FYRSTE HYSTERISKE ENTUSIASTELEMENT: MARANTZ-AGENTURET. For dei som har vore med riktig lenge, var Marantz eit av dei store entusiast-merka. Dei legendariske rørprodukta til Saul Marantz var høgt skatta, og vert framleis omsett til ganske høge summar. Men så skjedde det noko; firmaet vart kjøpt opp av Philips, og det ærverdige prestisjetunge merket måtte finne seg i å verte omtala om ein "forgylt Philips". For ei skam! Faktisk er det endå folk innan hifimiljøet som sleng med leppa, og kjem med slik sjikane frå tid til anna. Dette har verkeleg irritert Marantz, og til sist fekk leiinga nok. Utviklingsavdelinga fekk fylgjande mandat: Bygg verdas udiskutabelt råaste forsterkarsett. Bruk rør (sjølvsagt), og når det gjeld prisen: tenk ikkje på det i det heile tatt! Produkta ser du her.
Dette er det VERSTE eg har sett, utan samanlikning. To monotrinn som består av dei legendariske 300B-utgangsrøra som drivarar, og to 845-rør til utgangen. Så doblast talet på desse "uråd å få tak i, fordi dei er så dyre"-røra, og det brukast eitt ekstra sett for å "overvake" og "styre" dei røra som eigentleg står i signalvegen. Totalt sett vert dette 2 x 50 Watt, og 560 000 kr. Og det lagast ikkje noko semi-utgåve, der du får 80% av lydkvaliteten vor 25% av pengane. Neidå, berre desse rå beista. Noko så ondskapsfullt har eg ikkje sett i audiofil-verda tidlegare….
ANDRE HYSTERISKE ENTUSIASTELEMENT: DEI RÅ AGENTURA. Ved sida av Marantz, har du høyrt om Quad? McIntosh? Gamle, legendariske merke, som framleis held det gåande. Nelson Pass er også ein legendarisk konstruktør, som lagar ganske så kompromisslause forsterkarar. Og Nagra - opptakslegenden, som alle skikkelege radiostasjonar har basert seg på, med utvida produktliste. Ikkje berre digitale konstruksjonar, men no leverast også for- og effektforsterkar med rør (heilt rå konstruksjon) Så sjølv om Nebyhifi har sine volumseljarar, er det desse lokke-produkta som gjer at hysteriske entusiastar ofte stikk innom.
TREDJE HYSTERISKE ENTUSIASTELEMENT: SAMLINGA Dette er kanskje endå verre enn Marantz-sluttrinna når det kjem til stykket. Neby har samla nesten alle legendariske hifiprodukt frå heilt attende til slutten av 50-talet, produkta som var i stereoen sin barndom (ja, før det også) Naturleg nok har Marantz, Quad, McIntosh og andre representantar for eigne agentur ein markant plass i samlinga. Men her er også andre merke (slike som vart avvikla for mange år sidan), og på loftet er det stua vekk kjempehøgtalarar frå high fidelity-gullalderen. Dei store JBLansing-høgtalarane som nesten ingen hadde råd til (dei kosta glatt over ei årsløn på 60-talet) skal vere her, men dei var stua vekk, så vi fekk ikkje sett på dei. Eg fekk for fyrste gong sjå Dick Sequerra sin FM-tuner - den dyraste radioen i verda? Rett nok var ikkje dette "president edition" med gullknappar og stas, men du verda! Ei slik samling må føre til eit museum før eller seinare. Sidan alle desse produkta fungerer, er det for ille at alle berre står i Neby-hyllene og er til glede berre for auga, ikkje for øyrene til folk. Eg masa om at Neby & co må prøve å lage eit interaktivt museum, slik at folk flest kan oppleve desse skattane sjølve.

Tenk så opplysande for lydinteresserte dette kan vere! Eit slikt museum må rimelegvis ta ein del plass, for det må ha som eit minimum minst fem - seks tidstypiske lytterom, der dei besøkjande kan oppleve korleis hifi var i ulike tidsepokar. Eg kan tenke meg at eit slikt lydreproduksjonsmuseum kan ta livet av ein del myter, mellom anna mytane om den fantastiske utviklinga innan hifi. Faktisk var det råd å høyre svært realistisk lydreproduksjon for meir enn 40 år sidan. Kor mange er det som eigentleg er klar over dette? Den digitale revolusjon har etter mitt syn eigentleg ikkje ført med seg forbetringar når det gjeld dei verkelege toppanlegga, dei såkalla "state-of-the-art-produkta. Poenget med revolusjonen er nok heller at god lyd no er tilgjengeleg langt rimelegare, slik at ikkje berre entusiastar, men også vanlege folk kan få rimeleg god lydreproduksjon. Eg håpar berre at museet også kjem til å ha musikalske godbitar, vinylplater som kosta ei halv månadslønn då dei vart kjøpte ein gong i slutten av 50-talet. Den gongen måtte folk prioritere annleis…..
KORLEIS GREIER DEI DET? Eg er så imponert over at Neby hifi tydelegvis greier å få alt dette til. Dei har dei råaste tinga frå Nelson Pass, McIntosh og Nagra ståande på lager, klar til levering. Sannsynlegvis kjenner Neby & co halva av hundretusen-kroners-anleggs-klubben her i landet … Det er tydeleg at nokon gjer noko på ein effektiv måte! Men her var også mykje for dei med "nede på jorda"-anlegg. Spennande ting på gang frå Vincent. Nye ubalanserte monotrinn skal no seljast til ein utruleg lav pris. Skal du ha stereo, biamp, fleirkanal? Kjøp berre fleire monoblokker etter kvart som du treng dei…. Det stod også ein Vincent DVD-spelar, men dette var ein prototype som var sendt ut til utprøving frå fabrikken. Kjem snart…?

Neby hifi er altså ein hifigrossist med sjel. Kva skjer så med eit slikt entusiastfirma? Sjølvsagt er det storarta at det forhandlast skikkeleg tungt utstyr her i landet. Entusiastar vert så blakke dersom dei skal reise til utlandet for å finne ut om eit produkt er godt… Men det er kanskje endå viktigare at det byggjast opp stor kompetanse på kvalitet. Såleis har dei funne gode produkt å ha som volumseljarar, så det er tillitsvekkjande når Nebyhifi satsar på Marantz og Vincent.
Se også de andre besøkene hos forhandlere og importører som Arve har foretatt: