tirsdag, 28 februar 2006 23:00

Dynavector DV10x5

Skrevet av

For å kunne gjere rettferdige vurderingar av vinylmediet, er det viktig å ha ei fornuftig referanse. Når valet fell på den rimelegaste pickupen frå Dynavector, er det kanskje overraskande. Men her er altså omtale + tankar rundt valet av akkurat denne pickupen.

 

 

Av Arve Åheim mars 2006

Jakt på referanse

Mange vil vel hevde at ei referanse bør vere det best oppnåelege produkt som er tilgjengeleg. Dette er eg ikkje utan vidare einig i, då det finnest så mange svært gode, men akk så kostbare produkt innan dei fleste kategoriar. Vitsen med referanse, er å ha eit ”fast punkt” som liknande komponentar kan samanliknast opp imot. Er dette for dyrt og eksotisk, vil det etter mitt syn vere ei dårleg referanse, sjølv om kvaliteten til det dyraste oftast vil gjere det til beste analysereiskap. 

Å bestemme seg for eit referanseprodukt byr alltid på utfordringar. Og kanskje spesielt når det gjeld ein pickup i dag. Det finnest utruleg mange gode pickupar på marknaden. Beklagelegvis er det slik her som på andre felt – kvalitet og pris heng oftast tett saman. I større grad enn på andre hifiprodukt må det her takast omsyn til resten av utstyret. Ein vinylrigg beståande av absolutt topprodukt treng ikkje alltid forløyse det fulle potensialet til pickup, arm, drivverk og phonoforsterkar (riaa). Ting må passe saman. Og dette er ei utfordring som det bør brukast mykje tid på.

Men likevel er mi vurdering at det viktigaste momentet er val av pickup. Her, ved overføringa av rillesporet til elektrisk signal, skjer det avgjerande, og alt må gå rett for seg. Pickupen må gjere jobben på ein korrekt måte. Så kjem dette subjektive, at lydresultatet er i pakt med musikksmaken til eigaren. I eit anlegg der vinyl er signalkjelda er dette nesten like viktig som høgtalarane, for pickupen verkar sterkt inn på totalresultatet, i motsetnad til signalkjelda i eit digitalt basert anlegg. Ein CD-spelar har etter mitt syn ikkje større relativ innverknad på totalresultatet enn forsterkaren.

MM eller MC? Tradisjonelt spørsmål om riaa – eller?

Denne problemstillinga er vanskeleg og ein må vere forsiktig med å gje råd. Dei færraste ekspeditørar i hifi-forretningane har særleg kompetanse på feltet, så har du ikkje erfaring sjølv, slepp du ikkje utanom å oppsøkje entusiastane. Fordi mange entusiastar har sterke, emosjonelle meiningar om prinsippa, og at det er vanskeleg å vurdere kvaliteten i dei velmeinte råda, har du ei utfordring framfor deg. (for all del, eg er sjølv ein entusiast)

Pickupen sin jobb er ganske enkelt å fylgje sporet graveringsnåla har laga, og bli sett i rørsle av denne. Denne rørsla vert omsatt til elektrisk energi ved at det vert indusert straum i ein spole (coil) av ein magnet. Det er to måtar å gjere dette på, anten sette magneten til å røyre seg i spolen, (moving magnet – MM) eller å få spolen til å røyre seg rundt magneten (moving coil – MC).

Dersom det er magneten som røyrer seg, er det snakk om ein relativt tung konstruksjon, noko som i seg sjølv ikkje er optimalt. Til gjengjeld er det lett å få eit ganske kraftig signal ut av pickupen (nesten alltid over 1 -2, og gjerne opp til 6 - 7 mV). Er det spolen som røyrer seg, får ein mindre effektiv masse, men signalet kan verte mykje svakare (heilt ned i 0,02 mV, men typisk rundt 0,4 mV), og vi vil trenge ekstra forsterkning. I tillegg er det oftast behov for lågare impedanse på inngangen. Her skal vi altså velje ein pickup som referanse, noko som også medfører at vi vel bort anten MM eller MC.

Eg tykkjer det er lurt å ha eit avslappa forhold til dette med prinsippa, du må finne ut kva som fungerer i ditt tilfelle. Men ikkje desto mindre har mine erfaringar dei siste 28 åra vore at MC-pickupar har gjeve best resultat ut frå mine oppsett, min musikksmak og mine krav til anlegget.

Dei har mest forfina og oppløyst lyd, kanskje på grunn av at det er mindre masse som skal røyre på seg, slik at transientar og dynamiske nyansar kjem lettare igjennom utan farging. Men det finnest mange som held seg til MM, både på grunn av personleg smak, og på grunn av at det er større utval av riaa-forsterkar til pickupar med ”kraftig” utgangssignal. No må det nemnast at induktansen i MM er ganske mykje høgare enn i MC, slik at kablane må ha rett induktans for at frekvensgangen skal vere rett. Med all den kabling og alle dei ulike riaa-trinn som finnest, vert i praksis MM-pickupar meir farga av dette. I det store og heile er signala ut frå pickupar så lågt at kabel vert svært viktig, mykje viktigare enn andre stadar i anlegget. Og her er det ikkje noko poeng å diskutere om kablane er viktige – kablane mellom platespelar og riaa er svært enkelt å høyre skilnad på.

Det vert hevda at MM-design ofte prøvar å kompensere for dette ved å lage mekaniske resonansar, krevje spesielle armar m.m., noko som også er å tilføre og farge lyden – og det er vel ikkje rett for eit referanseprodukt? Men når alt kokar ned til kva du har i anlegget ditt, er det til sist alltid eit spørsmål om smak, og eg vil absolutt ikkje diktere nokon på dette feltet.

Det gode kompromisset

Ettersom det har kome betre magnetmateriale og auka kompetanse rundt desse tinga, har det etter kvart dukka opp MC-pickupar med høgt utgangssignal, såkalla hi-output MC. Desse vert oftast designa slik at dei passar i ein vanleg 47kOhm MM phonoinngang. Du kan altså bruke dei rett inn i phonoinngangen på forforsterkaren, uansett kvalitet. Relativt få, og berre kostbare forforsterkarar har variabel MC-inngang, men så sant du har riaa, er det også ein 47kOhm inngang.

Sjølv sit eg på ein ARC SP 10 forforsterkar frå 1987 som referanse. Eg har ikkje funne det fornuftig å bytte ut denne, som kan ta alt av pickupar som leverer meir enn 0,3 mV. Det er dei aller færraste som har slikt i heimen, så etter nøye vurdering har eg kome fram til at mi nye pickupreferanse må vere ein ”kompromisspickup”, som kan brukast til å vurdere kvaliteten på alle forsterkarprodusentar som er omsorgsfulle nok til å levere eigen phonoinngang på forforsterkarane sine.

Alternativet er altså å bruke ein vanleg MM-pickup. Her er min gamle AudioTechnica ML170 min favoritt, men stiften er utslitt, og pickupen ikkje i handelen lenger. Så har vi alltid den utmerka Shure V15mkII, men denne gjekk ut av produksjon på midten av 70-talet. Den er også svært krevjande til arm, og er etter kvart ikkje passande som referanse.

Arm-problematikk

Som sagt krev pickupen også at du tek omsyn til spesielt armen. Det teoretiske grunnlaget er at den samla massen av pickup og arm skal ha ein eigenresonnans som passar saman med kor stiv pickupen er. Dette uttrykkjast i komplianse.

Enkelt kan vi seie at ein ”stiv” pickup med komplianse på berre 4 – 5, krev at du har ein svinetung arm, i tillegg til dei gramma pickupen veg. Slike ekstrempickupar treng gjerne høgt stifftrykk, har dårleg kanalseparasjon, og kan låte merkeleg om dei ikkje har optimale arbeidstilhøve.

Ein ”mjuk” pickup med komplianse på 25 og oppover, er ei kjempeutfordring, fordi det krev at arm+ pickup berre er nokre få gram til saman. Skrekkdømet er gamle AKG P8ES. Med ei vekt på over 5 gram for pickupen åleine, vil du med verdas lettaste arm (Infinity Black Widow på 3 gram), få ein eigenresonnans på rundt 8 Hz. Skal du komme opp i dei ynskjelege 10 – 12 Hz, må du spele utan arm…..

Eg ynskjer at ein referansepickup skal kunne gå i eitt fleirtal av moderne armar. Dei mest utbreidde for tida, er nok Rega RB 250 – 300, med ei masse på 10-11 gram. I denne vektklassen finn du også mange andre gode armar, mellom anna den verdberømte SME V, av mange vurdert som ein av verdas beste, (dessutan har min Linn Akito effektiv masse på 10 g, noko som eg sjølvsagt må ta omsyn til).

Ein annan sak, er at sjølv om eigenresonnansar på arm/pickupkombinasjonar er heilt etter boka, så vert ikkje alltid lyden optimal likevel. Eit døme her er bruken av Denon DL 103D pickup på Rega og Akito. Dette funkar ikkje særleg godt, sjølv om eigenresonnansen altså vert ganske optimale 11 Hz. (Einaste Denon eg kjenner til som funkar i desse armane, er DL 160, og det er ikkje fullkome, det heller). Men i SME V fungerer dei svært bra. Altså er det andre, ukjente faktorar som påverkar totalresultatet. Men når eg går for å skaffe ei referanse, bør eg nok legge meg på ein komplianse på rundt 12. Med ei pickupvekt på 4 – 8 gram, vil då eigenresonnansen vere ganske optimal rundt 11-12 Hz.

Drivverket

Dette verkar inn på totalresultatet på fleire måtar, men her nemner eg berre at drivverket ikkje må slå inn på pickupsignalet. Dette skjer sjeldan med moderne motorar, så dei færraste pickupar har problem med dette. Min Linn Sondek LP12 frå 1997 er ein glimrande spelar som truleg er velkjend for dei fleste, så i referansesamanheng skulle denne eigne seg.

 

På leit

Ein god stad å leite etter pickupopplysningar, er http://www.cartridgedb.com/. Her finn du nesten alt du kan drøyme om, (og ein god del meir), så eg har gått gjennom denne for å finne fornuftige val.

Det er ikkje mange MC-pickupar som leverer over 1 – 2 mV. Og endå færre er importert hit til landet. Det heile kokar ned til eit overkomeleg knippe:

Benz Micro Glider er eit alternativ som leverer 1 mV, og har ein komplianse på 15. Denne opplever eg som litt for fokusert på mellomtonen, og kanskje litt for lite nøye med detaljane. Når du har høyrt kvaliteten av dei litt betre variantane (med høgre pris og lågare output), finn eg det ikkje naturleg å gå for denne som referanse.

 

Van den Hul har fleire hi-output MC-pickupar som kunne fungert bra, og som har tilrådd armvekt rundt 10 g. Men prisen er ganske høg for dei aktuelle med kraftig nok signal til å gå inn i vanleg phonoinngang, godt over 10 kkr. Sjølv om pickupar i dette segmentet har glimrande lydkvalitet, og ganske sikkert er overlegne det meste av andre hi-output-MC, eg trur ingen lagar betre hi-output-MC-pickupar enn Van den Hul, må eg ut frå prisen vurdere desse som ikkje så ”fornuftige” som det eg treng som alternativ til referanse.

Clearaudio Victory er litt for krevjande til armen til å verte vurdert her. I den lette, billegaste tangentialarmen frå same produsent, vil den kanskje vere eit alternativ, men også ”ufornuftig” som VdH prismessig…

Goldring Eroica

Til ein pris på 2395 frå Mono A/S, er dette absolutt ein ting å vurdere. Eg har difor bede om eit eksemplar til utprøving, og vi kjem attende til dette i ein seinare artikkel

Sumiko er ein erfaren, amerikansk pickupprodusent. I tillegg til nokre svært prisgunstige MM-pickupar og ein MC toppmodell med 0,5 mV output, har dei også nokre MC i hi-outpututgåve, Bluepoint, Bluepoint Special, og Blackbird. Desse er vel verd å vurdere, og eg lovar å komme attende til ein av desse.

Dynavector

Dynavector har to hi-output-modellar, og eg sjekkar her den rimelegaste DV10x5. Det tok ei stund å spele inn pickupen, det vil seie at eg måtte vente nokre platesider før eg følte at det ikkje var merkbare endringar frå gong til gong eg høyrde ei plateside. Eg tok ikkje tida, men etter om lag ein månads speling, der eg går ut frå at eg spelte ein time vinyl i gjennomsnitt, var det ikkje meir endring. Ikkje det at lyden ikkje var god før, men eg kunne ikkje ta til å beskrive pickupen før eg var sikker på at ting ikkje endra seg.

 

Fyrst klangkarakteren.

Det finnest svært få pickupar som kan seiast å vere fullstendig klangmessig nøytrale. Det einaste av dei eg har prøvd ut i eige anlegg som kan seiast å ha slike eigenskapar, er den skrekkeleg dyre Ortofon MC7500 med tilpassa trafoar i sølv, som også er ganske vanskeleg å få til utan at riggen elles også er svært påkosta. Eg veit ingen hi-output MC som gjer noko liknande. Heller ikkje DV10x5 er perfekt når det gjeld utklinginga i diskanten, og du kan ikkje rekne med den store oppløysinga som ein gjerne forventar i eit ekstremanlegg med elektrostatar eller banddiskantar av høg kvalitet. Likevel er dette bra, og du må vere meir bortskjemd enn meg når det gjeld oppløysing av øvre mellomtone og diskant for å rynke på nasen. Overlegen nesten alle MM-pickupar eg har fått sjansen til å samanlikne med, berre min gamle, AudioTechnica ML170 har vore tilsvarande oppløyst, men er til gjengjeld ei aning kvassare i klangen. DV10x5 er nok ein smule romantisk, utan at eg vil gå så langt at eg kallar han direkte varm i klangen. Den gamle Shure V15II er til dømes varmare. Mellomtonen på DV0x5 er fokusert, men ikkje direkte framheva. Dette frekvensområdet smeltar saman med øvre bassområde på ein nydeleg måte, som er så viktig for å verkeleg kunne nyte pop- og rockemusikk. Spesielt på opptak frå tida rundt digital opptaksteknikk gjorde sitt inntog for fullt, er dette skikkeleg bra. Jonas Field-platene ”The Tennesse Tapes” og ”Time and Motion” har så fin attgjeving av skarptromma at ein verkeleg kan fryde seg over musikken.  Moderne innspelingar av t.d. Leonard Cohen er også svært bra attgjeve, men er du oppteken av dei fyrste musikkinnspelingane som vart gjort digitalt, er DV10x5 eit spesielt godt val, i motsetnad til dei superoppløyste og fullstendig klangnøytrale MC-pickupane som i alt for stor grad fokuserer på dei svake sidene til desse opptaka.

Når det gjeld dei andre eigenskapane til DV10x5, er dette ein pickup som du etter kvart vert glad i. Meir forsiktig når det gjeld utklinginga av øvste diskant, og ikkje så klangmessig nøytral som dei beste utgåvene enn Denon DL103, likevel ikkje så langt unna. Dessutan med like god evne til å formidle variasjonar i dynamikken, og så er han ein draum for ein gammal rockebassist, og teiknar bassgitarlaup med tydeleg pensel. Også basstromme er heilt med, og det verkar som dei djupaste tonane kjem i gjennom på musikalsk og samstundes realistisk måte, om enn ikkje slik som dei aller råaste bassfantoma når dei er oppmonterte i super-riggar. Så er det dei gode tekniske sidene; pickupen går rett inn i ganske vanlege phonoinngangar utan avgrensingar. Eg har prøvd med både 1 kOhm og vanleg 47 kOhm, og må seie at sjølv om det er ein ørliten nyanseskilnad (som eg ikkje greier bestemme meg for kva som er best), oppfører pickupen seg eksemplarisk med begge lastar, så du treng ikkje vere redd for mismatch med ein vanleg MM-inngang på 47 kOhm. Arm er heller ikkje noko problem, både Rega-armane og min Akito går kjempebra, og det anar meg at DV10x5 heller ikkje vil gjere skam på resultatet med vesentleg dyrare armar i passande vektklasse. Sporar sine 80µ utan vanskar på tilrådd maksimum stittrykk, og klarer seg bra på relativt krevjande plater, sjølv om 1812-overtyra på Telarc sitt siste kanonskot sender han ut av rilla. Men dette er den mest brutale prøvelsen eg gjer med nye pickupar, og nesten ingen kjem frå dette med æra i behald. Evna til å skilje mindre dynamiske nyansar i musikken er langt viktigare enn å halde seg fast under slik pickuptortur, og det bør leggjast mykje meir vekt på korleis Sheffield sine direktegraverte plater vert avspelt. Her gjer den billegaste Dynavector ein flott jobb, spesielt med den viktige ”Track Record”.

Det aller siste som må nemnast, er perspektiveigenskapane. For meg er dette det som gjer ein hifikomponent til hi-end, og det som verkeleg kan syne kvalitetane med avspeling av vinyl kontra CD. Kopla med gode innspelingar og god dynamisk nyanseringsevne, er dette felt der digitale media verkeleg slit for å kunne måle seg, og eg trur ikkje det finnest mange CD-avspelande medium under 30 000 kr som er i stand til å måle seg med ein god vinylrigg når det gjeld denne eigenskapen. Og DV10x5 er i stand til å formidle eit djupt, detaljrikt lydbilde frå lokalet der gode innspelingar gjekk føre seg, når elektronikken er god nok. På dette feltet dankar han ut svært mange konkurrentar, også til høgre pris. Så om anlegget elles er godt nok, er dette ein av svært få rimelege signalkjelder der du kan glede deg over slike kvalitetar. Det er altså ein pickup som ikkje syner alle sine kvalitetar utan at elektronikk og høgtalarar er på eit visst kvalitetsnivå, men som ikkje skjemmer seg ut sjølv om arm og drivverk ikkje er av referansekvalitet. Slik tykkjer eg ei referanse bør vere.

Konklusjon:

Dynavector sin rimelegaste pickup sitt sterkaste kort er at det er ein uvanleg allsidig pickup, og passar utmerka som referanse. Riktig god klangbalanse, om enn ikkje den aller beste du kan få for pengar. Skal du ha det heilt nøytralt, har eg ikkje funne anna enn låg-output MC-pickupar og eit par usannsynleg dyre CD-spelarar som held mål. Men DV10x5 er godt oppløyst på detaljar, og har flott evne til å få med seg dynamiske nyansar i musikken på ein god måte. Når evna til å formidle tredimensjonalitet på gode innspelingar også er der, er dette musikalsk sett ein pickup det er lett å trivast med. Målet mitt var å finne ein pickup som ville passe som referanse, og som kunne brukast i svært mange oppsett. Sjølvsagt finnest betre ting, og har du råd, er det mykje å velje mellom både frå Dynavector og andre produsentar. Likevel er DV10x5 svært mykje for pengane, og er svært lett å ha med å gjere. Når det gjeld riaa- og forforsterkarar, er pickupen uvanleg enkel å ha med å gjere, men evnar også å strekkje seg til glimrande forforsterkarar som t.d. Rogue Metis. Dessutan passar han svært greitt inn både saman med ganske rimelege platespelarar og min relativt kostbare Linn Sondek LP 12. Denne pickupen er eit utmerka val i mellomprisklassen, og den perfekte plass å starte for dei som ynskjer gjennomgåande musikalitet og skikkeleg utteljing frå vinylmediet, men som ikkje er klare til å ta skrittet fullt ut med dei aller dyraste og mest krevjande pickupar, og utstyret dei krev for å fungere optimalt.

Data oppgjevne av produsent:

Type High output moving coil cartridge with flux damper and softened magnetism
Output Voltage 2.5mV (at 1KHz, 5cm/sec.)
Channel Separation 25 dB (at 1KHz)
Channel balance 1.0 dB (at 1KHz)
Frequency response 20 - 20,000Hz (± 2dB)
Compliance 12 x 10-6 cm/dyn
Tracking force 1.8 - 2.2 grams
DC resistance R=150 ohms
Recommended load
impedance
>1K ohms
Cantilever 6mm length aluminium pipe
Stylus Elliptical
Weight 6.6 grams

 

Pris: 3200 kr

Importør: www.planetsnapa.no

Lest 6702 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.