tirsdag oktober 15 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Jamie Cullum - Pointless Nostalgic [CD]

Skrevet av

Det blei alt for lite ski på meg denne påska. Det blir vel ikkje rett å skulde det på Jamie Cullum, men han var iallfall med meg på påskeferien i år, og han tok ein god del av tida mi …eller plata hans, Pointless Nostalgic, gjorde iallfall det… Den har vore med meg i CD-spelaren i bilen nokre tusen kilometer rundt om kring i Sør-Noreg no, og eg kan ikkje seie anna enn at me har blitt gode vener.

 

 

Heilt sidan eg høyrde Jamie Cullum på eit opptak frå ein kongeleg varieté i England i jula, har eg gledd meg til å få høyre meir frå han. Det var noko særmerkt ved han: Ein ung pianist og vokalist med gamle jazzlåtar på ein ny og spanande måte. Stemma hans minna meg om Frank Sinatra, og framtredenen litt om Robbie Williams. Men sjølv om Williams og mange andre har følgt etter Sinatra med meir eller mindre vellukka resultat, er Jamie Cullum likevel noko heilt anna.

 

For det er jo ikkje songar Cullum først om fremst er, han er jazzpianist, komponist og arrangør. Men for all del, kan syng kult, med si håse jazzstemme. Og han kan underhalde på ei scene.

 

Men tilbake til denne plata: Dei tretten spora er ei fin blanding av jazzklassikarar, nyare coverlåtar og eigne komposisjonar. Cullum har (sjølvsagt) med seg både bass og trommer, men i tillegg heile fem blåsarar. Det er likevel trioen (piano, bass, trommer) som er det berande her. Og eg synest òg arrangementa utan blåsarar er dei sterkaste, med mest særpreg.

 

Det som er gjennomgåande kult på denne plata, er at Cullum har laga tydelege og spesielle motstemmer til melodiane i bass og piano. Dette gjeld for dei fleste låtane (men med unntak for nokre balladar) og det gjer at arrangementa hans blir noko nytt, det gir dei ein tøffare groove.

 

 

Og sjølv om han syng kult, og brukar stemma si på ein måte som passar veldig bra med denne kule jazzforma, er det måten han spelar piano på som eg bit meg merke i. Han overøser oss ikkje med soloar og improvisasjonar, men når dei kjem, viser han kva han kan. Han ligg bakpå og kjem med støyt og innspel akkurat der det blir kulast. Pianospelet hans får meg til å tenkje på Keith Jarrett, og det eit ganske bra kompliment. Jamie Cullum har altså mot til å gjere ting enkelt, og talent og stil til å få det til å bli veldig bra.

 

Viss dette hadde vore tilfelle for alle arrangementa òg, ville dette vore meir enn topp. For dei plassane bandet fungerer som ein trio (piano, bass og trommer) og som denne trioen med ein solist i tillegg, blir resultatet veldig bra, stemninga er tilbakelent og kul. Men, og dette kjem kanskje overraskande frå ein saksofonist, i det store og heile, meiner eg plata hadde vore betre utan blåserekkja, særleg der denne er brukt til blokkharmonisering. Det passar rett og slett ikkje heilt saman med det preget eller den stemninga storparten av arrangementa til Cullum har.

 

Men sjølv om eg ville ha strippa ned nokre av arrangementa og fjerna litt unødvendig bruk av blåsar, må eg få seie at eg verkeleg likar Jamie Cullum. Han får til å spele med den snerten som gjer at det swingar nesten uansett. Hans eige pianospel og song osar av den sjølvtilliten som gjer at torer å gjere ting enkelt. Eg håpar dette vil gjenspegle måten han skriv og arrangerer låtar på framover. For der han får det til, får han det verkeleg til. Eg gler meg til meir musikk frå Jamie Cullum…!

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Candid

 

Kjøp denne hos CDON!

Lest 2487 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 13:35
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser