torsdag, 17 februar 2005 23:00

Ein audiofil på nye jaktmarker – Arve & heimekino

Skrevet av

Som familiefar, men også som representant for klassisk to-kanals konservative (eller kanskje heller fundamentalistiske) audiofile, har Arve ei stor utfordring: å bygge opp heimekino i huset. Kan slikt gå bra? Kan det bli fornuftige kompromiss og likevel godt resultat?

Her er artikkel 1 om emnet...

 

 

Av Arve Åheim 18.02.05                                                        

Eg har aldri vore heilt fornøgd med surroundlyd. Sjølv svært påkosta anlegg gjev                               Er det slik vi vil ha det?
meg ikkje den realismen i lyden eg normalt får gjennom to kanalar. Og dessutan
er det skrekkeleg dyrt med fem kanalar, dersom dei skal vere like påkosta som mine vanlege to.

Det mest interessante av slik meir-enn-stereolyd eg har høyrt, er quadrofoniinnspelingar på 70-talet, men heller ikkje dette var overtydande når det kom til realistisk lyd. Det er heller ikkje særleg aktuelt i dag, då heimekino er det opplagde bruksområdet. I ein slik setting vil eg lettare distraherast av synsintrykka, og vere meir tilgjevande med lydrepoduksjonen (iallfall om filmen er god). På messebesøk på Lyd og Bilde-messa i Oslo fekk både min betre halvdel og eg skikkeleg innføring i potensialet i heimekino. Heimekino er difor under vurdering, og opphavet til denne artikkelen.

Lokalisering av heimekinoen
Gjennom iherdig innsats i alle år, har eg greidd å unngå TV og hifianlegg i same rom. Etter mitt syn er TV noko av det mest øydeleggjande du kan ha i eit rom der du vil spele musikk. Den einaste fornuftige plasseringa er midt mellom høgtalarane, og dette fører automatisk til dårleg romoppleving. TV-en verkar også inn på lyden på andre måtar, men det aller verste er at musikkanlegget vert okkupert av TV-sjåarane. Ein familie på 5 har eit betydeleg TV-behov, og det ville ikkje vore mykje tid att til musikk om eg måtte vente med dette til etter barneTV og sportsendingar. Fyrste føresetnad for heimekino må altså vere at denne skal plasserast utanfor daglegstova (lytterom nr 1 her i huset - ommøblering av dette er utenkjeleg, sjå foto) TV er alt plassert i eit eige rom (lytterom nr 4), men dette er asymmetrisk, langt og smalt, og for lite til at meir enn 3 - 4 personar kan sjå TV samstundes, dessutan eignar det seg dårleg til lydformål. Det vert difor glasverandaen (lytterom nr 2) som må brukast. Dette rommet tener mange funksjonar i huset, og eit anlegg må ikkje vere i vegen for hobbyar og sosiale aktivitetar som dartspel, måltid og bursdagsfeiringar. Rommet er ca 6x4meter og stort nok, men langt frå ideelt. Som glasveranda består tre av veggane stort sett av vindauge. Her er mykje blomstrar både om sommaren og i vinteropplag, og det er ein god del temperatursvingingar. Akustisk sett er rommet likevel forbausande bra, og det er forbausande enkelt å få til god lyd, kanskje på grunn av den store takhøgda. Dette gjer at eg er optimistisk med tanke på å få bra lyd i rommet, sjølv om anlegget må fjernast frå golvet og hengast på veggane.  




To foto frå lytterom nr 2. Til venstre ser du plassering av det 2,33 m breie lerretet. Bak lerretet er store vindauge.





Midt på veggen er eit dartspel, og rommet er familiens allrom, svært mykje brukt, bortsett frå kaldaste vinteren. Til høgre ser du motståande vegg der prosjektørane plasserast i trappa, tett ved sida av den beste sitjeplassen.

Kva slags lyd?
Det er ynskjeleg med eit lydanlegg som kan dekke andre behov enn det som går til kino. Tilgang på radio hadde vore fint, og pappa ville også gjerne kunne lytte til SACD fleirkanalslyd utan at dette skal medføre større utgifter. Funksjonell møblering og Mamma sine krav til diskret plassering har likevel høgste prioritet. Gjerne veggplasserte høgtalarar som kan levere god lyd for minst 5 sitteplassar, og apparatur som består av så få og så små boksar som råd. Ei umuleg oppgåve? Kanskje, men så lenge pappa har eit ord med i laget, skal lyden ikkje vere håplaus. Løysinga skal vere meir enn god nok til å leve med for ein audiofil, sjølv om to-kanals lyd også er innan rekkevidde i naborommet. Sannsynlegvis vil ikkje dei ferdige pakkeløysingane i den rimelege prisklassen halde mål. Definitivt ikkje dei aller minste subwooferane. Eitt av dei meir alvorlege problema med surroundlyd er overgangen mellom subben og dei andre høgtalarane. Og vi skal ikkje ha meir enn ein sub. Konstruksjonsproblema er dei same som med to kanalar. Det er ynskjeleg med små anlegg. Men små høgtalarar kan ikkje flytte mykje luft. Difor må subben ta seg av også det øvre bassområdet, der øyret er godt retningsbestemt. Dette grautar lyden. Freistinga vert også stor til å lage små subwooferar, som ikkje akkurat vert subb, når frekvensomfanget ikkje går djupare enn 40 Hz. Ein relativt skikkeleg subb er då ynskjeleg, og konsekvensen er at hovudhøgtalarane må klare å ta seg av frekvensområdet nedover til iallfall rundt 70 Hz. Finnest det slikt som passar til å henge på veggen, og som spreier lyden til også dei som ikkje er plasserte i sweetspot? Litt av ei utfordring!

TV eller prosjektør?
Ein tradisjonell TV er ikkje aktuell løysing. Så langt har eg heller ikkje funne TV av noko slag fullverdig til heimekino. Sjølv om dei er gode, kan ikkje dei største plasmaskjermane samanliknast med kino, det vert noko anna - nemleg TV. Godt til Dagsrevy og Barne-TV, men altså ikkje kino. I mitt tilfeelt tek TV-apparart dessutan for stor plas i rommet, og ein skjerm må eventuelt hengast på veggen, noko som på grunn av dei store vindaugsflatene ikkje er lett å få til med fornuftig plassering. Dessutan kostar store skjermar ganske mykje. Eit lerret og ein prosjektør vert faktisk rimelegare. Og så lenge rommet er mørkt nok, vil dette gje langt betre kinooppleving enn ein TV, same kor god denne er. Problemet vil vere når sommaren kjem, og det vert uråd å blende av glasverandaen skikkeleg – men vil vi sjå film om sommaren? Uansett: det spørs om det ikkje er behov for ein relativt lyskraftig prosjektør. Plassering av prosjektøren må også kunne gjerast fornuftig – eit opphengingssystem frå taket vil gjere at det ikkje er så lett å fjerne prosjektøren frå rommet. Takhøgda er 3,8 meter på midten, så det passar ikkje særleg godt å henge denne i taket. Det ideelle er plassering i trappa, men då vert han ståande asymmetrisk, dersom lerretet vert plassert midt på langveggen. Heng lerretet her, vil det også fungere som rullegardin, og blende av ein god del av lyset. Vanleg keystone-funksjon vil ikkje løyse problemet med asymmetrisk plassering, men det skal finnast prosjektørar som kan kompensere for dette.Når det gjeld lerret, er det mange råd å få. To med ganske motsatt forteikn:
1. Sidan det er så lyst i glasverandaen din, bør lerretet vere lyshevande, slik at du får mest mogleg lysstyrke ut av prosjektøren du brukar.
2. Sidan det er så lyst i glasverandaen din, bør lerretet reflektere ca 80% av lyset. Uønska strølys vil verte like mykje heva som lyset frå prosjektøren.
Finn heller ein lyssterk prosjektør.Livet skal ikkje vere enkelt....

Om kabel:
Okei, eg må innrømme at kablar verkar ein god del inn på lyden. Likevel trur eg dette ikkje er avgjerande på det kvalitetsnivået eg legg meg på her. Kompromissa i anlegg og plasseringa av dette, er likevel såpass omfattande at det ikkje verkar fornuftig å bruke mykje pengar på kabel. Men det hadde vore greitt å ha skjult opplegg. Heldigvis er det aktuelle rommet tilpassa dette, og eige røropplegg var påtenkt før vegg- og takplater vart spikra på. Til bakhøgtalarane må eit strekk vere over 10 meter, så kabelen må iallfall vere 1,5 kvadrat, sjølv om bakhøgtalarar ikkje skal formidle all verdas detaljrikdom i lyden.

Økonomi
Sjølvsagt ynskjer både mamma og pappa at heimekinoen ikkje skal gå ut over andre prioriterte investeringar i familien. Det er dyrt å halde 5 personar på det høge økonomiske aktivitetsnivået som krevst i dag. Men det er ikkje realistisk å lage eit slikt oppsett vi ynskjer heilt gratis heller. Som eit absolutt maksimum vart vi einige om eit budsjett på 40 000, men då vil vi i dette også legge inn filmutgiftene – altså vert det meir film til meir vi sparar.

Eit ikkje uvesentleg kostnadsmoment er levetid og pris på prosjektorpære. Rykta går om slike til over 5000 kr. Slikt kan vi ikkje ha, og det vert brukt litt tid på å finne ein prosjektør som brukar rimelege pærer.

Budsjett:

Elektronikk:                12 000
Høgtalarar:                 10 000
Prosjektør:                 15 000
Lerret:                        5 000                                
Kabling:                      3 000                                              
Totalt:                        45 000

...og kan vi komme under dette, er det meir pengar til filmar og anna moro!

Neste heimekinoartikkel: Prosjektøralternativa.

Lest 5836 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.