tirsdag oktober 15 , 2019
onsdag, 10 august 2005 23:00

Norsk Lyd og Bilde – hifibutikk på sitt beste

Skrevet av

På messe i haust var aktørane bak hifibutikken Norsk Lyd og Bilde. Utstyret derifrå var uvanleg interessant, mellom anna merket Audiopax; dyr elektronikk, som også var mellom det aller beste eg har opplevd, og det endå til på ei messe. Eg vart invitert til å komme til butikklokala, og få demonstert utstyret i langt meir optimaliserte omgjevnadar enn det som kunne hentast ut av hotellokalet.

 

 

 

Av Arve Åheim 11.08.05

Eit par månadar etter vart eg kontakta av Per Bendixen, om eg ville komme og møte den brasilianske konstruktøren av AudioPax, og dei spennande produkta med Timbre control. Diverre hadde eg ikkje sjans på det aktuelle tidspunktet, men ein oslotur med tanke på lyd vart det likevel i vinterferien. Så kom eg til Norsk Lyd og Bilde i februar.  Og for ein lyd der var.  

Norsk Lyd Og Bilde har fleire spennande rom, med mykje spennande utstyr opprigga. Her var det meste av godsakene Neby HiFiKonsept og Audiocompaniet har på lager, så både rørutstyr frå McIntosh og elektrostatar frå Martin Logan kunne opplevast med godt resultat. Men så var det inn til demonstrasjonsromma med Audiopax.. Norsk Lyd og Bilde har to ”spennande” rom sånn akustisk. Eitt stort, der det også kan demonstrerast heimekino, og eitt lite, som er relevant utprøvingslokale for dei med små lytterom. Eg la merke til at her var det brukt mykje tid av folk med uvanleg stor praktisk kompetanse når det gjeld hifi. Demping og plassering var gjort med stor innsikt, og det var også tydeleg at samansetning av komponentar så vel som bruk av kablar var gjort etter grundige vurderingar. Sluttresultata var då også svært høg lydkvalitet til å vere i eit butikklokale, eg vil påstå at dei færraste har så god lyd i sitt kjære lytterom heime. Vi starta i det minste rommet, der ein Audiopax stereoforsterkar skulle drive eit sett danske høgtalarar som var heilt nye for meg. Eg løfta augebryna då eg høyrde prisen, men forstod ganske fort at dette var noko heilt spesielt. Eigenutvikla banddiskant som tok seg av store deler av frekvensområdet kunne forklare mykje av prisen, og når ein lytta, var det opplagt at her var det kjæla mykje også med alle andre konstruksjonsdetaljar. Dette var svært bra. Og trass i at Audiopax sin stereoforsterkar (Modell 88 stereo, pris 70 000 kr) ikkje er på meir enn 2x15 rørwatt, spelte det rikeleg høgt. Så kom turen inn i det store rommet, der Audiopax sine monoblokker (modell 88 mono, pris 125 000/paret) spelte på Audiopax høgtalarar (som kostar 150 000/paret), og også på ein større modell frå same danske høgtalarprodusent. Her var det større dynamisk handlingsrom, og eit grep om bassen som det minste rommet ikkje hadde hatt plass til. Det var dessutan enkelt å skru volumet opp til overveldande lydtrykk. Perspektiveigenskapane var så gode som det aller beste eg har høyrt frå digitale media, og dei dynamiske eigenskapane heilt i særklasse. Kva høgtalar eg ville føretrekke vart etter kvart usikkert, men om dette skulle betalast og takast med heim, hadde eg hok ikkje gått for dei ganske dyre og store Audiopax...  

Audiopax-lyden

Korleis skal eg beskrive dette? Det er noko med ”Timbre Control” som er så mykje rettare enn alt anna eg har prøvd, ei slags ekstra ærlegdom og større intensitet enn det du finn andre stadar. Dette artar seg som at vokalistar og akustiske instrument tek opp fysisk rom mykje meir tydeleg, og at sjølv dei minste dynamiske nyansar kjem fram i veldig sterk grad. Nesten all tendens til ”glorie” rundt instrumenta (dette er mitt forsøk på å beskrive digitallyden sin eigenart) er forsvunne. Sjølv om vi spelar på relativt rimelege og enkle CD-spelarar. Det klangmessige er også utan preg frå elektronikken, og dessutan er eigenlyd og andre avgrensingar frå høgtalarane uvanleg lett å gløyme. Eg har aldri høyrt noko slikt tidlegare. Den "vesle" stereoforsterkaren....  

Det er eigne justeringar for dette som eg ikkje sette meg inni, for Per hadde full kontroll med desse, og justerte graden etter øyret til musikk, noko som kan vere vanskeleg for den som er utan trening. Men det verka relativt enkelt å arbeide med systemet, og eg vil tru at dei fleste potensielle kundar har nok tiltru til eigen lydlege dømmekraft til å fikse dette sjølv. Akkurat kva Timbre Control er for noko, er hemmeleg, men det er iallfall ikkje biasjustering av utgangsrøra. Timbre Control har langt meir dramatisk innverknad på lyden. Begge effektforsterkarane hadde slik kontroll, men det finnest også på forforsterkaren til 55 000. Det vart ikkje gjort justeringar på denne under demonstrasjonen, men Per fortalde at det verka på same måte som på effektforsterkarane, men kanskje i litt mindre grad.  

Elles hadde vi kvelden for oss, og Per Bendixen kunne trekkje fram musikk med fantastisk lydkvalitet eg ikkje hadde høyrt om tidlegare. Det var mykje som var heilt nytt for meg, men eg fekk også rikeleg tid til å lytte til eigne referanseplater. Det var skikkeleg luksus å få ta del i Per sine store kunnskapar, ikkje berre om lyd, men også om musikk. Eg måtte endå til omjustere eiga oppfating av eit opptak eg hadde rekna som svært godt. Det let ikkje noko vidare på Per sitt oppsett, og då eg kom heim att, var dei same problema like tydelege der. Eg hadde rett og slett lytta på feil måte.   

Diskantelementet i dei dyre Audiopax-høgtalarane  

Neste dag var eg innom butikken igjen, og måtte inn på det minste lytterommet for å høyre noko nytt. Per hadde skifta ut dei danske høgtalarane med ein relativt stor, men rimeleg sak frå Klipsch, og dreiv desse med den minste Audiopax stereoforsterkaren. Sjølvsagt let Klipsch annleis, men det var likevel utruleg spennande å høyre at dei spesielle Audiopax-dydene også no var på plass. Kunsten å leve med Audiopax er altså ikkje vanskeleg, sjølv med rimelege høgtalarar. Finn berre slike som er lettdrivne nok til å vere musikalsk tilfredsstillande.

Til høyre: Glimrande, men dyr, dansk høgtalar med fenomenal banddiskant

Norsk Lyd og bilde har ikkje enkle pakkeløysingar i den heilt rimelege prisklassen, og konkurrerer absolutt ikkje med billegkjedane. Den grunnleggjande forretningsideen er å servere gjennomtenkte løysingar for folk med ambisjonar om høg lydkvalitet. Og her er stor kompetanse om korleis dette skal oppnåast. Ein av våre få, viktige spesialbutikkar, der kompetansen er ein viktig del av løysinga du kjøper. Er du lydentusiast, bør du absolutt setje av tid til Norsk lyd og bilde neste gong du er i hovudstaden. 

Lest 15400 ganger Sist redigert tirsdag, 19 januar 2010 13:06
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser