tirsdag, 31 mars 2009 23:00

Soga om Audio Note

Skrevet av

Dette er ein av dei meir myteomspunne produsentane av ektremeksotisk audio. www.audiophile.no har no fått eit intervju med ein av dei som kjenner dei historiske detaljane, Andy Grove, som gav seg tid til å dele dei med oss.

Audio Note hadde samme høgtalarar som på messa i fjor, men dei var no forspende med vesentleg meir krefter – eit balansert forsterkaroppsett der effektforsterkarane var bygde opp med 2 stk parallellkopla 300 B . Såleis leverer dei heile 17 watt, noko som gjev høve til å spele veldig, veldig høgt på ELX som klarer 94 dB/Wm. Det er såleis ikkje nødvendig å ha mykje effekt for å bli lukkeleg.

Audio Note er eit av dei legendariske selskapa, som har laga absolutt alt innan stereoutstyr, så nær som bandopptakarar. Mi fyrste oppleving var med MC pickupar attende på 80-talet, men det er altså langt fleire typer produkt, og ting i ganske så ulike prisklassar.

Andy GroveDet er ei lang historie å fortelje... og vi fekk Andy Grove til å fortelje:

På det lukkelege 70-talet hadde Peter Qvortrup ein butikk i København, der han selde mykje spennande hifiutstyr. Mellom anna hadde han Snell-høgtalarar, og var ein god venn av Peter Snell. Han var faktisk mykje inne i utviklinga av Snell sine legendariske høgtalarar, så vel som innan mykje anna audiofil innovasjon som prega denne tida. Peter reiste såleis til England, der han var med å utvikle gode lydprodukt i Audio Innovations, ein etter måten stor produsent av rørforsterkarar med fantastisk design og god lyd. Dei litt eldre av oss hugsar sikkert utsjånaden til desse forsterkarane ut frå bruken av pleksiglas. Peter Qvortrup og Eric Anderson selde dette selskapet, som vi ikkje har høyrt om sidan.

Så reiste Peter til Japan, og møtte på slutten av 70-talet Hr. Kondo, som laga veldig sære produkt til innanlandsmarknaden. Hans ide var å ta kontroll over absolutt alle deler av produksjonen av hifi, ned til den minste komponent. Dette gjorde at det var (relativt) greitt å lage spolar og trafoar i reint sølv. Det vart produsert både forsterkarar, høgtalarar og endåtil ein mikrofon fullstendig heimesydd. Usannsynleg dyrt, sjølvsagt...
Då Peter høyrde lyden av desse produkta, vart han overtydd om kvaliteten, og inngjekk eit samarbeid. Peter ville selje produkta over heile verda. Så på tidleg 80-tal tok merket Audio Note til å verte kjent, med legendestatus i visse krinsar.

Peter Qvortrup starta etter kvart Audio Note UK, som laga produkt for dei som ikkje hadde råd til hi-end. Dette omfatta også byggesett, som dei loddekyndige kunne sette saman sjølve. Her var ideen å ha relativt få, like konstruksjonar, der entusiasten kunne velje delar på ulikt kvalitetsnivå, alt etter lommebok og ambisjonsnivå.

Men etter kvart steig forventningane. Kondo greidde ikkje å levere nok til verdsmarknaden (ein sta, gammal japanar som skulle ha ting på sin måte), og UK-avdelinga prøvde å avlaste, og tok til å produsere dei same produkta. Dette førte til at dei britiske Audionote-produkta også vart vidareutvikla. Nokre produkt vart etter kvart så gode at dei faktisk konkurerte med dei japanske originalkonstruksjonane. Dette førte til ein god del forvirring, og det var mykje problem og usemje med kven som skulle gjere kva, og korleis…

Det moderne, vestlege Audio Note oppstod på 90-talet. Det starta med at Peter Snell døydde. Mange prøvde å føre produksjonen vidare, og prøvde å omdesigne dei, men det vart hevda at Snell-høgtalarane ikkje lenger var så gode som tidlegare.

Peter Qvortrup hadde ein del teikningar og informasjon frå venen, og tok til å designe ein høgtalar mykje lik Snell modell E, som faktisk framleis er same basiskonstruksjon som står og spelar på messa i dag.
I dag er AudioNote svært ulike Snell sine originalar. Dei moderne utgåvene har kabinett laga av kryssfiner, medan membranane er laga av hamp (!), Alnico-magnetar og nokre spesiallaga norske SEAS-element. Dei dyraste har dessutan komponentar som består av svært mykje sølv.

Framover arbeidast det med ny teknologi. Ein CD-transport med SPDIF-buffer, ein analog sak som dei er svært høge forventingar til. Det er snakk om å levere balanserte utgåver av produkta. Men det mest spennande er nok likevel dei ekstremt dyre forsterkarane der signalvegen består av reint sølv. Desse er så dyre at det ikkje nyttar å selje Porcen. Du må selje huset også. Og kona...

Men no kjem det alternativ til dette. Jinro er ein koparversjon av den svinedyre sølvforsterkaren On Gaku.(integrert forsterkar) Om du avstår frå alt sølvet, får du denne legendariske forsterkaren for under halve prisen (som framleis ikkje er akkurat billeg) Gaku On (monoblokker) har også ein koparversjon Ankoru som skal by på veldig mykje av det verkelege essensielle når det gjeld Audionote hi-end.

Ein ny Dac (modell 6) er også under utvikling, men er framleis for lite konkret til at det kan seiast korleis dette kjem til å ende.

Ein liten og billeg integrert forsterkar på 6 Watt (I/Zero) vann nettopp ein pris i Hong Kong. Denne skal spele veldig godt.

Det lagast også platespelarar 0.5 er ein svært ambisjonsrik sak som kanskje burde prøvast ut?
Ein riaa er også under utvikling.

Andy Whittle frå Rodgers (LS3/5A) arbeider også for Audionote, og har jobb med å designe ein høgtalar som skal passe perfekt til den vesle Zero 6-Watts-forsterkaren.

Vi skal fylgje nøye med på kva Audionote gjer framover...

Lest 12101 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.