lørdag, 05 november 2011 08:58

Hifi-inntrykk frå Horten 2011

Skrevet av

Det har tatt lang tid å få samla seg om å publisere inntrykka frå Horten-messa. Fleire (ikkje minst Stig, Rudi og Karl-Erik) vil hevde at det er i seinaste laget. Unnskyldningane er vel neppe interessante, så her kjem eit bilde av det vi fekk formidla av hifi-utviklinga gjennom opplevingane i Horten.

Messer er alltid spennande. Og Horten må seiast å ha vorte ein tradisjon, all den tid dei no markerte ti-års-jubileum. Det er fleire enn meg som opplever at hifi ikkje lenger er høgaktuelt (annonsørane våre er vel eit godt døme på slike), og mange spør seg om framtida til hifi. Vel, på ein stad som Horten-messa er nok dei fleste positive.

Sjølv har eg vore med på hifi-leiken i ganske mange år. Ein ganske grei hobby, der dei færraste risikerer helsa, eller (velvel) brukar enorme summar på å kjøpe ymse hobbyobjekt og reise land & strand for å dyrke si interesse. Eg har til tider greidd å skaffe hyggjelege ekstrainntekter, og fått ein del positive tilbakemeldingar på ymse skrivearbeid som har vorte publisert innan feltet. Den siste åra har eg hatt redaktøransvar her på www.audiophile.no. Dette er ikkje spesielt lukrativt for tida. Annonsørane fell i frå, og frå min utpost har eg fått inntrykk av at gamlekara går lei, og nyrekrutteringa ikkje vert rare greiene. Så det er kanskje på tide å slå seg til tåls med at eg er ein gubbe i femti-åra, som har ordna meg med eit greitt anlegg til mitt og min familie sitt behov. Så får artikkelskrivinga verte no og då, innimellom alt anna som skal gjerast.

Men det er frameis svært interessant å besøke Horten-messa. Det er så mange kjenningar der. Og mykje meir morosamt å få dei i tale enn å rive kjeft med dei på ymse nettstadar.

Ein av desse nettstadane er www.hifisentralen.no. I stordomstida var dette kanskje viktigaste debattstaden innan hifi i Skandinavia, men aktiviteten har dabba av også der. Men Sentral-Høvdingen var på messa, rett nok som utstillar for Høium hifi. Og her var det spennande ting å sjå.

Ein av dei fargerike personlegdomane frå debattane på Hifi-sentralen (og dessutan ein svært spennande hifi-konstruktør) går under psevdonymet ”Snickers-Is”. Eg prøvde å få nokre fornuftige kommentarar frå han, noko som synte seg å vere ei utfordring

 

Det er veldig hyggjeleg at Horten-messa ser ut til å vere ein fast etablert institusjon. Og ein like etablert institusjon må vi seie at Fidelity-redaktør Knut Vadseth er. Så eg fekk spurt han litt om kva han trur om hifi-messer framover.

 

Eg prata også med Knut Øystein Lauvland, Doxa-mannen, ein av dei som brukar mykje tid og andre ressursar på å halde seg oppdatert, langt meir enn kva hobbyfolk kan gjere.

Sjølvsagt måtte eg snakke med importørar og forhandlarar. Desse folka som faktisk greier å glede oss ved å halde liv i bransjen, og som attpåtil greier å ha eit levebrød av slikt (sannsynlegvis), er rette folket å spørje.

Frode Olsen frå Acoustic Tuning er forhandlar og importør av nokre av dei mest spennande hi-end-produkta som er tilgjengelege. Han fortalde mykje spennande.

Audiocompaniet hadde mellom anna med seg Martin Logan, spesialisten på å lage elektrostatar og elektrostathybridar. No hadde dei lansert ein modell som såg ut til å ha fått suksess mellom dei meir kommersielle høgtalarane. Er det ein risiko for at desse kan dukke opp hos Elkjøp eller Expert?

Ein aktør som ser ut til å ha rikeleg med musklar (også bokstaveleg, for produkta såg ut til å by på utfordringar til den som skal rigge og transportere) var Audio Norge.

Her var også råd å få utført skreddarsaum av elektronikk. Ved hjelp av modular kan ein bygge sjølv, eller få laga akkurat den forsterkaren som det er behov for.

Electrocompaniet kunne vise nye produkt, og meir er i emning.

På High End Audio sitt rom kunne vi høyre Montana, ein aktiv høgtalar som var utvikla med særleg omsyn til å kunne justerast til alle akustiske utfordringar.

Moiz Auido hadde messas mest originale høgtalar. Utvikla som eit instrument, og heilt klart så subjektiv som ein høgtalar kan vere, spelte dei usannsynleg bra i oppsettet på messa.

Eg fekk også gleda av å oppleve Ogaku-forsterkaren. Dette er ei japansk legende, bygd med rør, og med alle andre komponentar utvikla og handbygde, med beskjeden effekt, som definitivt ikkje avspeglar prisen. Sjølv om rommet og oppsettet ikkje kunne syne forsterkaren sitt fulle potensiale, var det tydeleg at det framleis går an å skaffe seg ting med lydlege eigenskapar som går langt ut over det ein kan forvente frå elektronikk.

Norsk Audio Teknikk kunne syne fram høgtalarar med uvanleg utsjånad, men også uvanleg god lyd.

Inne hos Stereofil fekk eg igjen lytta litt til ASR. Desse forsterkarane er noko av det beste innan transistorkonstruksjonar eg har vore bort i, sannsylegvis mest av alt på grunn av ein sakte evolusjonsprosess som har fått vekk alle tradisjonelle lyter som elektronikk no eingong har når det skal formidlast musikk.

Horten-messa sitt høgdepunkt var nok jubileumsmiddagen, der det var musikalsk underhaldning så vel som god mat. Og eg fekk høve til å teste ut lydkvaliteten på det innebygde blumlein-oppsettet til opptakaren eg prøvde ut. Her kan du høyre litt av underhaldninga.

Lest 18755 ganger Sist redigert tirsdag, 13 august 2013 19:46
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.