Friday, 04 May 2018 19:36

Grassat feil tilkopling - Stig Arne si dagbok februar 2018 Featured

Written by

Det kan sjå ut som om eg er alvorleg på etterskot, men det er ikkje so ille som det ser ut til. Når eg no har sendt februar, hoppar eg over mars, for då rapporterte eg frå Vossajazz. Neste vert altso april, og då er me ajour!

Grassat feil tilkopling

Eg var hitte hjå ei veninne ein kveld. Ho inviterte på kvitvin. Ho får ilt i hovudet av raudvin. Ho hadde ommøblert, ho gjer alltid det. Ho hadde difor kopla ned anlegget og kopla det opp att. Og kopla paddo (iPad) til anlegget. Det var ho veldig nøgd med. Eg sat litt på sida og lytta, medan eg nippa til vinen. På ein måte let det godt, på ein annan litt rart. Eg stussa, men sa ingenting. Ville ikkje kritisera. Ho er litt var for det. Til slutt greidde eg ikkje å halda meg lenger, men måtte bort til anlegget for å sjekka tilkoplingene. Der ser eg til min store skrekk at paddo var kopla til platespelarinngongen (phono). Det var det husets (mannlege) ungdom som hadde prestert. Litt av ein prestasjon. Men eigentleg ikkje so rart. Fono-inngongen er ofte fyrste inngongen frå venstre på bakplata, litt for seg sjølv, og difor lett å ty til. Han er som regel kalla “phono”, og veit dagens ungdom at dette er platespelarinngongen, og at platespelaren, og berre denne, må koplast til her? Niks. Ikkje rart lyden var rar. Phono-steget hever bassen og senkar diskanten, so lyden vart jo veldig basstung, noko ungdomen likar, og utan sjenerande diskant. Eller diskant i det heile. Eg kopla paddo om til reserveinngongen (AUX), og dermed let det slik det skulle. Eg banka på soverommet til husets (kvinnelege) ungdom, for å sjekka der. Du får ikkje premie for å tippa at det same var tilfelle der.       

Eg er normalt varm tilhengar av forsterkarar med platespelarinngong. Anten det er integrerte forsterkarar eller forforsterkar. Då slepp du utlegget til separat fonosteg (RIAA), og masse ekstra leidningar. For ikkje å snakka om dersom fonosteget og straumforsyninga er separat. Noko det ofte er! Då vert det mykje ekstra styr. Fullt overkommelig for ein audiofil, men ikkje alltid for husets betre halvdel som har gjort alt rett, men ikkje får fram ein lyd avdi ho har gløymt å slå på fonosteget. Då får du høyre det. Det stiller seg sjølvsagt annsleis dersom du har eit highend-anlegg til hundretusenvis av kroner; slike tenderer til å ha alt separat. Inklusive kona, som har gjeve opp og flytta ut.  Det er heller ikkje alltid noko å henta på separate fonosteg. På mange forsterkarar er det innebygde fonosteget av framifrå kvalitet. Det er det i alle fall på Nad-ane mine (3020) og ein gamal Yamaha-forsterkar som eg har. Eg trur ikkje det er mange som kjøper ekstra fonosteg til ein Nad 3020. Det måtte i so fall vera ein step-up til MC-pickup. Der er det ingen veg utanom. Eit standard fonosteg har for liten forsterking og dessutan feil ohmsk tilpassing til slike.

 

 

Men eg grøssa når eg tenkte på kor mange som har kopla data-maskina si til forsterkaren på denne måten. Sikkert mange! Det var då eg tenkte at det sikkert ikkje var so dumt at forsterkeren ikkje hadde fono-steg likavel. I ein lang periode, etter at CD-spelaren kom på marknaden, var fonosteget utelate. Men platespelaren nekta å døy, so no er fono-steget attende på mange forsterkarar og radioar. Men for guds skuld, ungdom: dette er akkurat den inngongen datamaskina IKKJE skal koplast til. Han kan koplast til kven som helst av dei andre inngongane, som alle er make. Bruk gjerne “tuner”-inngongen, som sikkert er ledig etter at nrk la ned FM-nettet. Eller Tape in. Eller AUX, som er ein ekstrainngong for kva det måtte vera. Berre ikkje platespelarinngongen. Sjekk anlegget ditt for dette, og alle naboane. Grøss og gru. E da løye me drikk. Og dermed over til-

 

Ølspalten

Ein kompis fem minutt lengre aust (gangavstand. Me er då spreke) inviterte på “prepping” av slalåmski ein kveld, og ba meg ta med eit par ski eller to. Me skrir renn i veteranklassen, og har fleire par ski tilpassa kvar einskild disiplin. "Ja men herregud me har jo nett preppa", seier eg. “Ja men dei må setjast inn med voks for sommarlagring”, kontrar han. “Gje deg”, seier eg, “dei er feite og fine. Eg gidd ikkje noko meir prepping no”. “Ok kom utan ski då”, seier han. Eg kjenner han. Han vil berre ha selskap, og har kjøpt inn øl. Eg let meg lokka. Måtte berre gjera meg litt kostbar.

Eg tok med nokre Seidel, som vanleg, det er framleis den rimelegaste halvliteren, til 22 - 23 kroner. Men Einar hadde kjøpt andre sortar (pilsner/lager) som eg fekk smaka. Ein Hansa Pilsner gjekk greitt ned. Eg har ikkje so mykje å seia om han. Han skil seg ikkje ut på nokon som helst slags måte. Han skil seg i so fall ut ved å ikkje skilja seg ut. Neste ut var Mack Pilsner. Mack er verdas nordlegaste bryggjehus! Eg har ikkje smakt Mack på år og dag, og vart positivt overraska over ein fin forsmak, sjølv om ettersmaken var flauare. Uansett ein spanande øl som eg vil freista fleire av. Det slår meg at eg er lei Seidel. 

Aass pilsner var litt skuffande samanlikna med Aass Classic, som eg smakte hjå Einar sist gong eg var her. Denne smakte godt. Eg vil freista å få tak i fleire slike. Hansa Fatøl: Smakar ingenting. Smakar ikkje vondt, berre ingenting. Det går ikkje an å karakterisera dette ølet. Ein kan ikkje seia at det er godt humla, for eg kjenner ingen humlesmak. Heller ikkje godt malta, for eg kjenner ingen maltsmak. Pilsnerøl vert normalt dukke kaldt, og då smakar det mest som vatn. Om du ligg godviljen til, kan du seia at han smakar reint og friskt. Smakane kom litt betre fram etter ein halvtime i stovetemperatur. Då smaka det i alle fall øl. Kva er logikken i at produsentane kallar ein øl for fatøl, når han er på boks? Og smakar endå mindre enn Pilsner på boks?   

Eg opplevde akkurat det same med Aass fatøl: Han smakar kan hende friskare enn pilsvarianten, men ikkje meir smakfull, snarare tvert i mot. Må finna ein butikk som sel Aass Classic. Vonar han ikkje er for dyr.

SISTE: Grans “Bare øl” har fått god kritikk og er billeg. Skal prøve denne.   

 

PS. Nad 3020

I førre dagboka avslørte eg at redaksjonen arbeider med ein samanliknande test av samtlege utgåver av Nad 3020. Eg spurde om nokon kunne låna meg ein Nad 3020B og e. Eg har ikkje høyrt eit pip. Ingen har teke kontakt. Alle trur at alle andre gjer det. Men André har ikkje teke kontakt. So me spør igjen: Kan nokon låne meg ein Nad 3020B og e? Du skal få namnet ditt på trykk med takk! Du kjenner sikkert nokon som har ein Nad. Ta ein telefon. Og ring meg på 93 46 75 69. På førehand takk, som det heiter. Sitatet: (i desse batteritider) “Eg eg aldri heilt avslappa om ikkje mobilen er heilt opplada”.

Read 5713 times Last modified on Friday, 04 May 2018 19:54
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items