onsdag, 31 desember 2003 23:00

Ulf Wakenius - Forever you [CD]

Skrevet av

Ulf Wakenius er ein svensk gitarist eg har høyrt litt av tidlegare. Han har mellom anna spelt på eit plate med Oscar Peterson, som eg har omtala. Han har òg i løpet av dei ti siste åra spela ein del med legenda Ray Brown. Det må jo vere eit kvalitetsteikn...

 

 

Det eg har høyrt av Wakenius tidlegare, har vore rask, levande og engasjerande jazz med mykje akkordbasert improvisasjon - bop-jazz med andre ord (eller eigentleg post-bop). På denne plata gjer han noko heilt anna. Her er faktisk noko så sjeldan som ei plate med ni akustiske jazzballadar. Og det er noko så sjeldan som ei veldig god plate med ni veldig gode jazzballadar.

Wakenius spelar altså akustisk gitar. Med seg har han Carsten Dahl på piano, Lars Dannielsson ståbass, cello(!) og piano og Morten Lund på perkusjon. Alle tre er dyktige musikarar, som òg passar inn i den rolege stemninga på plata. Og Dahl og Danielsson kan improvisere i denne stilen, akkurat som Wakenius. Det skal litt til å halde intensiteten oppe, når tempo, volum og generelt trøkk er så langt nede som her. Viss dei ikkje hadde fått det til, ville plata utvilsamt vore keisam å høyre på. Men det er den ikkje. Gnisten og drivet er der, og det inspirerande å høyre kor spanande rolege låtar kan gjerast.

Heile plata let veldig akustisk. Og det gjer den sjølvsagt fordi den er det. Eg får kjensla av å vere i ein nesten folketom jazzklubb etter ein sein jamsession, etter ein lang konsertkveld. Fire dyktige musikarar er på scena, og vil ikkje gi seg heilt enno. Men musikken dei lagar passar til dei seine timane.

Som ein skjønar, er dette altså inga vorspielplate. Den kan fungere på nachspiel, men ver då obs på at dei som lyttar, truleg vil slappe av, sige saman og forsvinne inn i eit roleg drøymeland. Eg trur ikkje dei vil sovne, men kanskje bli litt vanskelege å få kontakt med...

Dette er ei plate du kan setje på etter ein lang strevsam dag. Set deg i sofaen med ein cognac, lytt til stilla, lytt til Wakenius sine overraskande vakre og overraskande ukeisame jazzballadar og slapp heilt av.

Nyt det du høyrer.

TMB

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Stund Records

Lest 3888 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:52
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.