onsdag, 31 desember 2003 23:00

VPI /JPW memorial 9

Skrevet av

Denne riggen har mange likskapar med Nottingham Spacedeck. Men aspirasjonsnivået er noko ulikt. Dette er VPI sin billegmodell. VPI har dyrare og grovare platespelarmodellar, og JPW finnest også i ein lengre, dyrare og meir presis arm, så eigentleg er dette den rimelegaste modellen frå denne produsenten. Så kva skal ein seie til ein småspelar til nesten 20 000?

 

 

Pickup
Den medleverte pickupen er det derimot ikkje noko stakkarsleg over. Benz Micro Glider er svært kostbar, og er ein blodtrimma representant for dette sveitsiske firmaet. Pickupen sporar 80 my på 2 grams stifftrykk, og dette er heilt ok. Men oppmonteringa går ikkje utan ei viss andaktskjensle. Konstruksjonen er utan pickuphus, og nålefana er ganske ubeskytta, så her gjeld det å halde tunga rett i munnen. Du bør også vere svært presis med alle justeringar.

 

 

 

Elles er dette ein svært forseggjort sak på alle måtar. Individuell utmåling fylgjer også med som utskrift. Så her veit du kva du betaler for (sjølv om det er ein god del tusenlappar..)

 

Drivverket
Samansetninga av spelaren går heilt greitt. Tallerkenen er ikkje på langt nær så tung som Spacedeck. Den er framstilt i acryl, og liknar ganske mykje på den noko tjukkare Clearaudio Champion level II. Tallerkenen verkar fornuftig lagra, men utan den grove overdimensjoneringa du finn på Champion II og Spacedeck. Det beste med denne tallerkenen er at ein platestrammar er integrert. Når plata er lagt på plass, er det berre å skru platestrammaren ned på den gjenga senterspindelen og teite passeleg stramt. Ein pakning skal plasserast under plata, og gjer at sjølv ganske skeive plater vert utflata. Vil du gjere deg ekstra flid, er her plass til at du legge på ein platekrans og oppnå endå betre resultat. Armen er dessutan montert direkte på chassiset, der konkurrentane har brukt eiga armbase på sidan av. Armen osar likevel av å vere ordentleg montert, og det er ingen grunn til å rynke på panna her. Kabinettet armen og tallerkenlageret er festa på, er då også usannsynleg tungt, noko som truleg har mykje å seie for lydkvaliteten.

Motoren og den integrerte platestrammaren

Motoren var fornuftig nok plassert for seg sjølv. Denne gav litt for mykje eigenlyd frå seg, men eg lurer på om det har noko med innspeling å gjere. Det endra seg likevel lite gjennom utprøvingsperioden. Eg var også imponert over straumkabelen som fylgde med, her slepp du avgjort å oppgradere til noko meir eksotisk, same kor fanatisk du er når det gjeld straumkabel. Motoren fekk tallerkenen i korrekt fart raskare og greiare enn konkurrentane, og verka i det heile svært bruksvennleg. Det einaste negative var den litt kraftige eigenlyden som ikkje ville gje seg. Eg tok ikkje sjansen på å smørje motoren, då det er viktig å ikkje blande oljetypar som klumpar seg med kvarandre.

Elles er det tydeleg at andre strategiar og prinsipp ligg til grunn for konstruksjonen, mellom anna har basen fire grove spikes som spelaren kviler på underlaget gjennom.

 

Armen
Den verkelege godbiten ved denne spelaren er heilt klart JPW Memorial-armen. Denne verkar utruleg skikkeleg, og er i tillegg svært enkel å bruke. Heile armen er hengt opp på ein lagerspiss. Ei skål i hardmetall kviler på denne spissen, og resten av armen er balansert rundt denne Dette kunne vore ganske ustabilt, men på grunn av lavt tyngdepunkt på dei delane som rører på seg, er armen likevel tilfredsstillande roleg. Kontravekt og alle justeringar kan teitast med umbraco-nøkkel, slik at ting er dønn stabilt. Justering av stifttrykk og overheng er enkelt, og antiskating ein kontroversiell, men velfungerande sak. (det vil sikkert vere mange som meiner at dette er for lite kraft, men med dei pickupane/stifttrykket eg brukte, var lydbiletet ope og beint) Leidninga som går frå armen til chassiset er ganske stiv, og tvinna ganske mykje, slik at tvinnet spenner armen til å ha mindre rørsle innover. Du vel sjølv kor mykje du vil tvinne, men det er frårådd å gjere så mykje ut av det at armen ikkje rører seg ved avspeling av rillefri plate. JPW hevdar at ved å tvinne eit par-tre-fire omdreiningar vert spennet akkurat passeleg motkraft. At andre armar ikkje fungerer skikkeleg, fordi behovet for antiskating varierer med kvar du er på plata, er ein påstand som bør nyanserast. Problema med antiskating stemmer etter mitt syn, og eg har difor alltid vore tilhengjar av tangentialarmar, som er fri for alle slike skumle krefter. Denne gongen fungerer armen skikkeleg godt, faktisk så godt at eg vil tilrå ei direkte samanlikning med SME modell 5, som eg diverre ikkje har tilgang på. Både denne og Graham-armen er rekna for å vere det beste som finnest av konvensjonelle armar, og eg skulle absolutt likt å samanlikne direkte. Graham har eg ikkje høyrt, og det tek til å verte nokre år sidan eg sist lytta til oppsett med SME 5. Eg dristar meg likevel til å seie at du bør ha ein sjekk av denne langt rimelegare armen om du siktar høgt på lydkvalitet. Det kunne også vore moro å prøve den lange 12” armen, som gjer at vinkelfeilen nesten vert like liten som på ein tangentialarm.

Her er armbasen med armen påmontert. Legg merke til dei grove kablane som fylgjer med. Armen har vanlege RCA-phonokontakter, slik at du slepp spesialplugg. Vidare er det svært enkelt å avmontere armrøret; du berre dreg ut kontaktpluggen frå kontaktfestet, og løfter armen av.

Her er armen løfta av. Du ser nåla han balanderer på. Legg også merke til justeringsringen for armhøgda på sokkelen til armen.

Eg prøvde ut dei MC-pickupane eg hadde tilgong på, og alle fungerte betre enn i nokon annan arm eg har tilgong på for tida. Og JPW er langt rimelegare enn konkurrentane.

Kor god er lyden?
Pickupen er den dyraste eg har prøvd ut på lang tid, noko som lydkvaliteten også indikerer. Dette er ikkje ein fullstendig nøytral sak, er det dette du leitar etter, vil ein Transfigurasjon Aria vere eit meir fornuftig val. Aria fungerer svært godt i JPW-armen, sjølv om heller ikkje denne er perfekt. Sporingentusiastane vil nok vere skuffa over dyre MC-pickupar generelt. Aria sporer berre så vidt 70my på to grams stifttrykk. Eg greidde ikkje å regulere vekta lavare enn 2,5 gram med Micro Glider, og då var sporinga oppe på 80 my, som må seiast å vere rikeleg til 99,9% av platene mine. Skal du spele utelukkande rytmisk, er pickup ikkje arenaen der du skal spandere pengane dine. Men om du er på jakt etter det grunnleggjande musisike, den indre opplevinga av musikken, er Micro Glider fantastisk. Mykje pengar, ja vel, men du får det att i kraft av å kunne fullstendig gløyme at du lyttar til reprodusert musikk. Det er vanskeleg å peike på kva som vert gjort så bra. Nøytraliteten er akseptabel, men ikkje absolutt. Sporinga er bra, utan å vere eksepsjonell, og den dynamiske nyanseringsevna er på same måte svært god, utan at dette vert fokusert spesielt. Tredimensjonaliteten er heller ikkje det du fyrst legg merke til, sjølv om dette også er i toppklasse. Faktisk blir ein berre meir og meir glad i pickupen for kvar plate som vert spelt. I starten opplevde eg Micro Glider som alt for kostbar, men etter innspeling og grundigare lytting vart det meir og meir klart at denne pickupen byr på realisme eg ikkje kan hugse å ha opplevd frå andre signalkjelder. Eg er tilbøyeleg til å hevde at denne er verd dei mange pengane han er prisa til, så ta ein god debatt med Lyric og høyr om det er rabattar å oppnå…

Konklusjon
Det er ikkje tvil om at denne vinylriggen fungerer svært godt, og for totalprisen får du ein svært godt fungerande sak med enorm musikkglede og ngoma. Æra for dette skuldast gode einskildkomponentar, spesielt ein fantastisk pickup og arm-kombinasjon. Drivverket er også godt, ein platetallerken med det beste platestrammaropplegget eg har vore bort i. Acryl-tallerkenen fungerer svært godt, og påverkar truleg systemet til å gje ein svært organisk klang og stabilt lydbilete, slik også Clearaudio sine dyrare spelarar er kjente for. Nottingham Spacedeck gjev ein endå meir nøytral klang og ”svartare bakgrunn”, men eg er ikkje villeg til å seie at den eine spelaren er betre enn den andre, det heile kjem an på kva som er det viktigaste for deg.

Pris: Her gjeld det å vere om seg – tilbod hos importøren.

Importør: www.taaimport.no

Produsent: www.vpiindustries.com

Lest 5899 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.