torsdag, 26 mars 2020 07:31

Straumforsyning og sosial fråstand – Stig Arne si dagbok februar 2020 Spesial

Skrevet av

Kva rolle spelar straumforsyninga til datamaskina når du strøymer musikk?

I januardagboka stilte eg dette spørsmålet. Eg strøymer ofte musikk frå Mac-en, via Spotify eller anna. Og når Mac-en er avmagra på straum lyt han ladast. Eg har ofte lurt på om- eller kor mykje ladinga eventuelt kan verka på lyden, men har ikkje konkret merka so mykje fram til no. Men eg har likevel hatt dette i bakhovudet, og hugsar at Stig Inge hadde ynskje om å få laga ei betre “meir audiofil” straumforsyning Mac-en. 

Her er det eg skreiv førre gongen:
"Mac-en må ladast innimellom. Og når maskina er lada opp, bør du kopla i frå laderen att, elles risikerer du å “koka” batteriet, har eg vorte fortalt. Det same gjeld naturlegvis mobilen. Og her ein kveld eg nappa laderen ut, høyrde eg faktisk ein skilnad. Det trudde eg ikkje eg ville gjera. Eg har faktisk høyrt det same ein gong før, men var usikker på om det var innbilling eller ikkje. Men denne gongen var det tydeleg. Dvs, skilnaden er liten, men han er der. Lyden vert litt mindre mekanisk, mindre påtrengande, meir naturleg, litt meir lettflytande, og med større djupne i lydbilete. Eg svergar ikkje på at eg hadde klart å høyra det i ein blindtest. Dette er ørsmå skilnader i lyd som du kan hende ikkje høyrer når du prøver, men som du kan oppdaga i ein augneblink når du ikkje ein gong tenkte på det.”   

Eg er no i gong med ein større test, der eg samanliknar samtlege modellane av Nad 3020, pluss radiovarianten 7020. Då eg lytta til ein av desse her ein kveld, var Mac-en full-lada. Medan eg kopla opp neste forsterkar nytta eg høve til å lada litt i mellomtida. Då eg spelte vidare, let ikkje forsterkaren til forventningane. Brått oppdaga eg at eg hadde gløymt å nappa ut laderen. Eg måtte “spola” attende og byrja på nytt. Skilnaden var ikkje til å ta feil av. I janurar-artikkelen stilte eg spørsmål om kor merkbar eller viktig skilnaden er, om laderen er kopla til eller ikkje. Eg avslutta med: "Kva er konklusjonen no, når eg føretrekkjer Mac-en på batteri? Eg er ikkje sikker. Eg dreg ikkje like raske konklusjonar no, som eg gjorde før. Eg tenkjer meg om litt, og prøver på ny. So får me sjå kva det endar opp med. Men det er utvilsomt behagelegare å lytta til batteri åleine, etter ein lang dag.”

No er konklusjonen ein heilt annan. Skilnaden mellom straumforsyninga kopla til eller ikke er framleis liten, i absolutte termar, men med audiofile forstørringsglas er han stor. Han er faktisk heilt avgjerande. Eg har samanlikna Nad-ar opp mot kvarandre i fleire år, og har ikkje brydd meg med om straumforsyninga var kopla til eller ikkje. Difor har eg måtte kasta tidlegare testresultat i søpla, og byrja på ny. Det er det eg gjer no. Eg skal  fortelja seinare korleis eg kom i gong med testinga att, med eit nytt testoppsett.   

Skilnaden? Lyden vert mjukare, litt myrkare, mindre vrengt, meir naturleg musikalsk, og med større djupne i lydbilete. Det er ikkje til å ta feil av når du fyrst har oppdaga det. Naturlegvis spelar ikkje dette noko stor rolle når radioen surrar i bakgrunnen medan du tek oppvasken. Men om du lyttar kritisk, t.d. under utprøving av nye komponent, er det avgjerande, elles kan konklusjonane koma heilt på viddene, og testen er ikkje verd ein øre. 

 

Ølspalten

 

Ein runde på Vinmonopolet (Lars bryr seg ikke om noko ringare), i år og i fjor:

Løkka IPA: Humla på grensa til det fanatiske, og svakt bitter, men elles frisk og god. Men du er aldri i tvil om at det er ein IPA.

Ayinger Urweisse, Bayern: Myrk kveitebrygg. Kjempegod, seier Lars overtydande. Eg er tidvis skeptisk til kveitebrygg, men denne er faktisk god.    

Lusse Lelle (from Skåne with love): Wild ale, sur, tilsett safran. Fruktig og god sumardrykk. 

Lervig Hipster: (utan bilete) Kaffi og kokesjokolade, svakt bitter, valdsam smak, kan godt nyttast som likør til kaffien. 

TO ØL: Baltic Porter, Bryggja i Belgia, tappa på flasker av To Øl i København. Uansett: Typisk porter med tydeleg kaffesmak. 

TO ØL: Beastly Biscuit Barley Wine (10,9%). God munnfull, fruktig sødme, balansert, rund og fin. Ein klår 5-ar på terningen. 

St Hallvards Bryggeri, Oslo (11%!) Statler & Waldorf Barley Wine: Nøytral lukt, men bitrare og mindre søt enn venta. Passar til ostar?, spør Lars. Som man spør….. 

 

Sosial fråstand

“Social distancing” heiter det på “nynorsk”. Stig Inge (Bjørge, frå Lyra i Japan) har sendt meg dette bilete (via WhatsApp), som eg har fått lov å bruka. Me skålar ofte på FaceTime, og Stig Inge er særskilt glad i belgisk øl, medan eg stort sett skålar med ein billeg pils, sidan det framleis er midt på dagen her i “Norgistan" (og kveld i Japan).

Bilete syner at han og har smugla med seg ein Løiten sist han var på vitjing i gamlelandet. Ingen skal i alle fall ta oss for ikkje å respektera reglane for sosial fråstand. Her snakkar me ikkje om meter, men tusenvis av mil. Ikkje eingong tida er den same; Tokyo er 8 timar før oss. Men med moderne teknikk (iPhone) er mykje mogeleg.    

 

Lest 3544 ganger Sist redigert fredag, 27 mars 2020 15:23
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler