Friday, 27 January 2017 19:59

NEI DETTE GÅR IKKJE - Stig Arne si dagbok november 2016 Featured

Written by

Eg skriv for sjeldan. Eg tek mål av meg til å finna ut alt om ein ting før eg skriv noko om det. Det går jo ikkje. Kor tid har ein funne ut alt om ein ting? Testing av eit produkt, eller det å finne ut av eit emne, er ein kontinuerleg prosess. Det tek tid. Og dette er jo ei dagbok, ikkje sant? So då må ein skriva litt då og då. Det er jo heile poenget. Om ikkje kvar dag, so i alle fall heller ofte. Og eg vil jo gjerne prøva å underhalda lesarane. Eg har funne ut at eg faktisk HAR lesarar. På Horten-messa i fjor var det ein som sa at han såg fram til innlegga i Dagboka. Det var hyggeleg. Og då må eg jo prøva å leva opp til krava. 

Eg må rett og slett ta det heile litt mindre seriøst. Skriva når eg har noko å skriva om, og når eg har lyst til å skriva. Og so heller gje blaffen i at eg ikkje har funne ut absolutt alt om emnet. Endå. Det får koma litt og litt. Slik fungerer jo og aviser andsynes bøker. Dessutan skal eg snart ut på ein liten ferietur, so det vil gå nokre veker til neste Dagbok. Difor var det einaste rette å skriva litt no. Og det manglar ikkje på stoff. Eg har ei endelaus mengd med halvferdige artiklar. Avdi eg ikkje har svar på alt. Men som sagt, den nye taktikken går ut på å skriva litt og litt. Viss ikkje, kjem eg i alle fall aldri i mål. 

 

NAD 3020

Endå eit avsnitt med overskrifta Nad 3020! Det er jo heilt utruleg. Men det har ein grunn. Til dagleg lytting i heimen alternerer eg mellom Nad-ar frå stabelen og andre forsterkarar, til dømes Rotel RA 820 som eg hadde med meg på Horten-messa. Men eg lyttar til andre forsterkarar og, som ein heilt ny Rotel. Og til ein kompis nokre steinkast lenger aust tok eg med til han ein splitter ny, moderne forsterkar frå Bergen, når eg so allikevel hadde eit ærend der. Kvelden etter levering var eg oppom til han for å installera den nye, og starta med å lytta litt til den gamle (ein Nad 3020, levert av meg, naturlegvis). So kopla me opp den nye. Begge var kalde, og det er jo ikkje ideelt, men til gjengjeld var det likt for begge. Me spelte dei same tre melodiane på kvar forsterkar. Det var interessant. Den nye var slett ikkje betre på alle punkt. Mykje meir lytting må til for å fella ein dom, om det i det heile er turvande. Det morosame er at me var rørande samde om resultatet (so langt). Ingen av oss gjev blaffen i om det er den gamle eller den nye som er best (eller “best”). Me har ingen fordomar. Han eig jo begge, so han han kan velgja fritt. Og det vert spanande å sjå kva han landar på. No skal han spela inn den nye medan eg er på ferie. Den gamle har spelt i 35 år. Og so skal me gjennomføra ein vonaleg seriøs, samanliknande test seinare. Men me erfarte, og det har etterkvart vorte ein vane: Du skal ha litt av ein forsterkar for å konkurrera ut ein Nad 3020 på alle punkt. Uansett Watt eller pris. Og med dette har eg vel gjort mitt for å halda myten om Nad 3020 levande endå ei stund. Og prisen oppe. Det var ikkje meininga. 

 

I lange periodar bytte eg sjeldan utstyr. Men eg har oppdaga at det er lærerikt å byta litt oftare. Og at forsterkarane har utruleg mykje å seia for det endelege resultatet. Det kan verka som om det er enklare å laga små-signal-forsterkarar, på line-nivå, enn effektforsterkarar (eller forsterkardelen i ein intergrert forsterkar). Eg seier ikkje at utgangstrinnet i ein CD-spelar, eller alle forforsterkarar, er perfekt, men at mykje av betoningane ser ut til å ligga i effektforsterkardelen. Mellom anna evna til å verka “rask” eller “treg”. Alle line-forsterkarar høyrest “raske” ut i mine øyre, medan forsterkarane kan variera veldig. Eg har nett fått eit forsterkarsett frå Electrocompaniet attende frå reparasjon, med den legendariske 25-Wattaren, og denne verkar uhyre rask. Framhald fylgjer!

 

PICK ME UP

Arve Åheim har lånt ein drøss pickup-ar av meg. Han har lytta og skrive om dei, eg har lese ein del av det, men muligens ikkje alt. Det er jo berre utruleg kor travelt me pensjonistar har det. Men no har eg fått dei attende, og vil sjølvsagt prøva dei eg og. (Nokre av dei var faktisk nye og uprøvde i uopna kartong). So kan eg lesa det Arve har skrive, og sjå om eg har same oppfatningar. Det vert spanande. Lars Tørressen har nemleg forsynt meg med ein super platespelar, so alt ligg til rette.   

 

Emilia Amper Band, her ved Oona Tuominen på bratsj og Olle Linder på slagvek

 

OSA-FESTIVALEN

Me må skriva litt om musikk og. Det er trass i alt difor at me har stereoanlegg - for å spela musikk. Men eg er ingen musikk-skribent, so eg skal avgrensa meg. Eg har strengt teke ikkje peiling på musikk - eg berre likar musikk. Nokon vil sikkert seia at eg ikkje peiling på hi-fi heller. Men ein ting er sikkert: Dei som ikkje går på konsert, skal berre halda kjeft. Dei veit i alle fall ingenting om korleis eit stereoanlegg skal låta.          

 

Elevar ved skulen

Margit Myhr soloførestilling: "Stilt trør kvinner i sørgedans". Sundag Emilia Amper Band, Osalalen, laurdagOsa-festivalen, inspirert av spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa, har nett gått av stabelen. Dette er ei årviss tilskiping i regi av Ole Bull Akademiet, og tilbodet femnar breidt. Festivalleiar Tormod Kleiveland skriv i innleiinga til programmet at profilen er å legga til rette for musikalske møte på tvers av sjangrar. Fredag fekk eg såleis med meg m.a. Hekla Stålstrenga, lekre melodiar i skjeringspunktet mellom folkemusikk og pop. Eg la særskilt merke til trommis Ole-jakob Larsen. Lekkert. Eg har ikkje bilete diverre, eg var sokalla “friviljug” (medarbeidar) og gløymde fotoapparatet. Laurdag og sundag hadde eg det med. Flotte konsertar, men eg avgrensar meg til å lata bileta tala. Sjekk programmet på osafestivalen.no, og lytt til fabelaktige utøvarar på Spotify og YouTube og denslags om du ikkje hadde høve til å vera med på festivalen. 

 

Morgonrode v/ Selma French Bolstad, nøkkelharpe, laurdag, 3 Brør Bar

 

ØLSPALTEN

Me har drukke ein del Pilsner og sommarøl i sumar, har me ikkje? Men kven gidd å testa slikt øl? Ikkje eg i alle fall. Det smakar jo jamgodt med ingenting, og alle smakar likt. Det er greidt nok ein varm sumardag, men du smakar vel ikkje eigentleg på det, du berre bøttar nedpå. So kva i all verda er poenget med å skriva omtaler av slikt? Det vil eg i so fall overlata til avisene i agurktida. Det finst unntak, eg veit det, men dei er sanneleg unntaket. Pilsner Urquell er kraftigare humla enn vanleg og er såleis eit greidt alternativ. Tore, eldste guttungen min er særskilt glad i dette. Under Hortenfestivalen kom eg over klassiske 0,33-flasker med Horten Pilsner, og denne var so dyr at eg skar grimasar i kassen. Eg sjekka ikkje prisen i farta. Pilsner er jo vanlegvis rimeleg. Men eg angrar ikkje. Maken til pilsner med smak og substans har eg vel knapt drukke. Men fatt mot folkens. Når eg høyrer frå meg att har nok jolaølet kome, og det er andre bollar. Me talast då! Til slutt: Merk at denne dagboka muligens ikkje vert korrekturlese grunna dårleg tid. Eg beklagar alle skrivefeil. 

 

Eit lite utval av sumarens drikke. Ille at snart alt er på boks. Det smakar betre på flaske

 

-Bozo- 

Read 6087 times Last modified on Saturday, 04 February 2017 11:12
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items