torsdag oktober 17 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Jacob Young - Evening falls [CD]

Skrevet av

Eg kan likegodt innrømme det med ein gong: Eg hadde ikkje høyrt om Jacob Young før eg fekk denne plata. Når det viser seg at dette er Young si første internasjonale utgiving, så eg får trøste meg med det, sjølv om han sidan 1995 m.a. har utgitt tre soloalbum. På denne plata er han leiar for ein spanande kvintett og han har sjølv skrive musikken. Det som slår meg, er at dette ikkje er eit heilt gjennomsnittleg album på nokon måte…

 

 

Først og fremst: Kva meiner eg med ein spanande kvintett? Vel, her har me i tillegg til Young sjølv på gitar, Mathias Eick på trompet, Vidar Johansen på bassklarinett og tenorsaksofon, Mats Eilertsen på bass og Jon Christensen på trommer. Johansen (50) og Christensen (60) er gamle ringrevar i norsk jazz. Dei er ein og nesten to generasjonar eldre enn det yngste medlemet i bandet, Mathias Eick (24). Trass i låg alder, har han blitt eit stort namn i norsk jazz. Han er eit multitalent eg ikkje kjenner maken til, og som eg hadde stor glede av å spele saman med då me gjekk på Toneheim Folkehøgskole for fem år sidan. Eick er særleg kjend gjennom bandet Jaga Jazzist, men har vore aktiv ulike stadar i det siste. Eilertsen og bandleiar Young er nokre år eldre enn Eick, og til saman utgjer dei altså JacobYoungBand. Det som gjer bandet spanande, er samansetninga av ganske ulike, men dyktige norske jazzmusikarar frå ulike generasjonar.

 

Men det som er viktigare enn kven som har spelt musikken, er jo musikken sjølv. Og eg sit og lurer litt på korleis eg skal skildre den. Bandet består jo av jazzmusikarar, og det er jo jazz det er snakk om her. Men det er melankolsk, roleg og lyrisk jazz som eg må seie eg ikkje trur eg har høyrt andre stadar. Musikken er komponert av Jacob Young, og er prega av litt utflytande meloditema det blir spunne rundt på eit komp som er meir harmonisk enn rytmisk. Musikken varierer frå rolege, viseaktige melodiar med fast rytme, til friare strukturar som nesten berre blir halde saman av melodien og improvisasjonane.

 

Det er faktisk trompeten til Mathias Eick som er mest framtredande i lydbiletet på plata. Han har ein stor del av improvisasjonane og mykje av melodien er lagt til han, og eventuelt han og Jacob Young unisont. Det fungerer veldig bra, men eg var litt overraska over at Young ikkje var meir framtredande sjølv, men, men… Eick er iallfall ein ypparleg solist. Måten han smyg tonane ut av trompeten, gir han eit lett gjenkjenneleg særpreg. Og måten han tenkjer framover på når han improviserer, viser seg tydeleg i lange, vakre og spesielle melodilinjer.

 

Ein litt rar ting, er at klangen i gitaren til Young let tidvis mykje meir innestengd enn resten av bandet. Ein får kjensla av at han ikkje sit på same stad som dei andre, han manglar romklang og litt diskant. Dette er litt synd, særleg sidan gitarspelet til Young er vakkert. Det er ikkje veldig forstyrrande, men når eg faktisk skriv om det her, må eg jo ha festa meg med det. Dette burde vore lett å ordne opp i, men det kan jo hende at produsenten ønskte det slik. På dei spora Young spelar akustisk gitar, er ikkje desse klangproblema tilstades.

 

Noko anna som gjev plata ein spesiell stemning og klang, er bassklarinetten til Vidar Johansen. Bassklarinetten er eit kult og (i mine øyre) undervurdert instrument. Rekkevidda er omtrent som på ein barytonsaksofon, men klangen er heilt annleis. Den er både tørr, sprø og varm på ein gong, og den er ikkje vanleg å høyre innan slik musikk. Johansen spelar mjukt og smygande, og legg seg fint inn i heilheita. Bruken av bassklarinett her, får meg faktisk til å tenkje på Jaga Jazzist, som er eit av få (andre) band som bruker bassklarinett mykje.

 

Spanande er altså ordet eg sit att med når eg tenkjer på plata. Den er roleg og relativt avslappa, men såpass spanande at den iallfall aldri kan kome i nærleiken av å vere keisam. Dei enkle melodiane, dei opne og lange improvisasjonane, den spesielle, melankolske stemninga og den til tider frie strukturen i rytmen kan kanskje bli litt vel spanande for enkelte. Eg trur difor ikkje at dette er ei plate som alle vil like. Men eg likar den, og eg likar den eigentleg betre no enn dei første gongene eg spelte den.

 

Jacob Young er utvilsamt ein dyktig gitarist og komponist. Han kunne godt gjort meir ut av seg sjølv på plata, men har overlete scena til Mathias Eick mykje av tida. Det fungerer jo veldig bra, det. Og det gjer meg minst like spent på å følgje med på nettopp kva Eick skal føreta seg framover.

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

ECM

 

Kjøp denne hos CDON!

 

Lest 2655 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 15:07
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser