Tuesday, 01 December 2020 20:25

JULEØL SPESIAL – Stig Arne si dagbok November 2020 Featured

Written by

Denne gongen er det juleølet som står i sentrum. Eg og Lars var tidleg på polet og kjøpte mengder, og Lars hevdar at me har smakt oss gjennom praktisk tala samtlege sortar. Eg skal ikkje presentera riktig alle i dag, har ikkje skrive alt. Resten kjem so tidleg eg kan i desember. Og litt hifi-sladder har eg sjølvsagt med.   

INFO FRÅ JAPAN

Apple, produsent av datamaskiner og mobiltelefonar mellom anna, nytta tidlegare prosessorar frå Motorola, men gjekk seinare over til Intel, same som i vanlege PC-ar. No byter dei igjen prosessor. I samarbeid med ein produsent som kallar seg ARM innfører dei no Apple Silicon, den same som dei ei stund har nytta i iPhonar og padder (iPads). No får altso Mac-ane òg Apple Silicon prosessor. Ikkje det at eg har peiling, men sidan eg alltid har brukt Mac (unnateke på jobb) og no iPhone (tidlegare Nokia, som alle andre) er det greitt å vita. Det kan jo koma opp som spørsmål i ein spyrjeleik! (Quiz). So no treng du ikkje sitja der som ein idiot, skuldig i at laget ditt tapte Quizen. 

Stig Inge har nett lese oktober-dagboka, der han som vanleg har kommentarar. Eg noterte meg problematiske s-lydar heime hjå ein kamerat som har Linn Classic forsterkar med CD-spelar og Technics høgtalarar på arbeidsrommet sitt, og spør om det kan ha noko å gjera med den japanske tradisjonsmusikken, og andre preferansar enn oss for lyd grunna dette. Stig Inge filosoferer over dette og er ikkje heilt sikker på om dette er den einaste årsaka. Ja, det er mange japanarar som lyttar til japansk tradisjonsmusikk, men truleg endå fleire som lyttar til japansk pop, vestleg musikk og jazz. Og dei føretrekkjer gjerne vestlege høgtalarar dei òg! Stig Inge har ei anna forklaring, eller ei i tillegg, og det har med konsensus å gjera, nemleg at japanarane nyttar mykje tid på planlegging, det er viktig for dei å vera samde om resultatet. Altso eit slags minste sams multiplum? Men dei fylgjer gjerne (berre) sine eigne standardar, om dei i det heile har ein standard, og det er difor ikkje alltid produkta deira får like godt gjennomslag i Vesten. Og dimed har me brakt forvirringa opp på eit nytt og høgare nivå; som ein kollega alltid sa etter at me hadde vore på møte. 

Det høyrer forresten med til historia at eigaren av anlegget slett ikkje er usamd med skildringane mine av lyden. Me er faktisk samde, men han  velgjer å ikkje la seg merka med det, sidan lyden alt i alt er heilt ok. Og slik må det vera. Det er vel ingen av oss som har perfekte stereoanlegg.

Tonegen

Og medan me er inne på "diverse info”: Dei opprinnelege Snell-høgtalarane, konstruerte av amerikanaren Peter Snell, nytta danske Vifa-diskantar i den opprinnelege varianten av den populære Snell E, som var ein relativt rimeleg golvståande høgtaler med 8” basselement frå Seas, og diskant både på framsida og baksida. Altso to diskanter pr. høgtalar. Eg er framleis i tvil om kor smart dette eigentleg er, men det er ein annan diskusjon. I ein nyare modell, Snell E mk III, trur eg det var, vart diskantar frå fabrikatet Tonegen i Japan nytta. Dette er interessant, eg skulle gjerne hatt eit par slike å prøva ut, men veit i skrivande stund ikkje om det er råd å fa tak i dei. Det syner seg at Tonegen slo seg saman med Fostex i 1986 (Stig Inge les opp frå internett), og at Foster og Fostex slo seg saman til Foster i 2003. Varemerket Fostex (og Tonegen?) finst framleis under Foster. Det morosame her, i tillegg til at det er mange som opp i gjennom åra har bygd høgtalarar i kjellaren med element frå Fostex, som du i si tid fekk tak i frå Audioscan, forløparen til Hi Fi Klubben, er at fabrikken ligg i Tokyo kloss i der Stig Inge bur. Eller i alle fall i nærleiken. Det kan godt hende me tek  turen dit ein dag neste gong eg er på vitjing.  

 

HRT

Peter Djordjevic hjå Audiofreaks stadfester info frå Stig Inge: HRT-grunnleggjaren skada seg stygt på sykkel og har mysst interessa for å føra HRT vidare. Det er pr. dags dato ingen produksjon av HRT sine produkt (dac-ar), men sørvis kan tilbydast, enn so lenge. HRT frå California er dermed “out of business”. 

NAD

Av omsyn til den mentale helsa til lesarane har eg ikkje nemnt Nad 3020 på lenge. Me tenkte de trengde ein pause. Men no har eg trong for å fortelja litt om testen av Nad 3020, samtlege modellar opp mot kvarandre, som eg har lova. Eg har vorte oppteken med arbeid på tomta, og eit par viktige prosjekt må gjerast ferdig før Kong Vinter slår til for alvor. Det er litt stress, og eg har difor ikkje hatt konsentrasjon til særleg testing i det siste. På mange måtar er testinga ferdig, men det tek tid å skriva. Eg kjem dessutan til å ta endå ein lytterunde, denne gongen med LP og CD som kjelde. Eg har sølt vekk mykje tid med å lytta til Spotify. Betre oppløysing gjer jobben lettare. Det er ingen ting i vegen med å lytta til Spotify, særskilt no som eg har fått ny og spanande DAC (Audioquest Dragonfly Cobalt), men som sagt, betre oppløysing er ein føremon når ein vil ha med flest mogeleg detaljar.              

MUSIKK: KORK

Om dette var ølspalten, ville du tru eg snakka om korksmak på vinen, noko vinen alltid har når ein dust på restaurant freistar å imponera nokon og sender kelneren ut att med vinen for å henta ein ny flaske, av di han smakar kork. 

Nei, eg snakkar om konserten med Stein Torleif Bjella og KORK (Kringkastingsorkesteret), laurdag 3. september 2020, 23.15-24.00. Denne opna opp augene mine for denne “sjangeren”. Det var magisk. Her fekk du den perfekte kombinasjonen mellom eit orkester, vise/pop og jazz. Visene til Bjella tvingar orkesteret til å arrangera musikk med meir harmoni og eit meir moderne uttrykk enn tidlegare tiders klassisk musikk. Det vert meir spanande å lytta til enn dei gamle komposisjonane du har høyrt mange gongar før. I konsertar som dette er orkesteret normalt utvida med ein trommeslagar, og den resulterande beat-rytmen, i lag med blåsarane til orkesteret, skapar lett eit jazzete preg. Slik sett var denne konserten ei vellukka og engasjerande blanding av ikkje mindre enn tre sjangrar: Det intrikate samspelet i eit symfoniorkester, Bjella sine lyriske songar, og den jazzete rytmen frå trommeslageren - ofte med bakgrunn nettopp frå jazzen. Frå og med i dag er eg hekta på denne sjangeren.   

 

ØLSPALTA: ÅRETS JULEØL FRÅ VINMONOPOLET

KINN VINTERVARMAR 

Florø, 8,5%. Med denne ølen fekk me ei bille i glaset. Skal tru om det fylgjer med ei slik i kvar flaske, slik som åma i tequila? Uansett, særs godt. Lettare brent malt, mot passeleg humle. Balansert, særskilt med bille, som bidreg med nokre promille protein. Men me let billa liggja, alle i testpanelet hadde ete middag tidlegare på kvelden.   

7 FJELL, 7 SORTAR

Bergen, 6,5%. Også ein “winter warmer”. God øl, litt lettare enn Kinn. 7 sortar malt gjev god malttyngd. Mindre humle og ettersmak. 

LØKKA JULEBOKK

Grynerløkka Brygghus, Oslo, 6,5%. Veldig god. Kraftig, maltdriven utan  for mykje kaffi; frisk ettersmak av bobler og humle. Godt likt av panelet. “Brygget av mennesker” står det på etiketten. Er det uvanleg? 

HAANDBRYGGERIET JULESTOUT 

Drammen, 12%. Det er ikkje berre Aass som vert laga i Drammen. Denne overgår det meste. Ekstremt kraftig, ekstremt søt, eg ville kalla det “barley wine”. Tilsett lynghonning og lagra på bourbonfat. Kraftig avslutning, nesten metallisk bitter. “Tåler lang lagring”. Ja det skal du få meg til å tru. Raudvin som er meint for lagring er jo ikkje sterkare enn dette. Ein sterk og søt jolaøl tåler opp til tre års lagring, denne klarar sikkert det doble. Definitivt ein øl for spesielt interesserte. 

HAANDBRYGGERIET NORSE YULE

Drammen, 8%. Bygg- og rugmalt. Rasande god, men ingen var lenger edru, so me har litt problem med å gje ein treffande karakteristikk. Mørk.   Balansert, og eigna til vellagra ost, i fylgje Lars. Han er glad i ost.

ELØ RUBIN JULEBOKK

Fitjar, 7%. Julebokk er ein leik med ordet bokkøl eller bock, i dette tilfelle ein undergjera dobbeltbokk. Ølet er, nesten mot normalt, ikkje prega av brent malt og fylgjande “kaffismak”. Ein god og balansert øl. 

JULEKLOKK

Oslo, tappa på Arendals Bryggeri, 8%. Denne, derimot, har ein tydeleg smak av brent malt og kaffi, flott om du likar det. Her er brukt kveite og rug i tillegg til bygg. 

7F (SJU FJELL) JULESNOP

Bergen, 9%. Tilsett kaffi og kaffebønner på fleire stadier i prosessen! Saman med eikeuttrekk og kakao-nibs trukket i rom. Jusses. “White Christmas Stout”. Utprega kaffismak sjølvsagt, og heller turr og bitter. Lars likte han, men ikkje min smak. Eg er vel bitter nok som det er. 

7F SILENT NIGHT

Bergen, 7%. 7F sine bakside-etikettar er ein fryd å lesa. Ta fram lesebrillene og le. Dette er ein mildare øl enn Julesnop, men har framleis utprega kaffismak, og er ikkje heilt min rett. 

JULEMJØD

Mjøderiet, Ytre Arna, Bergen, 12%. Dette er Mjøderiet sitt svar på julegløgg, og skal serverast i vin- eller likørglas, romtemperert. Mjød må ikkje forvekslast med øl. Det er honningvin. Difor det litt uvanlige serveringstipset. Svært søt. Kan best samanliknast med edelsøt vin eller likør. Litt stiv pris, ein hundrings for 0,25cl.     

25 DODICI

Borgorose, Italia, 8%. Med litt hjelp frå Google oversetjar finn me ut at dodici er tolv, 25 ganger 12 er 300, kva er symbolikken? Ein italienar ville sikkert visst det. Ølet er krydra med rosiner og appelsinskal, men ikkje plagsomt. Balansert, rund og mild. God.  

BERENTSEN JULEFNUGG

6,5%. Relativt nøytral, lettdrikkeleg. Søt og klassisk etikett. Det kan me lika. 

LERVIG NAUGHTY & NICE

Dobbelbock, 8%. Denne var god. Godt anslag, er det ikkje det det heiter på vinspråket, ein god munnfull, smaksrik, passe humla og kolsyra. 

FÆRDER GULL, RØKELSE OG MYRRA

Desse kjem i ein tre-pakning. Gull er 8% og litt ubestemmeleg, relativt turr i smaken. Røkelse er 7% og tilsett umalta bygg. Særs mektig. Myrra på 6,5% er favoritten, denne er lett krydra og maltrik, søt og godt balansert. Morosame tekstar på etikettane. 

 

Neste gong kjem resten av øla, og me skal kåra ein vinnar, I alle fall mellom dei vanlegaste norske sortane. 

 

Read 986 times Last modified on Tuesday, 01 December 2020 21:38
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.