Wednesday, 11 May 2005 23:00

Pickup - erindringar

Written by

Etter nokre spørsmål om vinyl, fortel onkel Arve her om dei mange pickupane han fekk erfaring med i sin stormfulle ungdom. Her vert også ein del pickupar han har høyrt om, og ein del nykommarar han har fått kose seg med. Planen er å oppdatere denne artikkelen etter kvar som ny informasjon dukkar opp.

 

 


Av Arve Åheim, 12.05.05

Etter ein del førespurnadar om vinyl, publiserer eg ein rask artikkel om pickupar eg har prøvd og hugsar godt. Dette vert ganske fritt etter minnet, utan særleg foto (då pickupar likevel ikkje er komponenten som pregar interiøret ditt mest, har du oppnått å få plass til platespelaren, brukar pickup å ordne seg uansettt) og litt tilfeldig, men eg vil prøve å fylgje opp artikkelen med revisjonar etter kvart. Kanskje også utvide til kommentarar om riaa-forsterkarar og anna som høyrer til vinylriggen, dersom det er interesse for dette. Det er berre fint om folk stiller spørsmål på vårt diskusjonsforum, så får vi prøve å fylgje opp så godt vi kan.

Sjølv om pickupar kanskje er den einskilde komponenten i vinylriggen som har mest å seie for totalresultatet, er det svært viktig at pickup, arm, drivverk og riaa passar godt saman. Det er nokre faktorar som er spesielt viktige:


Utgangssignal og -impedans. Normalt sett gjeld dette ikkje for moving magnet-pickupar. Så å seie alle desse skal ha ein riaa med 47 kOhm inngang, og let godt saman med alle riaaforsterkarar som ikkje er spesielt tilpassa moving coil-pickupar. MC-pickupane er derimot ei ganske rotete forsamling, som trivest best med impedansar frå 3 - 300 Ohm, og som treng ein riaa-forsterkar som fiksar utgangssignal som kan gå ned i under 0,1 mV. Då er det ei utfordring å sleppe unna støy.

Komplianse er også eit viktig tema, om enn ikkje så enkelt å forholde seg til som utgangssignal og impedanse. Dette avgjer i stor grad kor godt pickupen fungerer saman med armen han skal stå i. Til saman skapast det ein eigenresonnans i arm/pickup. Denne bør ikkje vere særleg langt utanfor 8 - 12 Hz om du ikkje skal få sporingsproblem eller misfarging av lyden. Her er ein svært nyttig link http://www.cartridgedb.com/ som kan hjelpe deg å kalkulere aktuell eigenressonans FØR du kjøper noko dyrt, men hugs at det kan vere lurt å prøve ting i praksis. Fleire gonger har eg opplevd at ting ikkje oppfører seg som forventa, spesielt i samband med tangentialarmar. Ein kan bli både positivt og negativt overraska.....
Linken har dessutan oversikt av enorme mengder pickupar som er meir eller mindre kjente. Svært nyttig når du handlar brukt. Og pickuphandel er moro, for du kan få eit anlegg til å endre seg frå "trist" til "storarta" med å skifte denne vesle saken som kanskje ikkje er større, eller veg særleg meir enn ein sukkerbit.

Dersom du vil finne ut litt på eiga hand, er det lurt å ha ein platespelar som gjev deg grunnlag for raske samanlikningar. Nokre pickuparmar er eit sant slit å justere ny pickup i, og det vert ikkje gjort kvar dag. Men armar med den gamle SME-fatninga er utruleg kjekke å bytte pickup i, du treng berre fleire shell som du monterer dei ulike pickupane i. Slike armar var standardi på japanske spelarar heilt til den langt dårlegare T4P-fatninga kom, der pickupen skulle utformast slik at dei kunne pluggast direkte inn i ei kontakt på armen. SME har nokre armar med også ei ny fatning, og det finnest armar frå t.d. Mørch og Eminent Technology som er like lette å skrifte pickupar i, men dei kostar meir enn desse gamle og enkle sakene. Stort sett er desse armane relativt tunge, samanlikna med t.d. Rega sine lette, og har heller ikkje same tekniske kvaliteten som dei nye konkurrentane, men dei er billege, og kan fungere heilt greitt. Skal du leike deg ei stund, er slike armar det beste.

Så over til pickupane "mine":

Grace F9
Dette er ein takksamt normal MM-pickup som kan brukast på alle platespelarinngangar. Pickupen var relativt dyr då han var i handelen, men likevel populær. Det går vissnok framleis an å kjøpe denne pickupen i utlandet, men eg har ikkje kjennskap til norsk importør for tida.

Fekk tak i ny stift til denne tidlegare favorittpickupen min via Japan. Ikkje den gamle E-stiften, som var rekna for å vere den beste, men ein ny, kvit sak. Skilnaden mellom desse to går mest på at den gamle, grøne E spelar meir tredimensjonalt, men også med vesentleg mindre detaljar, spesielt frå øvre mellomtone og oppover i diskanten. Det er skikkeleg mørk klangbalanse i E-utgåva. Du får også mykje betre dynamikk med den nye stiften.

I det heile illustrerer desse to stiftane skilnaden mellom den gamle og nye tid. Eit verkeleg godt anlegg anno 1979 hadde evne til å skilje rommet mellom musikarane og scena, og mange entusiastar var opptekne av dette. Eg hadde den gongen fått ein demonstrasjon av quadrofoni (bestefaren til surroundlyden), men slo frå meg satsing på dette då eg fekk høyre kor god romoppleving som kunne skapast i to kanalar, gjennom m.a. pickupar som F9E. Men så vart fokus flytta til kor godt anlegget kunne gje att mikrodetaljar og stor dynamikk, samstundes som den alltid opplagde kvaliteten av å spele heile frekvensområdet på ein sikkeleg måte vart høgt skatta. (Dette er interessant når ein tenkjer på at dette var situasjonen då CD-mediet vart introdusert. I dag er begge kvalitetane i fokus, CD spelar dynamisk og detaljrikt, og DVD og SACD er i stand til å skape romoppleving, sjølv om eg finn store manglar med desse nye media samanlikna med ein verkeleg god vinylrigg)

 

Yamaha MC 7
Denne vesle, brune plastdingsen kosta i si tid berre nokre hundrelappar, men er ein ekte, medium output MC-pickup. Det heilt spesielle er at han sporar alt, i dei fleste armar i medium vektklasse (men også i Rega-armane). MC 7 klarer seg gjennom 100 my på testplata, men også på den verste sporingstesten eg veit om, rillene på kanonskota på 1812-overtyra utgjeven på Telarc før CD vart tilgjengeleg. Denne plata er ekstrem, noko som du lett ser om du kikar på rillene, og berre tre av pickupane eg har prøvd greier seg her.
Når det gjeld lyden elles, er MC 7 veldig Yamaha-aktig, svært musikalsk med ein hang mot det varme og koselege, som "Technicolor" innan filmverda. Men det er svært presis bass og stor detaljrikdom over heile frekvensspekteret. Dessutan veldig dynamisk, om drivverket er det rette (må ikkje ha svak motor, helst ein kraftig direktedriven). Også tredimensjonalt greier han seg bra, ein god del betre enn Denon sine elles overlegne DL 103. Klangmessig ørlite svulstig i øvre bassområde, men ikkje sånn at lyden vert direkte varm, eigentleg er dette ein ganske klangnøytral sak, som trivest like godt saman med dyrt rørutstyr som endå dyrare transistorgreier, og flott til alle høgtalarar eg har prøvd, kanskje med unntak av litt forsiktige mini-monitorar.
Hadde denne pickupen framleis vore i handelen, hadde det vore mi framste tilråding i lav prisklasse. Det var ein heil familie pickupar frå Yamaha, og eg har høyrt MC 4 i tillegg til denne. Eg opplevde dei som ganske identiske. MC 10 var den billegaste, og denne har eg nyleg sett på bruktmarknaden. Men diverre har ikkje Yamaha slikt som pickupar lenger.

 

Denon DL 103
Denne pickupen har vore produsert i rundt 40 år, og vore kjent her i landet sidan slutten av 70-talet. Det finnest fleire variantar med meir eller mindre vesentlege skilnadar når det gjeld oppbygging og sliping. Som moving coil-pickupar flest, leverer alle midt på treet utgangssignal. Eg har sett alt frå 0,25 til 0,35 mV. Min gamle favoritt DL 103 D er noko av det mest musikalske som finnest, på same tid som denne varianten er så klangnøytral som ein pickup kan bli. Einaste negative er at ingen 103 eg har høyrt, evnar å formidle rom spesielt godt. D-utgåva er for lengst gått ut av produksjon, men her er visstnok kome ein avløysar med tilnærma same eigenskapar, utan at eg er sikker på kva namn han har fått.
Den noverande standard DL 103 som står i prislista til hifiklubben til under 1400 kr, var utseld sist eg høyrte med dei. Om du får fatt i ein slik, bør du slå til. Du treng ein grei platespelar med medium arm, t.d. ”folkevogna” Technics SL 1200 i ein eller annan variant, og ein god MC-riaa. Det morosame er at NAD sin rimelege PP-2 funkar svært godt til denne riggen. Men om du har tilgang på ein skikkeleg kvalitetsriaa, som ASR (min favoritt til betaleleg pris), er dette mykje betre. DL 103 er eigentleg usannsynleg god i alle ”idrettar”, bortsett frå det som har med tredimensjonalitet i lydattgjevinga å gjere. Klang, oppløysing og transientattgjeving er så god at det må opplevast om du skal tru det. Det kan måle seg med det meste, og til ein latterleg lav pris i denne samanheng.
Diverre er 103 ganske kravstor når det gjeld resten av utstyret, og du kan nesten ikkje vere for snill med han. Ein skikkeleg arm er eit must, t.d. er SME sine kostbare armar ein god match. Heldigvis fungerer også relativt rimelege, halvtunge armar (typisk japanske og amerikanske armar frå 80-talet) også godt. Drivverket må vere ganske kraftig, direktedrive, eller ein av dei kraftige beltedrivne t.d. frå Clearaudio, VPI, Nottingham eller Sota. (Passar godt med VPI-armen, sannsynlegvis best i den lengste utgåva). Phonoforsterkaren må vere av god kvalitet. Er du på sparebluss, veit eg berre om to løysingar; NAD sin PP2 og nokre små MC-trafoar som AudioTechnica selde for mange år sidan. Desse ser ut som pluggar, og stikkast inn i phonoinngangane som slike, medan pluggane frå platespelaren stikkast inn i enden på desse. Dette fungerte fantastisk godt med fleire rimelege forsterkarar, mellom anna NAD sin 3020.
Når det gjeld dei andre versjonane fortel "Rudi"nicknamnet på www.hifisentralen.no om eigentleg to ulike konstruksjonar, der C og D (og sannsynlegvis også den utan spesiell bokstavending) er variasjonar av den opprinnelege typen, medan E, R, S og Pro er andre konstruksjonar. Han held elles "Pro" for å vere ein svært god, om enn dyr sak, som endåtil er lett å få til i enkle armar.

 

DL 160
Ettersom mange forforsterkarar ikkje har MC-inngang av god kvalitet (dei færraste har platespelarinngang i det heile i våre dagar) utvikla Denon ein pickup som hadde kraftig nok utgangssignal til å kunne brukast i ein MM-inngang. Det var likevel ein MC-pickup, og dei lydmessige intensjonane var dei same som tidlegare. Resultatet vart DL160, ein forrykande god pickup til prisen. Denne har mykje godt same klang-kvalitetar som den opprinnelege DL 103, men tenderer litt til å vere endå meir musikalsk. Det er ingen tvil om at DL 160 fargar lyden ein del, litt for glatt diskant, litt for feit bass, men totalresultatet er svært, svært musikalsk. For å tekkjest moderne pickuparmar, er kompliansen på pickupen sett til 10, så sporingseigenskapane i SL 1200-armen er ikkje spesielt gode, nede i 60 my på høgste stifttrykk med standardshell (her må du ta av loddet i shellet) og det merkast på spesielt rått graverte plater. Men når det gjeld det musikalske, måten å lage driv i musikken, å få fram det vakre og det positive i platerillene, er dette eit funn til prisen. Eg har ikkje prøvd sjølv, men ser ikkje bort frå at DL 160 kan passe godt saman med dei billegaste Rega-armane.

 

DL 110.
Denne er endå billegare enn 160, og må vel vere den rimelegaste MC-pickup på marknaden? Dei to pickupane har svært mykje til felles, spesielt den svært musikalske spelestilen, men DL 110 er nok ikkje rimelegare utan grunn. Plusset er at eg fekk han til å spore 80 my i SL 1200-armen utan problem, noko som må kallast eit svært godt resultat, som er litt forbausande sidan det skal vere ein ganske lik konstruksjon. Kompliansen er sett nok lavare, til 8, så dette kan vere grunen. Men klangkarakteren er noko mørkare, med litt mindre dynamisk nyanseringsevne, og skeiv klangbalanse (kanskje eit resultat av manglande kvalitetssikring, du kan ikkje forlange alt for nokre hundrelappar). Desse faktorane gjer at eg trass alt held DL 160 for å vere meir for pengane, for dette er meir korrekt enn den rimelegare varianten. Likevel kan det godt hende at DL 110 passar godt i ditt anlegg, t.d. dersom du har høgtalarar som let litt lyst, og ynskjer meir tyngde i lyden. Det kan også vere at du er glad i dynamisk musikk, og særleg symfonisk musikk tener på dei gode sporingseigenskapane, og gjer det lettare å tilgje litt mørk klang.  Han er ikkje direkte karamellsøt heller, og er vesentleg meir detaljert enn t.d Grace F9E-utgåva. Mange rimelegare forforsterkarar har phonoinngang som let lyst og metallisk. Dersom du har ein slik forforsterkar, gjerne med balansekontroll, kan det godt hende du får ein fullgod komplett vinylrigg til ein svært låg pris. Hugsar at både Luxman, Technics og NAD hadde integrerte forsterkarar som var på denne måten.

Dei andre pickupane eg har høyrt frå Denon, har alle vore gode. Men ikkje aktuelle for meg. Anten har dei hatt for svakt utgangssignal (eg treng 0,25 mV som eit absolutt minimum for å få min gamle ARC SP 10 til å levere), høg pris, eller så er rett og slett DL103 betre.

Denon-konklusjon:
Denon har altså tre pickupar som eg held for å vere ekstremt gode kjøp. Kva for ein som passar best til deg, er eit spørsmål om økonomi, smak og anlegget ditt elles. Er du nyfiken på vinyl, eller rett og slett ynskjer å få ein gammal vinylrigg til å fungere utan å bruke så mykje pengar, er 110 rette valet. Dette er også ein klar budsjettmodell, ein MC-pickup som kan brukast i vanlege phono-inngangar på forsterkarar med slikt. Den er ikkje særleg kritisk til armen, men bør nok ikkje ha dei aller lettaste. 160 er for den som har litt betre arm, særleg om du stiller strengare krav til klangbalansen. Desse pickupane kan brukast om kvarandre, og vil fungere frå ”akseptabelt godt til ”glimrande” hos nesten alle. Denon DL 103 vil i alle sine ulike utgåver vere ein inngangsbillett til hi-end, med store dyder du normalt ikkje finn i prisklassen. Men det er ein pickup som krev skikkelege arbeidsvilkår, og er såleis like vanskeleg som andre hi-end-pickupar.

Det er hovudsakleg to faktorar som kan føre til at du endar opp med berre eit ”akseptabelt , er for det fyrste ein arm som ikkje passar særleg godt. Den mest kritiske i så fall er 103, men også 160 kan få problem. Det andre problemet som kan dukke opp, er at drivverket ditt ikkje er sterkt nok. Problemet vert då at musikken høyrest upresis ut, og at dynamikken er litt tam. Dette vil aldri skje med ein direktedriven platespelar, så om du plagast med dette, er det å sjekke om reima som driv rundt tallerkenen er stram nok, er ho ikkje det, bør du prøve å gjere noko med det. Du må ikkje stramme for hardt, det fører til at du får ein mislyd frå tallerkenlageret. Ikkje alle platespelarar kan stramme reima (det er vel heller unntaket for dei rimelegaste), og då får du håpe ei ny reim forbetrar tinga. Men mange platespelarmotorar er ikkje sterke nok, og då hjelp berre ein annan platespelar.
Denon importerast av Hifiklubben.

BENZ
Denne pickupprodusenten er vel ved sida av Ortofon den med flest anstendig prisa hi-end-modellar. Brutalt kort kan eg trekke fram dei tre eg har prøvd ut.
MC 20E2 har høgt utgangssignal, og kan brukast direkte i ein MM-inngang, (på same måte som t.d. Denon DL 160). Klangbalansen er rund og varm med stor sjarm, detaljrikdomen sånn passeleg, men absolutt i stand til å syne vinylen sine kvalitetar samanlikna med digitale media. God dynamisk nyanseringsevne, og elles rimeleg gode perspektiveigenskapar gjer dette til eit fornuftig alternativ, dyrare, men også betre enn Denon-konkurrentane.
MC Gold er på alle måtar betre, men krev då at du har god MC-forsterkar. Gold har dei gode perspektiveigenskapane som 20E2, men er kanskje endå betre og har i tillegg betre oppløysing, så dette er eit spennande alternativ til Denon 103, kanskje litt enklare å finne arm til.
Den beste Benz eg har prøvd, er den ganske kostbare Micro Glider. Denne er minst like kritisk som Denon 103, men byr på større kvalitetar, heilt i samsvar med prisen. Tredimensjonale kvalitetar og oppløysing er i referanseklasse. Sjølv om dynamikken er svært god, finnest det betre ting innan dette feltet, dersom du er villeg til å betale for dette. Ein god riaa er sjølvsagt eit must, og her nyttar ikkje NAD pp2. Best resultat fekk eg med ARC SP 10 og Trichord,medan Clearaudio Balance var ok, men ikkje fullt så kledeleg for denne lett romantiske, superdetaljerte saken. Men eg trur at også ein ASR-riaa  vil vere ganske optimal her. Mitt inntrykk er at Micro likar seg svært godt saman med rør, så har du ein slik riaa (eller forforsterkar) vil det gå bra. Utgangssignalet frå Micro er 0,3 mV, så du må ha ein relativt støyfri sak.
Importør av Benz er Taaimport/Lyric.

 

Ortofon
Verdas største pickupprodusent, med mange svært interessante modellar. Best av alle, men også mest krevjande, er den no utgådde MC 7500. Mine erfaringar er at du må ha ein spesiell og kostbar MC-trafo i sølv frå Ortofon, eller Rotel Michi sin riaa-forsterkar for å vere lukkeleg. Det er likevel grunn til å tru at Trichord og ASR sine toppmodellar kan vere gode matchar til MC 7500, men eg har ikkje prøvd desse med ein pickup med så lågt signal. Eineståande god pickup, så nær det fullkomne eg har vore, saman med nokre få andre, som kjenneteiknast av eit prisnivå som gjer det skrekkeleg å tenke på at pickupen slitast etter kvart.

Elles er Ortofon leverandør av ei rekkje andre svært gode pickupar. Min favoritt i mellom dei relativt rimelege er MC 30 Supreme. Supreme er no på veg ut, og skal erstattast av Rondo-serien, med m.a. gode slipingar frå Fritz Gyger, og eit utgangssignal på 0,5 mV, som hevdast frå fabrikken å vere det optimale. Desse har eg ikkje fått prøvd ut enno.
Eg tykkjer MC 30 Supereme er undervurdert, for her sporast det bra, dynamiske og tredimensjonale eigenskapar er svært gode, og her er eit output som passar godt saman med min gamle ARC SP 10.  Elles er Rohmann ein pickup eg held svært høgt, men denne er ganske krevjande når det gjeld utstyret elles. Eg har ikkje prøvd denne i eigen rigg, fordi det kjem for svakt signal til SP 10, men har høyrt han i samband med ein Rega platespelar i mellomprisklassen og ASR sin rimelegaste riaa. Med eit analytisk, dynamisk og nøytralt hi-end-anlegg er dette skikkeleg supert.

Så må også dei fire Kontrapunkt-pickupane. Eg har berre hatt a-utgåva til utprøving heime, og reknar med at dei tre andre, dyrare modellane har forbetringar i samanlikning. Kontrapunkt a er ein pickup som tiltalar mange. Mi innvending er at han er ganske nær klangidealet frå digitale signalkjelder, og dette er ikkje etter min smak. Eg har likevel stor forståing for dei som likar Kontrapunkt a, for du treng ikkje lytte lenge til denne pickupen før du høyrer detaljar og tredimensjonalitet du sjeldan får oppleve frå CD-spelarar.

Dei mest spennande for vintage-entusiastande bør vere dei eldste av alle tilgjengelege pickupar Ortofon SPU. Det er litt for mange utgåver av denne, og eg har berre høyrt tre eksemplar gjennom tidene. Det er ikkje tvil om at dette er svært gode pickupar, men dei må ha passande armar og passande riaa. Pass også på at du ikkje kjøper monoversjonar eller versjonar som skal ha stifttrykk på rundt 3 gram, det er neppe godt for vinylrillene.

Ortofon har mange fleire MC-pickupar som burde vore omtalte, og endå verre er alle dei MM-pickupane som hifipressa har neglisjert. Eg har heller ikkje prøvd desse, men skal prøve å ta meg saman, dersom det vert spørsmål om desse rimelege og spennande pickupalternativa.

Ortofon er importert av Mono, som har hatt dette i ei årrekkje, og har stor oversikt. Om nicknamet "CBA" på hifisentralen vert kontakta, får du detaljert informasjon langt ut over kva eg kan fortelje.

 

Van den Hul
Pickupane herifrå er glimrande, og eg har hatt stor glede av den fyrste og rimelegaste utgåva MC 10. Denne er framleis i handelen, men har vorte litt forfina i høve den eg kjøpte ca 1985. Det vert hevda at denne ikkje skal ha godt av tangentialarmar, men eg har brukt han i ein ET 2-arm i ei årrekkje med svært godt resultat. Svært gode sporingseigenskapar, svært detaljrike, god tredimensjonalitet, og ei klangbalanse som må seiast å vere mellom dei mest nøytrale eg veit om, på linje med Benz, men meir distinkt. Det finnest også VdH-utgåver med kraftig utgangssignal som kan køyrast rett inn i ein MM-inngang med godt resultat.
Van den Hul reparerer også pickupar, skifter til sine spesielle slipte diamantar, og har nålefane av boron på sine beste utgåver. Desse er ganske kostbare, men seiast å fha heilt unike eigenskapar. Eg har diverre nesten ikkje fått høyre desse, berre ein Grasshopper under demonstrasjon i regi av importøren
Det vert hevda at VdH-pickupane passar svært godt i dei beste SME-armane, som er har same agent, Audio-Media i Bergen. Er du heldig, kan det kanskje ordnast ein demonstrasjon?

 

Fidelity Research FR MC 201
Ein heller trist hi-tech pickup eg aldri fekk til, sjølv om han i somme armar har spora godt. Han let uengasjert og udynamisk, og er (heldigvis)  gått ut av produksjon for lengst, så det hadde vore best å gå stille forbi denne mislykka pickupen, hadde det ikkje vore for ein eigenskap. FR 201 hadde betre tredimensjonal attgjeving enn nokon annan pickup eg har prøvd. Ekstremt kritisk til riaa eller MC-stepup som han var, trur eg at få har høyrt denne for alt han var verd lydmessig. Om du kjem over ein slik, kan du prøve å ta han direkte inn i ein MM-inngang, og oppleve perspektiveigenskapane trass i sus og ubrukeleg dynamikk. Ein uferdig konstruksjon som eg ikkje vil tilrå til dei som ynskjer musikk i heimen, men for den spesielt interesserte, og som eit føredøme for konstruktøren som ynskjer å forbetre tredimensjonale eigenskapar i produkta sine. Såleis er det spennande å oppdage at det skal finnest ein annan FR-pickup MC 202, som er omtala fleire stader på internett. Skal bli interessant å sjå om denne dukkar opp her heime...

Read 8170 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.