onsdag, 31 desember 2008 23:00

Hifimessa i Horten 2009

Skrevet av

Sjølv om ein del av dei tradisjonelt "tunge" utstillarane på hifi-mesa i Horten var fråverande i år, var det så absolutt nok å sjå på. Messerapport Frå Stig Arne Skilbrei og Arve Åheim, med Rudi som assisterande fotograf.

 

Roald Mikkelsen og Renessiance Audio var på plass også i år. Roald er ein av pionerane innan bergensk hifi, og var ein av eldsjelene bak butikken RM Audio, som hadde sitt eige miljø attende på slutten av 70-talet. Etter kvart starta Roald med kabelproduksjon, og dreiv dessutan entusiastbutikken Renaissance Audio heilt til han vart utsett for ei ulukke for nokre år sidan. Butikken låg såleis i dvale heilt fram til i fjor, då Roald kom på Horten-messa saman med Audiofreaks Peter Djordjevic, og stod for svært bra messelyd.
I år hadde Roald også gjort tryllekunstar med lyden. Eit relativt enkelt oppsett med høgtalarane Usher Dancer Mini S1,ein integrert hybridforsterkar Explorer 90 S2 frå Kora, og ein Sony XA 5400 ES som signalkjelde var kopla saman med Roald sine eigne kablar, og vips – drøymelyd for ein pris på under 75 000.'

Neste vestlending vi lytta til, var Pure Sound, som kjem frå Os utanfor Bergen, ein relativt ny importør. Stig Arne har alt testa eit par av produkta.

Den tredje importøren frå bergensområdet var Sven Zackariassen og AudioMedia. Med det eg veit, har han ikkje vore på Horten-messa tidlegare, men Sven er likevel ein av dei verkelege veteranane innan hi-end-hifi, og han hadde med seg utstyr av det verkeleg spennande slaget.

Audiofreaks og Peter Djordjevic hadde ei utstilling der ein kunne få oppleve Avalon sine utruleg presise dynamiske eigenskapar. Utpå kvelden, litt uoffisielt, fekk me også eit godt døme på at heimekino også har ein plass i hifi/highend. Ein stor flatskjerm synte Keith Jarret og ei anna jazzgruppe vi ikkje rakk å pugga, og diverse klassisk så vel som indisk musikk. Effekten av å sjå desse dyktige og røynde artistane med stor personleg utstråling, saman med lyden frå gode hifi-produkt, var frapperande. Kvifor skal du ikkje kunne sjå lyden? Du gjer jo det på konsert! Lyden kom til slutt ut gjennom ein ny serie av høgttalarar frå Avalon, golvståande, men middels store, i ein svak pyramidefasong. Andre produkt i kjeda var Conrad Johnson, Muse og Edge.

Maxwell er vel også vestlendingar med sitt hovudsete i Stavanger, sjølv om det no er butikk både i Kristiansand og Drammen. I år slo dei verkeleg på stortromma, og hadde fylt ein av storsalane med mykje spennande utstyr. Mykje skulle vore nemnt, men vi vil iallfall peike på Sugden sine klasse-A-forsterkarar som har svært godt rykte, og bør prøvast av alle som ikkje er redde for høg overflatetemperatur på forsterkarane sine. Vidare var dei spennande, ikkje alt for dyre elektrostatane frå Kings Audio utstilte. Vi rakk ikkje å gjere oss opp meiningar om desse, men vil prøve å komme attende til dei så snart sjansen byr seg.

Dei langvegsfarande Excotic Audio frå Danmark hadde tatt turen over Skagerrak og besøkte Hortenmessa i håp om å finne norske samarbeidspartnarar. Excotic Audio har nokre svært spennande og eksotiske produkt i stallen sin, og vil inntil norsk partnar er på plass, sjølve syte for at desse er tilgjengelege også for norske forbrukarar.

Audiocompaniet har etter kvart fått såpass mange oppgåver ut over det å vere importør, funne det naturleg å etablere Akustisk Bureau, ei avdeling som skal syte for at prestisjeprodukta vert tilgjengeleg for dei interesserte. I år vart Martin Logan Summit stilt ut saman med subwoofer. Men Audionote var også til stades, med eige rom, der ein kunne få høyre kor godt musikk kunne attgjevast med små watt, berre forsterkarane var gode nok, og høgtalarane rimeleg lettdrivne. Vi fekk også eit eksklusivt intervju med Andy Grove, som kunne fortelje oss historia bak dette sagnomsuste selskapet.


Messa sitt mest spennande samarbeidsprosjekt var laget 2L - Kringlyd - Soundwave/Swans og Doxa/Knut Øystein Lauvland. Her var heimekinoeffektene bytta ut med vaksenhifi-multikanal av det verkeleg ambisiøse slaget.

Eit lite stykke utanfor det eigentlege messeområdet kunne vi besøke butikken til Terje Nilsen, mannen bak Audio-Aktøren og ein av eldsjelene bak Horten-messa. Han dreiv lenge butikk utan eige lokale, men har dei to-tre siste åra hatt butikk i Horten sentrum, der vi kunne få sjå nokre av agentura. Verd å nemne var siste rest av stort Holfi-sluttsal, og i tillegg hadde utstilling saman med Audio Stone og Acoustic Tuning. 

 

Audiofil og Andervik Audio hadde med seg Respons høgtalarar så vel som full Nelson Pass – pakke. Det medførte ein veldig overtydande demonstrasjon av stor og liten dynamikk, og ein av dei flottaste lydopplevingane på messa. Så dette må www.audiophile.no komme attende til - Pass er vel noko av det heftigaste vi kan få tak på. Eit sett engelske Harbeth Compact 7 spelte også verkeleg fint, med veggar tynne som papp...men slik er ”damped thin-wall” teknologien, slik han vart utvikla av BBC. Tynne veggar dempa med Bitumen eller andre asfalt-liknande dempematter. Men går denne høgttalaren i golvet....

Hjå Electrocompaniet, som i år var einaste utstillaren på hotellet over gata, leitte eg instinktivt etter familien Abrahamsen, til det går opp for meg at dette er nye Electrocompaniet, frå Tau utanfor Stavanger. Eg noterte ikkje her, men ser frå brosjyra at CD-signalet må ha kome frå ein av dei nye CD-spelarane med frontmating, ECC 1 eller EMP 1/S. Forforsterkaren må ha vore EC4.8, og forsterkarane Nemo monoblokker. Også her var høgttalarane lånt frå Usher, ein litt høgare modell med to bassar i eit Dáppolito-system, medan noko som kunne sjå ut som ein uferdig prototype stod taus ved sidan av.

Me kan og melda om god lyd frå rommet til Norsk Audio Teknikk, med dei nyaste skapningane frå Gallo, ein høg og tunn linje-høgttalar med små Gallo-kuler stabla i høgda, med Gallo diskantelement i mellom, ein høgtalarkonstruksjon som gav inntrykk av å ha eit stort potensiale. NAT fører også mykje spennande elektronikk, så vel som dei svært spennande Dynaudio-høgtalarane.

Hifi-klubben hadde i år ei etter måten lita utstilling. Rett nok med dei spennande produkta frå Lyngdorf, men dei konsentrerte seg om nettverksbasert musikkavspeling. For den gammaldagse vinyl-entusiasten vil nok dette verke framandt og merkeleg, men faktisk er det råd å få svært god lyd på ein svært brukarvennleg måte rundt i huset. Ein skal ikkje sjå bort frå at dette vert framtida, og med dei etter kvart mange leverandørane av høgoppløyst lyd, er det ingen grunn til å gru seg.


Vi rakk også eit kort besøk i rommet til Midgard Audio. Her var det dei aktive høgtalarane som fekk mest merksemd, med ei oppløysningsevne som ein bør høyre, elles vil ein neppe tru alle dei superlativa det er naturleg å ta fram når kvalitetane skal nemnast. Dette er supermonitoar med detaljrikdom ein skal leite lenge etter for å kunne overgå. Midgard har også mange andre produkt som var utstilte, og rommet deira skulle så absolutt vore utforska grundigare.


Ein rask prat med Paul på PM Audio om det nye hybridelektrostatmerket han er i ferd med å ta inn var for meg veldig interessant. Roger Sanders, mannen bak InnerSound og fleire spennande elektrostatpatent opp gjennom tidene, har no starta Sanders Sound System, og vidareutvikla min gamle InnerSound Eros-konstruksjon til ein heilt rå sak, utan resonnansar eller avgrensingar i kabinettet. Dette kjem eg til å fylgje med på.


Vidar Sonesen og Audio Art var også på messa, og kunne syne fram ein av Nottingham
sine meir ambisiøse platespelarar, og ein del av sine andre produkt. Spesielt høgtalarane med Lowther-element var spennande, og ein god del forsterkarar vi absolutt skulle sett nærare på. 

Vi må berre beklage at vi ikkje rakk over meir av dette enn vi faktisk gjorde. Mange utstillarar hadde fortent betre, ikkje minst dei som kunne by på musikkinnspelingar på både vinyl og anna.

 

Lest 7728 ganger Sist redigert onsdag, 24 september 2014 14:13
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.