torsdag september 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Mahler Symphony no. 6

Skrevet av

Gustav Mahler sin 6. symfoni i A-moll er eit stort stykkje. Det er kalla det mørkaste han har skrive. Musikken hadde slik innverknad på han sjølv at han dirigerte dårleg og feil på urframføringa. Seinare skreiv han om finalesatsen i frykt for demonane som var sette fri i musikken. Denne innspelinga inneheld både den originale og den omskrivne finalen, så ein kan sjølv prøve å forstå kva Mahler følte då han opplevde musikken.

 

The Philarmonia Orchestra under leiing av Benjamin Zander har altså valt eit krevjande stykkje for innspeling. Gjennom fire satsar blir me med ein helt som sjølvsikker og seierrik valsar fram inntil lagnaden sine tre hammarslag slår han ned. Musikken er til dels overveldande med store dynamiske skilnader, og ein kraftfull finale (framleis i moll) gir oss ei tragisk avslutning på symfonien. Fleire gjennomgåande melodiske og rytmiske tema er med på å binde satsane saman. Det enklaste, men kanskje mest verknadsfulle er overgang frå A-dur til A-moll.

Symfonien er altså i fire satsar, men det er ikkje berre den fjerde som blei endra av komponisten. Rekkjefølgja på satsane blei òg gjort om på. Originalt kom scherzo før andante, men det endra Mahler. På denne innspelinga er rekkjefølgja slik den opprinneleg var. Om ein vil, kan ein jo endre den sjølv. Men det var altså finalen (fjerde sats, allegro moderato) som vart vanskeleg å takle for Mahler. Han blei altså sett ut av frykt for krafta i hans eigen musikk, dirigerte dårleg og slo ikkje inn det tredje av ”hammarslaga” då stykkjet vart framført for første gong. Då han skreiv om symfonien, fjerna han ikkje berre slaget, men dempa heile sistesatsen ved m.a. å tynne ut orkestreringa.

Symfonien sitt effektfulle, mektige og dramatiske preg, har nok inspirert mange. Eg trur særleg skaparar av filmmusikk har hatt Mahler i bakhovudet når dei har komponert. Den første satsen i denne symfonien meiner eg å høyre att i fleire ulike filmar. Eg tenkjer då spesielt på temaet i Batman Forever (Elliot Goldenthal) og i Star Wars (John Williams). Me snakkar ikkje her om kopiering, men snarare om å låne stemningar og uttrykksformer.

Når Benjamin Zander har valt å late orkesteret spele begge utgåvene av Allegro Moderato, er det ei stor styrke for innspelinga. Eg trur ikkje folk flest er like overtruiske som Mahler var, men det går verkeleg an å leve seg inn i krafta i originalutgåva. Det er på same måte interessant å høyre kor annleis symfonien blir med den alternative, dempa finalen. Med få og relativt enkle grep, endra komponisten stemninga. Avslutninga blei mindre dramatisk, men framleis like stemningsfull. Kva ein likar best, er ikkje så viktig. Men her får ein altså begge utgåvene presentert.

Mahler sin sjette symfoni er vanskeleg, kraftfull, overveldande og kompromisslaus, og Zander kallar den ein av dei minst vakre han kjenner til. Likevel seier han at han elskar den. Kor vidt ein likar den eller ikkje, kjem vel an på kor open ein er, og kva forhold ein har til kraftrull klassisk musikk generelt. Eg let meg iallfall fascinere.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

****

Label:

Telarc

 

 

Lest 2545 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 13:38
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser