onsdag, 17 juli 2019 18:15

Strøyming & Ohm - Stig Arne si dagbok mai 2019 Spesial

Skrevet av

Me skribentar skriv nok av og til over hovudet på folk. Me går automatisk ut i frå at lesarane har grunnleggjande innsikt i hifi, eller jamvel god peiling. Det er bra. Ein skal ikkje undervurdera publikummet sitt. Men av og til vert ein minna på at mange strevar med spørsmål som me tek for gjeve. Det kan forresten ofte gjelda meg sjølv og. 

8 Ohm

Ein dag var eg i kontakt med ein tilsett på ein skule, som ikkje våga å kopla til eit par 4 Ohms høgtalarar til forsterkaren i musikkrommet, avdi det sto “8 Ohm” på bakplata til forsterkeren, ved høgtalarterminalene. Han var redd han kunne øydeleggja forsterkaren, eller høgtalarane, eller begge. Eg forklarte han at dersom det var snakk om ein røyrforsterkar, er misstilpassing eit mogeleg problem. Men dei som har slike er normalt obs på dette. Men når ein talar om ein moderne transistorforsterkar, som i dette tilfellet, treng ein ikkje engsta seg. Ein kvar transistorforsterkar kan i praksis driva ein kvar høgtalar, liten eller stor, uansett merke. Det er berre å kopla til og skru opp! Men ikkje for høgt. Små høgtalarar toler mindre effekt enn store, og kan heller ikkje spela like høgt, så skru forsiktig opp. Om det byrjar skurra, skru litt ned og dans vidare. Elles er det store sjansar for at du lyt skaffa nye høgtalarar dagen etter. Lat meg elles berra leggja til at dersom du vil kopla opp 4 høgtalarar, dvs, to par, og spela på begge para samstundes, bør impedansen på begge para helst vera 8 Ohm, for den samla impedansen vert halvert (til 4 Ohm). Vesentleg under dette byrjar forsterkarane å sveitta. Du vil høyra det som forvrenging, eller manglande dynamikk og volum.     

 

Litt Spotify og litt musikk

Det slo meg her ein kveld kor stor skilnad det er i lydkvaliteten på innspelt musikk. Eg spelte Indra Rios-Moore, siste plata hennar Carry My Heart frå 2018, og la straks merke til den fantastiske lydkvaliteten. Men du må ha litt tid. Det bør vera utpå kvelden med noko oppkvikkande i glaset, for musikken slår deg ikkje i bakken, men smyg seg sakte under huda di. Ho spelte på Nattjazz i Bergen i 2014, men eg var der diverre ikkje. Nokre kvelder seinare søkte eg opp Paco Sery Group -også på Spotify, men fann ingenting, og gjekk til YouTube. Der fann eg masse, og det høyrdest jævla bra ut. Eg gjorde ein ny freistnad på Spotify, og lukkast når eg berre ikkje skreiv inn Group. Han har gjeve ut to plater, og det let redselsfullt. Komprimert, ljost og udetaljert.

Men dette har eg opplevd før: Gode og enkle opptak (live, eller kva det måtte vera) kan låta betre på YouTube enn på Spotify, trass i dårlegare oppløysing på YouTube. Overprodusert musikk på CD/Spotify kan låta redselsfullt. Produsenten, eller miksaren, eller mastraren, eller kven det no er, kan ha dei beste hensiktar, men rotar det til ved å senda musikken gjennom alt for mange prosessar, og alt for mange apparat. Eg har ikkje all verdens greie på innspeling av musikk, so eg er vidåpen for kritikk, om han berre er konstruktiv og opplysande. Uansett kan resultatet vurderast av alle med to øyre, utan annan innsikt eller verkty enn eit anstendig stereoanlegg. Som dei seier: “The proof of the pudding lies in the eating”. Om Paco Sery er det å fortelja at han har spelt med Wayne Shorter, Dee Dee Bridgewater, Salif Keita, -og Joe Zawinul (Weather Report), som skildra han som den beste trommeslagaren i verda. Definitivt verd å sjekka ut.  

 

Strøymekvalitet

Stig Inge Bjørge - LyraOg når me fyrst talar om Spotify: Oppe til høgre, etter namnet ditt, finn du ein vinkel, eller rettare ei pil som peikar nedover, dvs. ei nedtrekksgardin. På denne kan du velja “Innstillingar”, og der kan du bestemma “streamingkvalitet”. Eg har naturlegvis stilt inn på høgaste kvalitet. Ein kompis har gjort mykje narr av meg for at eg ikkje var klar over denne moglegheita. Eg fekk tydeleg betre kvalitet når eg (den gongen) gjekk opp frå “standard” til “ekstra høg”. Dei lågare kvalitetane er der truleg i fall du har eit tregt nett. No er der ikkje mindre enn 5 kvalitetar å velja mellom. Under “ nnstillingar" kan du og velja å normalisera volumet, slik at alle låtar spelar like høgt. Eg har diskutert dette med Stig Inge, og me har valt å slå av denne algoritmen. Om han verkar inn på lyden anar me ikkje, men opererer etter føre-var-prinsippet: Dess færre algoritmar, dess mindre mogelege problem. Den logikken er det ikkje so lett å argumentera i mot.  

 

Spotify eller CD? Eller både-og?

Og sidan me endå talar om Spotify: Mange nyttar Spotify. Det er visstnok den største strøymetenesta saman med Apple Play. Mange har ikkje CD-spelar (lenger), og treng heller ikkje, viss dei er nøgde med kvaliteten på Spotify. Og det er visst dei fleste. Men mange audiofile nedlatar seg ikkje til å strøyma. Dei meiner lydkvaliteten er for dårleg. Dei har eit poeng der, når du veit at oppløysinga på CD-plater er 1440 mb pr. sek, medan Spotify maksimalt strøymer med 320.

Men her kjem dei berømde algoritmane inn i biletet att: Reduksjonen i lydkvalitet er ikkje so stor som tala kunne tyda på. Med ein god DAC (Eg nyttar ein HRT HD), og med høgaste strøymekvalitet, har eg vore ganske nøgd med kvaliteten på Spotify. Eg innbiller meg faktisk at eg har betre kvalitet på Spotify enn på CD, om eg hadde brukt ein av dei middelmådig CD-spelarane i stabelen. Som eg etter kvart har erfart: Godt innspelt musikk kan låta godt uansett kjelde. Eg brukar alt frå internett til kassettspelar. Og alt i mellom. Eg gler meg til kvar morgon eg kan gå ned i stova og skru på stereoanlegget. Særskilt viss det regnar ute. 

 

Ølspalten 

Eg drikk meir øl i løpet av ein månad enn eg har plass til å skriva om, so me må gjera ein utval. Eg har nett hatt besøk tå ein nabo (han Lars, om du lurte), han har vore på ferie i Spania og hadde med seg eit par øl heim, frå tax-frien på Flesland; eit par Kinn, Sommarøl (lyst amerikaøl /American Pale Ale, 5,5%) og Slåtteøl. Sommarølen var god, men ikkje noko betre enn ein Jølstra Blond Ale frå Kvernafossen Bryggeri, Sande i Sunnfjord, som eg fann i kjellaren medan Kinn kjølte seg ned i kjøleskapet etter ein anstrengande tur frå Flesland til Voss. 

Eg har og drukkje nokre svenskeøl, sidan eg har ein kompis som jobbar på austlandet og reiser på harrytur, og eit par motorsykkelkompisar som køyrer racing på Anderstorp, Karlskoga og i Sviestad. Systembolaga er  populære rasteplassar. Mariestads eksport lager 5,3% er knakande god til å vera ein kommersiell lager, med god substans. Fagerhult tilsvarande er og drikkande, medan Carlsberg 5.0% (lager) er heller smaklaus. Men ein god kamerat minner meg på at smaken er som baken. Han seier stadig “eg likar best dei øla som får terningkast 1”. 

Og so har eg vore hjå han Einar att, og då tek eg ofte med meg eit par øl for blindtesting. Han tergar meg med et eg dei to siste gongene har tippa feil tre av tre gonger, men det er ikkje heilt rett. Eg hadde rett ein gong. Uansett, denne gongen hadde eg med meg to Carlsberg lager 4,5%, ein på glasflaske og ein på boks. Han heller opp i to like glas og eg veit ikkje kva som er kva. Denne gongen smakte venstre glaset tydeleg betre enn høgre på alle parameter. Det var friskare, hadde meir smak, både på malt og humle. Så eg tippa dette var glasvarianten, og denne gongen hadde eg rett, endeleg. 

Eg legg ingen prestisje i desse blindtestane (anten det er øl eller hifi), det er berre barnsleg. Det er for moro skuld, og for å læra. Eg lærer eigentleg mest dei gongane eg tek feil, for då må eg tenkja.  

 

Lest 4986 ganger Sist redigert torsdag, 18 juli 2019 05:18
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler