onsdag desember 12 , 2018
fredag, 13 juli 2018 21:06

Marantz PAM 710 DC Amplifier - Stig Arne si dagbok april 2018 Spesial

Skrevet av

Eg er ikkje heilt fokusert. Eg har lytta til mykje sidan sist, men ein del av det krev konsentrasjon i form av lengre artiklar. Då må ein ha fred og ro i fleire kveldar på rad, utan lystige lag i hagen med naboar og drikke. Dessutan er fokuset på hagen og tomta no til dags. Mykje må gjerast i løpet av  sumaren. Han er ikkje lang her til lands. Denne gongen vil eg difor satsa på - eg veit ikkje heilt. Eg byrjar no berre å skriva og so får me sjå kva det vert.

 

 

Marantz PAM 710 DC Amplifier

Som mange audiofile har eg mengder av utstyr i huset, men eg er ikkje samlar. Eg freistar å unngå samlemani. Eg likar ikkje heilt samlarar, det er noko grådig ved det. Men som meir enn gjennomsnittleg interessert i hifi har eg naturlegvis noko meir slikt i huset enn “normale” folk, men det høyrer no med til hobbyen. Eg kjøper ting (brukt) for å prøva det ut. Det er spanande og alltid lærerikt. Om eg bestemmer meg for at eg ikkje sjølv vil bruka det, freistar eg å kvitte meg med det for ein rimeleg penge. Ein kan jo uansett ikkje spela på meir enn eitt stereoanlegg i gongen. Utstyr som eg ikkje sjølv brukar, kan jo andre få gleda av å prøva ut. Her ein kveld kopla eg opp ein eldre Marantz transistorert forsterkar (PAM 710) som eg hadde bestemt meg for å selja. Eg har alt ein kjøper til han. Må nett sjekka om han framleis funkar. Kan jo ikkje selja noko som ikkje virkar. Det er lenge sidan eg prøvde han sist. Kva om eg gjer nye erfaringar? Kva om eg denne gongen konkluderer med at han er knallgod? Då kan eg jo ikkje selja. 

Det er litt av ein forsterkar dette. Stor og tung, slik dei laga dei kring 70-talet. Kring 60-70 Watt vil eg tippe. Og det er heilt andre krefter i bassen her enn i t.d. ein Nad 3020. Eg spelte på han i fleire veker, og let meg imponera av både bass, diskant og ein open og detaljert lyd generelt. Men eg stussa litt over mellomtonen. Eg sakna litt varme og innleving. Når eg ein kveld kopla opp att ein Nad 3020, var skilnaden nesten ikkje til å tru. Eg spelte om att same CD-plata som eg nett hadde spelt på Marantzen, og kunne ikkje tru at det var same plata. Eg kjende ho nesten ikkje att. Eg hadde vanskeleg for å tru at det kunne vera so stor skilnad på to vanlege kommersielle integrerte forsterkarar. Men det var det. Marantzen har sine styrkar i ytterendane av frekvenskurva, medan Nad-en - som vanleg - er heilt suveren i mellomtonen. Og som vanleg ubrukeleg i bassen. Men det er ei anna historie, som eg skal koma attende til. Eg likte Marantzen. Han let slett ikkje tynt og hardt, slik ein del andre mindre vellukka forsterkarar. Og eg vil sakna krafta og bassen. Men det er i mellomtonen informasjonen ligg. Og har du fyrst har vendt deg til mellomtonen i ein Nad 3020, eller tilsvarande, er det ingen veg utanom.

 

 

Laurdagskveld

Her ein laurdagskveld rende eg heilt tilfeldig inn i ein gamal kjenning frå tida i Bergen, Endre Wolf. Han var berre ungdomen sist eg snakka med han. I mellomtida har han vorte ein vaksen kar på 47 med jobb, sambuar og ungar. Og vorte interessert i hifi! Frå eit bilete han synte meg på telefonen nyttar han ein Pioneer CD-spelar, ein Parasound forforsterkar, ein heimelaga røyrforsterkar, og eit par velvaksne heimelaga kasser med klassiske Klipsch element, ein 15” bass i botn, og horn mellomtone og diskant; ein blanding av La Scala og Cornwall. Burde kunne låta bra dette, om høgtalarane var godt avstemt, dvs om delefilteret var fornuftig konstruert, slik at lyden frå dei ulike elementa smelta saman. Om ikkje anna skulle dynamikken vera hårreisande.

Etter ein øl på kafe enda det med at han vart med meg heim, me var svoltne både på mat og musikk, og øl er billegare heime. Endre fekk låna godstolen min, og med ein whisky og ein øl på armlengdes avstand fann han seg godt til rette. Me bestemte oss for å nytta Spotify frå Mac-en, via HRT HD dac til stereoanlegget. Då kunne han leita fram all favorittmusikken sin. Eg har oppdaga at skal du få folk til å trivast, og lika anlegget ditt, må dei få spela den musikken dei likar, ikkje berre den du sjølv likar. Og Endre spelte plate etter plate med nydeleg og godt innspelt musikk, og koste seg storleg. Han hadde eigentleg ikkje trengt å seia at han likte lyden: Han berre sokk lenger og lenger ned i stolen, og smilet vart breiare og breiare. Men Endre har no alltid vore ein uvanleg blid og hyggelig gut. Eg undra om han ikkje etter kvart ville ha ein pause, slik at me kunne diskutera litt anlegg og attgjeving, men nei. Endre ville berre spela meir musikk; frå artistar eg ikkje har høyrt om eingong. Kan hende ikkje underleg, med tanke på kor mykje yngre han er.

Eg spurde Endre om det ikkje var ein markant skilnad i lyden frå anlegget hans, i eit relativt lite rom med svære høgtalarar nær bakvegg, og mitt anlegg i ei dobbelt so stor stove, med (langt mindre) høgtalarar 3 meter frå bakvegg. I alle fall skulle stereoperspektiv og atmosfære liggja betre til rette hjå meg, om ikkje anna, sjølv om anlegget mitt består av gamle og billege element. Men Endre er ikkje den som heng seg opp i detaljar. Dynamikken og bassen er klart betre i anlegget hans, naturlegvis (og han meiner han har bra perspektiv sjølv om rommet og plasseringa av anlegget skulle tala imot). Men han kunne uansett nyta lyden i anlegget mitt. “Du har ein klar filosofi om kva du vil, og det rører meg i hjartet”, sa han. Den gamle effektsvake forsterkaren min (p.t. ein Nad 3020A) er ein meister i å få fram gløden i godt innspelte stemmer, og det gjekk rett i sjela på oss begge. Det spelte verkeleg godt denne kvelden, og det var ekstra hyggeleg sidan Nad-en var nyinnkjøpt og uprøvd. Det vart ein lang kveld. Me skulle eigentleg sjå ein fotballkamp, men den gav me fort blaffen i. Eg vonar å koma attende med ein reportasje frå Endre sitt anlegg ved eit seinare høve.

 


Endre Wolf sitt oppsett

 

Ølspalten

Lars Mossefinn, nabo ekstraordinaire, stakk innom med nokre øl han hadde kjøpt på vegen heim, i søte små flasker frå Skifjorden Bryggeri AS på Bjørnestad gard i Sørbøvåg (Sogn og Fjordane). I denne samanhengen burde eg lata vera å seia at det nye storfylket Hordaland og Sogn og Fjordane burde heite Fjordane, og ikkje Vestland. Det er fjordane som særpregar vestlandet, og vi er eit av dei få landa i verda som har slike fjordar. Dei fleste utlendingar anar ikkje kva ein fjord er, og dei som veit det, kjem frå heile verda for å oppleva det. Dei heng over rekka på ferjene i Nærøyfjorden og akkar og øyer seg, og seier at det er det mest bjutifulle dei nokon sinne har sett. Det er ein tragedie at me ikkje er meir medvitne om dette, og nyttar høvet til å kalla området Fjordane.

Men no er det sagt. Uansett, me smakte oss gjennom Kron India Pale Ale (heilt ok, men ingen grunn til å stupa i fjorden), Sytalaus Citra Pilsner (meir bitter enn sitron, meir som ein pale ale), Slaur Saison (litt som eit slåtteøl eller spissøl, friskt og lett), Ferda Blond (ein “belgisk” kveiteøl, nydeleg frisk og balansert med god substans). Og til slutt Unaiten American Pale Ale, ljos brun, balansert, kan hende den mest vellukka av samtlege. Alt i alt kan me ikkje seia at nokon av desse øla tok frå oss nattesvevnen i pur begeistring, men etikettane er søte, tekstane underfundige og morosame, og ikkje minst på nynorsk. Me takkar for skjenk og ynskjer Skifjorden Bryggeri hell og lukke på alle hav.     

 

Lest 1210 ganger Sist redigert fredag, 13 juli 2018 21:33
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen