onsdag, 31 desember 2003 23:00

Haustbesøk hos Oslo HiFiCenter og Lyric

Skrevet av

Under lyd/bildemessa i Oslo i haust, hadde også Oslo HiFiCenter 30-årsjubileum, med mange fengande ressurspersonar og produkt. Og så er det alltid interessant å besøke Tor på Lyric...

 

 

Av Arve Åheim

Har du fått med deg skilnaden på HiFiCenterkjeden og Oslo HiFiCenter? Det er to separate firma. Skilnaden ser du lett av heimesidene deira, som er http://www.hificenter.no og http://www.hifisenter.no (det fyrste er kjeden, og det siste er oslo-firmaet) Oslo HiFiCenter (ein av dei mest legendariske hifi-forretningane i landet, mellom anna udødeleggjort av Øystein Sunde sin sang om Ståle Krapyl), hadde 30-årsjubileum i år, og feira dette på same tid som den store lyd-og bildemessa på Plaza. Det er difor på plass med ein artikkel, sjølv om eg ikkje hadde kapasitet til å fylgje opp alle dei interessanne produkta som var utstilte, eller snakke med alle dei inviterte representantane for desse. Dette er altså eit lite utval av mangfaldet.

Eitt av dei definitivt mest spennande oppsetta Oslo HifiCenter hadde fått rigga i Vika konferansesenter (på den andre sida av gata), var dette anlegget som bestod av etterlengta, ny elektronikk frå Adyton, og høgtalarsett frå Trondheimsfirmaet Avideco. Desse høgtalarane er svært lovande, og demonstrerer til fulle dei mange kvalitetane line-sorce-prinsippet. Dei om rigga anlegget hadde tydelegvis brukt mykje tid, for lyden var svært open, lydbildet uvanleg tredimensjonalt, og dynamikken upåklageleg. Elektronikken gjorde nok sitt bidrag til den høge lydkvaliteten, men eit system der kvar hovudhøgtalar var utstyrt med banddiskant og 18 stk 7 1/2 cm, har nok mesteparten av æra. Frekvensgangen er oppgjeven til 80 - 50 000 Hz, og dei skal tåle 900 watt, medan dei spelar 94 dB/W. Den tilpassa subwooferen har 4 titommarar, innebygd forsterkar på 700 digitalwatt, og leverer frekvensar ned til 17 Hz på -3dB. Akkurat liten kan ikkje denne subben kallast - han er 70 cm brei, 30 cm høg og 40 cm djup, men det må til om bassen skal bli djup nok med tilstrekkjeleg kasse. Anlegget har ulike alternative utsjånadar, men flammebjørk er kanskje det flottaste? Prisen avspeglar nok kvaliteten, men om lommeboka framleis er tjukk etter jul, kan du prøve ut: www.avideco.no

 

 

 

Eg likar å sjå på meg sjølv som rimeleg nøktern og objektiv, og med det emonsjonelle under god kontroll, men dette anlegget fekk nasjonalkjensla til å svulme ørlite.......

Likevel var det tyske T+A som fekk meg mest oppgira. Dette firmaet er fyrst og framst kjent for rørforsterkarane sine, men dei leverer faktisk alternativ innan alle typer highend-produkt, til og med vinylriggar (om enn ikkje spolebandopptakarar, forståeleg nok). Nettfilteret verka spesielt interessant, og var også overkommelig i pris.

 

 

Dei siste 25 åra har eg vore sterkt tiltrukken av høgtalarar med elektrostatprinsippet sine sterke sider, og tilsvarande frustrert over dei svake sidene til desse. Eg har enda opp på eit høgtalaralternativ der elektrostatelement arbeider over 400 Hz, og eit lynraskt bassystem av transmisjonslinjeprinsippet arbeider med frekvensane under dette. Dette fungerer utmerka nok til at eg ikkje har funne oppgraderingsbehovet særleg påtrengande. No tykkjer eg det mest spennande med T+A er at dei har gjort akkurat det same med sine to største høgtalarmodellar...


Dette er eit elektrostatelement som arbeider frå 400 Hz og oppover, brukt i T+A sine to største høgtalarmodellar.

I same design, men med meir konvensjonelle diskantelement, fann vi dette oppsettet. Svært lite å utsetje på lyden, spesielt til messelyd å vere. Eg likte særleg godt det vesle eg fekk høyre av dei dynamiske eigenskapane, noko som klart heng saman med transmisjonslinjeprinsippet. Mange trur transmisjonslinjebass er treigt og hengete, ut frå erfaringar dei gjorde på 70- og 80-talet med IMF. Men i ettertid syner det seg at IMF TLS 80 (og den større "referece") har dynamikk til tusen, problemet var forsterkarane som ikkje greidde levere varene... 

Endå betre er nok dei store modellane, og eg har bede om å få prøve ut desse med elekstrostatelement om det lar seg gjere:


Den aller største modellen kan verke identisk med den nest største, men har som rosin i pølsa ein eigen direktekobla rørforsterkar til elektrostatelementet. Lyden av elektrostat og rør er glimrande, men vert avvist på prinsipielt grunnlag av somme, fordi signalet må gå gjennom to transformatorar. Røret vil helst sjå ein impedans på 3 - 4 kOhm, medan vanlege høgtalarar er på typisk 8 Ohm, og då må det tilpassast med ein utgangstrafo på forsterkaren. Elektrostatelementa er på si side alt for stor motstand for ein vanleg forsterkar, så her må ein inngangstrafo tilpasse signalet. Det aller enklaste er difor å kutte ut begge trafoane, slik at både rør og elektrostat får optimale tilhøve. Dei to konstruksjonane eg har vore bort i av denne typen (Beverigde 2 og Acoustat X) har hatt kvalitetar som eg ikkje har opplevd andre stadar, så eg har enorme forventningar til T+A sitt utspel. Synd om Oslo HiFiCenter ikkje har kapasitet til å ta inn eit sett...

Elles var Leif Erntsen på plass med nye Dynamic Prescision-produkt. Mange potensielle kundar fylte rommet, og i mitt lynraske raid vart det ikkje høve til å finlytte eller høyre om produkta, men dei vil ganske sikkert markere seg...

DP vart demonstert på eit av dei større høgtalarsetta frå Martin Logan. Som det framgår av fotoet, var det gjort ein del demping av rommet, men messelyd er alltid vanskeleg. Det var likevel ikkje vanskeleg å la seg imponere over ein del kvalitetar i attgjevinga av lyden. Verkeleg lovande! (Dp finn du meir om på http://www.dynamicprecision.no/ , og Martin Logan sin importør er: http://www.audiocompaniet.no

Men ikkje alt frå Oslo HiFiCenter var like dyrt. Sjokkerande mykje for pengane var denne vesle høgtalaren frå Athena. Fabrikken som også produserer Mirage og Acoustic Energy leverer her ein svært god høgtalar, som på messa var på spesialtilbodspris på 1500 kr settet. Til vanleg må du ut med ein tusenlapp ekstra, men ut frå det vesle eg fekk lytte til høgtalarane, er det likevel eit kupp. Sjekk opp når importør Mono kan levere...

På fleirkanalssida satsar Mono på Onkyo og Mirage. Christian Åkre har naturleg nok tatt hovudansvaret for desse to merka han har kjent i ei årrekke. Mirage demonsterte sin nye satelitthøgtalar Nanosat, som eg fekk med meg eit sett av til utprøving. Alt no kan eg seie at dette utruleg lettplasserte høgtalarsystemet med fem satelittar og ein sub med pakkepris 8000 kr, har potensiale til å bli ein bestseljar. Meir spennande for den svært ambisiøse surroundentusiast er Onkyo sitt bod på forsterkeri i toppklassen. Denne saken til overmål oppbygd med modular, slik at kva som helst kan koblast til/frå, og optimal brukartilpasning. Onkyo er kjent for å levere svært gode produkt, så denne verkar lovande (og kanskje litt brutal?)... Mono finn du på http://www.mono.no

LYRIC

Søndags morgon tok eg turen til Lyric hifi og Tor Aamodt, som ikkje var representert på messene, men som i staden hadde raust utvida opningstider. Lyric er kjent for eit stort og variert varelager, som spenner frå det ganske flotte til det direkte vanvittige, og det er alltid spennande å besøke denne forretninga der du brått kan få tilbod om å gjere svært gode kjøp.

Råskapen synte seg fort i det eg fekk auge på dette forsterkarsettet frå Rowland. Legendarisk, og truleg eitt av dei aller beste alternativa innan transistorforsterkarar. Dessutan i stand til å drive kvasomhelst av høgtalarar..men du bør ha stor og sterk familie den dagen du skal flytte på beista!


Sjølv om transistorar kan gjere anstendig arbeid, er det ikkje tvil om at Lyric sitt utval av rørforsterkarar er noko av det mest spennande i landet. Dette beistet frå Cary med 12 stk 6550-rør kan gjere det meste...



Det eldste agenturet til Tor, trur eg må vere ProAc. Dette er etter mitt syn den kanskje aller beste eksponenten for kvaliteten i tradisjonelt engelsk høgtalardesign. Ikkje så radikale løysingar, ikkje så eksperimentelt, men utruleg forfina. Her er eit av dei aller minste alternativa frå ProAc, med fantastisk romattgjeving og perspektiv:



Nytt for meg var at ProAc no leverer ein subwoofer utanom surround-settet sitt. Det vart diverre ikkje tid til å lytte så mykje til denne, men eg har vanskeleg for å tru at ikkje denne også føyer seg pent inn i lista over kvalitetshøgtalarar. Endå har eg ikkje vore bort i ein tvilsam høgtalar frå ProAc...Her demonstrert saman med elektronikk frå Cary, og den (relativt) rimelege platespelaren Scout frå VPI.

Skal du vere med på den audiovisuelle leiken i dag, må du ha gode alternativ innan prosjektørar, og Lyric satsar no på å lage eit svært godt demorom for heimekino. Dei forhandlar då også Runco og Liesegang, så dette må til:

Eit anna godt og gammalt merke er Stax - mest kjend som produsent av elektrostatøyretelefonar, som er dei beste serieproduserte høyrelurar du kan få for pengar. Dyre om du ser på andre ting til å henge på hovudet, men om du vel utgåvene med eigne direktedrivne rørforsterkarar, får du ein detaljrikdom og ein nøytralitet INGEN andre lydformidlarar eg kjenner til kan klare (du bør lese omtalene våre her på http://www.audiophile.no) Ved sida av ser du det minste alternativet frå Avantgarde. Denne hornspesialisten har fått stort ry, men dette var mitt fyrste møte. Dynamiske kvalitetar eg ikkje har høyrt sidan eg fekk kose meg med Klipsch La Scala... Med baksida til ser du også ein større modell utstilt.

I Lyric sitt aller heilagste rom. Her vart diverre ikkje høve til å prøve ut vinylrigg, men elektrostatoppsettet frå Final saman med Cary sin beste elekronikk gjorde at CD-mediet baud på kvalitetar eg ikkje tiltrudde mediet.....bak kan du skimte eit sett Avantgarde-horn.


Single-ended monotrinn skal ein ha ærefrykt for. Trass i dei kollosale dimensjonane, fekk eg desse til å klippe då eg drog på litt over dei relativt tungdrivne elektrostatane frå Final. Men her er dei lydlege kvalitetane utrulege....



For å sjå meir om Lyric, sjekk http://www.lyrichifi.no og http://www.taaimport.no




Lest 14500 ganger Sist redigert mandag, 18 januar 2010 13:33
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.