torsdag, 22 mai 2008 23:00

Hovedøen social club – ¡Que viva Noruega! [CD]

Skrevet av

Ti gamle norske schlägers har nyleg teke turen over Atlanterhavet til Cuba og blitt forvandla til salsa. Har du til dømes lurt på korleis Arne Bendiksens utskjelte ”jeg vil ha ein blå ballong” hadde vore med timbales, congas, heftige rytmar og synkoper og vokal på gebrokken austlandsdialekt? Vel, det skal du iallfall snart finne ut.

 

 

Eit par seinsommardagar i fjor tok Sverre Indris Joner med seg eit band av cubanske salsamusikarar og ei tilsynelatande spesiell samling av gamle og halvgamle norske hits i studio. Resultatet har nyleg komme ut plate. Dei urnorske låtane har blitt sprita opp eit par hakk, om ikkje av rom så iallfall av arrangement med til tider svært treffande salsasnert.  

Det er noko fascinerande med å gjere heilt nye og annleis arrangement av kjende låtar. Å ta noko som alle har eit forhold til, noko som har sin veldig tydelege stil, og så å putte det i ei heilt ny ramme... det kan fungere både bra og dårleg.  

Eg veit ikkje om eg har oppskrifta på kva låtar som vil fungere omtolka til salsa, men det må iallfall vere låtar med litt tydeleg rytme, og ikkje nødvendigvis rytme på slaga. På dette albumet har Joner og bandet hand lukkast svært bra med eit par av låtane, OK med dei fleste og litt mindre bra med eit par.  

Joner har altså med seg cubanarane Carlos del Puerto, Pepe Espinosa og Luis alvaro Varona på henholdsvis bass, perkusjon og trompet. Saman dannar desse fire eit veldig stødig og samspelt band, med til tider svært høg kvalitet på både bakgrunn og soloar.  

Oppå bandet ligg vokalen frå Sergio Gonzalez, samt kor av Eduardo Cedeño Roddriguez og bandleiar Joner. Der bandet heile vegen held eit høgt nivå på plata, er det kanskje vokalisten som diverre skil seg ut innimellom. Den gebrokkne Oslodialekten hans er stort sett svært sjarmerande, og er med på å gi låtane den rette cubanske klangen. Men på dei spora eg synes fungerar dårlegast, er det mellom anna noko med vokalen som blir slitsamt. Opningssporet ”jeg tror på sommeren” er ikkje blant mine favorittar. Det er heller ikkje sistelåta ”jeg snører min sekk...”  

Derimot har både ballongsangen til Arne Bendiksen og ”Mexico” frå Lynni Treekrem verkeleg brent seg fast i hovudet mitt, såpass at eg har nesten vanskeleg for å hugse korleis originalane gjekk. Her har Joner verkeleg lukkast i salsaarrangementa, bandet er tight og vokalen er avstemt med det heile.  

Alt i alt er det eit par perler på denne plata. Dyktige latinomusikarar held bandet godt saman, og glimtar innimellom til med soloimprovisasjonar som held standarden til dei rytmiske arrangementa. Så trass i eit par skuffingar, er dette ei morosam og annleis plate, og 2-3 av låtane er allereie på plass på dei mest brukte spelelistene i mp3-spelaren min.  

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 23. mai 2008

Lest 14630 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:42
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.