onsdag, 10 mai 2006 23:00

Mykje spanande nytt frå Electrocompaniet

Skrevet av

Det var eigentleg tilfeldigheiter som bragte meg til Tau og Electrocompaniet / WestControl i slutten av april. Men etter eit møte hjå WestControl på føremiddagen, blei det full omvising hjå Electrocompaniet og demonstrasjon av ein del av dei nye produkta deira. Og det kjem mykje spanande frå den kanten no. Her kjem presentasjon av godbitane...

 


av Tor Martin Brekkeflat, 11. mai 2006

Det var mange som var skeptiske då Mikal Dreggevik og elektronikk-produsenten WestControl på Tau i Rogaland kjøpte opp restane av hifi-produsenten Electrocompaniet i 2004. Sidan den gong har Dreggevik sikra seg 100% av aksjane i Electrocompaniet sjølv, og det ser ut som om han har store planar med den nye babyen sin.

Og det kan sjå ut som om skepsisen har vore heilt bortkasta. For Electrocompaniet satsar stort framover. Kombinasjonen av nye og gamle tilsette og ei leiing som vil lage dei beste produkta i verda, verkar slett ikkje dum.

Dreggevik seier at når det gjeld Electrocompaniet må han tenkje meir med magen enn med hovudet, og viser at han planar om å satse tungt på high end og avanserte komponentar framover.

Mykje nytt utstyr er planlagt. Noko er allereie lansert, noko er annonsert og noko kjem snart til å bli det.

Electrocompaniet jobbar no med innspurten mot hifimessa High End 2006 i München 25. til 28. mai. Her kjem alt det nye utstyret til å vere med, og det kjem til å bli lansert nyheiter og overraskingar der nede. Vår eigen elektronikkguru Trond skal nedover, den heldiggrisen, så det er berre for lesarane våre å glede seg til reportasjen hans.

”Når det gjeld Electrocompaniet må eg tenke meir med magen enn med hovudet...”

Men før den tid, kan me jo sjå på det eg ha fått lov å skrive om no.

EC 4.9 - 6-kanals forforsterkar


Denne sekskanals forforsterkaren viser at Electrocompaniet no også satsar på mellom anna heimekino. Alle seks kanalane har den same elektronikken (sjå bilete under), så det er ingen kompromiss her. Saman med dei nye forforsterkarane (AW 3x120-M og AW 3x120-M), vil dette oppsettet automatisk hoppe mellom sekskanals og brukopla tokanals avspeling når tokanalskjelder blir valde. Dette har potensialet til å bli eit veldig bra alternativ til dei av oss som gjerne vil ha ”både og...”

 

Forsterkaren handterer òg basslyden til eventuell subwoofer automatisk. Ved surroundoppsett, er det 5.1-bassen som går til subwooferen. Ved stereooppsett sender den derimot summen av høgre og venstre kanal til sub-en. Lydnivåa på desse to oppsetta kan stillast inn og lagrast i fjernkontrollen (ECT2 – sjå lengre nede). Det vil seie at når ein hoppar frå fleirkanal til tokanal, vil dei innbyrdes innstillingane bli tilpassa dine ønskje, og dei blir hugsa til neste gong. Fancy...!

EC 4.9 fungerer altså sjølvsagt saman med den nye fjernkontrollen, ECT2.



EC 4.8 - 2-kanals forforsterkar


Dette er forforsterkaren som matchar kvaliteten til CD-spelaren EMC-1. Dette er ein rein tokanalssak, men kvaliteten forutset eit veldig bra effekttrinn... Den er i praksis oppbygd som to monoblokker med kvar si straumforsyning. Forsterkaren skal ha betre ytingar enn EC 4.7, og den fungerer også med den nye fjernkontrollen (ECT2).

 

Stian kjem forøvrig snart med omtale av EC 4.8.

ECT2 - fjernkontroll (RF)


For dei av oss om likar dingsar, er den nye fjernkontrollen frå Electrocompaniet det ultimate leiketøy. I motsetnad til vanlege fjernkontollar, er den ikkje berre IR-basert, men også, og hovudsakleg, radiobasert. Den treng difor ikkje fri sikt til elektronikken den skal kommunisere med. Men det er ikkje det kulaste med ECT2. Den er nemleg tovegs, og den har grafisk display. Informasjon som elles berre er tilgjengeleg i displayet på spelarar og forsterkarar, kjem no direkte på fjernkontrollen. I tillegg kan innstillingar og oppsett lagrast i ECT2. Den styrer alt nytt utstyr som har RF-kommunikasjon, samt relevante gamle produkt med IR. Programvare kan lastast ned frå nettsidene til Electrocompaniet og fjernkontrollen kan så oppdaterast via USB-kabel til PC-en.

 


slik ser ECT2 ut utan "karosseri..."

EMP-1 - multispelaren


”...spelar like godt som EMC-1...”

Multispelaren EMP-1 er ein av dei største hyheitene frå Electrocompaniet i år. Den er ikkje lansert enno, og nøyaktig dato er ikkje fastsett. Men den kjem nok i løpet av sommaren eller tidleg på hausten. Spelaren kan ta dei fleste format (SACD, DVD audio, DVD video, Audio CD, HDCD, Video CD, SVCD, MP3, JPEG, CD-R/RW, DVD+R, DVD-R, DVD+RW, DVD-RW), og den blir den første fleirkanalsspelaren frå Electrocompaniet. Den har seks balanserte utgongar

Electrocompaniet seier at målet har vore å lage ein multispelar som spelar like godt som CD-spelaren EMC-1, og at dei meinar å ha fått til akkurat det. Når så prisen ikkje ligg så alt for mykje høgare enn for EMC-1, kan dette bli eit veldig populært produkt.

Spelaren fungerer naturleg nok også saman med fjernkontrollen ECT2.

ECR-1 – FM-tuner med RDS


Det kjem som sagt mykje nytt frå Electrocompaniet om dagane, og no lanserer dei altså radio. Denne har også balanserte utgongar og skal ha kvalitet som andre EC-produkt. Tuneren fungerer både saman med den nye fjernkontrollen, og enklare IR-fjernkontroll.

 

AW 2x120W-M


Denne nye effektforsterkaren har to kanalar i 120 watt, og kan vere eit veldig bra val i eit stereooppsett. Er den derimot den ein del av eit fleirkanalsoppsett, vil forforsterkaren EC 4.9 automatisk kople forsterkaren om til brukopla 1x400 watt når ein vel ei tokanalskjelde.

 

 

Forsterkaren sender forøvrig statusinformasjon tilbake til forforsterkaren via den nye standarden SPAC (serial power amp control).

AW 3x120W-M

 


Denne forsterkaren har svært mykje til felles med sin bror AW 2x120W-M. Den openberre forskjellen ligg jo i namnet. Denne forsterkaren har tre kanalar, og er såleis eit naturleg val i fleirkanalsoppsett. På same måte som tokanalaren, kan denne automatisk hoppe frå 3 x 120 watt til 1 x 400 watt. Forforsterkaren EC 4.9 har full styring over dette. I eit 5.1-surroundoppsett, kan altså ein AW 2x120W-M og ein AW-3x120W-M saman med EC 4.9 bli veldig bra...

============================

Dette var altså ei oppsummering av kva nytt som har kome og som kjem frå Electrocompaniet akkurat no. Alle desse blir å finne på messa i Tyskland i slutten av månaden (High End 2006), og fleire nyheiter er lovde der. Så då er det berre å følgje med og sjå om Trond får dei med seg...

Det nye Electrocompaniet har kanskje enno mykje å bevise for mange hifi-entusiastar rundt om i Noreg og resten av verda. Men med nyheitene som kjem i vår/sommar, dei store planane framover og engasjementet som fabrikk-eigar Dreggevik viser, trur eg dette skal gå veldig bra. Eg gler meg iallfall til å sjå (og høyre :) ) kva som kjem frå Tau i tida framover...

Lest 20681 ganger Sist redigert tirsdag, 19 januar 2010 15:46
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.