søndag mai 26 , 2019
søndag, 11 september 2016 07:59

Van den Hul DDT II Special - effektiv mot det meste Spesial

Skrevet av

I Nederland skal dei ha god greie på diamantar. For nokre tiår sidan var det ein luring der som tenkte: kva med å slipe diamantnælene på pickupar litt ekstra fine…..?

 

Denne luringen var  Aalt-Jouk van den Hul. Firmaet hans leverer både spesial hifi-kablar, og kostbar elektronikk, men det nok fyrst og framst platespelarmann han er. Det heile starta visstnok med at familiens platespelar vart konfiskert av soldatar under 2.verdskrig, slik at Aalt-Jouk måtte bygge ein ny. Så fatta han interesse for dette med korleis nål og stift skulle ligge i rilla på best måte. Han modifiserte fyrst nokre Philips-pickupar. Seinare designa han pickupar for Empire (1000z van den Hul) og Benz, før han endeleg lanserte sin fyrste eigenproduserte pickup; van den Hul MC 10. Den kjøpte eg. Trur det var i 1984.  Ein veldig god pickup som vart endå betre då han fekk ein Eminent Technology ET 2 luftlagra tangentialarm å kose seg i. Telarc si 1812-overture vart attgjeven utan problem, og matchen var elles så god at eg sleit pickupen totalt ut. Det vart ikkje logga, men det tok rundt elleve år. Og eg spelte mykje plater, slik at dette er den stiften eg veit om som har hatt lengst levetid. Minimum 1500 timar i rillene, og då tek eg ikkje hardt i.

 

Mange modellar, og to ulike slipingar

No kom Aalt-Jouk med fleire pickupmodellar etter kvart. Han hadde også laga ei endå finare sliping enn sin fyrste, der nåla er smalna med ein tredjedel, Desse pickupane er ganske dyre, og startar med modellen ”The Frog” til 20 990 kroner, medan toppmodellen Colibri XGA kostar 89 900.  Alle mellomliggande pickupar har denne VdH 1S-nåleslipinga, og skil seg frå kvarandre mellom anna ved ulikt tal på viklingar, kopar, sølv eller gulltråd og  kabinettmateriale med ulike kvalitetar. Men heldigvis er det rimelegare alternativ, og den gamle VdH 1-slipinga er også noko av det beste som finnest. Så lat oss i fyrste omgang sjå og lytte til inngangsmodellen Van den Hul DDT II Special.

 

 

Med VdH 1-sliping

DDT er nok den billegaste pickup du kan få tak i med Van den Hul-slipt nål. Går du to tusenlappar opp i pris, får du modellen med same namn som min 80-tals MC 10, men det er neppe identisk med min gamle yndlingspickup. No er MC 10 oppgjeven til å ha sølvvikla spolar, og litt høgre output enn det eg minnest. Dessutan har eg høyrt rykte om at DDT er identisk med den opprinnelege MC 10, noko eg har vanskeleg for å tru.  Og når det gjeld spesifikasjonar, er det i dag ingen skilnad på DDT II Special og MC 10 – til og med fargen er lik. Det er andre spennande alternativ i denne relativt skapelege prisklassen, og det er verd å merke seg MC ONE, som ikkje er anna enn ein finplukka og forfina MC 10. Så har vi MC 2, ein høgoutpututgåve som leverer 2,25 mV ut, slik at han kan brukast rett inn i MM-inngangar på forforsterkarar. Uansett har eg ein DDT klar til utprøving…

 

DDT – endeleg

Pickupen fekk aller fyrst prøve seg i ein Jelco-arm, påmontert eit flunkande nytt drivverk frå Luxman. Armen er velsigna enkel å ha med å gjere, og med eit minimum av justeringsarbeid kunne eg sjekke sporinga, som låg på 60-70µ, alt etter kor sterkt stifttrykket var. Eg la meg på 1,5 gram, og gjekk ikkje bort frå dette.

Fyrste jobb var nokre timar med innspeling, som fekk bort mesteparten av ein litt metallisk klingande øvre mellomtone. Det tok berre to kveldar før eg kjende meg fornøgd nok til å faktisk høyre på pickupen. Ting endra seg også etterpå, men etter gode 30 – 40 timar i rillene kunne eg seie meg fornøgd, og den ordentlege lyttinga kunne ta til.

Eg la umiddelbart merke til den gode, gamle VdH-bassattgjevinga. Eit karaktertrekk eg hugsar frå MC 10, pickupen eg måtte gje opp attende i 1995. Markant og kontant, med eit vell av detaljar som er interessante for gamle bassistar. Eg er tilbøyeleg til å seie at VdH-bass er den beste måten eg veit å høyre bass på, og det er frydefullt å lytte til bassdetaljar på plater av Genesis, Yes, David Bowie, 10CC, Supertramp så vel som mange av dei klassiske eg prøvde.  Dette gjer også noko med opplevinga av dynamikk. Alle fortissimo vert tydelege og gjev den tilfredsstillande snerten som mange er så glade i. Nyansar understrekast på ein måte som gjer at det er lett å få med seg ganske så komplekse musikkverk. Den som likar at rytme og bass er markert i musikken, bør absolutt vurdere DDT.

Lenger oppe i frekvensområdet er DDT meir diskutabel. Øvre mellomtone markerast, noko som er akkurat det du treng på visse eldre innspelingar av akustisk musikk. Sjekk til dømes Decca SXL-plater. Dei relativt romantiske og snille innspelingane krydrast akkurat passeleg opp til å gje skikkeleg inntrykk. Men av og til kan dette bli i meste laget og forstyrre, slik at til dømes Capricco Italien på RCA LSC 2323 opplevast som vel brutal i attgjevinga av messinginstrumenta. Og EMI sine klassiske innspelingar kan verte noko klangmessig tøffe.   Men for ein dynamikk….

Eg spelte ei bråte med musikk, og fann at mange av dei klassiske innspelingane eg var så glad i då eg spelte med MC10 på 80-talet framleis var attraktive, men likevel annleis enn det eg hugsar frå den gongen. Tykkjer du Supertramp kan vere litt daft? Det stemmer ikkje, og det finn du ut ved hjelp av denne pickupen. På ”Cricis what cricis” vert dei komplekse arrangementa løfta fram på ein svært så innbydande måte, og du får lyst til å spele platene om att og om att.

DDT er altså ein glimrande, om enn subjektiv tolkar av innspelingane. Det er definitivt ikkje negativt med markert og oppstramma bass, frontfokusert lydbilde og meir alvor i toppen enn vanleg, til dømes slik du får det ved avspeling via Denon 103. Men av og til er  det slik at pickupen vert ein smule eigenrådig. RCA-platene kan som tidlegare nemnt markere ein litt stressande topp, spesielt når det spelast messingblåsarar på full styrke. Markeringa av øvre mellomtone er heller ikkje ideell om du spelar dei klassiske EMI ASD-platene frå midten av 70-talet. Og lydbildet vert betre ivareteke om du spanderer på deg dei mange gonger dyrare superpickupane eg har prøvd. Likevel, til rock og pop kan du neppe få ein meir tilfredsstillande pickup til prisen. Eg spelte Deep Purple, Pretenders og Prince med stor entusiasme. Dersom du først likar VdH, er dette sterkt vanedannande.

Når eg spelar på DDT i Luxmanspelaren er det fyrst og framst dynamikken som imponerer. Såleis måtte også 1812-overtura på Telarc i elden. Dette er med god marin den råaste vinylplata eg har i samlinga, og normalt slengjer ho pickupen ut av rilla på siste kanonskot. Eg var riktig spent, for gamle MC 10 hadde greidd dette i ET2-armen. Og det gjekk fint, heilt til at det aller siste kanonskotet slengde pickupen ut av rilla, slik det har gjort med dei aller fleste pickupar eg har køyrt gjennom denne eldprøva. Ikkje uventa etter å ha synt 70µ sporing på testplata, men litt skuffa må eg ha lov å vere...  likare gjekk det då eg prøvde pickupen i tolvtomsarmen Kuzma 313 Reference; akkurat same resultat på sporingstesten, men (så vidt) godkjend attgjeving av siste kanonskot.

 

Litt teknisk:

Eg ser at Kuzma-armen min er i det passelege feltet når det gjeld effektiv masse tilrådd frå VdH til DDT II Special, som ynskjer 8 – 14 gram . Det går fint å spele i Jelco-arm, men DDT set tydeleg pris på å komme saman med Kuzma. Spesielt merkbart er dette innan den i utgangspunktet svært gode bassattgjevinga, og symbiosen her er verkeleg glimande, noko heilt for seg sjølv som gjer meg veldig, veldig fornøgd. Du kan skru volumet svært høgt opp før det får konsekvensar i form av bassfeedback og anna svineri. Så når eg tenkjer på at Kuzma lagar endå betre armar….

Impedansen er raust oppgjeven til 25 – 47k, med optimalt rundt 25 – 200 Ohm. Pickupen spyttar dessutan 0,65 mV, så det skulle gå veldig bra med nesten kva som helst av MC-inngangar.

Elles må det nemnast at pickupen kjem i ein veldig funksjonell boks, med ein svært innbydande vater for pickupjustering inkludert. Denne har to skruehol, så det er tydelegvis tenkt at denne kan festast saman med pickupen på armen, for å sjekke at alt er rett justert – under avspeling. Det er også to passande skruar med Umbraco-hovud i boksen. Og du treng ikkje mutterar – det er gjengar i hola på pickupen, så montering av DDT er velsigna enkelt.

 

Kvifor har vi ikkje høyrt VdH?

No har det seg at firmaet Van den Hul lagar både elektronikk og spesielt kablar. Og under den store vinyltørkeperioden frå slutten av 80-talet og fram til ganske nyleg, var det svært få butikkar med skapeleg pickuputval. Det var kablane frå VdH som vart sterkast marknadsført. Kanskje naturleg, for det er nok vanskeleg å slå seg opp ved å distribuere pickupar i prisklassen frå 10 – 90 kilokroner. No har Mono vorte importør av merket, og der er dei ikkje ukjende med vinylavspeling. Likevel er det ute i butikkane vi må møte desse produkta, og endå er det nok slik at det er berre er verkeleg seriøse hardcorebutikkar som kan demonstrere fleire pickupalternativ opp mot kvarandre. Van den Hul leverer sine to nåleslipingar til andre pickupprodusentar, og det er ikkje tvil om at her er ein av dei store kapasitetane på feltet. Eg har veldig lyst til å utforske dei litt dyrare alternativa, men må vente til slike dukkar opp. Sjølv om VdH har levert pickupar jamt og trutt heile tida, har eg faktisk ikkje sett ein einaste VdH-pickup utanom i private samanhengar. Før no.

 

 

Konklusjon

Ikkje uventa kan du få ein svært godt pickup for rundt ti kilokroner frå meister Van den Hul. Ein av dei kjekkaste rockepickupar eg veit om i nokolunde akseptabel prisklasse Ja, det er litt pengar å betale, men eg dristar meg til å kalle DDT eit godt kjøp. Han er sjølvsagt ikkje perfekt ( – noko anna ville vere dumt, ettersom dette er billegaste modell frå produsenten). Men dei viktigaste karaktertrekka er til stades, slik at spesielt dei med sans for bass, dynamikk og rockete musikksmak vil kjenne seg svært fornøgde. På desse felta er det få konkurrentar, og du legg veldig godt merke til desse kvalitetane. Om du derimot er fokusert på akustisk musikk og ynskjer perfekt klangbalanse, djupt lydbilde, vil DDT møte hard konkurranse frå andre pickupar. Og det er kanskje der du finn vitsen med dei dyrare modellane frå same produsent også.

 

No skal visstnok Aalt-Jouk kunne justere pickupane med skreddarsaum etter kunden sine spesifikasjonar ved å endre små faktorar under monteringa. Eg fekk tilbod om dette då eg møtte mannen for mange år sidan, men det vart aldri til at eg sende pickupen frå meg. Om det går an å få til både perfekt klangbalanse, denne fantastiske bassattgjevinga, så vel som ekstreme sporingseigenskapar og storslått lydbilde, er det verd å spørje ein gong til.

 

Importør: Mono A/S

Lest 4087 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser