onsdag, 31 desember 2003 23:00

Jan Garbarek - In Praise of Dreams [CD]

Skrevet av

Jan Garbarek treng vel ikkje i seg sjølv nokon lang introduksjon. Ein av Noreg sine mest kjende og sermerkte saksofonistar har nettopp kome med ny plate. Garbarek har ei over 30 år lang og svært aktiv karriere bak seg, og han har utvikla seg mykje under vegs. Kva nytt bringer så denne innspelinga?

 

 

Ja, det er spørsmålet... På denne plata, der Garbarek som vanleg spelar sopran- og tenorsaksofon, har han med seg Kim Kashkashian på bratsj og Manu Katché på akkustiske og elektroniske trommer. I tillegg står Garbarek for ymse innslag av synthesizerar, samplarar og perkusjon. Amerikansk-armenaren Kashkashian er stor innan både klassisk musikk og samtidsmusikk. Fransk-afrikanaren Katché har spelt med mange kjende popmusikarar, men stilen hans er enkel, minimalistisk tett, og dels ”afrikansk, dels elektronisk”

 

Samspelet mellom desse tre fungerer veldig bra. Det er ikkje noko nytt i å leggje djupe og litt tunge beat på meir klassisk, folketoneaktig eller jazzliknande musikk. Det er det som blir gjort her. Saksofon og bratsj er framtredande melodiinstrument. Saksofonen er lett når Garbarek spelar sopran, og meir massiv når han spelar tenor, men det er ikkje vanskeleg å høyre kven det er me har med å gjere her. Kashkashian er meir ukjend for meg, og spelet hennar er meir basert på lange liner, melankolsk, austeuropeisk folkeklang. Dei utfyller kvarandre på ein fin måte, medan det hovudsakleg elektroniske underlaget gir ei ganske fast ramme for det heile.

 

Musikken er, kanskje trass i det veldig faste underlaget, roleg, melankolsk og melodiøs. Melodiane er stort sett lange og enkle, men vakre. Det blir brukt ein del romklang på plata, men utan at dette verkar som om det er for å dekke over ”for enkle” arrangement.

 

Og det er vel ikkje noko stor overrasking at det er Garbarek og saksofonen som er det mest framtredande på plata. Han improviserer og spinn rundt temaet slik ein forventar av han, han er ein einar på instrumentet sitt, og han treng ikkje ta det heilt ut for å overtyde. Og sjølv om han har ”lead-en,” er det fascinerande å høyre korleis tenorsaksofonen til tider smeltar saman med bratsjen i klang.

 

Men altså, er det noko nytt på denne plata...? Tja, samspelet i trioen er jo ny, og musikken, som (surprise, surprise) er skriven av Garbarek, er jo ny. Men kjensla denne plata gir meg, er ikkje at dette er noko revolusjonerande, noko eg aldri har høyrt maken til før. For å seie det slik: Det kling ganske ”Garbarek” - på godt og vondt. Eg tvilar ikkje på at enkelte har problem med å høyre lenge på denne musikken, at folk finn det sært og alt for melankolsk og klagande.

 

Personleg likar eg best (og dette har eg skrive her før) den groovande og kule 70-tals-Garbarek som mellom anna jazza saman med Keith Jarret. Den moderne Garbarek kan av og til bli litt for moderne for min smak. Men av og til, når eg er i den rette stemninga, er ei plate som ”In Paradise of Dreams” berre nydeleg å høyre på...

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

*****

Label:

ECM

 

Kjøp denne hos CDON!

Lest 4213 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 15:13
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.