fredag august 23 , 2019
mandag, 11 april 2005 23:00

Spyro gyra - in modern times [CD]

Skrevet av

Kjenner du til Spyro Gyra? Viss du svarar nei no, er du truleg ikkje åleine. For sjølv om bandet har helde på i over 30 år, er mellom dei meir kjende jazzbanda i USA, stort sett har turnert sidan 1979 og har gitt ut 20-30 album, skal eg ærleg innrømme at eg visste lite om dei før eg fekk denne plata i handa.

 

 

Albumet ”In modern times” kom i 2001, og det delar nesten namn med ei 17 år e

Musikk:

**

Lyd:

****

Label:

Heads up

ldre plate frå Michael Brecker-bandet Steps Ahead. Dei gav ut i 1984 ut plata ”Modern times,” og som me skal kome til etter kvart, er ikkje tittelen det einaste desse utgivingane har til felles.

Først får me sjå litt nærare på bandet. Spyro Gyra har helde på sidan 1974, og dette albumet er deira 25. Bandet er basert rundt saksofonist Jay Beckenstein. Saman med pianist Tom Schuman grunnla han bandet, og etter litt utskiftingar gjennom tidene er Spyro Gyro no ein kvintett med (i tillegg) Julio Fernandez på gitar, Joel Rosenblatt på trommer og Scott Ambush på bass.

Men tilbake til Beckenstein: Her på dette albumet har han laga over halvparten av musikken. Låtane er òg stort sett utan unntak arrangerte med Beckenstein (ymse saksofonar, mest altsax) på melodistemme. Han har i tillegg dei fleste improvisasjonane. Det kan nok kanskje bli litt i meste laget, men når me går nøyare inn på musikken på plata, ser me at ei overvekt av saksofon, er berre eit av mange problem denne plata har.

For å vere heilt ærleg, er eg svært forundra over at det går an å gi ut ei slik plate i våre dagar. Rett nok er det ei fire år gamal utgiving me snakkar om, men den høyrest ut som om den er 24 år! Eg har ikkje høyrt særleg mykje av musikken Spyro Gyra har gitt ut tidlegare, men eg tippar dei fann ei gylden oppskrift ein gong på 1980-talet, og sidan har klamra seg til den. Musikken her er enkel og lett, og den inneheld stort sett alle klisjear ein kan tenkje seg frå 80-tals kvasijazz: Overdriven bruk av synthesizer (og gjerne stilt inn på ”strings”), enkle, repetitive melodiriff spelt unisont av to eller fleire instrument, ganske lette og enkle improvisasjonar som ikkje utfordrar noko som helst, og sist men ikkje minst så enkle melodiar og arrangement at dei rekk å bli kjedelege lenge før dei er ferdige.

Det eg her har skildra, vil eg kalle for plastikkjazz. Diverre må nok delar av denne plata kallast nettopp det. Dette er kanskje litt hardt av meg, men å gi ut ei slik plate no, er så til dei grader å koke suppe på spikar. Dette blir alt for safe, gutar! Det som er så synd, er jo at det heilt tydeleg er eit bra band med dyktige musikarar det er snakk om. Gode instrumentalprestasjonar skin gjennom innimellom, og særleg likar eg godt improvisasjonane til gitarist Julio Fernandez. Resten av bandet klarar òg til tider å kome med OK soloar, men hovudregelen er at her tek me det forsiktig – minst ti km/t under fartsgrensa, med bilbeltet stramt på, og sykkelhjelm og knebeskyttarar... Ja, du skjønar sikkert kvar eg vil. Det swingar ikkje, og det er ikkje frykteleg spanande.

Så sjølv om musikken her kan vere lett å svelgje, med småfunky rytmar, enkle melodiar, soloar som ikkje kan skremme den mest innbitte jazzhatar, er det altså akkurat det som er problemet. Dette ER for lett. Og når ein i tillegg prøver å mjølke ei 20-25 år gamal oppskrift på korleis lage musikk, ja då veit eg ikkje heit kva eg skal seie. Samanlikninga mellom Spyro Gyra og Brecker-bandet Steps Ahead og deira plate ”Modern times” her, må altså ikkje oppfattast som ei fornærming mot sistnemnde. Deira musikk frå 1980-talet var kul og nyskapande, og ”In modern times er ei knallplate både fordi musikken er spanande, og fordi den gav noko nytt då den kom i 1984.

Hadde det ikkje vore for salsalåta Florida Straits (spor 7), gitarsoloane og noko småplukk her og der, hadde ”In modern times” vore null verd. Plata hamnar altså langt nede på mi favorittliste. Det er synd at tydelegvis flinke musikarar er så redde for nyskaping som det Spyro Gyra er.

Så viss ein ønskjer seg ei plate med enkel og kjedeleg easy-listening-plastikkjazz, må dette vere eit ypparleg val. Har ein derimot litt høgare krav, vil eg tilrå å hoppe glatt over denne plata og bruke pengane på noko heilt anna.


Tor Martin Brekkeflat (TMB), 12. april 2005

Lest 3449 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 11:48
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser