone er framheva, og registeret over er noko diffust. Bassen er noko svak i nivå, særskilt overgangen frå bass til mellomtone. Det siste er truleg skuld eit litt for stort kabinett; liknande høgtalarar er som regel kortare, med mindre innvortes volum. For stort kabinett gjev ein slank bass (låg Q-verdi, medan eit for lite gjev ein overdimensjonert bass (høg Q-verdi). Dette gjeld uansett om kabinettet er lukka eller bassrefleks. Rock let tynt. Merk at høgtalarane er plassert fritt i rommet langt frå bakvegg. Ein vanlegare plassering nærare bakvegg vil gje meir vekt til bassen og grunntoneområdet grunna refleksjonane frå bakveggen; og jamna lyden ut noko. Slik kan lyden verta meir akseptabel. AR Status S 30 på ingen måte ein dårleg høgtalar, berre ein smule ubalansert.

YMIST   

Dagens autokorrektur: Øyra (øret på dansk) vart til ørret. Eg har ikkje fiska sidan far min døydde i 1981.  

ØLSPALTA SPESIAL: NØGNE Ø

Som nemnt alt i mai-dagboka var planen å prøva ut sumarøl frå Polet, men det var fånyttes. Det lokale polet vårt hadde lite og inkje av den slags, og kunne fortelje at dette var ein typisk butikkvare. (For ein gjennomgang av nokre sumarøl frå butikk, sjå mai-dagboka). Plan B var ein kveld med Nøgne Ø frå Grimstad, eit mikrobryggeri som ikkje er so lite lenger (og kjøpt opp av Hansa-Borg). Dei leverer konsekvent kvalitetsvarer etter panelet si meining.   

Fyrst ut var Crossing Unknown Waters Pilsner, 5,5%: Han har ein “smak” (som skil han frå idustripils). Dag: Litt spesiell. Kveitebolle? Gjærbakst? Det er ikkje nødvendigvis kritikk. Men panelet var berre passe nøgd. 

Imperial Brown Ale 5,5%: Kraftig. Alle tykte denne var god. Lars: Kaffi og sviske. 

South Coast DDH IPA 7,5%: Fyldig, ikkje overhumla, godt balansert. Dag: Steikgod.  

Imperial Stout Strong Dark Ale, 9%: Kraftig, men likevel balansert. Samstemt applaus frå panelet. Baketiketten reklamerer med lær blandt smakane. Eg trudde det var vinane som hadde tilbøyelegheiter i den retning. 

Blonde Belgian Blonde Ale, 4,5%. Lars: Kunne like godt vore sumarøl. Godt likt av panelet. 

PILLE MOT PROMILLE

Nrk melde 7. juli at ein ny pille mot bakrus er på marknaden. Dei nemner korkje namn eller produsent, truleg avdi det ville vera likestilt med reklame. Pillen er eit sokalla probiotisk kost-tilskott. Det inneheld to tarmbakteriar som er produsert v.hj.a. fermentert riskli. Pillen verkar gjennom å omdanna alkoholen i magesekken til vatn og karbondioksid. Ved å ta to tablettar før festen, unngår du i stor grad å verta bakfull, samstundes som produsenten hevdar at han ikkje hindrar deg i å verta full/rusa. 

Noko som i fylgje ekspertane neppe er tilfelle. Sidan pillen “et opp” store deler av promillen, vert du mindre full; og difor mindre bakfull. Noko som kan hende ikkje er so dumt, om du mistenkjer at kvelden kan koma til å verta fuktig. For min eigen del tenkjer eg at denne pillen ikkje på noko vis er turvande om eg tek meg eit par øl på ein kveld midt i veka, men at det det kan vera lurt å hiva innpå eit par før nachspielet, om slikt skulle råka deg ein heftig laurdagskveld.

Elles held eg fast ved at hovudårsaken til fyllasjuke er uttørking (dehydrering). Dette unngår du ved å ha eit  glas vatn på nattbordet, slik at du kan drikka litt kvar gong du vaknar og må lata vatnet. Det skal faktisk ikkje so mykje til. Du treng ikkje drikka litervis. Og so snart du vaknar om morgonen, drikk litt til. Slik unngår du skallebank. Og ein “återstellare” som svenskane seier, altso ein “recovery beer” på nynorsk, til frukost ordnar resten, om du er litt uryddig i pelsen.     

 

Read 1201 times Last modified on Monday, 29 August 2022 16:42
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Related items