onsdag, 10 november 2010 19:02

Horten-messa

Skrevet av

Fra venstre, Karl Erik, Pål, Arve og Stig Arne

 

Audiophile har denne gongen stilt mannsterke på Horten-messa, og forsøkt å lage videointervju med utstillarar frå messa. Arbeidet med dette er på forsøksstadiet, og vi er ikkje heilt fornøgde med lyd og lyssetting. Vi ser behovet for forbetringar, men vel likevel å publisere videoane våre. Bær over med at vi ikkje innfridde så godt som vi håpa. Neste gong skal vi prøve å komme sterkare attende....

 

 

Av Stig Arne Skilbrei

 

Abrahamsen

For å unngå all forvirring, Abrahamsen er Per Abrahamsen, grunnleggjaren av Electrocompaniet, som no er selt, og som lever vidare som Electrocompaniet, men på nye hender. Per og sønene hans starta etter dette varemerket Abrahamsen, og dei har designa og produsert ei rekkje nye produkt, naturlegvis, for å skilja seg ut frå Electrocompaniet.
På Hortenmessa leigde dei to små rom, og kunne dermed presentera to heilt ulike anlegg, og ta i mot dobbelt så mange kundar som om dei berre hadde eitt rom. Men romma var som sagt små, og ryktet (basert på ein person, rett nok!) var at lyden ikkje var so bra. Det var snakk om bass og boom. Men det er vanskeleg å unngå i små hotellrom, og det er ikkje det vi lyttar etter. Høgttalarane sto kloss i bakvegg, og vilkåra for stor lyd og eit velutvikla stereoperspektiv var ikkje gode, men når eg bøygde meg ned til ”diskanthøgd” oppdaga eg ein gjennomsiktig og oppløyst mellomtone som garantert vil gje eit stort og musikalsk lydbilete i eit betre rom. Dette var med den store golvståande bassreflekshøgttalaren FS 401 (27.500). Signalkjelda var, trur eg, cd-spelaren V1UP, (11.250), forforsterkaren V3.0 UP (9000) og sluttforsterkaren V4.0 UP (12.200). Alle produkta vart selt til sterkt reduserte messeprisar, so her var mange tusen å spare for dei som tok turen. Ha det i bakhovudet neste gong, om du reagerer på inngangsbilletten!
I det lille rommet selde dei i bøtter og spann av A-dacen USB DAC til messepris 950 (normalpris 1700), denne vart mata av ein liten laptop, og etterfølgd av den integrerte forsterkaren V2.0 (12.200, messepris 7500). Heile anlegget kunne kjøpast for under 20.000, so her snakkar me om kvalitetslyd for ein rimeleg penge. Ein dyrare dac V6.0 kan også kjøpast for 4000.

 


 

Forsmann

Me rakk innom Forsmann med dei karakteristiske VSS-høgttalarane, men var for seine til å høyre dei spela, Uansett fekk me gjort eit intervju med Tommy Førum, som no er marknadsleiar for Tor Forsmann, som grunna sviktande helse har knytt til seg nye krefter for vidareføring og vidareutvikling  av denne originale høgttalaren. Prinsippet er det same, men høgttalarane har no fått ein ny fasong, og ryktet er at dei no endeleg er i toppklasse. Den største varianten, VSS5-Classic er ein imponerande skapnad, stor, og utan tvil teknisk avansert med sin runde fasong og flotte trefinish. Mellomtone og diskant er no magnetostatelement, dette er ikkje horn, men ”flatelement”. Bassen er tre ti-tommarar, vekta er 47kg, frekvensomfanget stort (27Hz-27khz), og høgda 147cm. (finst også i ein aktiv variant, kalla VSS4 PureD, kor det einaste du treng å kopla til er ei digital kjelde, som ein Mac/PC, eller den slags). Den mindre modellen er meir til å betala, lettare å plassera, og audiophile har tinga eit sett til utprøving!


 

HiFi-Klubben
Klubben satsar sterkt på dei nye digitale løysingane med nett og nettverk, med både Spotify-ordningar og avspeling frå Harddisk.


Audiocompaniet
Musical Fidelity har vore ein aktiv – for ikkje å seia hyperaktiv- produsent av elektronikk i mange år. Frå relativt dyre ting – til rimelege ting, ikkje nad-prisar, men meir Electrocompaniet-prisar, dvs. mest mogeleg high-end til mellomklasseprisar. Dei ser no ut til å ynskje å rydda opp litt i modell-mylderet, og har presentert ein ny grunnserie, kor dei fleste produkta ligg kring 20.000 kroner: Den nye M6-serien i grått. M6i for integrert forsterkar, M6 CD, M6 PRE, og M6 PRX (effekt). Sjå intervju med Olav Flugsrud for ein presentasjon av denne serien.

 


 

 

Norsk Hi-Fi Center

 

 

Bankettsalen romma mange godbitar. Norsk Hi-Fi Center sel klassikaren frå Sugden, A21, til 24.900, Luxman L-550 (like klassisk!) til 36.000 og høgttalarar frå Spendor, ein av dei beste representantane for ”den engelske skulen”, kor ein nøytral, musikalsk og ærleg lyd er framtredande kjenneteikn. Norsk HiFi-Center sin stand hadde utstilt utstyr som rett nok ikkje var påslått, men som kunne sjåast og få informasjon om. Også her prøvde vi å lage intervju.


 



Duet Audio
Av særskilt interesse for hobbyistar som er praktisk anlagt og likar å prøva ut ting, er SRM-tech (co.uk), sjekk og Duet.no). Dei sel alle tenkelege ting til Rega platespelarar (og andre), eg kjøpte ein vater til å festa til senterspindelen, og ei platematte i mjuk sorbotan. Eg har lova omtale av desse. Svært interessant var også platetallerken i akryl med svart dempering rundt (standardtallerken er i glas), sorbothan dempeføter, og dempestrips, som kan nyttast overalt kor du ynskjer å dempa mekanisk støy.

 

I same rommet kunne du også kjøpa plater frå Kirkelig Kulturverksted, ei av våre beste kjelder til kvalitetsmusikk med god lyd, og Arve fekk også eit intervju med Big Dipper om deira spesialfelt, vinylplater.

 


 

 

Ancient Audio


presenterte god lyd med masser av atmosfære. Då eg kom spelte dei klassisk musikk, deretter jazz. Det slår meg at kva musikk som vert spelt kan vera avgjerande for om du vil setja deg ned og lytta. Kva er god lyd utan god musikk? Lector Air CD-spelar (78.000) spelte med Single Six effektforsterkar (2x18 Watt!) 78.000) med Home Monitor høgttalar (68.000). Men so har eg alltid sagt at alt frå 20 watt og oppover er tilstrekkeleg til normal lytting i vanlege stover.


På rom 217 heldt Harman Nordic til, og spelte på Mark Levinson elektronikk med JBL K2 9900. Dette er minste høgttalaren i K2-serien, men er likevel relativt velvaksen – og nydeleg. Denne er ny, og har fått gode testar, med ein nydeleg frekvensgong, berre eit løft i den øvste diskanten stikk seg ut, men dette kan trimmast ned ved terminalane på baksida. Dei spelte Jeff Beck på øyredøyvande nivå, men da gjekk heilt fint, takka vera tilstrekkeleg effekt, og at JBL-høgttalarane faktisk er konstruerte til å takle den slags. Iallfall heilt til utstillaren frå naborommet kom og klaga på at dei ikkje høyrde kva dei spelte. Utstillaren skrudde umiddelbart ned, for det herskar ein gemyttleg tone mellom utstillarane, som tydeleg ser på kvarandre som kollegaer heller enn konkurrentar, i jobben på å fremja interessa for god lyd. Bransjen er ikkje større enn at alle kjenner alle, og det er like hyggeleg kvart år å helsa på aktørane i bransjen. Det er ein klisjé, men her er alle som ein stor familie! Og det spelte fint også etter at nivået  var ”normalisert”, sjølv om øyra brukte litt tid på justera seg ned att. Også her var straumen teke frå eitt vegguttak.

 


 

 

daCapo HIFI
I Plenum A-salen var dacapo var ivrige etter å syna fram Usher- høgtalarar med nye diamant-diskantar. Der er påkosta og flotte høgttalarar, dette, med flott overflate og meir enn det du ser. Til dømes har dei litt større modellane bygd inn ein støypejernsfot i sokkelen for større tyngd og stabilitet. Du ser det berre ikkje. Det vart spelt på ein Luxman platespelar og forforsterkar, ein svær Usher effektforsterkar, og Usher Dancer mini 2 høgttalar. Dette let svært godt, men via LP var elementblafringa alarmerande. Små element har ikkje godt av dette, og vrenginga vert høg når talespolen openlyst rører seg langt utover ideell plassering i høve til magnetfeltet. Du kan sei kva du vil om LP kontra CD, men LP-plata/platespelaren er heller ikkje perfekt, og særskilt ikkje i lag med bassreflekshøgttalarar, som ikkje har demping i det heile ved låge frekvensar (under resonansfrekvensen).

Maxwell HI-FI
i Plenum B importerer langt fleire merke enn det som er eigna for oppramsing, men det er verdt å merke seg den uunnselege vesle integrerte forsterkaren frå LFD, som ikkje er utvikla for å imponera, men for å spela reint, grunna fokus på lågt minne i transistorar og andre komponent. Prisane er heller ikkje avskrekkande. LFD er uvikla i england av eit par professorar, den mest kjende er Dr Malcolm Hawksford. Men når eg lytta vart det spelt frå ein Music Hall CD 2.5 cd-spelar via ein  Doxa 73 effektforsterkar. Her var det verkeleg lang avstand til bakvegg, og dette kan slå ut på so mange vis, men lyden var god, og heile anlegget fekk straumen frå eitt vegguttak . Lyden kom, i år som i fjor, frå eit par Harbeth HL compact 7. Ikkje rart at Maxwell-folka likar og litar på denne høgt utvikla men likavel gamadags utsjåande høgttalaren, som alt nyt kult-status.


Dei hyggelege danskane i Exotic Audio har endra namn til Norwegian Audio Import, og her har me laga til ein video, so eg lar denne tale for seg.


Det same gjeld Renaissance audio og Roald Mikkelsen, som hadde om mogeleg endå betre og større  lyd enn i fjor.

Arve og Roar utveksler Hi-fi groviser?

Nuforce CD-spelar spelte gjennom ein EAR 868 pre, ein Nuforce 7-kanals effekt (kor berre to kanalar var i bruk) og Von Schweikert høgttalarar, kor Roald hadde montert ikkje mindre enn to ”toppar” oppå ein basskabinett, med diskantane andsynes kvarandre (den ovste toppen snudd opp ned). Ein skulle tru det vart for mykje mellomtone og diskant på denne måten, men neidå, det spelte verkeleg flott. Ikkje prøv dette heime, eller?


Den finske høgttalarprodusenten Amphion spelte med Argo 3L via  Hegel elektronikk, alt teke frå eitt straumuttak, og det hadde vore interessant å høyra kva denne kombinasjonen kunne stille opp med, men tida strakk ikkje til, dessutan øydela eit lerret rett bak høgttalarane det som kunne vorte eit større perspektiv. Dette er interessant utstyr som har fått gode kritikkar, som me lyt freista å koma attende til. Og så er det jo nordisk!


Norsk Audio Teknikk
spelte på dei ”store” Gallo Reference, som slett ikkje er store, utan grill er denne toppmodellen heller liten og smekker, eg ville ikkje stussa på å installert denne i ei stove sjølv om dama i huset var mellom dei vrange. Dette er ein original høgttalar med eit uvanleg, nesten rundstrålande, diskantelement montert mellom to konvensjonelle mellomtonar. Høgtalarane var stilt opp på ein måte eg neppe ville gjort heime, men med artig lyssetting var dette både spesielt og svært vellydande. Også her tok dei straumen frå eitt uttak.


Upgrade Audio
Hjå Upgrade Audio spelte dei med Audio Note kit 1 forsterkar til 15.000, Dac Kit 1 til 10.000 og Omega Super 6 Alnico Monitor høgttalar til 13.000, sistnemnde frå USA. Denne sjokkert meg ved å ha berre eitt element, altså fulltone, men det er uvisst kven som produserer elementet. Endå meir sjokkerande var at lyden var svært god, heilt utan den påtrengande lyden du lett kan få med fulltonar, sjølv om den øvste diskanten ikkje var mellom dei best oppløyste. Men det var truleg heller ikkje målet. Målet med ein fulltonehøgttalar er jo å få ein samanhengande mellomtone. Også bassen var forbausande robust til å koma frå eit slikt lite element, sjølv om høgttalaren nesten var hjørneplassert, men her oppdaga eg etter kvart at ein sub var tilkopla. Utkopling av subben gav ein litt mindre lyd som frå ein mindre høgttalar, naturleg nok, med nok øvre bass, men lite djupbass. Men eg meiner bestemt at mellomtonen vart betre utan sub, eller var dette berre innbilling? Eg kan tenka meg at det likevel er meir behageleg å lytta med sub i det lange løp. Dette korrigerer frekvensgongen, og den robuste bassen kompenserer fint for mulige løft i frekvensgongen lenger oppe. Det har med balansen å gjera.

Generelt
Det er visstnok viktig å skriva om kva trendar ein kunne sjå av utstillingar ein har vore på. Og eg trur det var Karl Erik eller Arve som kommenterte det: Her var praktisk tala ingen heimekino. Dette er tydelegvis ei messe for hifi-foket, dvs. stereofolket, dvs. dei opphavlege entusiastane. Og i utanlandske blad les eg at dei som har heimekino-anlegg også vil ha eit stereo-anlegg. Etter at me frykta at stereo ville bli heilt radert ut, og at det nesten berre var heimekinoreceivarar att i butikkane, kan me no stadfesta at to-kanals hifi lever og har det godt. Også produsentane stadfester dette, med stadig nye forsterkarar, reine cd-spelarar – og platespelarar!

Grunna lang reise måtte me vestlendingar reisa tidleg på sundagen, og eg fekk difor ikkje på langt nær den tida eg ville hatt til lytting. Eg må difor berre be om orsaking for dei utstillarane eg ikkje rakk innom, eller ikkje har kommentert grunna manglande stoff, bilete eller inntrykk. Det er ikkje kalkulert.

God lyd?
Det er ikkje alltid lika lett å uttala seg om kva som er ”god” og kva som er ”dårleg” lyd, og uansett skal ein vera forsiktig med å vera bombastisk. Sjølv eg eg svak for den mjuke, litt varme lyden med atmosfære,  men det tyder ikkje at eg ikkje også gjerne vil ha detaljar, presisjon og trøkk. Men det må vera musikalsk, heilskapen må verka naturleg. Somme stader kan du oppleve at lyden er heller kjøleg og mekanisk, er dette feil, eller er det slik produsentane og utstillarane vil ha det? Eller er det uheldige omstende kring rommet, oppstillinga eller utstyret? Dess fleire bitar du deler anlegget opp i, dess større er sjansen for misstilpassingar. Og dess større sjanse er det for at du må nytta både to og tre vegguttak for å få straum til alle apparata. Dette er etter mi meining ein uheldig praksis, som kan føra til dårlegare lyd. Eg rakk ikkje å føra noko statistikk på messa over kven som tok ut all straum frå eitt uttak, t.d. ved hjelp av ei padde, og kven som ikkje gjorde det, uansett ville det vera ambisiøst å freista korrelere dette til god lyd eller ikkje. Men du kan eksperimentera med det heime, og eg skal skrive om det i ein annan artikkel. Uansett er god lyd mykje ein personleg sak, og det er fantastisk at eldsjelene og utstillarane bak Hortenmessa kvart år legg så mykje arbeid i å syna oss mangfaldet i tilbodet.

Lest 99116 ganger Sist redigert tirsdag, 23 september 2014 12:55
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.