søndag, 29 desember 2013 08:23

Frå Stig Arne si dagbok i november

Skrevet av

Vi har oppretta ein eigen meny for Stig Arne sine audiofile dagboknotater. Du kan lese novemberutgåva her:

Les meir:

Publisert 3 desember

 

TAKK KNUT!

Nr 62 var siste utgåve av Fidelity i bladform, skal me tru leiaren til Knut Vadset. Og det er synd, for finst det eit større streif av lukke enn eit nytt hifi-magasin og ein god sofa? Eks-en min sa ei gong at når danske High Fidelity eller The Absolute Sound kom i posten, kunne ho berre gløyma meg den kvelden. Ho fekk ikkje kontakt.

Knut Vadset løfta gamle AUDIO til eit nytt nivå. Som ihuga audiofil, med både vilje og evne til å evaluera det aller dyraste og beste utstyret, vart han det næraste me kom til Harry Pearson i TAS, eit magasin som nærast var einerådande på ”high-end” i fleire tiår, og som sjølv ”fann opp” omgrepet.

Som fotograf og filmfotograf, i tillegg til å kunna skriva levande og underhaldande, tok Knut saman med skribentane og dei andre medarbeidarane Fidelity opp til eit svært høgt nivå, nasjonalt som internasjonalt. Det er synd at denne epoken er over, når Knut no pensjonerer seg. Det har visstnok ikkje vore mogeleg å få selt bladet til ein pris Knut kunne godta.

Knut og skribentane held no fram under jorda, eller skal me seia høgt over, på internett. Topp, men sei kva du vil, det er ikkje det same med ei padda (iPad) i sofaen som eit blad.

 

DATAMASKINA

I september skreiv eg ”Datamaskina som stereoanlegg”, og det var jo ein god start på vårt nyopna audiophile.no. Men det var slett ikkje meininga at det skulle gå to månader før eg byrja på ein ny artikkel. Eg har vel lova både meg sjølv og resten av redaksjonen å skriva noko vitugt ein gong i månaden iallefall. Arve og Karl Erik har jo jobba som galne, t.d. med reportasjar frå Hortenmessa der eg ikkje var med). I staden var eg ”Friviljug” (medarbeidar) på den årlege folkemusikkfestivalen på Voss; Osafestivalen, og fekk med meg svært mykje god musikk.

Men slik er det. Det er lett å lova når entusiasmen boblar, men kvardagen hentar deg ofte raskt inn att. I tillegg til full jobb og pendling kjem trim, trening og idrott, og verv både her og der. Sosialt samvær, festlegheiter og konsertar tek og tid. Eg brukar å skryta av at eg sikkert er på ein konsert i veka, året rundt. Eg er ikkje bortskjemt med frikveldar. Men eg ser lyset i tunellen: Det er ikkje toget, men førtidspensjon J

Oppkopling av DAC mellom Mac og forsterkar/radio

Oppkopling av DAC mellom Mac og forsterkar/radio

 

Eg har lova å koma med ein oppfylgjar til artikkelen som eg kallar –med datamaskina som stereoanlegg, eg må berre ha LITT meir tid. Fyrste artikkelen var ganske grunnleggjande, og med fullt overlegg. Poenget var at absolutt alle skulle forstå kva ein USB-dac var for noko, kvifor du måtte ha ein slik, og korleis han skulle koplast opp. Eg lova bilete som syner oppkoplinga, men dei ligg framleis i fotoapparatet. Eg skal få dei over til Mac-en til denne artikkelen, eller nemnde oppfylgjar. Denne vil ta for seg dei meir audiofile sidene ved USB-dac-ar.

Så no tenkte eg at eg skulle skriva litt om stort og smått, om kva eg har gjort i mellomtida. Eg putlar jo med stereo jamt, så sjølv om eg ikkje akkurat har testa nye produkt, har eg alltid noko å fortelja, meiner eg, som eg vonar eg hyggjeleg og forvitneleg lesnad. På sofaen eller andre stader.

 

TIMER

Lat meg byrja med noko som ikkje berre er uinteressant for dei aller fleste, men og skikkeleg sært: Eg har skaffa meg timer til kassettspelaren. På ein gjenvinningsstasjon som eg sjølvsagt ikkje vil nemne namnet på, for det er vel strengt tatt ikkje lov å ta noko der, fann eg eit heilt stereoanlegg som såg ut til å vera av anstendig kvalitet. Eg orkar ikkje tanken på at slikt skal verta kasta berre på grunn av ein bagatell eller to, så eg tok det med meg i von om at det kunne bergast. Meir om resten av anlegget seinare, men med dette anlegget frå tidleg 80-tal følgde det altså med ein timer til førehandsinnstilling av både opptak og avspeling. Den fyrste eg har sett i verkelegheita. Og gjett om eg har sakna ein slik! For når eg kjem heim etter trening på tysdagskvelden, har ”Jazzklubben” surra og gått på nrk P2 i over ein halvtime. No stiller eg inn timeren før eg reiser på trening, og når eg kjem heim har eg musikken på kassett. Smalt! :-D Det gjekk nokre kveldar før eg skjønte korleis han skulle koplast og stillast inn, men i motsetnad til data på 2000-talet, har eg ingen problem med å forstå god gamal elektronikk frå 70- og 80-talet.

Slik kan det ofte sjå ut på kjøkenbenken. Eting må gjerast andre stader. Timeren oppe til venstre. Dette er eit Pioneer-anlegg frå 80-talet.

Slik kan det ofte sjå ut på kjøkenbenken. Eting må gjerast andre stader. Timeren oppe til venstre. Dette er eit Pioneer-anlegg frå 80-talet.

 

MUSIKK

Publikumsrekord i Osasalen

Osafestivalen, folkemusikkfestivalen på Voss med opphav i Ole Bull Akademiet i lokala til gamle Kringsjå Pensjonat, har slått solid rot på Voss og vakse seg stor. Meir enn 20 konsertar og tilskipingar finn stad i løpet av ei helg seint i oktober. Det er no ei storhending å rekna med på line med Vossajazz og Ekstremsportfestivalen. Den nordnorske gruppa Hekla Stålsrenga heldt ein framifrå konsert med svært så opplagde musikarar, Ragnhild Furebotten heldt på å le seg i hel samstundes som ho spelte fele, ei bragd i seg sjølv. Lyden var fantastisk takka vera eigen lydmann frå Tromsø. Dette var ein fengande kombinasjon av tradisjonsmusikk og ”pop-musikk” som alle likte. Det var selt 200 billettar, alle på førehand, som var maks-tal, med tanke på plass, brannvern og andre omsyn. Meir enn 200 sleppte inn, og fleire sto utanfor i gangen. Eg veit det, for eg stod i døra med teljeapparat. Eg fekk med meg fleire konsertar, og har fleire notat, men trur eg tek resten seinare, for å spara tid.

Eg var og på Vamp sin jubileumskonsert i Vossasalen på Park Hotell, og fekk med meg denne, sjølv om Voss Jazzklubb (sjå denne på Fjesbokje for program) nett har arrangert konsert med same. Men ein konsert med Vamp er aldri feil. Halvgod på plate, men alltid god på konsert. Og om ein ikkje likar heile reportoaret deira, har dei uansett mange gode melodiar til å lena øyrene på. Lyden var framifrå, passe høg, og detaljert, så då var det berre å slå av all motstand når gåsehuda kom og tårene pressa på. Det var mørkt i salen.

 

 

SPICA

Dei som las Arve Åheim sitt intervju med meg i Fidelity veit kva eg driv på med for tida. Eg har med aukande alder og røynsle fått ei svært avslappa haldning til heile hifi-sirkuset, og konsentrerer meg vel så mykje om musikken. Det er frigjerande. Eg prøver ut det utstyret eg tilfeldigvis kjem over, og det har ført til mange uventa oppdagingar. Til dømes at det ikkje er det minste i vegen med utstyret frå 70-talet. Etter mi meining spelar det ofte BETRE enn dagens utstyr, ikkje dårlegare.

Og det som VERKELEG er moro er at utstyr frå denne perioden ofte kan kjøpast for ein klem og ein halvliter. Akkurat no spelar eg på eit par Spica TC 50, den legendariske trekant-forma høgtalaren etter den kaliforniske konstruktøren Jim Bau. Dette er ein ”MK3”-modell, dvs ein ikkje-autorisert modifikasjon av originalen, som ei verksemd har spesialisert seg på å oppgradera/reparera, dersom du t.d. har eit sett med sprengt diskant. Den opprinnelege diskanten (Peerless) er nemleg ikkje å få tak i lenger.

Høgtalaren spelar fantastisk, ikkje noko mindre. Eg har og den opprinnelege utgåva, ”Mk1”, og manglar berre eit par av ”Mk2”-modellen før eg kan skriva ei utfyllande reportasje om denne kult-høgtalaren. Som om ikkje det var nok: Eg har og tilhøyrande sub-woofer. Som aldri har vore kopla til. Vent i skjelvande spaning.

 

ØLSPALTEN

Eg er ein ølhund, og det er ikkje mange øl eg ikkje har prøvd. Finn eg ein ny sort, prøver eg alltid denne, i staden for dei eg kjenner frå før. Nokon er tryggleikssøkjande, andre søkjer fart, spaning og nye smakar! Ølutvalet på Polet har vorte så stort at eg faktisk har problem med å hengja med, men problemet er utelukkande av økonomisk art. Tyrst er eg alltid. I Ølspalten denne gongen, rett før jol, er det vel sjølvmål å ikkje skriva om jolaølet. Om dette var eit kommersielt føretak i alle fall. Det er det jo ikkje, men eg har jo sjølvsagt kjøpt jolaøl. Jolaøl er det beste eg veit, så eg har sjølvsagt kjøpt og prøvd dei aller fleste, i alle fall av dei norske. Og avisene er fulle av testar. Og det er jo artigt å lesa, men først og framst morosamt, avdi smaksdommarane ukritisk låner karakteristikkar frå snobbane som driv med testing av vin, og som strør om seg med alle slags idiotiske karakteristikkar. Dessutan veit alle ølhundar at jolaølet er for fersk endå. Det er godt om nokre månader, men udrikkeleg i november. Eit godt døme er Hansa juleøl. Det smakar ingenting no, men eg veit av erfaring at det utviklar smakar utetter ettervinteren. Men som vestlending er Hansa sjølvsagt det ølet du byrjar med og er mest spent på. Hansa Julebrygg er noko fyldigare og søtare, og drikkande (no). Elles smakar Mack slik det brukar, mørkt og kraftig med brent smak av kaffi, det same gjeld til ein viss grad Borg. Dahls smakar litt for lite (endå), men brukar å utvikla ein nydeleg aroma. Lervigs Jul var smaksrikt med anis og ingefær, akkurat slik det står på etiketten. Men medan ein del av mikrobryggeria (Haandbryggeriet, Ægir og Nøgne Ø) har ein tendens til å nytta lovleg mykje jolakrydder, har Lervig balansert det fint. Men det nyttar ikkje å ”testa” ein klassisk jolaøl etter å ha prøvd dei særs smaksrike (og fantastisk gode) øla frå mikrobryggeria. Då smakar dei ingenting. Men det tyder ikkje at dei er dårlegare. Berre at det er viktig kva du byrjar med, og kva du har lyst på akkurat denne kvelden.

Eit lite utval av årets jolaøl

Eit lite utval av årets jolaøl

Eg har forresten og smakt nokre av butikk-øla (maks 4,7%). Ringnes Julespesial, ny av året, merkar seg ut med relativt mykje smak og god substans til å vera butikk-øl. Det har ein lett brent maltsmak kombinert med eit lite stikk av syrleg friskleik. Herregud, eg høyrest ut som ein vinmeldar.

Det er for lite menneske i OBS! Siste nytt (relativt): Hansa har i respons på den nye trenden med smaksrikt øl frå små og lokale produsentar levert ein serie på tre heilt nye øl. Ein kveite-øl, ein Bayer og ein IPA (Indian Pale Ale). Alle på halvlitersboksar. Bayeren er strengt tatt ikkje ny, men har fått same skrifttypen på boksen som dei to andre. Og dette er øl med smak. IPA-typen har alt vorte svært populær, og eg ofte utselt når eg kjem i butikken. Berre dei to andre att. Og mykje av grunnen er nok at denne IPA’en er den rimelegaste IPA i handelen no. For det er ikkje akkurat billeg, dette nye mikrobrygg-ølet.

Skal du vera litt ”kul” og syna at du har peiling, må du vita kva ein IPA er for noko: Då engelskmennene i farne tider tok øl med seg til koloniane, t.d. India (derav namnet), var det ikkje alltid at ølet klarte den lange overfarten utan å verta dårleg. Dei oppdaga, muligens ved slump, at det ølet som var ekstra godt humla klarte seg best. Difor denne karakteristiske lett bitre, sitrusfriske smaken på denne øltypen, som er tilsett mykje meir av humle-blomen enn anna øl. Eit liknade øl, som er vanleg i England, er bitter. Og som er bitter av same grunn som IPA er det.

 

 

Det er for lite menneske i "hifi-pressa" , difor bidreg eg her med ein kompis som deklamerar Ivar Åsen. Truleg i samband med testing av jolaøl. Det kan sjå ut som om det var ein triveleg kveld.

 

Då var eg oppe i seks emne, og det får klare seg lenge i denne omgangen.

 

Ting i kjømda:

Ein Pioneer-høgtalar

Eit fantastisk flott Yamaha-anlegg (-83)

Platespelarar

Meir musikk

Meir øl


Lest 9416 ganger Sist redigert fredag, 03 januar 2014 08:57
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien Datamaskina som stereoanlegg »