mandag oktober 22 , 2018
søndag, 15 april 2018 07:00

JBL GO – Stig Arne si dagbok januar 2018 Spesial

Skrevet av

I samband med samansmeltinga mellom datamaskina og stereoanlegget renn eg borti stadig fleire merkelige dingsar. Anten eg vil eller ikkje. Her vil eg skriva om ein eg ikkje kunne unngå. Eg kjøpte han og har hatt stor glede av han sidan. 

JBL GO

Eg er eigentleg ikkje interessert i duppedittar. Eller gadgets, som det ofte vert kalla no til dags. Dette er faktisk fyrste gongen eg skriv om noko slikt. Jo, eg har ein iPhone, men nyttar han berre til å ringa og senda meldingar. Sjeldant meir enn det. Eg brukar Mac`en om eg må på internett, og stereoanlegget om eg vil lytta til musikk. På korte turar har eg med meg aviser. Eg har til dags dato ikkje lasta ned ein einaste låt på iPhonen. Eg anar ikkje korleis eg skal få det til. Men eg HAR strøyma musikk frå YouTube via JBL GO. Og då nærmar eg meg poenget. 

Eit par somrar sidan då Stig Inge Bjørge (Lyra), kompisen min busett i Tokyo, var på vitjing i lag med sonen Kevin; sat me på Bocca Restauranter i Bergen og naut sola på altanen i andre høgda. Han drog fram ein liten dings frå sekken, sette han på hodet, og brått strøymde det musikk ut frå han. Eg skjønte ingenting, for ingen leidningar var kopla til. Men ut strøymde musikk i ein kvalitet eg ikkje trudde var mogeleg frå slike små dingsar (som var kopla til iPhonen hans via Blåtann). Og utsjånaden sjarmerte meg like mykje som lyden. Alle som har vore hifi-interessert i nokre år vil sjå at GO faktisk liknar ei gamal høgtalarkasse, slik dei til dels framleis ser ut på konsertar (og i klassisk hifi). Klassisk JBL i miniatyr, med andre ord. Veldig søt! Stig Inge, som elskar dingsar, fekk med seg at eg fatta interesse, og kjøpte ein til meg og. På Apollon i Bergen sentrum. Sidan eg nett hadde spandert lunsj på han på Bocca.  

Dette var fyrste møtet mitt med JBL GO, som seinare har vore til stor nytte og glede både for meg, Stig Inge og mange andre naturlegvis. Stig Inge kjøpte denne til sonen eigentleg, som ei gåve, og han vart nytta ivrig heime i Tokyo. Etter kvart som Stig Inge la merke til kor godt denne spelte, vart han forviten, og kjøpte ein til seg sjølv òg. Sidan har me vore ihuga tilhengjarar. Eg hadde min med meg på ferie til venninna mi. Ho kopla han til iPhonen sin, og nekta meg å ta han med heim att. Heimkomen kjøpte er ny på Power, tidlegare Expert. Kva er problemet, når prisen er kr. 237,-? 

 

Praktisk bruk

Samankopling mellom datamaskin og JBL GO kan vera litt kranglete før du har lært det og skjønar kva som skjer. Slå på datamaskina fyrst og set på ein låt. Slå på GO. Han vil no sniffa datamaskina og byrja å spela. Om ikkje, gå inn på Innstillingar på datamaskina og sjekk at Blåtann er På. Er det blå lyset tent på GO, er du tilkopla, då er det berre å venta litt. Blinkar det, søkjer han. Prøv å trykkja på blåtann-symbolet på GO, eller/og sjekka at datamaskina er innstilt på blåtann. Lyser dioden på GO raudt, må du lada. Du kan lada via ein USB-port på datamaskina med vedlagt oransje leidning. Eller ein vanleg USB-ladar. GO bør stå i nærleiken av datamaskina, utan noko i mellom, for rekkjevidda er berre eit par meter maks. Flytt heller etter med datamaskina. Fullt opplada kan du spela over 5 timar, litt avhengig av kor høgt du spelar. Ladetid er oppgjeven til 1,5 time. Nytt batteri kosta kr 210,- hjå BatteryChampion.no viss du lurte.  

 

 

 

Lyd

Som eg har nemnd tidlegare (Dagboka august 2017), er lydkvaliteten forbløffende. Han er stor og rund og tonalt balansert, utan ein slik tynn og irriterande lyd som er vanleg frå små høgtalarar. Rett plassert kan han fylla eit stort rom med ein forbausande glatt, naturleg, detaljert og uanstrengt lyd. Nesten som frå eit stereoanlegg - eller i alle fall ein god reiseradio. Fulltone-elementet på godt 2 tommar (kan samanliknast med eit lite mellomtoneelement) gjev ein rein og kraftig øvre bass og mellomtone, men naturlegvis ingen djupbass. Og han kan spela forbausende høgt, det burde ikkje undra nokon. Der har jo JBL eit rykte å ta vare på. Den innebygde forsterkaren er 3 watt, grovt sett tilsvarande ein reiseradio. Men alle som har, eller har hatt, ein Nad 3020 veit kor mykje dette er. Diodane på fronten sladrar kor mange watt du brukar; ved moderate volum er det ofte berre 1 watt-dioden som lyser opp. Når 5 watt-dioden lyser opp spelar du allereide ganske høgt!

 


Min nye reiseradio......og min gamle.

Det finst mengder av “testar” på YouTube av sjølvoppnemnde ekspertar, som pratar masse. Men den mest interessante “omtalen" var frå ein polakk. Han sa ingenting. Han berre plukka høgtalaren frå kvarandre, nappa ut ledningen mellom elektronikken og høgtalarelementet frå høgtaleren og kopla denne til ei svær heimelaga kasse med to langt større høgtalarelement, og fekk naturlegvis ein helsikes lyd. Moro. Dette skal eg prøva ein gong. Perfekt til hagefesten!   

 

OBS - NAD 3020 - Hjelp til pågåande test

Me skulle vel eigentleg ikkje røpa det, men redaksjonen er i gang med ein samanliknande test av samtlige modellar av Nad 3020, fem modellar i alt. I samband med dette treng eg å låna ein Nad 3020B og Nad 3020e. Kan nokon låne meg ein slik? Ta i so fall kontakt med meg på tlf 93467569. Eg bur på Voss, og kan henta i Bergen.  

 

   

 

Ølspalten

Eg har nokre tankar om kva god hifi og god drykk har sams. 

Her ein kveld eg ikkje heldt ut lenger og var på veg ned i kjellaren for å henta ei jolaøl, ringde forfattar og lærar Dag Helleve, som stendig korrekturles artiklane mine, og som dessutan er medlem i lyttepanelet her i bakken; og skrytte av Frydenlund Juleøl, butikkvariant (4,7%). Eg visste eg hadde ein slik i kjellaren, og henta han. Kjellaren er heller kald på denne tida av året, so eg varma han under springen. Sidan dette var ein liten boks (0,33) tok det ikkje lang tid før har vart for varm, men det plaga meg ikkje, for vossingene vermer ofte opp heimabrygget sitt for å framheva smakane; og halda varmen. Uansett temperatur, denne ølen smakte heilt fantastisk, som eg og hugsar han har gjort før: Han har ein fantastisk aroma. Eg prøvde fleire andre øl, kalde, lunka og vermde, men ingen hadde same aromaen.  

Det er kan hende dette som fyrst og framst kjenneteiknar ein framifrå øl: Aromaen. Det spelar ingen rolle om han luktar ditt og datt og smakar lakk og lær og nøtter og leire og eit hint av gud veit kva, det er denne “sneken" av ein utsøkt øl som ikkje er til å ta feil av, akkurat som julemiddagen: lukta og atmosfæren. 

Der sa eg det. Atmosfæren. Det er akkurat det same med stereoanlegget. Det spelar ingen rolle korleis bassen er, korleis diskanten er, kor raske  transientane er, eller kva andre detaljar du måtte finna på å henga deg opp i. Det er atmosfæren som skil dei verkeleg gode anlegga frå dei som berre er gode: Evna til å gjenskapa rommet og lufta kring instrumenta, ikkje berre instrumentet. Uansett fabrikat, uansett pris. 

Er det ikkje og evna til å heva seg over detaljane, til å sjå heilskapen og atmosfæren, som skil ein røynd lyttar frå nybyrjaren? Han har gjort jobben sin, gått gradene, oppdaga samanhengane. Det er ingen snarvegar til erfaring og dugleik.   

Om dette høyrdest litt pompøst eller tullete ut, tenkte eg eigentleg berre å dela nokre tankar om samanhengar som eg fann nærliggande og besnærande. Kva øl du likar best, og kva stereoanlegg du endar op med, og kvifor, er naturlegvis heilt opp til deg og kva trinn du er på, på vegen til Zen, sanninga, audio nirvana eller kva du no er ute etter, og kva mål du har med reisa. Ho tek ikkje slutt før me ligg der. God tur. 

Lest 2071 ganger Sist redigert søndag, 15 april 2018 07:18
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen