onsdag, 31 desember 2003 23:00

Mirage Omni -lettplassert og rundstrålande

Skrevet av

Eitt av kvalitetskriteria mange går etter er LETTPLASSERT. Det mest lettplasserte eg veit, men også diskutabelt vellukka ut frå eit hifi-perspektiv, er høgtalarar som er designa for å henge på veggen. Omnisat frå Mirage er eit konsept som er utvikla for å klare mellom anna dette.

 

 


Av Arve Åheim

 

Omni-prinsippet til Mirage er eigentleg ganske enkelt og greitt. Høgtalarane er plasserte på toppen av høgtalaren og spelar opp mot ei kjegleforma greie som reflekterer lyden, og spreier dette ut i rommet, i 270 grader av horisonten, men slik at mest lyd kjem i fronten av høgtalaren, med gradvis mindre lyd på flankane. Mirage lagar både større konstruksjonar og mindre satelittar på dette prinsippet, og satsar mykje på rimelege, designmessig tiltalande og framfor alt lettplasserte høgtalarar. Dei har tydelegvis gått bort frå dei store konstruksjonane dei hadde stort hell med på 80- og 90-talet, som eigentleg var stikk motsette. Mellom dei beste høgtalarane som var å oppdrive (frå audiofil synsstad betre enn Omni-høgtalarane), men dyre, mannshøge, tungdrivne beist som stilte ekstreme krav til rommet og plassering minst ein meter frå alle veggar. Gamle M1 og M3  (den fyrste har eg aldri høyrt, men denne var rekna for mellom det absolutt beste som fanst på starten av 90-talet) vil nok også i dag kunne sjokkere med sine kvalitetar.

 

 

 

 

 

 

Nano og Omnisat. Vi ser den relativt enkle utforminga, eit diskantelement plassert  på "spreielinsa" over mellomtoneelementet, og ei ny "spreielinse" over denne igjen. Og det fungerer forbløffande godt.

Sjølv om ein gammal stereofundamentalist kan verte sentimental når ein ser i kva retning denne fordoms high-end-høgtalarprodusenten no går i, får det ikkje hjelpe. Mirage sel mange gonger meir høgtalarar no enn for 15 år sidan, og eg på mi side har behov for noko som kan henge på veggen. Det skal ikkje ta opp mykje golvplass, men likevel yte topp filmlyd, og 80 - 90% av den godlyden eg er vant til frå stereoanlegget i lytterom nr 1. Dessutan er eg ikkje interessert i å betale dyre domar for dette. Det var difor svært interessert å sjå at Mono no sel ein pakke med subwoofer og 5 av dei minste satelitthøgtalarane NANOSAT for 8000 kr. Går det an å få brukbare resultat med noko sånt?

Dei små nano (Nano er mindre enn mikro, ikkje sant?) er så små at eg vert svært skeptisk i utgangspunktet. Assosiasjonane til ein halv liters fløytepakke er store, og eit kabinettvolum på knappe literen kan ikkje gå særleg djupt i frekvensane.  Elles er høgtalarane svært godt designa ut frå utsjånad, med høgtalargitter som vert helde på plass av magnetar.

 

Stereolyd.

Eg prøvde fyrst Nano som eit satellitt stereosystem, der eg eksperimenterte ein god del med delefrekvens og fase. Det mest opplyftande var at plasseringsforenklinga innfridde forventningane. Det var råd å få ganske god stereolyd ved hjelp av plassering heilt inntil bakveggen, og faktisk var det lite å hente på å arbeide med tradisjonell, optimal plassering på stativ litt ut frå bakvegg. Omni-prinsippet verkar! Spreiinga av lyden over minst halve horisonten, gjer at du får same lydbiletet nesten uansett høgtalarplassering. Og du skal stresse med høgtalarane ganske langt ut til sidene før du får hol i midten og ”ping pong”-lyd. Dessutan har høgda over golvet uvanleg lite innverknad, så skilnaden frå nesten golvplassering til midt på veggen er nesten berre eit spørsmål om litt auke i trykket i botnfrekvensen. Omgjevnadane verkar inn også på Nanosat, men nesten ikkje på perspektivet. Dette er ein av dei mest lettplasserte høgtalarar eg har prøvd.

Men ein høgtalar som kostar så lite som dette må vel ha sine svake sider? Sjølvsagt. Åleine spelar Nanosat nesten ikkje noko som liknar på bass. Når dei brukast som stereohøgtalarar saman med subben, vert det for lite nivå i området 70 – 120 Hz. Du kompenserer dette ved å skru opp delefrekvensen til subben. Til filmbruk er ikkje dette så ille,  men til stereo/audiofilt bruk går det ut over den elles gode opplevinga av lydbiletet, for når du har litt avstand mellom satelittane, plasserer subben i midten og deler høgt oppe, vert det tydeleg tre lydkjelder – subben vert lett å kjenne att når han speler så høgt i frekvens. Min gamle sub gjorde dette litt betre, sidan lyden gjekk til begge sider, er det vanskelegare å retningsbestemme lyden frå denne. To subbar ville nok løyst dette problemet, men så var det dette med pengane, då...

I motsetnad til gamle M3 tek ikkje Nanosat mål av seg til å gjenskape fullstendig det rom og dei perspektiv som finnest på gode opptak. I staden skapar dei i stor grad sitt eige ”Mirage-rom”. Andre rundstråle-høgtalarar har også ein akustisk signatur, gjerne i større grad enn Nanosat, men dei eignar seg altså ikkje som analysereiskap for hifi-skribentar. Prisen åleine tilseier då heller ikkje at dette er intensjonen med desse produkta. Likevel er det interessant at det er tilgjengeleg høgtalarar med slike perspektiveigenskapar til ein pris på rundt 1000 kr/stk. Trass alt er ingen høgtalarar fullstendig perspektivnøytrale, same kor dyre dei er.

Endeleg har Nanosat ei klangbalanse som ikkje er nøytral, men hallar mot det lyse, og er dynamisk heller forsiktig. I praksis er ikkje dette noko problem, då dei færraste kjøper Nanosat utan subwoofer. Omni-konseptet har dessutan ein betoning av toppoktavane som ikkje på langt nær er like nøytralt som gamle M 3 frå same produsent. Sjølv om spreiinga av frekvensområdet 1-8 kHz må seiast å vere nesten eineståande god, fargar desse små høgtalarane lyden på ein måte som ikkje gjev full utklinging. Men eg kjenner ikkje til andre høgtalarar i same prisklasse som gjer dette heller, så det er ganske urimeleg å forvente slikt. Det er spreiinga av alle frekvensar som er Omni og Nano sin store styrke, og dette er ein eigenskap mange vil ha bruk for, både i hifisamanheng og til heimekino.

Stereo oppgradering frå Nanosat til Omnisat.

Då Mirage i alt har tre Omnisat-modellar, ville eg også prøve den over dobbelt så store og meir enn dobbelt så dyre standardversjonen. Med vesentleg større kabinett vert det plass til større element, og det er grunn til å auke forventningane om betre hifi-eigenskapar. På same måte som Nano, hadde Omni eit lydbilete som ikkje harmonerte heilt med det innspelte, og det var mykje godt dei same eigenskapane rundt dette. Diskanten hadde også ein ganske lik tonalkarakter som dei minste utgåvene. Men Omnisat har eit langt betre grep om nedre mellomtone/øvre bassområde, og passar saman med ein Nanosub som hand i hanske. Også åleine har storebror langt meir truverdig dynamikk, og bit for bit er Omni ein vesentleg betre stereohøgtalar enn Nano. Eg har ingen problem med å gå god for Omnisat, og det einaste atterhaldet eg vil komme med, er om du føler deg komfortabel med det litt spesielle lydbiletet dei formidlar, spesielt ved plassering i bokhylle eller ved loddrett veggplassering. Får du dei opp på pidestallar, er lydbildet langt meir naturleg (mine var 75 cm høge). I utgangspunktet er dette svært lettplasserte høgtalarar som leverer 90% tilfredsstillande lydbilde i utruleg mange samanhengar, noko som slett ikkje er sjølvsagt for så gode høgtalarar. Omnisat er ikkje fullt så enkle å ha med å gjere som Nanosat når det gjeld avstand frå golv og veggflater. Dynamikk i øvre bassområde/nedre mellomtone tapar seg noko om du monterer dei høgt på veggen. Du skal ikkje vere så veldig lei deg for dette, for mitt inntrykk er at dette berre er ein konsekvens av at Omnisat er ein totalt betre høgtalar.

Surroundpakken Nanosat.

Dersom Nanosat-pakken kan fungere tilfredsstillande til mitt kinobehov, vil eg sleppe unna med ein kostnad på 8000 kr til høgtalarar komplett. Det finnest nok billegare sett, men vil eg då kunne henge høgtalarane greitt og lettvint på veggen? Og er Nanosat godt nok til å spele multikanalsopptaka mine på SACD?

Mitt lytterom nr 2 er slik at eg ynskjer å plassere lerretet på langveggen, medan publikum plasserast langs den andre langveggen. Familien er på 5, og med gjester er det greitt at lyden spreier seg slik at flest mogleg har akseptabel lyd, i staden for som i lytterom nr 1, der ein person har perfekt lyd, og dei andre må nøye seg med langt mindre del av den fullkomne lytteoppleving.  Det er også ein fordel om ein kan ha lyd som er akseptabel (iallfall ikkje irriterande) som bakgrunnsmusikk når det spelast dart eller vi driv andre aktivitetar der plassering i lytteposisjon ikkje er naturleg.

Eg starta med plassering av bakhøgtalarane. I staden for å sette desse heilt i hjørnet, hengde eg dei ca 20 cm frå bakveggen, men i ei høgd på 210 cm over golvet.  Dei vert då om lag på ei linje som også går gjennom fire av lytteposisjonane. Senterhøgtalaren vart naturleg nok plassert rett under lerretet, medan hovudhøgtalarane stod i same plan, ein på kvar side av lerretet.

Oppgradering med 2 stk Omnisat.

Ein av fleirkanalslyden sine mange ambivalensar er effekten av senterkanalen.  På den eine sida er senterkanal svært positivt, ja, eigentleg heilt påkravd når fleire skal sjå film. Men når eg får sette meg i senterposisjon opplever eg på svært mange opptak at lydbilde, dynamikk og alt som har med presisjon å gjere vert mykje betre med berre fire kanalar…kanskje eit utslag av mitt tokanals fundamentalistiske utgangspunkt, men likevel….

Ved å skifte ut hovudhøgtalarane med dei mykje større Omnisat, og køyre 4 kanals oppsett, vart det mykje betre kvalitet over lyden på svært mange måtar. For det fyrste gjer Omnisat sitt større frekvensregister det lettare å redusere delefrekvensen til subwoofaren. Dette fører igjen til betre klang og dynamikk, og romopplevinga vert svært mykje betre. For ikkje å snakke om kor mykje meir audiofilt systemet vert ved tokanalslyd med sub.

No seiest det at senterhøgtalaren er den viktigaste for kinolyden, fordi mesteparten av lyden kjem derifrå. Eg prøvde difor med ein Omnisat som senterhøgtalar, men dette gav ikkje meirsmak etter bruken av ”store” hovudhøgtalarar. Det greiaste  ville vore å bruke tre stk Omni, og Nano berre som bakhøgtalarar, men dette hadde eg ikkje høve til å prøve ut. Elles aukar prisen frå 8 til godt 12 tusenlappar om dette vert løysinga. Det gjev mindre kronasje att til elektronikk.

 

Bruk av subwoofer.

Eg har ein noko eldre Mirage subwoofer frå slutten av 90-talet. Det fine med denne var at han sendte lyden til sidene, noko som gjorde han svært usynleg i lydbildet, sjølv med relativt høg delefrekvens.  Nano-suben har noko av det same over seg, truleg på grunn av ein slavebass som fyrer mot golvet. Dette er ikkje dumt, for her har Mirage sikra seg ein konstant avstand til golvet, og subben oppfører seg relativt konstant, om enn ikkje med same tyngde i det aller nedste som den eldre modellen, men så er volum og pris om lag halvparten av det denne utgåande modellen har. Subwoofaren Nano er ein liten sak som gjer ein framifrå jobb til rundt 3000 kr, både til heimekino og til stereobruk. Men forvent ikkje same kontante stopp og autoritet som det servostyrte subbar til firedobbel pris og oppover kan levere. Spelar du skikkeleg høgt, får han ein tendens til å rumle litt – uvesentleg til kinobruk, men viktig å ta med i vurderinga om du tenkjer audiofilt. Men som vanleg: skal du ha det betre, må det brukast meir pengar.

 

Nanosub er ikkje store karen, og imponerer ut frå storleiken.

Basselementet er retta mot golvet, og sikrar lik avstand til dette. Kanskje forklarer dette kor lettplassert denne konstruksjonen er?

Tilkoblingar frå både forforsterkar og for høgtalarterminalar (eg prøvde ikkje ut dette denne gongen, men har fordomar mot ei slik naudløysing. Bruk heller forforsterkarutgangen). Og justeringar for fase, volum og delefrekvens. Ein liten vendar som bestemmer om du vil ha automatisk påslåing, eller gjere jobben manuelt.

 

 

Konklusjon:

Mirage sine Nanosat høgtalarar er unike når det gjeld å vere plasseringsvenlege, og det til ein pris som er utruleg lav. Desse knøtta har sjølvsagt sine frekvensmessige avgrensingar, men dei vil fungere svært godt dersom du er på jakt etter lettplasserte surroundhøgtalarar, og dei kan endå til fungere brukbart som satelittar i stereooppsett saman med den tilpassa subben i ikkje alt for store rom, om du ikkje forventar dei heilt kraftige lydtrykka, og kan leve med lyd som er litt forsiktig i øvre bass/nedre mellomtone. S tiller du større krav til lydattgjevinga, er det fornuftig å sjå nærare på Omnisat, som klarar frekvensane betre, og har større dynamisk spelerom, samstundes som dei er nesten like plasseringsvenlege som dei små slektningane sine. Sjølv om dei er dyrare, får du att for pengane i auka lydkvalitet. Eg kjenner ingen alternativ til Mirage Omni-systema ut frå pris og perspektiveigenskapar.

Nanosub er ein solid sub til prisen, og står som eit fornuftig val, spesielt til filmbruk. Såleis ser eg på det komplette settet saman med 5 stk Nanosat som eit svært godt kjøp.

 

Pris: Eit sett på 5 stk Nanosat + sub:     8000 kr.

Omnisat: 2550kr/stk

Importør: www.mono.no

Produsent: www.mirage.com

Lest 7688 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.