søndag, 20 november 2005 23:00

Katie Melua – piece by piece [CD]

Skrevet av

Eg likte det første albumet til Katie Melua. Enkel og roleg musikk blei toppa av ei vakker og særeigen stemme. Konseptet kunne høyrast kjedeleg ut, men var det ikkje. Eg gledde med difor veldig til album nummer to (”Piece by piece”) skulle kome. Med enno fleire låtar skrivne av Melua sjølv, hadde eg tru på at dette kunne bli eit enno betre album.

 

 


Det har vel ikkje vore mogeleg for nokon å ikkje få med seg Katie Melua denne hausten.  Ho har vore usedvanleg mykje i Noreg, og det ser ut som om ho har folk rundt seg som veit å bruke pressa for det den er verd. Ho har vore her i samband med mellom anna platelansering og TV-aksjonen. Og ho kjem att til Fredspriskonserten i Oslo 11. desember.

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Dramatico

Kjøp denne hjå CDON



Eit av dei meir morosame oppslaga ho har fått i media i haust, var det om ”fysikk-refsen...” I låta ”Nine million bicycles” syng Melua at me er 12 milliardar lysår frå kanten av universet, men at det berre er ein gjettning (”We are twelve  billion light years from the edge.  That’s a guess, no one can ever say it’s true (...)”). Ein britisk forskar tok kontakt og presiserte at talet var 13,7 milliardar lysår, og at det var ein relativt godt estimat. Melua tok kritikken frå den noko pedantiske forskaren med humor, og skreiv så ein oppdatert, men noko mindre rytmisk, tekst som blei framført på britisk radio i oktober. Den nye teksten blei ”We are 13,7 billion light years from the edge of the observable universe, that's a good estimate, with well defined error bars (...)”. Den nye teksten er derimot ikkje med på plata. 

Det var produsenten Mike Batt som oppdaga Katie Melua i 2003, og han var svært aktiv på den første plata (”Call off the search”). Der skreiv han seks av dei tolv spora, spelte tangentinstrumenta, dirigerte og produserte. Melua sjølv hadde skrive to låtar. Eg hadde håpa at Melua ville ta litt meir av styringa sjølv på denne plata. Og med små musesteg går det framover. Ho og Batt har skrive fire spor kvar, og samarbeida om to. Dette albumet skulle altså kunne vise litt meir av Katie Melua sin eigen musikkstil.

Men skil stilen på dette albumet seg i noko særleg grad frå det førre? Nei, den gjer eigentleg ikkje det. Albumet har tolv spor, og det er rolege låtar me har med å gjere. Men små variasjonar i instrumentering og tema, gjer at låtane fungerer fint saman. Dei utfyller kvarandre og utgjer saman eit album som trass eit gjennomgåande roleg tempo, ikkje kjennest kjedeleg.

Mange av låtane på albumet har piano eller gitar som viktige akkord- og melodiinstrument. I tillegg høyrer me både strykarar og blåsarar. Stilen er kanskje vanskeleg å skildre. Som nemnt består albumet av tolv relativt rolege låtar. Dei fleste vil kunne passe inn i ein visesjanger, men låtane er altså på ingen måte altfor like. Nokre låtar har til dømes folketonepreg frå Irland eller Kina, andre tek ein med til India, og ein enkel blueslåt får tankane til å gå til ein støvete saloon i Midtvesten i USA.

Det store spørsmålet er då (nok ein gong): Kvifor blir ikkje dette berre kjedeleg, kjedeleg og atter kjedeleg? Dei små variasjonane i stilen eg nemner, er ikkje åleine nok til å gjere ei plate med tolv rolege viser til noko spanande. Den viktigaste grunnen til at eg høyrer denne plata om att og om att, er Katie Melua sjølv. Eg blir meir og meir begeistra for stemma hennar. Ho kan vere kul og hås, klangfull, rund og med ein vakker vibrato, eller frykteleg kul og tilbakelent. Det er lett å kjenne att Katie Melua, og det er ein kvalitet som er viktig for ein songar. Når eg i tillegg likar det eg høyrer, tek det jo til å bli bra...

Det andre viktige grunnen til at eg likar denne plata godt, er tekstane. Det hjelper jo at Melua syng så artikulert at det er lett å få dei med seg, men poenget mitt er at dei fleste tekstane her betyr noko. Det er ikkje berre meiningslaust babbel om hjerte og smerte, men dei har innhald til ettertanke.

Så kva blir så dommen her? Det er ingen tvil om at eg likar Katie Melua, og eg synest ”Piece by piece” er eit overraskande bra album. Eg blei skuffa då eg freste gjennom det første gong, og oppdaga at stilen og tempoet var like roleg som på den første plata. I omtalen av den bad eg om ”litt meir tempo, litt meir jazz og litt feitare arrangement.” Sjølv ikkje med den eine blueslåten på dette albumet, kan ein vel ikkje seie at ønsket mitt har blitt oppfylt. Eg må vel altså innsjå det: Mike Batt høyrer ikkje på meg...

Eg er ganske overbevist om at Katie Melua ville gjort enno større suksess om ho hadde fått bryne seg på breiare låt- og stilval, og eg håpar me får litt meir trøkk og variasjon etter kvart. Men jenta klarar seg jo ganske bra med ein kassegitar i fanget òg...

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 21. november 2005

Lest 10225 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:56
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.