Saturday, 27 March 2021 07:53

Musikk og teknikk - Stig Arne si dagbok februar 2021 Featured

Written by

Tredje bylgje er over oss, Vossajazz er avlyst for andre året på rad, ein spør seg kva meir kan gå gale? Men det finst likevel små arrangørar som framleis skipar til konsertar, uansett kor få publikummarar dei har løyve til å samla. Og so har eg kjøpt meg kassettspelar.

Musikk og teknikk

Ein av desse er Voss jazzklubb, som 10. mars skipa til “Bouncealarm” med Elisabeth Lid Trøen og Ingrid Øygard Steinkopf som komponistar for dei fleste låtane, i foajeen i gamlekinoen på Voss. Eit 5-persons orkester til ein pris av 2-300 kroner, kven vil gå glipp av det? Ikkje for å melda konserten, for det skal eg ikkje, men bouncy var da, og trommeslagar Rino Servatas hadde fantastisk driv, variasjon og presisjon i spelet, betre enn mange andre, eldre og meir kjende.

Eg har vore på konsert i gamlekinoen so mange gonger at eg burde hugsa det: Slik lokalet står fram no, er det håplaust med tanke på lyden. Det er eit veldig sjarmerande lokale med teak-panel på alle veggar i typisk 50-tals stil, men det er alt for tomt. Berre langs vest-veggen mot vindauga er det teppeliknande gardiner til å turka opp litt lyd. Her er ingen stolar eller sofaer til å dempa lyden anna enn dei spinkle stablestolane me sit på. Er lokalet fullt, er dempinga god, men med lite folk er lyden spinkel og gjallande. Her er for mykje refleksjon og for lite demping. Taket er glatt og utan demping, (sjå bilete), og det same er golvet. Likevel har eg gløymt å ta med tepper og pledd til å leggja på golvet mellom scena og publikum. Det hadde hjelpt litt i alle fall. Neste gong? Berre denne veka var eg på tre konsertar, so ingen skal seia at eg ikkje er godt kjend med lyden på konsertar, til samanlikning med lyden i ei vanleg stove. Eg vert likevel like overraska kvar gong over kor kraftig og levande konsertlyden er, og kor annleis lyden vert når han får breia seg ut i eit stort lokale. Rein lukke. 

 

Odd Nordstoga

Ein annan ihuga tilskipar er Jonas Vedde Ødegård gjennom verksemda BV-Event. Dagen etter Bouncealarm var eg såleis på konsert med Nordstoga, og du kan meina kva du vil om han, men når han stiller med to jazzmusikarar, Torstein Lofthus frå Øystese på trommer og Tor Egil Kreken frå Ål (no busett i Oslo på (elektrisk) bass, då går du. Når nydelege melodiar vert backa opp av so gode musikarar vert det ein svir å lytta til, uansett sjanger. Grunna korona-restriksjonar vart 230 selde billettar delt opp i to konsertar, 100 kl. 7 og 100 kl. 9, og dei siste 30 refunderte. Det må vera slitsamt for musikarane å levera to konsertar kloss i kvarandre, eg merka godt skilnaden, men kan stadfesta at dei var like edru på andre settet som fyrste. Eg veit det, for eg var backstage og spurde om det var noko dei mangla. Dei stira stivt ned i mobilane sine. Som medhjelpar var eg til stades på begge konsertane, og på andre settet visste eg akkurat kva melodiar eg skulle ta opp (via mobilen, berre). Eg spurde sjølvsagt om lov, og forsikra om at det var til eige bruk. Eg gjorde til og med video-opptak av Torstein Lofthus når han gjekk amok på trommene i ein liten solo. Ubetaleleg. 

Dette var ein av dei betre konsertane eg har vore på. Nordstoga sto fram som ein underhaldande forteljar mellom låtane, og backinga frå Lofthus og Kreken var variert og utsøkt. Eit profesjonelt arrangement dette, med røykmaskiner og masse ljoskastarar, og god lyd. Eg diskuterte forresten høgtalaroppsettet (favorittemnet mitt) med lydmannen etterpå. Høgtalarane var stabla frå golvet, og vinkla svakt inn. Eg spurde kvifor, sidan det er vanleg notildags at “line array”- høgtalarane som heng frå taket oftast peikar beint fram. Grunnane er fleire. Hengande høgtalarar er mindre i vegen, heng tettare, og treng difor ikkje vinklast. Golvhøgtalarane står langt ute på sida for ikkje å stå i vegen, og må difor vinklast inn for å dekka området midt i salen. Når eg fortel at eg føretrekkjer at høgtalarane spelar beint fram, både heime og på konsertar, nemner han ein annan grunn til innvinklinga: Mindre refleksjon frå motsett vegg. Eg har ein mistanke om at det siste er meir teori enn praksis, sidan line-array høgtalarane ofte ikkje er vinkla inn. Men du skal aldri krangla med ein røynd lydmann. Lyden var uansett svært god, etter mine øyre i alle fall.  

 

Vossajazz

Vossajazz skulle vore skipa til i Palmehelga som vanleg, med mykje av det same repertoaret som var annonsert i 2020. Grunna eit koronautbrot i Ulvik, og dessutan austpå, vart stadig strengare tiltak innført både lokalt og på landsbasis, og situasjonen vart sopass uoversikteleg og uføreseieleg at styret til slutt kasta inn handkledet - for andre året på rad. Men! Ny konsert vert skipa til 22-24 september. Merk at festivalen vart avlyst, ikkje utsett, elles kan kompensasjonsmidlar frå styresmaktene ikkje løysast ut. Slik er byråkratiet. Vonaleg er alle som vil, vaksinerte til dess slik at me kan leva liva våre som normalt igjen, og at konsertane kan avviklast på vanleg vis, utan dei restriksjonane som det låg an til i Palmehelga. Og at me kan handhelsa  og klemma kvarandre att, utan å verta melde til Metoo-politiet. Eg gler meg alt til hausten. 

Kassett

Dei nye digitale musikkplattformene er sjellause, og passar best for ungdomen, som uansett berre knottar på datamaskiner og mobiltelefonar dagen lang. Men det ser faktisk ut som om både gamle og unge saknar dei gamle og meir handfaste musikkformidlarane, og såleis har både platespelaren og kassettspelaren - og til og med spolebandopptakaren - fått ein renessanse. Sjølv hadde eg aldri ein spolebandopptakar, men alltid kassettspelar/kassettbandopptakar. Eg var aldri nøgd med lyden, og etter ein del flytting vart spelaren aldri kopla opp att.

Men ein sundagskveld midt på vinteren for nokre år sidan annonserte NRK på radioen at dei ville senda ein live-konsert på P2 Jazzklubben kl. 10. Klokka var 5 på 10. “-Denne MÅ eg ta opp!” og raste opp på loftet, visste at eg hadde ein spelar der oppe som virka (Philips), fekk han ned og kopla opp. Han var praktisk tala frosen, men fungerte, og etter å ha trykt Record og Play fekk eg  ein unik konsert på band. Eg fekk etterkvart sørvis på han og nye reimer, men til slutt svikta han likevel, og ei stund har eg vore utan. Eg har no ein heil stabel med kassettspelarar som ikkje verkar, biletet syner tre av dei, det dreier seg stort sett berre om å få nye reimer, men dei må tingast på nettet, sidan ingen importørar eller butikkar lagrar slikt lenger, og dessutan må spelarane i verste fall til reparatør for å få sett inn dei nye. 

For å få fortgang i sakene har eg stundom vore inne på Finn, i von om å finna ein ferdig overhalt kvalitetsspelar med nye strikk; klar til bruk. Ein Philips-spelar vart kjøpt inn, sidan eg har gode røynsler med desse. Eigaren forsikra meg om at spelaren fungerte. Eg burde visst betre. Ein eldre spelar, som i tillegg har stått lagra, verkar aldri, for reimene strekkjer seg, og morknar (det same gjeld gamle platespelarar med reimdrift). Om seljaren ikkje kan forsikra deg om at spelaren har fått nye band/reimer/strikkar, er det berre ein ting som er heilt sikkert: Han vil ikkje fungera. Min virka så vidt, men trengde uansett nye strikkar. Ny spelar i stabelen med andre ord. Seinare var eg endeleg heldig. Eg har fått tak i ein vaskeekte Nakamichi, meget pen og nesten heilt utan bruksstriper, med nye reimer og klar til bruk. Lydhovudet har ingen grader eller teikn på slitasje, spelaren er tydelegvis lite og pent brukt. Ein spelar med utslite lydhovud er metallskrot, sidan nye hovud som regel ikkje er å få tak i, i alle fall ikkje eit originalt. Uorginale hovud kan monterast, men du har ingen garanti for sluttresultatet. Det kan fungera fint, men det kan og syna seg å ikkje passa særskilt godt til din konkrete spelar og innstillingar. Eit godt brukt lydhovud vil avsløra seg i form av gradvis mindre diskant med aukande slitasje. Ikkje kjøp ein spelar der du tydeleg kan kjenna ujamnheiter etter å ha strøke fingeren over lydhovudet.    

Eg kjem attende til emnet kassettspelarar. Her er det mykje å vera obs på.  Det er stor skilnad i kvaliteten på spelarar, og kva band som passar. Det er moro å spela kassettar. Eg har hundrevis; kvar gong eg er innom den lokale bruktbutikken min (Brukt`n), får eg ein ny påse kassettar for ein slikk og ingenting, og det er alltid like moro å sjekka kva som er spelt inn på dei. Etter å ha lytta gjennom, vert dei kassettane som er av brukbar kvalitet nytta til å spela inn min eigen musikk, frå til dømes lånte LP-plater eller konsertar på radio. Den opphavelege musikken på bandet vert sletta av eit eige slettehovud etter kvart som du spelar inn ny musikk, sidan dette hovudet er plassert framføre innspelings- og avspelingshovudet. I fall du ikkje visste det. Gamle kassettar kan brukast om att og om att. Gjenbruk!  

 

Ølspalta

Det er kjekt med gode øl, men desse er gjerne dyre. “Sikringskosten” til mange av oss består difor ofte av billeg pils, og særskilt um sumaren er denne type øl den mest populære. Det er lite smak på industrielt bryggja pils, og av same grunn lite skilnad i smak mellom dei. Slik sett har det liten hensikt å “testa” dei opp mot kvarandre. Men skilnadane er der, og dei fleste finn sine favorittar. Men det kan ta både tid og konsentrasjon å skilja dei ulike produsentane frå kvarandre, om dette er målet. Mange svergar til sitt heimlege brygg, som er Hansa her i området, og held seg gjerne til dette heile livet. Ingenting i vegen med det. Desse hevdar ofte (alltid!) at dei kan kjenna att ølen sin mellom alle dei andre, og det er tilsvarande morosamt når dei - i blindtest - bommar fullstendig. 

Leverpostei

Eg har forresten funne ein ny favoritt: Beck´s frå Bremen i nord-Tyskland. På Kiwi kostar denne “berre” 25 kroner pr halvliterboks, og dei einaste eg i farta kjem på som er billegare er Bare Øl frå Grans, og Seidel. Bare Øl er forresten godt drikkande, mykje betre enn ryktet sitt, og Grans Premium er eit endå betre øl med fin humlesnert. Seidel har eg drukke mykje av, det var godt i si tid, men ikkje lenger. Anten har dei bytta bryggeri, eller so har eg berre drukke meg lei på det. Butikkane røper aldri kvar ølet er bryggja, boksen seier ingenting om det, men litt detektivarbeid har avslørt at det no muligens er laga hjå Aass. Det stemmer truleg, for Aass Pilsner og Seidel smakar relativt likt. Eg har gode tankar om Aass, men pilsen er ikkje det mest vellukka produktet deira etter mi meining. Skummet på Seidel, særskilt, luktar ikkje godt, og eg har i mange år lurt på kva denne lukta minner om (også andre øl kan ha denne lukta). Ein kveld eg jekka opp ein Seidel etter å ha ete ei skjeva med leverpostei slo det meg umiddelbart: Skummet luktar leverpostei. Prøv sjølv. Kan hende merkar du ingenting, eller det plagar deg i alle fall ikkje, men eg klarar det ikkje lenger. Eg er ikkje vidare imponert over kvaliteten på norsk industri-øl notildags, 4,7%, og kjøper heller ein pakke Beck´s. Beklagar.      

 

Brauerei Beck & Co

Om eg ikkje tek heilt feil- eg er ingen historikar -har dei fleste nordmenn i si tid vandra ut frå Tyskland, og teke med seg kunsten å bryggja øl derifrå. Eg reknar Tyskland som ein av dei framste ølnasjonane. Eg har drukke øl over heile verda, og det er utruleg ofte slik at når du les det med liten skrift  på bakside-etiketten av flaska eller boksen, står det: Brewery master: -og eit tysk namn (signatur). 

Eg har googla Becks på nettet, og det er ikkje akkurat eit mikrobryggeri dette her. Det er fjerde største bryggeriet i Tyskland, og produserer 278 millioner liter øl i året, eksportert til over 85 land. Eit avisbilete frå Bergens Tidende er teke i Israel! Brygghuset vart starta i 1873, og har sidan starten (og framleis) konsentrert seg om pilsner-typen utelukkande, etter same oppskrift som opphaveleg. Men det finst og naturlegvis ein alkoholfri variant, og fleire “Radler”-variantar, dvs pils blanda med fruktbrus, på 2,5% (lettøl). I 2002 selde eigarane (lokale familiar) verksemda til Interbrew for 1,8 milliardar kroner!!! Eg tenkjer at det er heilt innafor å nytta tre ropeteikn for slike summar, og tippar selgjarane er samde. 

På Becks si heimeside (kjekt å kunna litt tysk!) finn du tre pils, den vanlege pilsneren, (som på Kiwi diverre berre finst på boks), pluss ein ufiltrert variant, som truleg er den beste, og dessutan Gold, på gjennomsiktig (ufarga) flaske, som er ein mindre bitter variant, “-weniger herben Geschmack”. Måtte faktisk slå opp herben, tenkte dette var krydder (herbs på engelsk), men det tyda altso bitter, muligens, dvs mindre eller eller ein mildare humle - tippar eg framleis. Kva skal du med det? Ein “moderne og internasjonal” øl som smakar ingenting? Tvi vøre. 

Becks er ein ljos og lett øl, og skil seg ikke vesentleg ut frå andre pils etter fyrste supen. Det er når ølen har stått ei lita stund og ikkje er like kald, at  karakteren trer fram. Han har faktisk smak, både av malten (bygg) og humle, som gjev ein utsøkt og mjuk smak på tunga, i motsetnad til mange andre industripils, som ikkje smakar noko som helst, utover muligens ein friskleik etter den fyrste kalde supen. Dette er ganske tydeleg når eg etter eit par-3 vanlege pils avsluttar med ein Becks, som akkurat no i alle fall er den ølen eg føretrekkjer til dagleg, når eg ikkje ser meg råd til å handla noko dyrare, eller har fått kjøpt meg heimabrygg.        

           

Påskebrygg

Da e øje straks Påske, men det er ikkje mange påskebrygg i handelen. På Kiwi har eg berre funne ein: Tuborg God Påske! Det er ein mørk lager, noko myrkare og meir smaksrik enn vanleg pils. Hansa har etter det eg har sett ikkje laga påskebrygg på mange år, men til biletet har eg leita fram den fyrste påskeølen Hansa laga, i mi tid i alle fall, i 1998, frå samlinga. Han er uopna. Året etter kom han på boks. Neste år, Hansa? ver så snill? God Påske alle saman, uansett ver og reglar.      

Read 3632 times Last modified on Monday, 29 March 2021 19:37
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items