Wednesday, 31 December 2003 23:00

Nottingham Spacedeck

Written by

Få ting er så moro å prøve ut som entusiast-platespelarar. Eg har hatt høve til å samanlikne nokre slike. Nottingham Spacedeck har mange tilhengjarar, og har fått mykje positiv omtale. I same prissegment finn vi også VPI Scout som også har godt ord på seg. Begge desse spelarane bør vere interessante for kjøparar med passeleg høge ambisjonar når det gjeld lydreproduksjon, og vi startar med den engelske.

 

 


Drivverket
Spacedeck har ei spesiell platematte, laga av stiv, hard og lett skumplast. Denne kan sikkert vere ein sørgjeleg støvsamlar, men Nottingham leverer med eit smart ”deksel”, ei vinylplate du kan legge på tallerkenen når spelaren ikkje er i bruk. Såleis slepp du å få støv der plata ligg, og det er det viktigaste. Enkelt, og langt rimelegare enn eit stort akryllokk, men du må tørke støv av resten av spelaren. Heldigvis er det nesten ingenting som stikk utanom tallerkenen, utanom baseplata som er lett å tørke over.

Spacedeck leverast med eigen base.

Vidare er platetallerkenen den tyngste eg har hatt i hus. Her er det brukt fleire materialtyper, bakte saman i ein velbalansert, tjukk sak. Lageret er fysisk stort, og kraftig overdimensjonert, med ein diger brønn å fylle olje i. At dette har svært mykje å seie for lydkvaliteten var tydeleg under samanlikning av Clearaudio Champion level 1 og 2, der oppgraderinga gjekk hovudsakleg på tjukkare platetallerken og kraftigare lager. Såleis verkar Nottingham svært skikkeleg.

Platetallerken er omkransa av to gummipakningar, som drivreima vert liggjande mellom. Vidare må det nemnast at drivreima er tjukk og ganske elastisk. Dette kan kanskje dempe vibrasjonar, og det sikrar at reima held seg nøyaktig på same stad på tallerkenkanten. I kva grad dette har stor innverknad på lyden, er vanskeleg å seie.

Kabinettet er på tre bein, slik at det alltid står støtt på tre gummiballar. Her brukar ein prinsippet med demping i staden for ”mekanisk jording”, der ein baserer seg på spikes. Dei tre gummibeina står på ei tung baseplate av ukjent materiale. Overflata har ei stripe med forsiktig blåskjær i seg. Mange ville kanskje meine svart var penare, men då vil støvet syne betre. Baseplata gjer at du kan spike dersom du vil. Då plasserer du spikane under baseplata i staden for dei gummiknottane som er påmonterte i utgangspunktet. Eg prøvde dette som vanleg med Soundcare, men kunne ikkje påvise sikre endringar av lyden . Utprøvingane vart altså gjort utan Soundcare.

Motoren er plassert på sida av tallerkenen oppe på baseplata. Separat motor er det vanlegaste på moderne, beltedrivne konstruksjonar, og denne verkar heilt grei.

Dei beste motorane i dag kan haldast i handa, utan at du er i stand til å merke om dei er avslått eller roterer. Denne er ikkje fullt så god, men ikkje langt unna. Motoren verkar rimeleg kraftig, så det forskrekka meg at platetallerkenen treng ein puff for å komme i gang. Men spelaren går dønn stabilt når han fyrst har kome i sig, så dette er eit spørsmål om sportsånd.

Armen
Dette er ein liten godbit, også levert frå Nottingham. Armrøret er ganske lett, og balanseloddet er hult, men plassert i eit lavare plan enn armrøret for å sikre meir stabilitet. Den totale vekta vert ganske lav, men kanskje ikkje så stabil som om massen hadde vore større? Konstruksjonen verkar likevel svært gjennomtenkt, der det meste som kan dempast er dempa. I starten fekk eg ikkje til å  utbalansere armen, og i handboka står det ingen opplysningar om korleis dette skal gjerast. Men det var ganske enkelt berre å ta litt ekstra i kontravekta og balansere ut på vanleg måte.  Skulle ynskje at den gamle måten med gjenga kontravekt kom på moten igjen...

Pickupen
Audio Art/Vidar Sonesen sendte med den nye Transfigurasjon Aria. Dette er Transfigurasjon sin ”billegmodell”, som likevel har ein relativt høg pris. Pickupen er med minimalt "omslag", så det er viktig å vere forsiktig under montering. Totalinntrykket av kombinasjonen var svært godt, slik du kan forvente når totalprisen kjem på såpass mykje som han gjer.

Justering av pickupen var ikkje enkelt, heller ikkje når eg kontrollprøvde Aria i VPI/JPW-kombinasjonen. Det var vanskeleg å få betre sporingseigenskapar enn 60-70 my. Dette er akkurat i grenselandet for kva eg godkjenner. Men lat deg ikkje skremme av den grunn, får du til 70 my sporing, er det lite musikalske gevinstar ved å spore betre.   Det viktige er lydresultatet.

Lyden
Eg vil spesielt trekke fram klang og oppløysing, som imponerer i ein grad som eg ikkje kan hugse gjort betre. Å spele t.d. Supertramp med alle sine smådetaljar er ei flott oppleving, og spesielt overtonestrukturane i basstromme og bass er svært realistiske og presise. Eg er også svært fornøgd med overtonestrukturen. Elles er romopplevinga meir enn god, om enn ikkje heilt det same som via Benz sin toppmodell. Einaste negative eg merka meg, var at dei lydlege kvalitetane tapte seg når armen nærma seg sluttsporet. Etter nokre forsøk på justering synte problemet seg å kunne reduserast, utan at det forsvann fullstendig. Sporingseigenskapane ved 2,5 grams stiftrykk er berre 60 my (måleplata mi har sporingstesten plassert om lag på midten).

Problemet finnest generelt på nesten alle platespelarar, men dette er nok større enn vanleg med denne armen. Eg prøvde også med ein Benz MC Gold i same arm, og sjølv om dette totalt sett baud på svakare lydprestasjonar, er det ikkje tvil om at denne pickup/arm-kombinasjonen fungerte betre, med sporingseigenskapar på 80my og knapt merkbare endringar i innerrillene.

Når ein skal samanlikne Spacedeck med andre spelarar i prisklassen, er det ikkje dei store ulikskapane, snarare eit spørsmål om kva dydar som er dei viktigaste for deg. Spacedeck si sterkaste side er den spesielt støysvake gangen, og den uvanlege nøytraliteten. Ulempa er at tallerkenen må skubbast i gong.

På slike prissnivå, brukar dei fleste spelarar å vere glimrande. Dette er heilt klart tilfelle også med Spacedeck. Mange trur også at det er mykje fellestrekk mellom spelarar med tung platetallerken, snortrekk, og separat motor. Og her er mykje felles med VPI Scout og Clearaudio. Å velje ein desidert vinnar mellom desse spelarane, er inga enkel oppgåve. Om eg skal konsentrere meg om særpreget til Spacedeck-kombinasjonen, er det som om musikken står mot ein heilt svart bakgrunn. Her er ingenting som fjernar fokus frå musikken, bortsett frå eigenskapane til ulike pickupar, og kor godt dei fungerer i armen.   Dei pickupar eg har prøvd i armen, tyder på at dei fleste gode MC-pickupar kjem til sin rett i denne armen. Dette er ein arm som yter gode pickupar rettferd.

Lyden av den komplette spelaren her er på eit svært høgt nivå, som du rett og slett må unne deg å høyre, men merk deg at det kan verte tungt å gå attende til dei gamle CD-platene etterpå.

Einaste innvendinga eg har, er at arm/pickupkombinasjon ikkje ser ut til å vere optimal. Eg har justert så godt eg kunne, men var ikkje heilt fornøgd, samanlikna med lyden av Aria i JPW-armen. Eg ville nok kike på alternative pickupar, iallfall ville eg fått Audio Art til å justere alt i forkant.

Skal du kunne ta stilling til om dette er spelaren for deg, er du nøydd til å få han demonstrert. Kor mykje dei einskilde komponentane verkar inn på lyden, er sjølvsagt noko uklart. Det ser likevel ut som pickupen både er svært nøytral, og i stand til å formidle ekstremt mykje av det som ligg i rillene. Drivverket er også av høg klasse. Det kan tenkjast at kombinasjonen av den spesielle platematta, den svært tunge platetallerkenen, gummipakningane rundt tallerkenen, elastisk drivreim og ein stillegåande motor gjev ekstremt lite eigenlyd.

Modifikasjonspotensiale?
Ved utskrifting av den originale platematta til mi gamle yndlingsmatte ”PlatterMatter” (same som Oracle brukte), endra lyden seg ein god del, men i grunnen ikkje til det betre. Utan platematte fungerte det heller ikkje så godt, så alle lydobservasjonar vart gjort med originalmatte og ein tung platestrammar. Det var diverre uråd å bruke platekrans fordi denne kom bort i armen. Men ein tung platestrammar var i bruk heile tida. Eg prøvde også Soundcare, men denne gongen fann eg faktisk ut at lyden var betre med dei opprinnelege gummiknottane.

Konklusjon
Ein vinylrigg består av tre deler, som alltid påverkar kvarandre og må tilpassast. For meg verkar dette som eitt av dei beste drivverka eg har vore bort i, og kan trygt anbefale det til alle som ikkje er redde for å skubbe platetallerkenen i gang. Pickupen er isolert sett ein av dei betre du kan få tak i. Pickupar slitast, og du skal vere glad om for kvar time meir enn 1000 du klarer å få ut av ein slik. Det er difor ikkje lett å seie at du skal kjøpe ein pickup til så mange tusen. Likevel, er du på jakt etter optimal lyd, er det naturleg å sjå nærare på Transfiguration Aria.

Armen er nok denne riggen sin svakaste del. Sjølv om denne også har god kvalitet,   står han ikkje heilt i samsvar med dei to andre komponentane.

Fakta:

Importør:         www.audioart.no telefon: 977 71 998

Prisar:
Spacedeck:                           12 900
Mentor tonearm                     13 900
Transfiguration Aria              10 000

Read 5400 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
More in this category: « Pickup - erindringar Lyra Argo »