fredag, 18 desember 2015 07:10

TEST: Ikeda 9TS pickup – om du treng perspektiv på tinga

Skrevet av

Etter kvart som åra har gått og håret grånar, har eg prøvd å oppsummere audiofile erfaringar frå min stormfulle ungdom. Og i den samanheng vart eg etter kvart klar over at eg burde utforske dei nye produkta til hr. Isamu Ikeda.

 

 

 

Ei langt audiofilt liv må rimelegvis føre til både fiaskoar og høgdepunkt. Dei siste er kjekkast å tenkje på, og eg minnest med glede den gongen då eg hadde fått rigga opp mitt nye sett Acoustat 4 elektrostathøgtalarar heime hos kameraten min i eit kjempestort, godt lytterom, med elektronikk frå Grant-Lumley og ARC. Fantastisk lyd. På veldig mange måtar.

Ei stund ut i utprøvinga vart det sett på ein pickup som strengt tatt var ganske ueigna platespelarinngangen til ARC SP 6 som vi då brukte. Det var ein Fidelity Research MC-201. Med 0,16 mV ut måtte ein ha skikkeleg MC-oppsett til dette, men dei tinga vi disponerte den gongen, gav ikkje rom for å få ut heile potensialet. Men vi kunne tydeleg høyre spennande kvalitetar gjennom rørsuset når vi sende signalet direkte inn i SP 6. Veldig spennande, men ein MC-201 var dyr den gongen, og som avsluttande, nygift lærarstudent med etableringsplanar, tykte eg ikkje eg kunne ta meg råd til slikt.

Eg angra av og til på dette, om enn ikkje mykje – det fantest mange spennande pickupar som leverte meir output. Og eg var glad i rørforsterkarar, men kjende ikkje til ein som kunne forsterke opp 0,16 mV frå ein MC-pickup den gongen. Du måtte ha ein MC-trafo, og eg hadde til gode å høyre verkeleg gode slike. Framleis er Ortofon sine sølvtrafoar einaste unntaket, elles har eg til gode å verte freista av sånt. Eg likar best ein rørbasert riaaforsterkar med nok gain, som også er tilstrekkjeleg støyfri til å meistre sånne pickpuar. (Gunnar Brekke meiner dette kan komme av at ein SUT er meir nøytral enn ein ”headamp”. Såleis vil forsterkaren kunne brukast som equalizer i mykje større grad enn trafoen, og det kan han kanskje ha rett i?)

Tida gjekk. Vinyl vart dømt til døden, og dei fleste satsa på CD. Som etter kvart også har vorte dømt same skjebne. Død kan som kjent gje brød til andre, og no dukkar det opp mange fantastiske vinylprodukt i samsvar med denne nyrenessansen. Så ved eit hovudstadsbesøk viste Tor på Lyric hifi meg eit utruleg vakkert eksemplar av ein pickuparm. Skinande blank, og innlysande rik på mekaniske kvalitetar og presisjon. Eit i høgste grad forførande produkt.

-         Kva er dette? Ville eg vite.

-         Det er ein arm frå Ikeda.

Eg hadde ikkje peiling, men Tor fortalde meg at det var mannen bak firmaet Fidelity Research, konstruktøren av nokre av dei beste armar som har kome frå Japan. Og med ein del andre produkt i same gate. Då strøymde minnet om MC 201 over meg….

-         Du har ikkje pickupar frå same produsent, vel?

-         Jo visst…..

For å gjere ei lang historie kort, rigga eg etter kvart opp ein Ikeda pickup i anlegget. Eit barnebarn av MC 201, med solide 0,35 mV i utsignal.  Kompliansen var på 7, og stiften var oval, medan nålefana var laga av aluminiumrør. Pickupen var stor, skinande og grøn, og hadde ei vekt på 10 gram. Tilrådd stifftrykk var 2 gram, pluss minus 10%

Eg køyrde ca 10 timar innspeling før lytteøkt, og trass i mistanke om at det trengs mykje meir tid for å få ut alt potensiale, tok eg til å formulere fyrsteinntrykket.

 

Frekvensar og innspelingstid

I laupet av dei tre fyrste timars lytteøkt denne laurdagsmorgonen, kunne eg merke at ting endra seg i små «rykk». Sjeldan skjer innspelinga så tydeleg. Så etter ca 12-13 timar var klangeigenskapane noko uharmoniske, spesielt ved direkte samanlikning med Koetsu Onyx i ombygd spesialutgåve. Men det er lite tvil om at 9TS formidlar både djupaste bass og diskant heilt opp til dei om lag 16 kHz eg framleis kan høyre. Bassen tok seg opp litt ettersom pickupen blir innspelt, men er likevel dønn kontrollert, og valdsame transientar i botnoktaven leverast på ein veldig kontant og for mitt øyre korrekt måte. Her er Koetsu meir laussluppen, men kanskje ikkje fullt så rett. Mellomtonen og den lågare delen av diskantområdet har gode klangmessige kvalitetar, men hang pr 13 timar ikkje heilt saman, noko som ganske rett endra seg med meir tilspeling. Dette kompenserte eg på min EAT-E-Glo riaa ved å skru impedansen til  10 Ohm, men dette er ikkje ideelt på andre måtar (med ein intern impedans på 6 Ohm, vart det etter kvart til at eg brukte innstillinga på 80 Ohm). 

Å høyre på Kari Bremnes ”Spor” var meir travelt enn eg likar, og det er eit tydeleg teikn på at ting ikkje hadde kome skikkeleg på plass endå. Men det då leggjast til at dette er eitt av dei tinga som markant endra seg på dei tre timane lytteøkta varte.

 

Sonisk fingeravtrykk

Etter kvart dukka det opp ein del fasinerande sider ved denne pickpuen. Til dømes når eg spelte Harry James direktegraverte plater frå Sheffield Records, Den heilt spesielle tørre lyden gjev rom for å oppleve nyansar på alle plan. Dynamikken vart liksom så markant og naken, det heile startar umiddelbart etter anslaget, ikkje noko forseinking, garnityr eller sminke. Og lydbildet – usannsynleg realistisk, på ein måte. Med bruk av Lyra, endå meir på Koetsu, og spesielt mykje på Denon vert det heile liksom glatta litt ut. 9TS er ekstremt ærleg i framføringa. Rett nok har eg høyrt det betre – til dømes i Rudi sitt lytterom, med den irriterande dyre Airtight PC 3 (om lag dobbelt så dyr som testobjektet), og eit anlegg eg ikkje er skikkeleg kjent med. Det må også nemnast at dette ”tørre” karaktertrekket kan vere veldig avslørande på innspelingar som elles høyrest ganske greie ut. Min nyinnkjøpte samleboks med halvfartsgraverte Roxy Music studiealbum vart avkledd som ganske så urealistiske opptak alle saman, om enn på ulik måte. Glad som eg er i Roxy,  vart det til at eg ikkje brukte 9TS til dei fyrste albuma, men heller spelte platene via ein Denon 103-pickup i ulike versjonar. 

Men vi er ikkje ferdige med skryteøkta. Det flottaste med Ikeda 9TS er den vanvittige attgjevinga av tredimensjonal informasjon. Her briljerast det på dei innspelingane som har slikt gøymt i rillene. Plater med Ole Paus og Cornelis Vresjwiik syner seg å innehalde vesentleg meir i opptaket enn eg var klar over. Supertramp og ein stabel symfoniar vart spelt, og uansett kor komplekse dei musikalske arrangementa vart, kunne eg stadig glede meg over storarta oppløyst lydbilde, attgjeving av dei akustiske aspekta av musikken og alt det andre som heng saman med dette. Nypressinga frå Decca av Dvorak sin 8.symfoni med Istvan Kertesz let fantastisk, og eg kunne ganske lett skilje nyansar mellom dei tre ulike pressingane eg har av plata (Decca SXL 6044). Eg spelte også Charles Munch sin versjon av same verket, innspelt på RCA LSC 2629, og kunne glede meg over korleis dette opptaket var kanskje meir presist, liksom teikna med tynnare pensel, sjølv om Kertesz sin versjon kanskje var den beste musikalsk sett. Og denne fantastiske pickupen gjorde at små detaljar var lette å fange opp.

 

Sjølv om dette er Ikeda sin ”billegmodell”, snakkar vi om ein sak i ganske høg prisklasse. 9 TS kan ikkje gøyme seg bak sine tre gonger så dyre slektningar. Det finnest mange rimelege pickupar som gjer utmerka rilleavlesing. Kvifor betale så mykje for akkurat denne? Svaret er nettopp denne tørre og presise attgjevinga av dynamikk og tredimensjonalitet. Dette gjer 9TS så godt ein kan forvente av ein pickup. Om det er nokre negative sider? Nei, men ver obs på to aspekt. Det eine er innspelingstida. Etter 20 – 30 timar meinte eg det klangmessige kom i orden, (men ingen veit om det skjer endå meir etter kvart). 

Det andre er korleis ”tørr” attgjeving kan vere avslørande for musikkopptak. Nesten alle andre musikkjelder eg har prøvd har ein slags tilgjevande balsam som pakkast rundt instrumenta, noko 9 TS er ganske fri for.

 

Etter 30 timars innspeling hadde klangen endra seg noko. Tendensen til ”tørr” lyd var mindre tydeleg, utan at det hadde nemneverdig innverknad på evna til å formidle det gode lydbildet. Dynamikken var også påverka, i positiv retning – evna til å skilje dynamiske nyansar vart også meir markant, noko som spesielt innspelingar av klassisk musikk frå 50- og 60-talet hadde godt av.

Medan eg var inne i den avsluttande lyttefasen av 9TS, hadde eg også fleire andre pickupar på besøk, mellom desse fleire svært så legendariske og eksotiske. Såleis er det lett å påpeike spesialitetane til ”billegsaken” frå Ikeda. Og her vil eg fyrst og framst skryte av lydbildet. Dette er djupt tredimensjonalt, og ganske vidstrakt - massevis av rom på scena, noko som både kjem innspelingar med visesong så vel som symfoniske verk til gode. Du må ha gode innspelingar for å ha skikkeleg utbytte av dette, som til dømes Cornelis sine tidlege album, RCA sin LSC-serie med klassisk musikk, eller EMI sine flottaste verk frå 70-talet.  Samanliknar du med innspelingar som er gode på andre måtar, vil du høyre også dynamiske kvalitetar på ein utmerka måte. Å spele Sheffield Records sine direktegraverte innspelingar kjem i høgste grad til sin rett. Dynamikken på Harry James er svært imponerande. Så trass i eit ganske markant særpreg, er 9TS ein god allroundar, som passar til veldig mykje av musikken eg til vanleg spelar.

Trass i at anlegg mitt ikkje er spesielt pinpointande, har eg all grunn til å tru at 9TS kjem til å gjere ein kjempejobb også på dette feltet, så det er eit trygt kjøp om du er glad i slik formidling. Når det gjeld rillestøy, er 9TS betre enn gjennomsnittet, om enn ikkje så taus som Koetsu Black. Men det må vere lov å forvente såpass når du skal betale 16 kkr for vedunderet.

 

 

Konklusjon

Eg har ikkje fått sjansen til samanlikne Ikeda 9TS med sine dyrare slektnngar, som er inntil fire gongar dyrare.  Det eg les meg fram til om desse, er at dei har lågare output, nålefane av meir eksotisk materiale enn aluminium, og avanserte nåleslipingar. Det ville vere rart om dei såleis ikkje kunne by på endå betre lyd. Eg har også fått gjort direkte samanlikning med ”gamlefar” Fidelity Research MC 201. Veldig god på tredimensjonalitet denne også, og ganske flott dynamikk. Men meir ”inneklemt” når det gjeld klang. Det er ingen tvil om at 9TS kan forsvare eit mellomlegg til ein tretti år eldre slektning.  Denne svære, grøne, bokstaveleg talt fullvaksne pickupen leverer lettvinte 0,35 mV, sporar godt ved 2 gram, har ein komplianse på 7, og burde vere svært interessant for elskarar av all musikk med variert dynamikk i spennande opptak. Pris er noko vi alle må vurdere, og det finnest både dyrare og billegare pickupar. Eg kunne absolutt tenkje meg Ikeda sjølv, og i så fall er det 9TS eg har råd til.

 


 

 

Om testoppsettet

Med mitt nye riaa-referansetrinn er 0,35 mV barnemat. EAT-e-glo har 76 dB gain å ta av, og er stille som grava. Saken er grundig omtalt i to tidlegare artiklar på www.audiophile.no

Eigentleg er 9TS feil produkt i mitt oppsett, for Ikeda leverer også pickupar med lågare utsignal. Desse pickupane er langt dyrare enn testobjektet,  som sannleg er dyrt nok, det også. Pickupar er forbruksvare, og om eg tek meg av innspelingstid på, lat oss seie 30 timar, har eg alt brukt opp 2% av pickupen si totale levetid før eg eigentleg tek til å lytte. Og sjølvsagt vert salsverdien mindre for eit spretta eksemplar, endå eg har gjort slavearbeidet...vi får sjå kva vi kan komme attende til.

Armen eg brukar, er den tolv tommar lange Kuzma 313 Reference, som gjer justeringar til ein leik, og som kan låsast fullstendig når desse er gjort. Kablinga er det faste og rimelegaste koparalternativet. Eg brukte 2,1 gram stifttrykk, og kunne då spore 70µ når alt var innstilt så skikkeleg eg kunne. Ganske bra, konstaterte eg.

Drivverket er frå VPI, ein Superscoutmaster med platekrans, mellomhjulsløysinga ”rimdrive”, og den aller tyngste platetallerkenen (den som var for dyr å produsere). Eg brukar alltid platelodd, og som regel også platekrans, iallfall på tynne vinylplater.  Denne konstellasjonen er plassert på ei vegghylle som sikrar gode arbeidstilhøve, så lenge eg ikkje spelar kriminelt høgt. Eg har også SDS straumstyring.

Elektronikken er ASR Emitter 2 Exclusive, og høgtalarane MBL 101 E mk II. Pickupane eg hadde tilgjengeleg for samanlikning var denne gongen eit stort batteri beståande av eit par modellar frå Lyra, Stig Arne Skilbrei sin spesielle Koetsu Onyx/Lyrahybrid, Denon 103 (vanleg og r-utgåve), Dynavector DV10x5, og nokre MM-pickupar som nesten ikkje vart brukt.

Lest 10434 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.