tirsdag, 31 mars 2009 23:00

Årets definitive samarbeidsprosjekt

Skrevet av

Kringlyd, Swans, 2L og Doxa stilte ut i storsalen, og lot oss for fyrste gong få oppleve fleirkanals hi-end ekstremlydkvalitet på ei norsk messe. Multikanal har no definitivt tatt steget inn i vaksenhifi-verda.

Det store ”surroundrommet” frå tidlegare messe hadde også i år eit brutalt surroundoppsett, men fokus var totalt annleis enn frå dei tidlegare messene eg har vore med på. No var det ikkje lenger filmeffekter, menl hi-end-lyd på eit kvalitetsnivå som sjeldan kan opplevast. Noko som ganske sikkert skuldast eit samarbeid frå fleire aktørar:

Kringlyd hadde ikkje med seg store subwooferar og høgoppløyste filmprojektorar, men hadde fintrimma det lydlege til eit svært så musikalsk realistisk oppsett. Dei brukte importøren Soundwave sine høgtalarar frå Swans i det som eigentleg var to oppsett. To-kanals-oppsettet var svært imponerande, med dei nest største høgtalarane i produktutvalet (ganske like dei største, men berre halve høgda). Desse høgtalarane likna ganske mykje på Infinity sine gamle legendariske RS, men hadde heilt anna lyd. Sjølv om den visuelle slektskapen til Infinity var klar, var dei perspektivmessige sidene meir realistiske, utan gigantomanien av vokale opptak. Kari Bremnes vart attgjeven med normale proporsjonar, og høyrdest ikkje ut som ei trollkjerring med munnparti like stort som rombreidda, noko som var Infinity RS 1 sin akilleshæl på kvinneleg vokal. Prisen på desse høgtalarane var også svært hyggeleg.

Surroundhøgtalarane var også ein stor modell frå Swans, plukka ut etter det likskapsprinsippet som fungerer best ut frå 2L sin opptaksfilosofi der bakhøgtalarane er like dei andre. Og det var nettopp 2L som vart demonstrert. Diverre var ikkje 2L til stades slik meininga var, men det vart delt ut gratis CDar med musikken, og dei vanvittig gode Blue-ray audio-innspelingane var til sals til ein svært hyggjeleg pris. Dette formatet har ein så hårreisande god lydkvalitet at du berre må oppleve det, og det fekk vi her på messa. Eg håpar inderleg at Blue-ray audio vert standard i åra framover.

Det kunne vore interessant å høyre kva 2L-folket kunne seie om opptaka sine, men dei var som sagt ikkje til stades så dei kunne fortelje. Det kunne derimot Knut Øystein Lauvland, konstruktøren bak Doxa.

Knut Øystein var ein tidlegare lærar, som prøvde seg som forsterkarkonstruktør. Han opererte i Bergen frå slutten av 70-talet, og kunne tilby fleire forsterkarmodellar, så vel som tre ulike høgtalartyper, men så vart det mindre og mindre å høyre frå firmaet Doxa. Det gjekk mange rykte, og Lauvland heldt tydelegvis på med mange prosjekt. Men så fekk viste det seg at den ivrige innovatøren hadde fått ei ublid skjebne – han hadde mista høyrselen. Ein øyreverk frå barndomen hadde danna arrvev der dei små knoklane i øyret skulle operere, og dette arrvevet forbeina seg brutalt raskt; Øystein vart døv i laupet av eit halvt år. Han måtte såleis bruke andre som lyttarar for å kunne finne ut kor gode konstruksjonane hans var. Men ved hjelp av nye kirurgiske teknikkar kunne ein no grave vekk arrvevet i akkurat passeleg grad – her snakkar vi om brøkdelar av tjukkleiken på menneskehår – og no kan altså Øystein høyre igjen. Så han er tilbake med ein effektforsterkar, og nok ein gong får han hifiverda til å gjere store auge. Ein relativt grei sak på ca 2x70 Watt er på ny tilgjengeleg i handelen. Og eit stort tal av desse effektforsterkarane vart altså brukte som motorar til å drive supersurroundanlegget. Øystein var også invitert til å halde eit foredrag om forsterkarkonstruksjonen.

Han peika på dei tre konstruksjonsmåtane av forsterkarar: Rør - Transistorar – Digitale forsterkarar.
Doxaforsterkaren er ein heilt konvensjonell, god gammaldags transistorsak utan noko spesielle nyvinningar. Ein kan lese om dei lydlege kvalitetane i Fidelity nr #40, og finne ut kva dei tykkjer om Doxa samanlikna med dyre digitale.
Lauvland seier at straum er det vesentlege for ein forsterkar, og det er det mykje av i forsterkaren. Den nye konstruksjonen er ein god del enklare enn dei tidlegare. Spenningsforsterkaren er erstatta av ein transistor. Det er s vært kort veg gjennom forsterkaren og stigetida er redusert.
Single-end-konstruksjon gjev forsterkaren litt varme, litt ”rør”. Ein variant av det han har hatt sidan 80-talet.

220 V frå nettet skal gjennom nettet inn til kontakt, gjennom forsterkaren, og her er det ny tenking. Støyen frå lysnettet skal vekk. Spesielt vekselstraumlyden. Alle datamaskiner i nabolaget ”poppar små prikkar” i spenninga, som må filtrerast i straumforsyninga. Stengast ute med mykje motstand. Knut Øystein har såleis laga ein ”brannmur” som stenger ute støyen frå lysnettet Svinginga mellom jord og straumforsyninga 220 V. På spørsmål om kor viktig det er med jording, sa Lauvland at han ikkje ser prinsipiell skilnad på jord eller ikkje.
Det spesielle med Doxa er at det ikkje finnest negativ sløyfetilkopling, og dempefaktoren er rundt 38. I ein vanleg forsterkar er det annleis. Transistorforsterkarar fungerer ikkje med musikk på denne måten. Det er ein risikosport å droppe dette, og teoretisk tvilsamt, men Lauvland har funne ut at dette er musikalsk meir tiltalande.

TIM – Transientinterfasemodulasjon og IM
–Når membranen rører seg utan at forsterkaren har bede om det. Desse straumane forsvinn ikkje, og er med på å lage problem for lyden. Jording er ei kjempeutfordring. Jordmodulasjonen må avgrensast, og det er ein av hemmelegheitene til Doxa. Oppstramming av lyden på dette feltet.

Lauvland har vore konsulent for studentar som har drive m.a. med støyforskning.

Nokre av dei transistorane Lauvland har funne, har gått ut av produksjon. Må ha transistorane som vart brukt i samband med støysvake behov i MC-forsterkarar. Det har lukkast å få vekk all støy i Doxa-forsterkaren, og det som finnest av støy, kjem frå andre stadar. Det er ingen skiljekondensatorar i forsterkaren. Det produserast heller ikkje støy i forsterkaren.
Doxa fiksar svært låge lastar fordi han ikkje har tilbakekopling. Såleis fiksar Doxa-forsterkarane lett elektrostathøgtalarar. Om prisen på 24 000 seier Lauvland at det er mykje kopar og trafoar, der det går mykje straum.

Kabelkonsekvensar
Alle dei som hevdar å høyre skilnad på kablar, inspirerte Lauvland til å utvikle ein ny type trafo, der ein brukar fire parallelle, individuelt isolerte tynne trådar i staden for ein tjukk. I kva grad dette verkar direkte inn på lyden kan ikkje seiast, men med så tynne leiarar, kan trafoen viklast mykje tettare og strammare, slik at det vert mindre skilnad mellom ytre og indre diameter på spolane, og når denne skilnaden i spoleviklingsdiameter reduserast, vert det mindre ”motstand” i trafoen, slik at dette verkar positivt på Doxa-lyden? Her er altså eit utviklingstiltak som ikkje baserer seg på målingar, for effekten av dette kan ikkje målast, men er lyttemessig fundert. Vanskeleg vikleteknikk, som også er med på å auke opp prisen på forsterkaren.

Forsterkaren skal tvangsstyre høgtalaren. Forsterkaren er det vitale, blodpumpa som held liv i musikken. Og Doxa-forsterkarane var iallfall svært overtydande i oppsettet vi fekk høyre.

Eg følte det vart alt for lite tid på messa denne gongen.....

Link til Doxa Link til 2L - Lindberg Lyd Link til Soundwave Link til Kringlyd

Lest 22920 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.