onsdag, 31 desember 2003 23:00

Cincinnati Symph. Orch. - Sibelius Symphony no.2/T

Skrevet av

Jean Sibelius og Eduard Tubin er to av dei større europeiske komponistane frå 1900-talet, den første kanskje noko meir kjend enn den andre. Finske Sibelius og estiske Tubin har helit klart likskapar som komponistar, kanskje særleg i det at folkemusikken ligg så djupt i dei begge. På denne plata fører dirigent Paavo Järvi Cincinnati Symphony Orchestra gjennom to symfoniar som, trass i forskjellige epokar og dermed ulikt musikalsk uttrykk, liknar litt på kvarandre.

 

 

Etter å ha høyrt Mahler sin 90 minuttar lange 6. symfoni på full vreng ein del fleire rundar enn eg trur naboane mine likte, såg eg fram til å skulle lytte til to kortare symfoniar. Men det blei ein brå overgangcd

Musikk: ****
Lyd: ****
Label: Telarc

frå Mahler til Sibelius. Den siste høyrdest flat og keisam ut ved første gjennomlytting. Kontrasten mellom desse symfoniane er så stor at det ikkje er rettferdig å setje dei opp mot kvarandre, men det har eg heller ingen planar om å gjere.

Med litt pause mellom verka, kom Sibelius meir til sin rett. Symfonien har ikkje all verdas effektar, men enkle brotstykkje av melodiar veks gradvis saman gjennom dei fire satsane. Den har eit veldig "klassisk" preg, og det var dette som slo meg som keisamt i byrjinga. Men alle dei små melodiane, vevd saman i eit litt pompøst verk, har absolutt sin sjarm. Dette er ikkje den mest spanande symfonien eg kjenner til, men den er vakker på sitt konservative vis.

Tubin sin 5. symfoni er 45 år yngre enn Sibelius sin 2. og det kan ein høyre. Litt tettare klangar, litt spenstigare tonesprang, litt polyrytmikk og synkopar og litt meir villskap røper at me er komne litt framover i musikkhistoria. Den andre satsen (andante) bygger veldig direkte på to estiske folkemelodiar. Men desse er bakt inn i heilheita på ein måte som sermerkjer einskilde komponistar.

Begge desse symfoniane (men særleg den første) særmerkjer seg ved at det kanskje er større skilnader i satsane enn mellom dei. Cincinnati Symphony Orchestra framfører musikken på ein stødig måte, og med såpass store dynamiske skilnadar at det kan vere vanskeleg å høyre på innspelinga utan å ha lydnivået ganske høgt. Det kan jo kanskje vere litt upraktisk, men det gir ei ekte kjensle, ein føler ein er litt nærare konsertsalen.

Dette er ei innspeling av to verk som nok ikkje ruver som eineståande fyrtårn i musikkhistoria, det er ikkje musikk som gir meg frysningar på ryggen, men det er to symfoniar som absolutt fortener å bli spelte og lytta til. Cincinnati Symphony Orchestra har gjort ei god innspeling, og så er det opp til oss å lytte.

TMB

Lest 3947 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:21
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.