lørdag oktober 19 , 2019
fredag, 29 juli 2005 23:00

SteReoFil - Butikk i Oslo sentrum 1-års-jubilerer

Skrevet av

I Grensen 9, parallellgate til Karl Johan, om ditt fokus skulle kunne unngå å hamne på Beate Ushe, finn du som regel plakaten med invitasjon til denne butikken, som no kan feire sitt 1-års jubileum. Å ta turen inn smuget, kan vere interessant....

 


av Arve Åheim 30.07.05

Stereofil er tufta på ein del av mannskapet på Akers Mic si hifiavdeling, og har vesentleg kompetanse. Ettersom Akers Mic i si tid utvikla sin forretningside med bakgrunn i å fokusere på CD-mediet sine sterke sider, var det ei uventa glede å oppdage dei hadde god peiling på vinyl. Såleis har butikken skaffa seg agentur på ASR, handbygd, tysk elektronikk som skal ha ein av verdas definitivt beste riaa-forsterkarar på programmet. Då denne er ein av dei høgast prisa riaatrinn du kan kjøpe, står det ikkje i butikken, men du kan oppleve ”billegutgåva” til 6000 kr der, saman med gode, og rett justerte platespelarar. Eg fekk høyre ein Rega P7 med Ortofon Rohmann-pickup saman med ASR-trinnet, og fekk så godt inntrykk at eg umiddelbart bad om ein slik riaa til utprøving. Dei har også eit eige kabelagentur som dei fortel er svært mykje for pengane. Vinylriggar er ganske populært, får eg greie på. Og både unge og eldre kundar er til stades. Dagen før har ei yngre dame kjøpt platespelar til mannen sin i morgongåve. Og eg møter også ei dame som er nokre år eldre, som fortel meg at ho har kjøpt seg ein platespelar i sånn passeleg prisklasse, og no skal spele sine gode, gamle plater. Ho er tydelegvis svært fornøgd med servicen ho har fått på butikken, for i dag er ho tilbake for å kjøpe høgtalarar. Stereofil har altså kundar i alle aldrar, og i glasdisken er det stilt ut mp3-spelarar og pickupar om kvarandre. Trass i relativt små lokale, har dei greidd å få svært mykje interessant inn i butikken, både av dyre og rimelege ting. Det satsast på eit ganske breitt varespekter, og kjente merke som Marantz, Rotel, Grado og Rega er representert med produkt i ulike prisklassar. Men det som tar opp plassen, og som betjeninga har spesialisert seg på, er det skotske høgtalarmerket Tannoy.

Frå dei britiske øyene kjem det mange kjente høgtalarmerke, vi kan nemne B&W, KEF og ProAc, og her har vi altså Tannoy, ein av dei verkeleg tradisjonelle. Eg har alltid oppfatta Tannoy som ein av hovudeksponentane for omgrepet ”engelsk lyd”, sjarmerande og musikalsk, men lett avgrensa på frekvensfløyane. Dette synet har eg vore nøydd til å oppjustere etter å ha prøvd ut Eyris DC 3, og etter å ha lytta litt til modellane i butikken.

Stereofil-lokala består av tre rom. I det fyrste rommet var disk og dei fleste produkta utstilt. Det andre rommet tok sikte på å vise eit heimekinooppsett med Eyris som basis (desse høgtalarmodellane eignar seg svært godt til heimekino, og finnest mellom anna i aktive utgåver. Ein enorm subwoofer er også i programmet). I det tredje rommet finn vi dei beste stereooppsetta. ASR sine handbygde forsterkarar er ikkje billege, men du får likevel mykje for pengane. Og Tannoy sin mest prestisjefylte serie (med det passande namnet ”Prestige”) harmonerer godt saman med desse. Kensington, som eg lytte til (og endå meir den endå større modellen Westminister) har ei utforming som bryt med dei smalfronta, moderne tinga vi er vant med no. I staden er det brukt breie frontar og store kabinett. Denne kabinettfilosofien var vanleg attende på 50-talet, men det er svært få som held på denne no. Ein smal front gjev mindre diffraksjonar, hevdast det. Men Tannoy ordnar dette på ein grei måte. Diskantelementet er integrert i midten av basselementet, og tilpassa denne plasseringa. Slik får du ei punktkjelde (point sorce) for lyden. Mange hevdar at slike er dei teoretisk beste høgtalarane, og at dei gjer at du får svært gode perspektiveigenskapar. Sjølv om slike element vert dyre, er dette interessant, for naturlovene gjer at eit stort kabinett gjev betre basseigenskapar enn eit lite. Flotte perspektiveigenskapar er gjerne forbundne med små høgtalarar på stativ, pyramideforma høgtalarar, eller slike som har svært djupt kabinett. Å høyre perspektiveigenskapar, nettopp det som skulle vere slike breifronta høgtalarar sitt svakaste punkt, frå Kensington-modellen, var svært spennande. Lyden frå desse store høgtalarane i butikken er imponerande. Slett ikkje verst til å vere utstilt i eit relativt lite butikklokale, sjølv om eg er sikker på dei kunne gjort endå meir flott i eit litt større rom.  Elles må det innrømmast at Kensington fekk god hjelp av Tannoy superdiskantar som var monterte på toppen av kabinetta. Dette er kostbart ekstrautstyr, men det tilfører endå meir luft og dimensjonalitet i lyden, og er eit naturleg oppgraderingstiltak om du ikkje har råd til å prioritere superdiskant i fyrste omgang.

Med så store høgtalarar, er det grunn til å stille strenge krav til utsjånaden, og Tannoy syter for utsøkt møbelarbeid, spesielt på Prestige-serien, men også på dei minste, totusenkroners Fusion 1. Stereofil feirar no eittårsjubileum, og kan melde at juni har vore beste månaden så langt. Det ser ut som butikkonseptet fungerer godt, og at vi kan rekne med at dette er ein aktør på hifi-banen i tida framover.

 

Lest 9778 ganger Sist redigert tirsdag, 19 januar 2010 13:03
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser