Wednesday, 29 June 2022 16:00

Ingen agurkar i Audiophile.no! – Stig Arne si dagbok Mai 2022 Featured

Written by

Trass i sumar og agurktid har me samla litt stoff om NAD 3020, Rogers LS3/5A, Dali 7 og Yamaha NS 1000. Og litt tyrstedrikk i varmen; på slutten. 

Vedlikehaldsalderen

I min alder er det mykje snakk om vedlikehaldsalderen. Sjølv er eg so heldig å vera frisk og i god form. Det står verre til med utstyrsparken. Dei eldste Nad-ane mine (Nad 3020 og 7020) er frå kring 1980, altso godt over 40 år. Det same gjeld eit dusin platespelarar, kassettspelarar, radioar og fleire dusin høgtalarar. Og alt dette treng stell for å fungera. Det er travelt å vera pensjonist. 

Nad 3020 (som vanleg) 

 

Fylgjande hending er eitt døme av fleire. For ei stund sidan reparerte eg ein Electrocompaniet Objekt høgtalar (nytt basselement), og kopla til ein Nad 3020 for utprøving. Dette var ein av to særs gode Naddar, av den opphavelege typen, produsert av Lever Audio i England, før produksjonen vart flytta over til Taiwan, kva han no hadde der å gjera. Det gjekk bra i starten, men etter ein litt pussig lyd som eg kunne sverga på ikkje var ein del av melodien, vart det stille. Full panikk. Det oppstod naturlegvis ei mengd med teoriar om kva som kunne ha skjedd. Hadde Nadden gått te helsike og øydelagt Objekta? Var Objekta i ustand og teke med seg Nadden i raset? Ein billeg forsterkar vart kopla opp for ikkje å risikera livet til fleire gode forsterkarar. Det vart då konstatert at Objekta var friske, og den billege forsterkaren spelte som ingenting. Nadden derimot var daud, uvisst kvifor, og levert til doktor i von om eit under. 

Det synte seg i etterkant at grunnen til at utangstransistorane rauk, var at dei var monterte med boltar og skiver som ikkje passa. Dei fekk dimed ikkje god nok kjøling og “brann opp”. Dette var m.a.o. ein feil som ikkje kan lastast korkje Nad eller transistorane, og er den einaste Nadden eg har hatt som har hatt full kjernenedsmelting. Naddane har synt seg å vera pålitelege. Reparatøren eg nyttar til vanleg, Svein Ones i Bergen, kan fortelja at han i starten fekk fleire Nad 3020 til reparasjon med sprengde utgangstransistorar, mest sannsynleg av di eigarane hadde kortslutta leidningane. Dette kan fort hende ved oppkopling av høgtalarane, og du ved eit uhell får kontakt mellom pluss- og minusleidningen. Elles har ikkje Nad vore offer for korkje fleire eller færre reparasjonar enn vanleg. Andre  feil kan vera dårleg kontakt i brytarar og vendarar, men dette er ting eg ordnar sjølv med kontaktspray.    

Då eg fekk forsterkaren att, synte det seg at han hadde fått to nye utgangstransistorar på venstre kanalen merka ON, ein underavdeling av Motorola. Ingen ting i vegen med det, i prinsippet, berre det at på andre kanalen sit to RCA. Eg trudde alle fire hadde vorte bytta til nye ON/Motorola, og det hadde vore heilt fint. Men so lenge berre to var bytte, hadde det vore naturleg å plukka to RCA-transistorar frå eit medlevert deleapparat. Slik går det når ein ikkje heilt har kontrollen på kva som skjer. Forsterkaren skal til doktoren att for ny operasjon, dvs to ON-transistorar skal ut og erstattast med RCA, evt. omvendt, slik at alle fire er make. Kor mykje dette vil påverka lyden er ikkje godt å seia. Eg samanlikna forsterkaren som eg fekk i retur med den andre som er identisk, og dei spelar ikkje likt, men det kan ha andre grunnar. Det kan og vera at ON-transistorane treng tilspeling. Uansett vil ingen audiofil godta ein forsterkar med ulike komponent på kvar si side, viss det kan unngåast. Det blir litt som å ha ein bil med ulike dekk på kvar side. Det er vel ikkje eingong lovleg. Du kan uansett ikkje alltid venta å få originale komponent etter ein reparasjon. Dei finst ikkje lenger. Reparatøren må bruka det han får tak i, og som han veit fungerer, frå leverandørar han kan lita på.        

 

YAMAHA NS 1000

Lars Tørressen var på vitjing her ein kveld, me drakk øl og vin og koste oss, og snakka mykje og lenge om hi-fi; og lytta. Mellom anna fekk han sjølvsagt lytta til Electrocompaniet Objekt, det er ikkje kvar dag eit slikt høve byr seg. Dernest høyrde me på eit sett Dali 7 som eg er i gang med å “restaurera”, dvs. dei verkar, men var veldig stygge (og tilsvarande rimelege, heldigvis). Ein omgang med formtre og sandpapir har gjort at dei ser såpass ut at eg har kopla dei opp for utprøving, sjølv om reingjering og oljing står att for å gje ein betre finish. Objekta er eigentleg klar for omtale, men må skriva han fyrst. Det same gjeld Dali 7, som er ein forbausande komplett og dugande høgtaler, når han berre får rydda inni: Rundt basselementet ligg alt for myke demping (skumgummi) slik at det ikkje får puste. Når dette er fjerna spelar høgtalaren glimrande frå topp til botn. Me lytta forresten òg til eit sett Rogers LS3/5A. Eg har eit sett svarte, Lars har fleire sett brune. Skulle ynskja han ville byta, men det vil han ikkje. Om nokon vil, er det berre å gje eit ord! Det spelte usselt til å byrja med, tynt, men det kom seg etterkvart som ting varma seg opp. Eg har ikkje spelt på dei på fleire år. Kan hende må kondensatorane fyllast opp eller kva veit eg. Ein omtale kan koma etter grundigare utprøving. 

Eg var so dum å nemna at eg hadde eit sett Yamaha NS 1000 òg nede i kjellarstova, og då var det gjort. Han ville sjølvsagt lytta til dei. Dei er blytunge. Han måtte bera dei opp sjølv. Det vart ganske rask oppdaga at eine mellomtonen var daud. Me skrudde det ut, og kopla til eit anna element på enklaste vis, og då kom det lyd igjennom. Feilen ligg m.a.o i sjølve elementet. Lars, som er kyndig i dette, har teke elementet med heim til Bergen for å skru det opp og sjå kva han kan gjera. I verste fall må det kjøpast eit rep-sett. 

So no står det faktisk ein Dali 7 på venstre kanal og ein Yamaha NS 1000 på høgre. V.hj.a monoknappen på Nad 7020 kan eg gå fram og attende mellom desse to; med balansekontrollen. Det var lærerikt. NS 1000 har volumpotmeter på fronten for både mellomtonen og diskantelementet, og med desse i 0-posisjonen er dei utruleg lyse. Ikkje so rart; dette er ein studio-monitor. Med Dali 7 (og Objekt) som mal vart mellomtone og diskant skrudd ned til balansen var snublande lik Dali 7, som me oppfattar som behageleg og ganske nøytral. Og eg måtte skru verkeleg langt ned! No spelar eg slik dei står. Det er sjølvsagt ikkje ideelt med ulike høgtalarar på kvar side, men det går, inntil vidare. 

HORTENMESSA

Ein omtale av Dali 7 og Yamaha NS 1000 er sjølvsagt planlagd. Andre prosjekt er heller ikkje gløymt. Me talast i juni. SISTE: Om alt går i orden talast me på Hortenmessa, 24-25. september. Og i år er det forresten 20-årsjubileum for Hortenmessa, so me vonar at ekstra mange kjem i år.

ØLSPALTA

Sumaren kom som eit skot. Lars, Dag og meg hadde planlagt ein større test av sumarøl frå polet, men Lars er alt reist på tur, og mai-dagboka må ut innan utgangen av juni, elles er me teknisk sett ein månad for sein. Men noko har me uansett smakt oss gjennom, her  kjem ein rask gjennomgang av nokre sumarøl, dei fleste frå butikk, dvs maks 4,7%:

Hansa Sommerøl er frisk og ikkje minst forbausande aromatisk, eg føretrekk denne framføre både pils- og fatøl-varianten. Men han er ikkje billeg, ein “fridge-pack” er borte på ein blunk, so det vert dyrt dette. 

Tuborg God Sommer kjem ikkje heilt opp, seier Lars. Litt skuffande, sidan t.d. juleølen deira alltid er god. 

Mack Isbjørn Sommer: Ingen højdare. Veldig anonym. Drikk iskald. Smakar bra då, om du nett har slått plenen. 

7F Sommerstemning er ein DDH IPA og passar vel like godt i neste kategori, Mango IPA, for han er veldig gul, men inneheld pussig nok ingen frukt. Det er diverse humle og anna som set farge og smak. Som vanleg frå 7 Fjell hylande morosam og godt forfatta tekst på boksen; og særs smakeleg. 

To frå Vinmonopolet: Saison Dupont frå Frankrike og Kinn frå Florø: Saison (6,5%) har umiskjenneleg lukt av belgisk øl. Lett og balansert. Godt slåtteøl. Kinn Sommarøl (5,5%) er eit flaskemogna (som Dupont) lyst amerika-øl, dvs. med amerikansk humle. -Spissøl, seier Dag. Lett, godt humla, balansert nok til å vera drikkeleg. Typeriktig, om du legg norske bryggjetradisjonar til grunn. Litt i same kategori som Saison Dupont: Spissøl er slåtteøl, vanlegvis alkoholsvakt, for me vil jo ikkje verta dritings midt på dagen ute på bøen. Det kunne fort gå ut over hesjinga. Det var vanleg å servera slikt til slåttekarane, i alle fall på Voss. I meir edruelege strok vart det servert rips/solbærsaft eller utvatna kefir.    

MANGO IPA

Dette har vorte ein eigen kategori, kan det sjå ut som, muligens etter at Hansa hadde kjempesuksess med sin Hansa Mango IPA. Me har òg smakt Aass Mango IPA og Lervig Lucky Jack Mango, og alle desse er friske og gode. Men favoritten er Klokk Smooth Mango IPA. Denne har ein meir ekte mangosmak, og er so fruktig at du kan drikka han som saft. Snakk om meirsmak. Nydeleg. Det kan sjå ut som om kombinasjonen øl og mango er særskilt vellukka. Elles minner Dag meg på at Calvados og spekekjøt òg var ein knall kombinasjon!        

 

Read 1112 times Last modified on Thursday, 30 June 2022 17:24
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Related items