Tor Martin Brekkeflat

Tor Martin Brekkeflat

Når eg tenkjer på jazztrio med gitar, saksofon og trommer, går assosiasjonane mot frisk bop-jazz, melodiøse, kule riff og heftige improvisasjonar. Når det gjeld den siste plata til Paul Motian, stemmer lite av dette. Rett nok snakkar me om den same besetninga, men albumet ”I have the room above her” inneheld ikkje ein takt med klassisk jazz. Her er det moderne, roleg og melankolsk som er stikkorda.

 

Katie Melua er eit relativt ferskt, men ikkje lengre ukjend namn i musikken. Albumet ”Call off the search” er blitt litt over eit år gamalt, men diverre har eg ikkje fått øyrene opp for det før nyleg. Og ja, eg meinar det når eg skriv ”diverre.” For sjølv om denne plata ikkje er revolusjonerande på nokon måte, har den noko ved seg. Les vidare så skal du få sjå...

 

Ta ein stykk internasjonal jazzstjerne, ei karriere full av kjende og ukjende låtar, ein arrangør, eit jazzorkester med utspring frå jazzlina på Konservatoriet i Trondheim og plasser dei på ein jazzfestival på Romsdalskysten ein sommarkveld. Sørg for at konserten blir teken opp, vent så i nesten fem år og gi den så ut på plate. Dette er oppskrifta bak dette albumet, og ingen blir vel overraska viss eg seier at eg gleda meg til å få denne plata i CD-spelaren.

 

Etter å ha høyrt på og skrive om Joss Stone si første plate, kunne eg knapt vente til nummer to skulle kome. Den første plata, ”Soul sessions,” var basert på coverversjonar av gamle soullåtar, og Stone sin eigen musikk skulle sparast til neste utgiving. No har eg hatt ”Mind body and soul” i hus nokre veker, og eg har knapt høyrt på anna musikk denne tida. Me veit allereie at Joss Stone er eit stort songtalent. Men korleis blir det når ho òg skal skrive musikken...?

 

Ta fire apekattar, fire babes, ta frå dei alle instrument og plasser dei på ei scene eller i eit studio. Kva får du då? Då får du acappella-bandet ”Apes and babes.” Lurer du på kva eit acapella-band er, eller lurer du på om dette kan vere noko kult? Eg trur eg kan røpe at kult er det iallfall. Vil du vite meir, er det berre å lese resten av omtalen.

 

Trur du at tolv tradisjonelle swinglåtar, skrivne og arrangerte av to gamlingar og spelt inn i 2000 er lite spanande? Trur du at eit album utan store overraskingar, utan originale akkordskifte og framande instrumenteringar er keisamt? Trur du storbandmusikk er ”heismusikk?” Då tek du feil! Og viss du trur dette, har du truleg ikkje høyrt plata ”Basie and beyond” med The Quincy Jones / Sammy Nestico Orchestra.

 

Jan Garbarek treng vel ikkje i seg sjølv nokon lang introduksjon. Ein av Noreg sine mest kjende og sermerkte saksofonistar har nettopp kome med ny plate. Garbarek har ei over 30 år lang og svært aktiv karriere bak seg, og han har utvikla seg mykje under vegs. Kva nytt bringer så denne innspelinga?

 

Wonderbrazz… hmm… Eg kom plutseleg til å tenkje på noko heilt anna enn musikk nett no. Rare greier. Men Wonderbrazz er iallfall ei dansk gruppe som kom med ei ny plate, "Bopa II Opera," i februar. Med trompet, trombone, saksofon, tuba og perkusjon samt litt innleigd rap og gitar i bandet, tek jo dette til å høyrast spanande ut.

 

Soul, soul og atter soul. Roleg, avslappa soul med 1970-talspreg. Er du redd for å få overdose av dette, bør du halde deg langt unna den siste plata til Joss Stone, "Soul sessions." Er du ikkje det, er det derimot store sjansar for at du vil finne deg ein ny yndling i ho.

 

Dei av dykk som har lese omtalen av den førre plata til Jamie Cullum, veit at eg hadde store forventningar til "Twenty somehting." Cullum har vist at han kan vere både kul og moderne, sjølv innan tradisjonelle jazzlåtar, så det var spanande å sjå kva retning han hadde valt på album nummer to. Og var mine forventningar i det heile mogeleg å leve opp til?

 

Side 2 av 7