fredag september 20 , 2019
søndag, 20 mars 2011 10:38

Innspeling - Redaktøren bloggar om høgtalarar og vinyl

Skrevet av

Det går ikkje så veldig bra med bloggeintensjonane. Nyttårsforsettet var vel eigentleg ikkje å skrive kvar dag, men det såg betre ut i starten. No har kvardagen tatt meg, og overskotet som brukast til refleksjon går med på jobben.

Sjølv om det skjer relativt mykje på lydfronten også. Huset er "fullt av" testobjekt, men det går seint å få ting unna
Min fyrsteprioritet er å gjere ein test av Rogue sin nye riaa eg har til test frå Planetsnapa. Samstundes fekk eg låne ein Dynavector XX2 fordi mine referansepickupar ikkje heilt er på det ambisjonsivået ein bør ligge på når ein riaa til 20 kilokroner skal testast. Men XX2 kom som flunkande ny, og treng betydeleg innspelingstid. Sjølv om han no har fått over 40 timar, er han ikkje i nærleiken av det som skal til, etter det folk med erfaring på XX2 kan fortelje. Og som om det ikkje var nok å stresse med, har det også kome nye høgtalarar i huset, og dei må spelast inn. Gjerne eit par hundre timar, har eg forstått.


Livet er godt, men ikkje nødvendigvis enkelt…lat meg fortelje meir om pakkane eg har opna i helga.

 

 

Rogue Ares

Riaaforsterkaren frå dette fullamerikanske, men likevel svært så fornuftig prisa varemerket har vore i fokus her i heimen ganske mykje. Det synte seg at det fyrste testeksemplaret var ein spesialvariant som hadde skifta ut eine innstillinga for pickupar etter kjøparen sitt ynskje. Det var slik at det var akkurat denne innstillinga som var optimal for XX2-pickupen eg brukte, og då måtte det skiftast til standard utgåve. Dessutan sende Håvar Snapa nokre spesialrør, noko som gjorde underverk med lyden. Flott tredimensjonal attgjeving med både Dynavector XX2 og 10x5, som er min eigentlege referansepickup.

Pickup-slit
Når det gjeld den gode pickupen XX2, er det altså midt i mørketida. Gunnar Brekke hevdar at det er nødvendig med om lag 150 timar for å få orden på ting. Gunnar kunne fortelje (i Fidelity nr 34) at problema melde seg etter om lag 60-70 timar, med dårleg sporing og grautete lydbilde som frustrasjonselement. Eg opplever eit ganske likt problem som ganske irriterande etter å ha kome gjennom 120 platesider. Ja, eg loggar dette med eit papir som ligg ved platespelaren. Mykje betre å krysse av plateside enn å gjere overslag etterpå. La gå med at ”plateside” er ein høgst variabel eining, men 60 gjennomspelte album skulle vel tilseie at det er gått rundt 40-45 timar. Fenomenet eg kjenner på no, er fyrst og framst manglande presisjon og slapp bassattgjeving. Når Gunnar snakkar om 60-70 timar, er det altså grunn til anten å:

a)    gru seg til dei neste 200 platesidene (stønn)
b)    erkjenne at eg er meir ”prinsesse på ert” enn Gunnar
c)    mistenkje Gunnar for å ha slurva med logginga av tida
d)    reflektere over i kva grad det er individuelle skilnadar når det gjeld innspelingstid av XX2
e)    Finne ut om det eigentleg er riaa-trinnet som er syndaren på dette feltet…

Eg trur eigentleg at siste punktet er lite aktuelt, for etter ca kvar 10.time med speletid, skiftar eg frå xx2 til DV10x5. Det går mindre enn eit halvt minutt å gjere dette med VPI JMW 9sig-armen, men samanlikning er ikkje heilt direkte. XX2 får nemleg lov til å ha tradisjonell anti-skating, medan 10x5 berre har VPI sin tvinna kabel til hinder for skatinga.
Det er ikkje tilsvarande "mørketid" med 10x5, og sjølv om bassen ikkje er heilt slik eg vil ha han for å vere med, er det faktisk ganske så skikkeleg. Eg skal skifte attende til ARC SP 10 som riaatrinn om litt, men det er eit tiltak som betingar at eg har fått andre faktorar under kontroll.
Det skulle heller ikkje vere slik at såpass dyre pickupar skulle ha særleg store variasjonar innan innspelingstid. Gunnar Brekke er også ein autoritet når det gjeld vinylriggar, så eg er rimeleg trygg på at han ikkje bommar med speletida. Om han er meir fintfølande enn meg, veit eg ikkje, men eg har mine tvil. Gru meg til innspelingstid gjer eg meg uansett. Eg slit også med eit nytt sett høgtalarar som eg skal skrive om seinare. Så det er på sin plass med endå ei arbeidshypotese;

f)      Arve sin metode med å registrere speletid i talet på spelte platesider, er svært lite presis i høve talet på timar.

Men då vil det verte mykje, mykje verre. For det kan ikkje vere slik at platesidene eg har spelt varer mykje lenger enn 20-25 minutt? Dei brukar ikkje å gjere det, iallfall. Om ikkje platespelaren går for sakte….
Eg skulle kanskje ikkje spøke med slikt? Det er nok hifiparanoia som det er…

Høgtalarar
Ja, eg har fått tilsendt eit sett flunkande nye høgtalarar. Dei er ikkje så store som mine trufaste, gamle Innersound Eros, men veg mykje meir. Og var svinaktig godt pakka. Det var ikkje råd å få dei inn i min gamle Caravelle, men heldigvis vart dei leverte på døra med Tollpost. Men dei måtte pakkast ut i garasjen – og for ei utpakking. To digre kasser i kryssfiner, like store som små hyblar, måtte skruast opp ved å løyse ei bråte umbraco-skruar. Så var det å sjekke om alt var i orden, noko som fyrst vart gjort ved å inspisere ein sinnrik kule-logg som registrerte om høgalarkassene var tilta meir enn 30 grader (mine hadde nok vore bøygde litt, loggen synte 50 graders avvik. Legg elles merke til at kuleloggen hadde registrert om høgtalarkassene hadde vore sett på hovudet…(ei slik skjebne slapp eg iallfall). Så måtte høgtalarane ut. Dei var skrudde til ei solid kryssfinerplate som måtte trekkjast ut, og fire grove boltar løysast. Deretter kunne høgtalarane bærast i hus. 80 kg høgtalar som også skulle handsamast med stor omhug. Slikt er bokstaveleg talt ikkje lett, men ein forbipasserande nevø var til stor hjelp. Dei to ”hattane” (frontstoff er feil ord her) greidde eg å bære sjølv, men måtte løyse dei med ein umbraconøkkel, og feste dei på høgtalarane. Eigentleg tykkjer eg hattane er for store, dei byggjer nesten 30 cm høgre enn høgtalarane, og med eit anna design hadde dei vorte mindre dominerande. På den andre sida – det er i utgangpunktet ganske krevjande å plassere desse høgtalarane på ein diskré måte uansett..

Etter at høgtalarane var komne i hus, brukte eg det gamle handkle-trikset. Det vil alltid ta nokre veker med flytting og finjustering av ein høgtalar. Når dei er så tunge som desse, er det lurt å sette dei på eit handkle, slik at dei kan skubbast utan å sette merke i parketten. Og flytting vert det mykje av. Dette er rundstrålande høgtalarar, og sjølv om eg er rimeleg erfaren når det gjeld høgtalarplassering, også når det gjeld bipolare konstruksjonar, er dette ein ganske stor jobb.

Instruksjonsheftet er veldig greitt, det står at høgtalarane må ha minimum 2 meter mellom kvarandre, og minst 0,8 meter til bakvegg. Greitt nok, men så kjem avstanden til sidevegg, som skal vere større enn avstanden til bakvegg. Dette har eg vore forskåna for i alle år, sidan eg har helde meg til anten konvensjonelle høgtalarar eller elektrostatar, som sjeldan bryr seg om sideveggane i særleg grad. Men no er det altså nødvendig med mykje jobbing. Samstundes må det gjerast ein stor jobb med innspeling. Det er iallfall heilt tydeleg etter å ha spelt på desse vedundera nokre timar- jadå, kvalitet heilt som forventa (eller endå meir), men eg må nok rekne med eit par hundre timar før ting er heilt optimale.

Det gjekk relativt greitt å kople til høgtalarane. Her er ein avhengig av biwiring eller biamping. Det er nemleg fire kontaktpunkt, to på kvar side av bakstykket til sokkelen, og for ein gong skuld sit dei ikkje så tett at det er fare for at du skal plundre med å feste høgtalarkablane – problemet er snarare motsatt. Du kan iallfall gløyme å bruke slike kjekke, små ”jumpers” som ofte vert leverte saman med høgtalarar. Nei farr, her må du ha dobbelt sett kabel. Terminalane er heller ikkje tilpassa bananpluggar som eg har. Med digre skruratt kan dei lett fikse tilkopling av startkablar… men eg fekk det til på eit vis. Det vert vel nødvendig å endre kabling også etter kvart, men no er det ein ting i gongen.

Vert eg i stand til å vurdere høgtalarane skikkeleg ut frå anlegget elles? Dette kunne vore eit viktig spørsmål, men det nyttar ikkje å gråte av di ting burde vore betre. Eg har eit utmerka anlegg til vurdering av det meste, ikkje så mykje ut frå dei lydlege kvalitetane, men i stor grad ut frå at eg kjenner komponentane ut og inn (med unntak av riaatrinn og den eine pickupen, sjølvsagt).

Det eg kanskje er mest fornøgd med er Conrad Johnson ET 2 forforsterkar. Denne fasast no ut av produsenten til fordel for ein billegare ET 3, litt enklare utsjånad utan fancy halvsirkelfront med røra eksponerte bak pleksiglasplategitter, noko som sjølvsagt ikkje gjer ET 2 til ein dårlegare forforsterkar enn kva han var då eg testa han. ET 2 var i si tid prisa til 30 kilokroner, og gjorde eit slikt inntrykk på meg at eg ikkje hadde noko val, det var utruleg mykje forforsterkar for pengane, og eg trur ikkje eit sekund at han er ”for dårleg” i nokon som helst forforsterkarsamanheng.

CD-spelaren har fått nokre år på seg, men er i stand til å spele SACD på ein overtydande måte, slik at det går an (med intens konsentrasjon) til å høyre skilnad på dette og CD-laget. Ein ny CD-spelar er ikkje prioritert. Men vi får sjå kva som vert nødvendig etter kvart.

Vinylriggen er ganske optimal og skulle ikkje gjere skam på mbl. Då er det verre med Sonos-signalkjelda mi. Denne brukast mykje, sjølv om lydkvaliteten er svakare enn både CD og vinyl. Til gjengjeld er det lett å orientere seg på Spotify, og høyre DAB-radio når Finn Bjelke lokkar med nye T-skjorter til Popquiz, slik at ein stakkar dristar seg til å dumme seg ut. Alt til sitt bruk, seier eg. Fin(n)lytting har mange sider, og det er veldig, veldig kjekt med ei så lettvint løysing på musikktilbodet. Elles jobbar www.audiophile.no med ein stor artikkel om nettbasert musikkløysingar med fokus på kvaliteten… men her er det mykje mark som må pløyast…

Mine gamle høgtalarar, Innersound Eros, har eg hatt like lenge som eg har skrive for www.audiophile.no. Fyrste artikkelen eg leverte til dåverande redaktør omhandla nettopp desse fantastiske høgtalarane. Trass i alt vatnet som har rent i havet sidan desse var nye, er det ikkje snakk om utklassing sjølv om dei nye har fått eineståande positiv omtale av verdspressa og har ein pris som er meir enn 20 gonger høgre enn kva stakkars Eros gjekk for i gamle dagar…(dollaren var sterkare den gongen, men likevel… Sanders nye konstruksjonar seljast no frå PM Audio for rundt ¼ av prisen på mbl 101E2). Men det er lenge att før eg kan dømme mellom desse. Eg har ikkje eingong greidd å plassere nykommarane. Vidare må eg nok seie at det er heilt andre utfordringar til effektforsterkaren.  Vesle Copland CTA 520 er ein forsterkar eg har stor sans for, mest på grunn av dei lydlege kvalitetane, der han liknar veldig på supernøytrale rørforsterkarar. Men til no har han ikkje hatt problem med nok musklar, med sine 125 Watt i 8 Ohm, og truleg godt over 200 i dei 4 Ohm som mbl gjev opp å ha.  Men no skal vi altså gå frå å jobbe med elektrostatar i eit avgrensa frekvensområde over 400 Hz, der ein annan forsterkar tok seg av bassjobben, ein konstruksjon som spelte 94 dB på ein Watt. No er det andre bollar. Mbl spelar nemleg 12 dB svakare på same effekt, og om eg skal ha like mykje ”hestekrefter”, må eg auke frå 200 til 3200 Watt. Det vert ikkje billeg, og det spørs om dette må vente til vi har sikra at bassenga til kraftselskapa er fylte nok opp…

Eg hadde difor små forventningar til bassattgjevinga. Men det gjekk betre enn eg hadde frykta. Stramt tilknappa nedre mellomtone/øvre bass, men meir tydeleg artikulert, og faktisk ein god del djupare ”hogg” når Yello ”The Eye” vart spelt.

Forventningane til dei tredimensjonale eigenskapane har vel aldri vore større, etter å ha høyrt mbl i butikk. Dei er gode, betre enn Innersound på dette feltet, som ein konsekvens av at dei er rundstrålande. Innersound krev at du held deg i sweetspot, men her er det nesten likegyldig kvar du er i rommet, orkesterplasseringa er så å seie konstant. Men avgrensa til rommet, ikkje slik som mine gamle Acoustat 4 fulltoneelektrostatar som kunne trylle på dette feltet. Det må heilt sikkert meir jobbing til før eg får til dette.

Det kjekkaste var likevel den utrulege oppløysinga. Heile mellomtonen og alt eg greidde å registrere oppover i frekvensområdet var så detaljert at du rett og slett ikkje tenkjer på dette som eit audiofilt kriterium. Her er ting berre akkurat som dei skal vere, heilt naturleg på alle måtar. Og høgtalarane har endå ikkje spelt i meir enn ca 16 timar…dette lovar godt framover.

 

Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser