Audiophile har lenge hatt bruk for ei fornying, og vi er no i ferd med å gjennomføre denne. Nytt design og nytt publiseringsverktøy er no under innkøyring, og vi håpar det fell i smak for våre mange lesarar.
Vi har innført ein ny funksjon; det er no høve til å skrive kommentarar til artiklar, og vi håpar på kommentarar frå både vanlege lesarar, importørar og brukarar av produkta, slik at vi kan få fleire innspel på korleis produkta opplevast.
Elles vil det dukke opp nye artiklar ut over våren. Og etter kvart vil vi gjerne ha tips og ynskjemål for kva lesarane ynskjer av oss.
Helsing Redaksjonen