mandag september 16 , 2019
torsdag, 14 september 2006 23:00

Karin Krog og Steve Kuhn - together again [CD]

Skrevet av

69 år gamal norsk jazzsongarinne møter 68 år gamal amerikansk jazzpianist. Kva får me då? Får me tidenes partyplate, heftige rytmar, psykedeliske akkordgongar og alternativ instrumentbruk? Nei, me får ikkje det. Men kva får me eigentleg?

 

 

Karin Krog har vore eit av dei store namna i norsk jazz sidan 1960-talet. Ho gav ut sitt første album i 1964, og sidan den gong har det blitt nesten femti med hennar namn øvst. Krog har sunge med mange store internasjonale artistar, og i 1974 kom den første plata saman med Steve Kuhn.

 

Kuhn har ei like lang karriere med like store namn på medmusikarar som Krog. Han var mellom anna den første pianist i John Coltrane sin kvartett. Han har jobba både i Europa og Amerika, og har òg ei imponerande liste innspelingar å vise til.

 

Karin Krog og Steve Kuhn har altså spelt saman tidlegare, men dette albumet er ganske så nytt. Det blei spelt inn i Oslo hausten 2005, og kom ut sommaren 2006. Det er faktisk berre Krog og Kuhn som bidreg på albumet – alle dei ti spora består av piano og vokal.

 

Men begge artistane er meir enn gode nok til at det burde gå veldig fint. Stemma til Karin Krog er faktisk imponerande lik slik den høyrest ut på innspelingane frå 40 år sidan. Den er kanskje litt djupare, men ho har den same halvhåse klangen, den same fine vibratoen og det same trøkket.

 

Pianospelet til Kuhn er uanstrengt, og sjølv om han ikkje set seg sjølv på dei heilt store prøvane, flyt soloane hans veldig naturleg. Underlaget og motstemmene til vokalen er stort sett ganske sprettent, og piano og vokal passar veldig bra saman her. Det er tydeleg at dei likar å spele saman. Kuhn tek verken ei rolle som reint akkompagnement eller som solist. Begge deler ville nok blitt veldig feil, men heldigvis utfyller artistane kvarandre. Den håse legatostilen på stemma til Krog får fin oppbakking av spretne pianofingrar, trass i at heile denne plata berre består av rolege låtar/balladar.

 

Men det er nok kanskje det som er det sterkaste inntrykket ein sit med etter å ha høyrt plata første gong. Her var det neimen ikkje mykje futt. Låtane og innspelingane er veldig fine dei, men ein balanserer på kanten for kva som gjerne kallast heismusikk mykje av tida her – ikkje fordi artistane ikkje kan det dei driv med, men fordi me utelukkande får rolege pianoballadar med tilsvarande vokal.

 

Låtane varierer frå reine balladar til blues og lett jazz. Nokre er litt friare i stil og rytme (meir rubato) enn andre, men alle har det same preget av ein litt gamaldags jazzklubb etter stengetid. Det hadde kanskje vore ein idé å gi plata litt større konstastar...

 

Spørsmålet til slutt blir då som følgjer: ”Blir jazz av pensjonistar, jazz for pensjonistar?” Nei det blir absolutt ikkje alltid det – eg har mange døme på at så ikkje er tilfelle (av plater tidlegare omtala her, sjå t.d. Benny Waters og Ray Brown (I & II) ).

 

Men her er det nett den kjensla som ligg litt under. Dette er ei veldig fin plate med to artistar som veit kva dei hel på med. Dei har full kontroll heile vegen, men eg trur plata hadde blitt enno betre om dei hadde tort å sleppe seg litt meir laus. Ønskjer ein seg ei roleg og god pianojazzplate, må denne vere midt i blinken. Eg har ingen vanskar med å tilrå ”together again,” men ein bør altså vere klar over kva ein får her...

 

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 15. septeber 2006

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Grappa

 

Kjøp denne hjå CDON!

Lest 4424 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:51
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser