torsdag september 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

REGA P 9 + ORTOFON KONTRAPUNKT A

Skrevet av

Rega er ein av dei mest utbreidde platespelarmerka i landet vårt. Dei superenkle og snusfornuftige spelarane har vore importert fyrst av gamle Audioscan, deretter av hifiklubben, og no av Mono. Med unntak av den aller fyrste med den ”rare”, tredelte platetallerkenen, har det stort sett vore to enkle utgåver på marknaden som du skulle vere god for å høyre skilnad på. I hovudsak var det berre ein litt betre arm som skilte dei. No kjem Rega med eit flaggskip til ein pris på 40 000.

 

 

Dersom du har hatt ein Rega i hus tidlegare, legg du fort merke til slektskapet med ”husmannsmodellane” derifrå. Designet liknar på sett og vis, men der er radikale skilnadar. For det fyrste fylgjer det med ei straumforsyning som er skikkeleg rå, like stor og tung som ein vanleg forsterkar. Denne er utstyrt med masse kjøleribber og har berre av/på og veljar mellom 33 og 45 rpm. Samanlikna med dei snusfornuftige småbrørne sine er dette ei svært radikal løysing, som vi som regel berre finn på amerikanske prestisjespelarar.

Det neste du ser, er at platetallerkenen er kvit. Konstruktør Roy Ghandi har vore tilhengjar av glas som tallerkenmateriale, men her er det brukt eit eksotisk materiale frå romteknologien, som er svært daudt. Mange har vore skeptiske til Rega sine glastallerkar, og det finnest ein tweak-tallerken i akryl/vinyl på marknaden som mange (om enn ikkje Rega) finn fornuftig å kjøpe. Denne nye tallerkenen syner at det absolutt tenkjast nytt når det gjeld materialval hos Rega.
Som på dei andre Regamodellane er tallerkenen utstyrt med ei tynn filtmatte. Filtmatter påverkar lyden mildt, og kan til ein viss grad verke dempande på dynamiske eigenskapar. Tek du av filtmatta på ein glass-Rega, fungerer dette dårleg, sjølv om du bruker gummimatter av ulikt slag, eller om du legg plata direkte på tallerkenen utan matte. På flaggskipet fylgjer det også med ei filtmatte, men her går det greitt å fjerne matta utan at lydkvaliteten vert dårlegare, og eg kunne også bruke mi gamle ”plattermatter” gummimatte med godt resultat. Det underlege var at filtmatta ikkje var så verst, sjølv om det verka som heilt vanleg filt, berre med kvit farge. Ved raske samanlikningar gav filten ein merkbar, men ikkje sjenerande innverknad på dynamikk i bassen. Ved speling over lenger tid hadde eg ingen sakn, og dette er nok det tryggaste med tanke på at partiklar kan pressast opp i platerillene. Eg vil tilrå bruk av ein eller annan form for platestrammar – dette forbetrar dynamikken. Eg brukar ein Michell, som ikkje er det beste, fordi den strammar seg ganske mykje rundt senterspindelen. Ein Thorens eller annan som baserer seg på vekt, er sikkert betre. Det verkar som lageret i spelaren taklar mykje.

Rega-armar har alltid vore populære. Dei byr på svært gunstig pris og kvalitet, og er lette å ha med å gjere, sjølv om dei har ein del irriterande avgrensingar. Antiskating og justering av armhøgd er sørgelege greier.

Her lanserast RB 1000 - ein arm med svært høge ambisjonar, og sjølv om eg aldri har rigga opp ein Graham eller dei aller råaste radialarmane, hadde eg store forventingar til å justere denne saken, som utgjer ein stor del av kostnaden til spelaren. Antiskating var svært enkel i bruk, ein ”stav” som trekkjast ut. Logisk nok var det ingen skala, og du bør helst ha ei rillefri plate, der du trekk staven akkurat så langt ut at armen ikkje rører seg, eventuelt kan han gå sakte innover mot sentrum. Antiskatingsbehovet aukar med stifttrykket, og eit ørlite minus var at eg ikkje kunne ha større stifftrykk enn 2,5 gram når antiskatingen stod på maksimum. No likar eg ikkje å bruke særleg større stifttrykk uansett, så eg tykkjer oppsettet var akseptabelt. Elles likar eg best armar med skala for stifttrykket, noko denne luksusutgåva ikkje har. Du må difor ha ei nålevekt for presis justering.

Pickupen er ein av Ortofon sine dyrare modellar, Kontrapunkt A, med mellomkraftig signal. Eg veksla mellom 30 og 100 Ohms impedans, og kunne ikkje heilt bestemme meg for kva som let best, men enda til slutt opp med å bruke 100 Ohm, då dette gav litt meir luft i den aller øvste diskanten. Av ein eller annan grunn var sporingsevna i oppsettet ikkje perfekt. Den horisontale sporingsevna er litt dårlegare enn det eg kan akseptere i eit såpass påkosta oppsett. Sporingsevne 2 gram stifttrykk: knapt 50 my, og når eg auka til 2,5 gram stifttrykk: knapt 60 my. Dette er på grensa, og ved brutalt innspelte plater, var det tydelege problem med sporinga. Grunnen til dette kan vere ein del kompromiss under justeringa av pickup. Kontrapunkt-pickupane har ord på seg for å låte best når dei er justert ørlite ”sidrumpa”, dvs. at armen er litt lavare enn parallelt med vinylplata. Dette kan gjere at sporinga ikkje vert optimal. Som på dei andre Rega-armane er det diverre ikkje høve til å justere armhøgda opp og ned anna enn ved å bruke ringar mellom arm og armbase. Det er tungvint, og det burde absoutt gjerast noko med. Elles er armen ganske tung, og vil nok ikkje passe til alle pickupar. Byggekvaliteten til armen er også storarta. Her vil du aldri få problem, når arm og pickup fyrst er justert.

Lyden elles kan beskrivast som heilt etter forventingane. Dynamikken, med unntak av dei aller råaste fortissimo som fører til sporingsproblem, er svært nyansert. Attgjeving av rom og instrumentplassering er i toppklasse, betre enn på nokon CD eg til no har høyrt. I tillegg er attgjevinga av toppoktavane fenomenalt betre enn via CD eller for den saks skuld SACD. Ein av innvendingane som kanskje kan komme mot Kontrapunkt A, er at attgjevinga er så nøytral at det nesten er for mykje av det gode. Den ofte kjedelege bassen du finn på 60-tals popinnspelingar står pinleg fram med alle sine manglar, utan at Kontrapunkt A tilgjev dei sine feil. Fleire av dei andre toppmodellane til Ortofon ”sprudlar”, samstundes som dei ikkje firar på kravet om nøytralitet. Den no utgådde (?) MC 7500 var ein slik, om enn til ein langt høgre pris, og med mykje svakare signal. Kanskje ein MC 30 Supreme hadde vore eit billegare og betre val?
Uansett er dette eit oppsett der ein utan å nøle kan peike på dei svake sidene med CD-systemet – det er frykteleg vanskeleg å peike på nokon spesiell eigenlyd. Spesielt er eg fornøgd med drivverket. Eg kan ikkje registrere at P9 tilfører lyden den aller minste farging på nokon som helst måte. Når ein ser kor forsiktig designen av dette drivverket er, kan ein ikkje bli anna enn imponert – Rega har her laga ein verdig konkurrent til dei vesentleg større og dyrare amerikanske superdrivverka.

Armen er ei forfining av Rega sine tidlegare konstruksjonar, til ein sak som kostar mykje, men som då også er eit døme på presisjonsmekanikk du skal leite lenge for å finne maken til. Eit litt større justeringsrom for antiskating hadde likevel ikkje skada, og det hadde også vore greitt å kunne justere stifttrykket utan å bruke vekt. Men dette er bagatellar som er til å leve med. Det viktige er at arm aldri må kjøpast utan å ha klare tankar om kva pickup han skal brukast saman med. Har du dette i bakhovudet, er dette ein entusiastspelar heilt utan dill. Men vurder om du ikkje vil ha ein annan pickup.

Pris 40 000 kr (inkludert pickup Ortofon Kontrapunkt A)

Mer informasjon

Importør: Mono A/S www.mono.no

Produsent: www.rega.co.uk

Lest 4936 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser