søndag, 10 april 2011 05:39

Innspeling - ventetid og forventningar -blogging

Skrevet av

Det er lite å skrive om i bloggen, eigentleg. Travle dagar, og ikkje nye komponentar i anlegget sidan sist. Men det spelast mykje musikk, og eg kjenner meg slett ikkje misfornøgd.

Jobben med plasseringa av mbl 101E mk 2 går sakte. Utgangspunktet var meir eller mindre ut frå handboka til produsenten, med ei gradvis tilnærming til korleis eg har hatt andre høgtalarar oppstilt. Det vert litt på den eine sida – på den andre sida-arbeid. Og det vert ikkje lettare av at høgtalararane er i ei innspelingsfase. Dei endra seg ganske mykje fyrste veka, og eg har gjort så godt eg kan når det gjeld å få denne labile perioden til å komme til enden. Eg har latt lyden stå på samanhengande så sant det har vore praktisk gjennomførleg, med nettradio eller CD-spelar på repeat, og ganske høgt lydnivå. Og ting har endra seg, men frustrasjonane har også vore til stade. Etter om lag 3 -4 -5 dagar vart faktisk lyden ganske ille… så lenge dei var heilt nye, forventa eg litt manglande dynamikk og ”stramt tilknappa” mellomtone. Slik var det også, sjølv om høgtalarane i høgste grad hadde kvalitetar også på desse felta. Men så sette det inn noko ganske utriveleg. Det var som om høgtalarane kom ut av fase. Og eg tok til å flytte 2 * 80 kg høgtalarar fram og attende, utan at det nytta noko vidare. Det vart iallfall gjennomført 8-10 flytt med etterpåfylgjande lytting, utan at eg vart heilt fornøgd med resultatet. Det var nok ikkje plasseringa si skuld, og etter kvart kom dei ganske nær utgangspunktet, der elektrostatane mine hadde stått, men noko tettare saman. Heldigvis fekk eg stadfesta frå Stereofil at dette var heilt normalt i innspelingstida. Sannsynlegivs treng elementa å spelast inn, for at dei skal harmonere heilt med kvarandre.

Etter kvart så har dette roa seg ned, og no er det mykje, mykje betre lyd enn kva som gjorde seg gjeldande sist veke. Utan at eg har spesiell sterk mistanke om at innspelingstida er over...

Mine hybelbuande jenter var heime i helga. Det har ikkje lukkast meg å få MBL 101 E mk 2 til å gli diskret inn i stovemiljøet, så det var ein del kommentarar om "romskip" og kva som likna på Bestemor sin mixmaster, men det tagnast då dei oppdaga at flott lyd kunne opplevast frå nesten alle stadar i stova, og ikkje berre frå pappas sweetspot. Endå verre vart det laurdags og søndags morgon. Normalt brukar eg å drive intens finlytting grytidleg, men då eg kom ut i stova i sjutida, var anlegget påslått, godplassen opptatt, og eit musikkval som eg ikkje var heilt fortruleg med under avspeling....
I slike situasjonar vekslar eit farshjarte mellom det å vite at ein har seg sjølv å takke, og ei viss suksesskjensle rundt det å ha lukkast med oppsedinga. Det skulle vere lite sjanse for at dei satsar på små, diskret plasserte boksar til å vere musikkformidlarar i framtida.

 Eg går sjølvsagt på oppdagingsferd gjennom musikksamlinga, og finn sterke og svake sider med mange opptak. Endå meir interessant er det å oppdage kvalitetar over anlegget og rommet. Eg har funne ut kvar nokre resonansar kjem frå, flytta litt på inventaret og redusert problem som tidlegare dukka opp når eg spelte Yello og anna provokasjonsmusikk. Sjølv om mine Innersound Eros har flott frekvensgong og fin dynamikk langt ned i bassområdet, var dette noko heilt anna. La gå med at mbl 101E2 er ein bassreflekskonstruksjon og såleis skulle ha ein del svake sider ut frå prinsippet, er dette den rettaste kassebass eg har erfart. Det er rett og slett ikkje noko negativt å melde. Og det forundrar meg, all den tid eg brukar Copland CTA 520 som effektforsterkar i heile frekvensområdet. Erfaringane eg har med dette effekttrinnet er svært gode, men det er litt effektavgrensingar, og til tider har eg opplevd at han har kome til kort i bassområet når det har vore vanskelege konstruksjonar. Det har opna seg ganske mykje også i djupbassen, og det verkar som gode, gamle 520 klarer seg godt heile vegen. Men eg lurer på korleis ein stor, kraftig Pass eller Krell hadde oppført seg i dette selskapet. Eller kanskje ein av dei råare Bryston-effektforsterkarane? Det vert ein stor jobb å finne ut av kva som fungerer perfekt, og eg har mistanke om at store effektforsterkarbeist vert det eg kjem til å konsentrere meg om når det gjeld djuptesting framover… og etter kvart kjem nok CTA 520 til å forlate meg, dersom eg ikkje finn det nyttig å prøve brukopling, og finne meg ein til av slaget.

Forforsterkaren min Conrad Johnson ET 2 er derimot rimeleg trygg på å få vere i huset i lang tid framover. Under innspelingstida har eg kopla Sonos direkte til effektforsterkaren, og spart røra til ET 2 – lite vits å slite på dei under innspeling der det ikkje lyttast. Eg brukar ein god del Spotiy Premium når lyttinga ikkje er spesielt kritisk, og eg vert stadig forundra over kor mykje betre lyden vert når ET 2 er inne i signalkjeden, også når Sonos er signalkjelda. Strengt tatt ikkje nødvendig med ein forforsterkar når Sonos har slikt innebygd med fjernkontroll og alt, men likevel – trass i at denne nettverksspelaren så vel som systemet har klare avgrensingar i kva han er i stand til å yte – lyden er langt meir tilfredstillande med eit ekstra apparat i signalvegen, så lenge vi snakkar om ein så god forforsterkar som ET 2. Eg greidde meg ei periode utan forforsterkar, og hadde i staden den passive Creek OBH 22 til inngangsval og volumkontroll, men så kom ET 2 og fekk meg bort frå ville vegar. Ikkje det at OBH 22 var dårleg – du finn vel ikkje betre produkt av slaget. Men ein skikkeleg forforsterkar er mykje, mykje betre.

ET 2 sine dyder kjem heilt til sin rett i dette oppsettet. Så godt at eg er glad eg ikkje har høyrt dei dyrare alternativa frå Conrad Johnson så langt…

Signalkjeldene har det vore tre av sidan mbl101E2 kom i hus, og stort sett har eg vore fortruleg med dei. Likevel har ting endra seg. Sonos og Spotify fungerer stort sett slik dei skal, bortsett frå at nettradio dett ut eller får forferdeleg dårleg oppløysning, og at ein innimellom ikkje finn att dei låtane og spelelistene som var i bruk tidlegare, og får beskjed om å prøve igjen seinare. Men då passar det ikkje meg å spele. Irriterande! Men lydkvaliteten av Sonos-dingsane er forbausande bra. Det manglar gjennomgåande botndrag i bassen, og oppløysinga av lydbildet er betre gjennom alternativa, som altså er ein god del dyrare, og når eg gjer direkte samanlikning mellom Spotify-Yello og CD-Yello, vert det ganske klart kva som er best. Men når eg ikkje er i komparativ, funkar det veldig greitt med Spotify. Spesielt lågmælt musikk som Stein Torleif Bjella, her får eg att for abonnementet. Mykje betre med Premium og Sonos enn då eg fyrst prøve systemet med gratis nedlasta Spotifyutgåve gjennom lydkortet på den bærbare pc-en. Då slo eg nesten frå meg prinsippet anna enn som leiteverktøy for å finne ut kva som skulle kjøpast på andre media. No brukast det altså i eit anleggsoppsett med skyhøgt ambisjonsnivå, og fører ikkje til at eg er lei meg i det heile.

Når det gjeld (SA)CD-spelar brukast framleis gamle Marantz SA 7001 standardutgåve. Han skulle nok vore skifta ut, men han er forbausande bra. Då eg bestemte meg for å kjøpe han, var det i konkurranse med ei spesielt påkosta KI-Signature-utgåve   Seinare har eg prøvd erstattarane Marantz har hatt i dette prissegmentet, men dei har vore såpass identiske i lyden at det ikkje har vore snakk om noko oppgradering, bortsett frå at 8003 har ein USB-inngang som gjer at han kan brukast som DAC for den som vil. Og så har eg ikkje funne sølvplatespelarar som har verka rette for meg. Ei oppgradering vert i så fall berre for å fylgje med kva som skjer…og det er no ikkje så avgjerande på (SA)CDmarknaden, eigentleg.

Lyden frå spelaren er heilt flott. Eg har eksperimentert med signalkabelen, og har for tida ei merkeleg greie etter Stig Arne Skilbrei sine postulat og loddingar. Han har laga meg nokre bullet-pluggar med massive installasjonskopartrådar av tarvelegaste slag (unnskyld Stig, men det er no ikkje rare greiene, dette her?) Det kan verke som dette er gunstig med tanke på bassattgjevinga, for spelaren har vore flott på feltet. Men eg har ikkje finhøyrt så mykje på dette – eg har ein testjobb på gong.

Innspelinga av Dynavector XX2 går sin gong, og eg har greidd å auke speletida med 36 platesider sidan sist, altså ca 25 timars auke. Eg skulle såleis ha helde på i rundt 60 timar – knapt halvvegs i prosessen. Men riaatrinnet skulle no vere perfekt, med sine nye rør og generelle vellyd. Her er tredimensjonalitet av ei anna verd, naturleg nok understreka av dei nye høgtalarane. Det verkar også som at dynamikken er i ferd med å komme seg, bortsett frå i bassen. Eg reknar med at XX2 er ”skurken” som gjer at eg ikkje er heilt fornøgd med bassattgjevinga. Det er eg heller ikkje når eg kontrollyttar opp mot referansepickupen 10x5. Ikkje det at bassen er dårleg, men eg forventar at XX2 skal ha mykje meir autoritet og botndrag enn minstebror til 1/5 av prisen. Men for ein kontroll på detaljane...kombinasjonen mellollom XX2 og Rogue er veldig interessant å høyre på, særleg når anlegget elles held rimeleg høg standard. Det er naturlegvis mykje større oppløysing og dynamisk nyansering når XX2 er i bruk, enn med vesle 10x5, utan at eg på nokon måte mister respekten for den billegaste pickupen frå Dynavector. Det vert kanskje verre når xx2 er ferdig innspelt? No høyrer eg rett nok til dei som heller har mange rimelege enn få dyre pickupar, men innimellom er det vanskelg å vere fast i trua på denne strategien. Etter kvart vert nok nyepickupen innspelt, og når eg konstaterar at XX2 er glimrande til nesten all slags musikk, kan freistnaden verte utriveleg stor....

Elles merkar eg ganske tydeleg dette spesielle med mbl 101, det at du vert så lite interessert i å beskrive kor godt høgtalarane presterer innan dei ulike hifi-øvingane. Ikkje slik at at det er perfekt, langt ifrå. Men ting vert gjort så veldig elegant at du ikkje tenkjer på detaljar på denne måten. I staden nyt ein musikken. Og det i vissa om at det er eit betydeleg forbetringspotensiale, som vil komme av seg sjølv utan at eg treng gjere anna enn mindre justeringar rundt høgtalarplasseringa. Akkurat no har eg spelt Tomboy og Torhild Sivertsen sine to fyrste album. Normalt let dette flott 80-talslyd, med god dynamikk, instrumentplassering og luft rundt alle instrumenta. Men no er Torhild si stemme overmarkert, og har alt for sterk preg. Det er heller ikkje gøy å spele Joni Mitchell eller Linda Rondtstad for tida. Eigentleg er ikkje damevokal tingen akkurat no. Til gjengjeld er mannleg vokal svært så imponerande attgjeve, med ordentleg brystkasse over dei som tek litt i. Men det er lenge att før ting kan seiast å ha stabilisert seg skikkeleg, og før den tid er det ikkje snakk om å meine noko bastant om høgtalarane, sjølv om eg er tilbøyeleg til å meine at eg aldri har hatt så flott lyd i anlegget mitt. Med det forbetringspotensialet som ligg frå den billegaste forforsterkaren til Conrad Johnson, ein billeg og tilårskomen SACD-spelar frå Marantz, og ein effektforsterkar til ca 1/20 av prisen til høgtalarne er forbetringspotensialet ekstremt stort, og gg veit  det vil komme stunder der eg prøver ulike forsterkarar å drive dei med. Snarvegen, den som går rett til mbl-elektronikk, er trygg, men svinedyr, og skal ein ha ambisjonar om å skrive om hifi er ein slik strategi litt feig. Det finnest så mykje spennande og ambisiøst på marknaden, også forsterkarar på ein tre-fire hundre Watt eller meir, og med stålkontroll på det meste. Rett nok tykkjer eg at Coplanden gjer jobben absolutt tilfredsstillande, men tenk kor moro det hadde vore å finne ein ukjend, relativt rimeleg forsterkarpakke som gjer jobben endå betre. Så no gjeld det å spele inn alle godsakene, slik at ein kan bestemme seg for kor gode dei eigentleg er, og komme i gong med å bruke det til å utforske dei potensielle forbetringane ved å sette dei saman med andre komponentar.

Her har vi det gøy!

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.