søndag oktober 13 , 2019
onsdag, 03 februar 2016 19:35

CES 2016 - Stig Arne si dagbok januar 2016

Skrevet av

 

 

CES 2016 CES

Consumers Electronics Show, vert arrangert kvart år i januar i Las Vegas, og er verdas største elektronikkmesse. Stig Inge Bjørge (varemerket Lyra), nordmann busett i Japan, har vitja messa praktisk tala kvart einaste år sidan 1986, og kan trygt seiast å vera veteran i så måte. Stig Inge er ein ivrig fotograf, han har teke ei rekkje bilete og sendte 111 av desse til meg via Dropbox, slik at eg skal få lov til å presentera nokre av dei for audiophile.no; med kommentarar. Stig Inge kan og fylgjast på fjesbokji (facebook), der han heiter Bjorge med “o".

 

 

Joe Harley syner fram Audioquest sitt nyaste produkt, Niagara 7000, ein avansert straumrensar (som Stig Inge meiner er banebytande i si produktgruppe), pris kring 8000 Dollar. Audioquest har elles ein liten dings som interesserer meg meir, avdi han er både mindre og billegare: Jitterbug, ikkje større enn ein minnepenn, og ganske lik den vetle DAC-en Dragonfly (som no er komen til tredje eller fjerde generasjon). Denne skal setjast inn i datamaskina sin USB-port, og skal ikkje koplast til noko som helst. Han seiest å forbetra lyden frå datamaskina  ved strøyming av t.d. Spotify ved å “fjerna parasittiske resonansar”. Eg innrømmer å vera skeptisk, men Stig Inge, som elskar dippeduttar, har sjølvsagt kjøpt seg ein slik, og eg satsar på å få låna han.

 

 

Joe Harley i sentrum, aktuell med ny-utgjevingar av jazzplater på vinyl, i tillegg til at han er ein av toppane hos Audioquest. Her er han omkransa av Ken Kessler til venstre og Michael Fremer til høgre, sistnemnde traff eg og Stig Inge i Munchen og. Ein artig kar og ein stor komikar (i tillegg til å skrive i nokre amerikanske audiolefser). Sjekk opp nettstaden hans som heiter www.analogplanet.com

 

 

Peter Noerbaek, grunnleggjaren av PBN Audio (høgtalarar som t.d. Montana), har ein tilleggslidenskap: Han samlar på Denon Drivverk, renoverar dei og lagar nye kabinett, og sel dei vidare med arm og pickup etter ynskje. Denne nydelege spelaren har ein Jelco 9-toms arm og Ortofon Cadenca pu.

 

 

Mange vil nok kjenna att denne platespelaren. Technics har laga ein heilt ny spelar kalla SL 1200, same som den ikoniske Technics modellen over mange ti-år, og som var standard arbeidshest i mange diskotek. Men tilnamnet “GAE” røper at det er snakk om noko nytt. Stig Inge seier at poenget er at ein ikkje skal lata seg lura av den klassiske utsjånaden, avdi dette verkeleg er ein heilt ny konstruksjon. Særskilt motoren, som er hjartet i ein platespelar.

(les og vår nyheitsartikkel om SL 1200)

 

 

Michael Fremer og Jonathan Carr, Stig Inge sin næraste medarbeidar, pickup- og forsterkar-konstruktøren hjå Lyra; i samtale med Technics-konstruktøren Koichi Miura om dei ulike detaljane i den nye platespelarkonstruksjonen, som t.d. den uvanleg store, kjerneløyse direktedrift-motoren, som historisk berre har vorte nytta i svært dyre studio-platespelarane. Den opprinnelege SL 1200 hadde ein vanleg, mykje mindre,  billegare direktedriftsmotor med kjerne.   

 

 

Luke Manley frå VTL styrer armen med ein Lyra Etna innover ein Spiral Groove Revolution platespelar. Forforsterkar VTL, naturlegvis.

 

 

VTL demonstrerte rør-elektronikken sin med Wilson Sabrina høgtalarar, ein modell Stig Inge har snusa på, og eg trur han har levert inn ein bestilling på eit par for personleg bruk.

 

 

Eg høyrde ein flott demonstrasjon av TAD sin litt større stativ-høgtalarar TAD Compact Evolution (med 18 cm basselement) på Munchen-messa, det let svært godt. Det same har Stig Inge erfart på CES, kor dei presenterte ein ny mindre modell (med 16 cm basselement). Stig Inge likte denne høgtalaren svært godt. Bassen vert slusa ut på sidene under dei dekorative side-panela, som kan tingast i alle slags variantar/tresortar. Dette er eit patentert system som fungerar godt (seier Stig Inge), men det er no uansett ein variant av bassreflekssystemet.

 

 

FLEIRE BILETE OG KOMMENTARAR I NESTE DAGBOK  

 

 

ØLSPALTEN

Stig Inge dominerar kraftig i denne utgåva av dagboka. Han har og levert inn eit bidrag til ølspalten. Han har, som Haugesundar, skrive det på bokmål, og det vert attgjeve slik i sin heilskap, so slepp eg arbeidet med å skriva det om. Dette for å demonstrera at eg ikkje er fanatikar. Eller berre lat.

"Min tyske venn Martina Schöner (Garrard 501 dama) sier at Reiheitsgebot https://en.m.wikipedia.org/wiki/Reinheitsgebot loven ble laget for å beskytte folkehelsen til det tyske proletariatet (arbeiderene) som drakk mye øl. Man mente det var bedre å forsikre seg om at de "drakk sunt”. Du trenger bare krysse grensen til Belgia hvor man har trappist og abbey-øl som kommer fra klostere og munker osv. I Belgia er det fritt frem å krydre og eksperimentere med ølet - og det finnes en utrolig variasjon i øltyper og smak.

Jeg reiser mye til Tyskland og drikker en god del øl der. Noe av det er ganske godt. Men i lengden er det veldig kjedelig og ikke særlig inspirerende. Jeg går derfor en god del på belgiske barer i Tokio der jeg finner utrolig godt og spennende øl. Og jeg har ikke lagt merke til at dette ølet er noe dårligere for helsa? Jeg har også funnet ut at det er mye godt øl i USA. Jeg liker personlig IPA stilen meget godt. Og et alternativ er den mildere SAISON varianten. Det er mye mikrobryggerier rundt omkring i verden, og det samme gjelder Japan.

Det er mye godt øl fra slike små bryggerier. Så personlig ville jeg gjort noen revisjoner (forandringer) til Reinheitsgebot-loven dersom jeg var en tysk politiker. Greitt nok å beholde folkehelsa, men fint med litt variasjon også.

En annen ting jeg hører om i Tyskland er at bryggeriene binder restauranter og barer til sitt ølmerke ved å gi billige lån til oppstart og andre økonomiske fordeler, mot at disse virksomhetene ikke tar inn konkurrerende merker. I Tyskland er det også relativt uvanlig å finne importerte ølmerker. Altså ganske sterk konkurransevridning og mangel på frihet.

Men, det var ikke meningen å trakassere alt som har med tysk øl og ølpolitikk å gjøre. Det er mye godt øl i Tyskland, noe som min gode vann Stig Arne Skilbrei sikkert kan skrive under på etter sitt besøk til en Oktoberfest-festival i Bayern for litt over et år siden!!! Men bare ikke si “ØL” til en tysker, fordi du kommer til å bli servert noe som passer bedre til å hive i motoren på en gammel folkevogn heller enn å tømme nedi halsen din." (Øl betyr olje på tysk). 

Lest 4071 ganger Sist redigert fredag, 26 februar 2016 13:39
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen