tirsdag, 31 mars 2009 23:00

AudioMedia

Skrevet av

Ny på Hortenmessa, men ein av dei absolutte veteranane innan hi-end hifi her i landet, var AudioMedia og Sven Zackariassen. Han synte fram både gamle og nye agentur, alle legendariske....

AudioMedia har ikkje hatt for vane å syne seg på messer, men denne gongen hadde Sven & co gjeve etter for freistinga til å ta ein Horten-tur. 
Her fekk vi demonstrert produkt som berre få av oss har hatt sjanse til å høyre tidlegare. Mest spennande var kanskje Esoteric Audio Research, som var det anlegget som spelte då vi var der. Tim de Paravicini sine produkt er like legendariske som sin konstruktør, og 912 forforsterkar til 75 000 kr, og 890 effektforsterkar til 47 500 er ting som har ord på seg for både å spele usannsynleg godt, og vere svært driftssikre. Audio-legenden Paravicini er fyrst og framst kjent for sine utruleg gode rørforsterkarar som altså er nokre av dei meir myteomspunne på marknaden. Men no har den gode Tim også laga høgtalarar. Som vanleg frå denne kanten er det langt frå konvensjonelle ting, høgtalarar med open baffel og ein ganske spesiell diskantkonstruksjon.
Platespelaren til Esoteric Audio Research var ikkje med på messa, men det skorta ikkje på god vinylavspeling. Sven er ein av dei mest spennande vinylpusherane på den norske marknaden, og har ei omfattande platelister med mykje spennande stoff, gjerne slikt som ikkje har vore å få på fleire tiår. Han har altså helde ut den lange digitale tørketida, og har levert meg nokre av mine mest dyrebare vinylskattar opp gjennom åra...

Det andre legendariske rørforsterkarmerket til Audio Media, franske Jadis, var også utstilt. Dette merket hadde ord på seg for å ha det absolutt beste forsterkarutstyret som var å få for (til dels mykje) pengar gjennom over eit tiår. Produkta har ein utsjånad som lover ekstrem kvalitet, så ein skal ikkje sjå bort frå at dei indre kvalitetane passar til det ytre..

Det har etter kvart dukka opp mykje rart av vinylriggar med høge prisar og ambisjonar. Men det er gjerne veteranane som har aller best kontroll på dei mange faktorane som til saman skal skape referanselyd. Såleis har Audio-Media i alle år hatt agenturet på Grado, ein pickupprodusent som har levert svært mange kjendisar i både den aller rimelegaste og dyraste delen av prisskalaen. Grado er Audio Media sitt eldste agentur, og har no også øyretelefonar av svært god kvalitet i tillegg til eit stort utval pickupar. Den billegaste i Prestige-serien startar på 500 kr med Black 1, Reference-serien startar med Platinum på 3500 kr, som også kan fåast i spesielle ”statement”-utgåver med lavt utgangssignal, altså færre viklingar og mindre masse, Toppmodell Statement kostar 27 500.

EMT pickupar er heller ikkje nykommarar, men har tidlegare hatt "sære" fatningar som krev at dei har armar tilpassa desse. Dei nye modellane
kan no brukast som alle andre pickupar, utan dei spesielle fatningane, sjølv om det framleis er best med relativt tunge til mellomtunge armar. To grunnmodellar JSD 5 og 6 som kan leverast med Fineline og Gyger-sliping er spennande produkt som vi gjerne ville testa ut. Men det gjevaste produkta er no likevel dei gamle legendene, dei som alle har høyrt om, men aldri fått oppleve live...

Brinkmann er også eit ganske nytt agentur hos Audio Media, men er så absolutt ingen nykommar når det gjeld utvikling av vinylriggar. Det vart demonstrert nest største modell LaGrange til 103 000. Med ein tallerken på 16 kg , og Brinkmann-armen er dette ein av verdsklasse-spelarane, som kastar seg inn i kampen om å vere det absolutt beste.  

Til sist må vi nemne ei perle av eit agentur. Audiomedia fører no Keith Monk si platerinsemaskin. Dette var ein avsindig dyr sak som "ingen" hadde råd til, bortsett frå Musikkmagazinet i Bergen. Her kunne ein stakkars student med tilsulka plater få reinsa platene for ei krone pr. plateside, lenge før det dukka opp andre platereinsemaskiner. Attende på 70-talet kosta denne maskina minst like mykje som eit ganske så grovt anlegg, plater inkludert, så Musikkmagazinet sitt eksemplar er det einaste eg kjenner til, og kva som skjedde med dette, er ukjent. Åra har gått, og det har dukka opp både VPI og NittyGritty-reinsemaskner, utan at den spesielle Monke-maskina har vorte overgått, med sitt spesielle system med "støvsugarpickup",
som gjekk innanfrå og utover, for å suge ut all skit i rillene. No såg vi rett nok ein prototype på ultralydmaskinreins som syner seg å vere svært effektiv, etter det dei som har prøvd dette seier, men Monk er nok det beste kommersielt tilgjengelege alternativet til dette. No er maskina tilgjengeleg igjen, og til ein (relativt) skapeleg pris på berre nokreogtredve kilokroner. Effektforsterkaren frå EAR

Lest 7968 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.